Anakronismer

Klikk for stort bildeKor mange skriveformer finst av visse stadnamn, t.d. Trondhiem, i Vesterålens tingbøker frå perioden 1710-1748?

Nyredigert etter Håløygminne 4-1985 ("Tankar over tingboka").

Av Finn Myrvang

Namneformer frå tingbøker frå Vesterålen for perioden 1710-1748

Tidleg på 1980-talet gjekk eg gjennom tingbøker frå Vesterålen for perioden 1710-1748 (mikrofilm), med hovudvekt på Andøya (Myre fjerding og Andenes fj.) og på Bø (Vinje fj. og Malnes fj.).

Dertil skifteprotokollar frå store delar av hundreåret, og til dels også kyrkjebøker. Desse tingbøkene inneheld m. a. mykje stoff om borgarar og utliggarhandel. Det kom ein tanke smygande: Kor mange varianter er det t.d. råd å få til av namneforma Trondhiem frå denne tid? Du må då rekne med variantar 1) med og utan h i førsteleddet, 2) med og utan d, vidare 3) med o og med u, 4) med og utan b i sisteleddet. Nåja, det er berre så måteleg interessant, filologisk og matematisk, men kulturelt sett likevel tragikomisk.

Kva hundreår er mest interessant?

Viktigast er å hugse at slumpen rår. Bø-presten Niels Simonsøn Viby, som etter namnet å dømme kom (eller ætta) frå Sjælland, fører t.d. opp gardsnamna Eide og Rise frå Malnes sokn som Eide og «Riset» i Prestenes Mandtall 1666, og på 1700-talet er Eide (så vel som Rise) den vanlege skrivemåten. I vår tid heiter det derimot Rise og «Eidet» (postadresse), heilt omsnudd. Etter så lange tider har vi endå ikkje fått orden i namnebruken, for Eide og Rise er det rette.

1700-talsformene er interessante, men den som har sysla litt med gardsnamn vil vite at det er på tidleg 1600-tal du finn dei mest «genuine» (talemålsnære) eller minst «oppfiffa» skriveformene. Etter som skriveskikkane festnar meir, utetter hundreåret, blir skrivarane flinkare til å lugge bort alt som ser udansk ut, i alle høve frå landskyldlister og anna materiale som kunne gjerast ferdig på førehand, og så langt språkstoffet var lett forståeleg.

Skilnad på jordebøkene

I skiftesaker og på leidangsberget var gods og «de kjære penge» hovudsaka – i tingstua stod det om å få med «acten» det som kunne vere juridisk viktig. Psykologisk låg altså forholda til rettes for at sirlege skrivevanar tufta på sedvane kunne gleppe, i slike fora. Som dei også gjorde, ikkje reint sjeldan. Eit døme er vere gardsnamnet Medby i Bjørnskinn sokn, skrive «Medby(e)» støtt og stendig gjennom hundreåra, trass at uttalen var [“mæbby] og til dels ['mæby]. Nettopp skriveforma Mæby dukkar då også opp i eit skifte frå 1745.

Noko liknande gjeld grannegarden Forfjorden [“fårr-], skrive Furrefiord i lensrekneskapen 1567 og Furefiord i jordboka (landskyldlista) 1607, men same året også Forrefiord i leiglendingslista. Og slik skifter det vidare: Fwrefiordt 1711 (leiglendingslista), Forfiorden tingboka (tb.) 1716, Fwrfiorn 1720, Fwrrefiord tb. 1730, Forefiorden tb. 1743, Forfiorden skattelista 1750, Fwrefior i Prestenes Mandtall 1666 — for ikkje å gløyme «Fwrefurd» i jordboka 1647! Den genuine uttalen er på vikande front i skrift, og det er ingen tvil om at austnorsk «furu» (motsett «fårra» i målføret) gav norma: Vi finn «Furueffiorden» i eit skifte 1756 – jamfør at grannegarden Fornes ("fårrness) er kalla Fwrrenes 1567 (lensrekn.) og «Fyrnis» i leidangen 1633. Eit anna døme er Skogvoll (stum g) på Andøya: Formene frå 1521 (tiendepengeskatten) er delvis kuriøse, nemleg Skoffwaldt, Skowell (men også Skowoll), mens iallfall Schouold og Skouold frå leidangen 1607 er nokså lydrette, på sitt vis. Like fullt er det nytta diftong ou både 1610, 1614, 1661 osv. Endå i tingboka 1743 fann eg Schauvold. Ei sak for seg er at presten Niels Jørgensøn Romsdall, som etter tilnamnet å dømme kan ha vore av innflyttarslekt på Andenes, skriv «Skarvaldt» i Prestenes Mandtall 1661!

