Sølvskatten i Børgefjell

Nedskrevet etter muntlig tradisjon av Kari Rein Pedersen for boka Sølvbrura av Vigdis Ellingsen



For å komme inn denne historia, må vi skru tida tilbake til 1820-årene i Susendalen i Hattfjelldal kommune. Susendal er ei fire mil lang frodig bygd som strekker seg austover i det vakre Børgefjellområdet mot svenskegrensa.

På denne tida var det samane som hadde tilhald og dreiv med reindrift der.  Innanfor samefolket rådde status og rang, alt etter kor mykje rein dei hadde. Jon var ein ung same, spretten og rask til beins, men han hadde ikkje eigen reinflokk. 

Så ville det seg slik at Jon forelska seg i dottera til ein velhalden same. Foreldra til jenta var sterkt i mot forholdet mellom jenta og denne ungguten, som ikkje hadde nokon status. Til sist måtte Jon gi opp frieriet.

Sorg og skuffelse gjorde at den unge samen gav seg ut på tjuveritokter. På buplassane var det samebur.  Der oppbevarte samane mellom anna alle verdisakene sine. Dette var pengar, sølvsaker, kopparkjelar og flintbørser. Desse bura var aldri låste. Regelen var klar: Den som stal frå eit samebur - kom ikkje til himmelen.

Jon brydde seg ikkje om dette, og han forsynte seg grovt av andre sine verdisaker. Gøymestaden for tjuvgodset var ei grotte i fjellet.

Etter kvart trengde Jon hjelp til å frakte saker og ting til grotta. Han fekk då ein blind same frå Fiplingdal til å hjelpe seg. Når skreppa var full, tok guten handa til den blinde samen og leide han til den hemmelege hula. Inngangen var så liten at dei måtte åle seg inn. Innafor var det eit stort rom.  Ein stein tetta til inngangen. Denne passa heilt. Ein kunne berre føle ein liten sprekk mellom steinen og berget i den øvste kanten, fortalde den blinde samen seinare.

Etter som tida gjekk, vart det fatta mistanke til at det var John som stod bak tjuveria. Samane gjekk då saman og forsøkte å få has på tjuven. 

Ein gong klarte de å omringe Jon, men han kom seg unna med å hoppe over elva. Den dag i dag er det ein plass ved elva i Susendalen som heiter Finnspranget. 

Ein dag var to samar ute på leiting etter Jon. Plutseleg oppdaga dei at det rauk frå ei gamme som det til vanleg ikkje budde folk i.  Dei rekna då med at det var Jon som hadde tilhald der, og mennene gjekk nedover til gammen.  Planen var at den eine skulle opne døra og den andre skulle gripe fatt i den mistenkte.  Men då døra vart opna,  kom Jon ut i ei slik fart at det var umogeleg å få tak i han.  Samane hadde gevær med seg og begge fyrte av mot Jon.  Eit av skota trefte Jon i skuldren.  Den såra guten gav seg over og fortalde om alle sine ugjerningar.  Han bad og om å verte ført til øvrigheita, slik at han kunne ta sin straff.

Dei to samane vart redde for at også dei skulle komme i vanskar og bestemte seg for å ta livet av Jon.  Som tenkt, så gjort. Jon vart skoten og frakta til Mjølkelva, der dei senka liket i det leirhaldige og grumsete vatnet. 

I all ettertid har denne historia vorten fortalt frå generasjon til generasjon. Det leites, tenkast og undrast - kvar er "Jon-buret"? Den blinde samen si einaste beskriving av staden, var at han høyrde susen frå ei elv. Sluttorda i historia er:  Søk etter skatten - den som kan!

Fant du det du lette etter?