Døme på «feilnormering»

Gardsnamnet Lynghaugen ("lønghøuen) i Vinje fjerding vart utsett for liknande normering ei tid: Kring 1620 og like før merkar vi fleire gonger dansk mønster Liung- (også Lung-). På 1700-talet er der morosam bryting mellom Lønghoug i Vinje tb. 1737, Lynghauwen tb. 1743 og Lønghouen tb. 1746. Men Lyng- slo aldri heilt igjennom: Symtomatisk nok var det forvanskinga «Lundhoug» som vann fram etter kvart og vart ståande til langt ut på 1900-talet.

Noko for seg sjølv er buplassnamnet Kleiva ('klæva) under Andenes fj. Her rår skriveformer som Kløffuen eller Kloffuen på 1600-talet, mens det i 1700-åra går på Kløwen eller Kløven. Dette er så gjennomført at du stundom kan tvile på at det er same staden du har for deg! Her må ei anna «normerande kraft» ha verka inn, då mest truleg Klauva eit par stader i Troms? På 1640- og 1660-talet kjem likevel «Kleven» slengande nokre få gonger; og i 1743 – då buplassen er blitt øyde for kort tid sidan – står det brått Klev i Myre tb. Til samanlikning er det interessant at også plassnamnet Kleiva under garden Haugsnes i Bø må ha hatt uttalen Klæva på 1800-talet, etter jordskiftedokument frå staden å dømme.

Skriftleg «pynt».

Som før nemnt, slumpen rår, og så måtte det bli – i ei tid utan reglar for korleis stadnamn skulle skrivast: Bugsnes eller Buksnes i Bjørnskinn sokn heiter Buxnes i 1567 og svært mange gonger seinare med, i 1607 både Buxnes og Boxnes. I 1611 er det Buxnes og Bugsnes – det siste også i 1617 og fleire gonger fram til 1619 – og i Prestenes Mandtal 1666 står Bugsness. Men Bogsnes finst òg fleire gonger, t.d. 1616, likeins 1618 (leiglendingar og husmenn), vidare 1664, dertil Bogssnis i 1622. Særskilt interessant er det enkle Bugsnes frå 1610.

Men slik smaken i tida no eingong var, vart alltid formene med chs, cks, gz og ikkje minst x rekna som dei gjævaste, så på 1700-talet blir forma Buxnes innarbeidd, med Boxnes(s) som variant. – Elles la eg i tingboka merke til at den tid Bugsnes vart tingstad etter Myre, utpå 1760-talet, tok skrivarane brått i bruk ei til då ukjend nemning «Bjørnschind fierding». Men det vart mest som eit blaff, snart kom Myhre fierding tilbake, i samsvar med skrivetradisjonen. (Elles heiter det no berre Myre og dels Myrre fjerding heilt fram til 1742 – då dukkar Myhre opp.) I eit skifte frå år 1779 fann eg tilsvarande «Schafdahlen» (!) som namn på husmannsplassen Skavdalen; tre år seinare var dette moderert til «Schav-».

Fordansking av «falsk» hokjønnsform

Om lag samtidig viser «Veha» seg som skriveform for Vea i Vinje fj. tidlegare skrive Vede eller Wedde, ofte til forveksling likt skriveformene for husmannsplassnamnet Væte under Nakling i Bøværøya. Presten Simonssøn Viby skreiv Vedden for Vea.

Ramsa i Myre fjerding hadde lenge stø skriveform på –aa, trass i uttalen. Men i tb. 1716 kjem det ei ny hand, «mig constitueret sorenskriver Herman Pedersøn Randulf»: Han prøver seg fram med «Ramse» på sommartinget og «Ramsten» på hausttinget! Men året etter må han ha bladd litt meir i tingboka, for då skriv også han «Ramsaa». 

Klikk for stort bildeØydegarden Åsand med å-far og tufter. 

Ekte og «falsk» fleirtalsform -an blir til eintal

Kavnorske fleirtalsformer på -an påførte mang ein skrivar sjelekvaler: Åsand i Malnes fj. hadde lenge ei stø skriveform «Aasand», men den palatale uttalen av sisteleddet ser ut til å ha blitt borte, og etter 1740 dukkar det lydrette Aasan opp i kyrkjeboka til presten Müller. Den tilsynelatande heilnorske fleirtalsforma på - an vart snart skifta ut, med eintalsformer som «Aase» og «Aasen»! – Vikan i Vinje fj. gjekk tilsvarande under namn av «Viig(h)» og «Vi(i)che», «Vicke» og «Vikke» lenge før den tid.

Diftongproblem

Særs problematiske for skrivarane kunne dei namna bli som tilsynelatande både hadde hokjønnsartikkel og diftong, som Saura ("søura) i Myre fj. skrive Sørøen i jordboka og leidangen 1607, i 1611 også Søure og «Søfred»! men skattemanntalslista over leiglendingar har derimot «Søredt». Det relativt lydrette Søure står òg i skattemanntalet 1643, mens Prestenes Mandtall 1666 har Søre på reinspika dansk – og «Selge-» for Sellevoll! Den nyss nemnde Randulf skriv Soura i tb. 1717, men året etter også Soure. – I tingbøkene frå 1740-talet står både Saure og Soure; det mankerer berre *Seure. Noko liknande er det når Forøya ("fårrøya) i Vinje fj. – ofte skrive «Førøen» av di skrivaren truleg skjegla til grannegarden Føre – får stavemåten «Førøyen» i tb. 1733.

Skrivarane styrte lettare klar av diftong når han var einaste «fella», men ikkje alltid: Steinsvika i Vinje fj. går oftast for Steensvig(en), men i tb. 1740 kjem brått Steinsvig. Likeins Breywigen 1743 og Scharstein 1748, i skifte frå Myre fj. Til samanlikning er det litt morosamt at ein av medlemmene i lagrettet på Myre 1746 og 1747 blir kalla Halvstein Nilsen (med Halvdan som mønster?) Her går folkespråk og folkeetymologi hand i hand. Men aktar du deg for staupet på eine sida av vegen, kan du lett plumpe uti på hi: Det gjeld iallfall for han som i Myre tb. 1744 skriv Ol Nilsen Aachenes. Litt morosamt er også eit tilfelle som har med Vinje fj. å gjere: Gardsnamnet Auvåg er på første halvdel av 1600-talet ofte skrive med diftong, og lar seg då lese som *Auding- og *Aude- og *Au-. Men fordanskinga Ude- og Uvog kjem inn, festnar seg og overtar heilt – til bygdeuttalen brått stikk hovudet opp att i Vinje tb. 1743 med «Hauwog»!

For akkurat denne garden er elles variasjonsrikdommen i skriveformer ekstrem: Vduog, Wouog (les det siste som ouvåg, auvåg) år 1567, Ødinguog og Udeuog og Eyneuog (les øynevåg) 1610, Wddeuog 1611, Ødinguog 1612, Effueuog (les øvvevåg, øuevåg) 1613, Audingwog og Øffdinguog 1613, Øffdingwog 1614, Uduog og Ødinnuog 1615, Uduog og Uddeuog 1616, Ouogh (les uvåg!) 1617, Uduog og Udoegh 1617, Vduog 1618, Wduog og Udeuog 1619, Uduogh, Udeuogh og Ounwogh 1620, Uduogh og Oudtuogh 1620, Uduogh og Oudeuogh 1621, Øfferuogh! 1623, Audevog, Audeuogh 1647, Uwogh med Klachsiord 1664, Uwog 1717, Uvog 1723, Ouvog 1792.

Skifte berre i skrivevanane

Framlyden i bygdenamnet Qvæfjorden t.d. i Myre tingbok 1745 vann skrivarane oftast ikkje å gjere så mykje med,. Det same gjaldt langt på veg for det særprega gardsnamnet Kvalsaukan ('kvalls-) i Sortland, skrive Qvalshauche i Sortland tb. 1744. Regelen var altså å markere framlyd kv med qv- eller qu-; forma «Hualsach» frå jb. 1647 er unnatak. Også for Kvalnes (“kvall-) i Myre fj. og for Kvalvika (“kvall-) i Malnes fj. gjaldt lenge same skriveregel. Men i Vinje tb. dukkar skriveforma Hvalvigen brått opp i 1749, likeins Hvalnes i eit skifte frå Myre fj.

Utetter 1700-talet merkar vi òg eit anna skifte i skrivevanane: Morsund og Skorvågen i Vinje fj. får oftare og oftare sin korte, opne o i førsteleddet markert som aa. Men endå kring 1780 finst den eldre skrivemåten i fleire skifte.

Skifte også i uttalen

Eit «svårtolkad» namn er Lokkøya (“låkk-) i Vinje fj., skrive Leek- i AB. Leek 1567, Lech- 1610, Leek- 1614 og Lechøen i Pr. Mt. 1666. På første halvdel av 1600-talet er likevel skriveformer med Løch- o.l. meir vanlege (dertil med y!) Var Løkk- ein kjend uttale då, kanskje attåt Lekk- med ø avrunda til e? Merkeleg er i alle høve Lechøen i eit skifte så seint som 1786.

Å tvile er det elles ikkje så stor grunn til, dvs. ingen kan ta feil av den heilhuga viljen til å få fram at uttale og skrivemåte høyrer til to høgst ulike sfærer. – I sin iver etter å fjerne norske lydmerke kunne skrivarane like fullt «tolerere» lokale målførefinesser så lenge desse tedde seg lite opposisjonelle i høve til dansk. Eit slikt døme er Haugnes i Andenes fj., skrive Hogenes 1521 og 1607, og likeins Hognes 1614. Utetter 1600-talet finn vi alt oftare Hou- og Houg-, etter kvart også Hau- og Haug-, mens utstafferte former som Houff- og Houffue- frå den første epoken ikkje vart ståande. Men merk at det på Melchior Ramus kartskisse over «Anden» (Anda) 1689 rett og slett står Haanes.

No har det iallfall fram til 1950-åra vore vanleg å uttale stadnamn med sisteledd -haugen eller haugan som hågen, hågan på Andøya: I namn på fjell er dette nærmast einerådande, framleis. Likeins i appellativet torv(e)haug «stad der du stikk torv», og t.d. figurleg under bærplukking: «håg på spanna», «spanna va håga». Men ingen minnest monoftongering av same art i gardsnamna Haugnes og Haugen, trass i gamle skriveformer som peikar i den lei. Sistnemnde gard (i Bjørnskinn sokn) heiter Hou 1567, Houff i jb. 1607, ulikt Hoginn (eller like gjerne Høgen?) i leidangsskatten same år. Jamfør så Houge 1610, Hoyen 1611, Høy og Hogenn 1614, Hou 1619, Hoinn 1620, paa Hoye 1623, Houff og Hogenn 1633-1634, i Hoien 1636, Hoig 1637, Høyen 1647, Hauenn 1661 og Høien 1666. Frå hundreåret etter har eg notert Hojen i tb.1711 (både Myre og Andenes fj.) og likeins 1712 og utetter. Så kjem Hougen 1716 med skrivaren Randulf, men i tb. 1727 kjem Hoien tilbake, like eins Hojen fleire gonger frå 1730 og utetter – til Houen festar seg i 1735.

Det er vanskeleg å tru at både bunden form Haugen og ubunden form Haug med dativ Hauge (dansk Høy og Høyen er uinteressant her) var brukt i talemålet på 1600-talet. Eksempla vitnar eigentleg om noko anna, nemleg folkeleg seiemåte, ispedd vilkårlege danske skriveformer som vart ført vidare gjennom avskrift-automatikken. Det kan ikkje vere nemnande tvil om at uttalen på 1600-talet og ein god del av 1700-talet må ha vore Håjen eller Hågen.

«Fri» skriftleg variasjon utan feste i uttalen

Dverberg har garden Nordmela (”norrmela) og Bjørnskinn har garden Sørmela (“sørrmela). Innanfor sitt eige sokn kan folk kalle begge gardane for berre Mela (“mela) òg – men når folk frå alle tre Andøy-sokna møtest, vil Mela helst seie Nordmela. Opphavet til namnet er i begge tilfelle dei store sandmelane, altså gno. *Melar. På Nordmela finst foresten også Melan som lokalt stadnamn.

På første halvdel av 1600-talet er den nokså dialektnære skrivemåten Nord- og Sørmelle nytta ganske ofte (oppfatta som hokjønnsord). På 1700-talet gjer den tradisjonstråden mindre av seg, eg har berre sett Nordmelle i Myre tb. 1721 og dertil Meele (om Nordmela) i eit skifte 1752. Rett nok hadde ei ny hand skrive Søermeele i Myre tb. 1743 – men samtidig like fullt Nordmiele og Nordmielle. Dei to siste formene er framhaldet av ein annan skrivetradisjon frå 1600-talet og nærmast einerådande etter 1650:-mielle og mielde, for begge gardane, men etter 1700 er miele og mjele vanlegare blitt; no er « mielle» ein raritet, «mielde» og «mjelde» sågst visst ikkje meir. Derimot står Nordmelde i Andenes tb. 1719 og Melde i Myre tb. 1720!

No fanst det dessutan ein tredje variant i skrivartradisjonen, med mille og delvis -milde på første helvt av 1600-talet. Kanskje jysk «mile»: sandmel? Også dette fortsetter etter 1700, Nordmille er notert frå Myre tb. 1744 og Sørmille frå skifte 1745 og 1753. Noko heilt for seg er tb-varianten Nordmellie 1743, Norde Milie i skifte 1744 og Nordmillie i eit anna i 1745. –Rarare endå var diftongerte former Nord- og Sørmeile i tb. 1711, 1712, 1730, 1735, 1737, 1738 – dertil i eit skifte frå 1780. Vi får heller ikkje gløyme at skrivemåten Nord- og Sørmæle vart vanleg på 1800-talet, især mot slutten av hundreåret, endå det alt i hop var ukjent i bygdemålet.

Forma Nordmollie» frå tb. 1743 ser eg på som ei forskriving for Nord Miolle – så i tb. 1745 – eller meir lydrett i tb. 1748: Nordmiøle. Varianten Sørmiøle side om side med Sørmille i eitt og same skifte 1745 bør også nemnast. Her skal eg skyte inn at ein sporadisk, genuin uttale Mjøla (truleg rein «hypernorvagisme») er kjend munnleg kortform av begge grendenamn endå kring 1900, men seinare mest berre som herme etter gamle folk, og det har si store interesse at det 1567 (lensrekneskapen) står Sodmiolle, men Nordmielle. I tiendepengeskatten 1521 står det Swdermoll respektive Møll!

For ikkje å gjere «romanen» om desse to grendenamna endå lengre vil vi heller sjå litt på nabogrenda (matrikkelgarden) Nøss. Her er dei eldste skriveformene lite påfallande: Nos 1567, Nøes jb. og leidangen 1607, Noss(s) 1610 og 1614, Nøes 1647 osv. Men Prestenes Mandtall 1666 har «Nyss». På 1700-talet blir no namnet skrive Nøs og Nøss ganske ofte; langt meir kunstferdig ser det ut med Niøs i Myre tb. 1721 og i matr. 1723 – Neøs i Myre tb. blir ein slags sideform.

Sjølve «blomen» er likevel Neus, som har sin glansperiode i tb. 1744 - 1746, og i eit skifte 1747 stod det både Nøs og Neus! I samband med Niøs bør nemnast at Nøis har vore mykje brukt på 1800-talet og seinare, især som familienamn. – Så evna til å lage variasjonar over eit tema på berre 3-4 bokstavar er det ingenting å utsette på.

Oppsummering

Mengda av skriftleg materiale frå dei omtalte bygdelaga aukar sterkt etter 1710. Dette gjer at tidlegare ikkje skriftfesta uttaleformer så vel som nye skriveformer kjem til uttrykk langt oftare enn før. Det er i 1700-åra skrivetradisjonen innanfor «namneverket» tar til å leve sitt eige liv for alvor. Her er ein forunderleg leik med stendig nye bokstavkombinasjonar som liksom aldri kan bli talemålsfjerne nok! Ein overflatisk og fragmentarisk kunnskap om andre norske stadnamn som likna kan nok òg ha spela inn.

Mykje av dette ville berre vere morosamt, om det ikkje var for den utruleg store prestisjen desse «forvridde» namneformene fekk, etter kvart som dei vart innarbeidde styringsvegen. Det ser vi best i dei tilfella då to (med kvart tre) talemålsfjerne skriveformer seg imellom tevlar om rangen, heilt fram til vår eiga tid. Alt mens reine dialektformer så vel som forsøk på særs strenge danske normeringar også er merkande, om enn med diametralt motsett forteikn. Det gjeld for skrivarane på 1700-talet så vel som deira føre- og ettermenn: rett forståing av namnet var ingen garanti for ein rimeleg skrivemåte, heller tvert om: Ut med fora, skog og kval – inn med «furu», «schou» (eller «schaug») og «hval».

Avkortingar:

fj. fjerding, jb. jordbok (landskyldliste), tb. tingbok, tingprotokoll AB: Aslak Bolts jordebok.