Nånda, Njuona?

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 1-1992, nyredigert

Av Finn Myrvang

"Då eg skreiv artiklen om gamle solmerke til "Håløygminne" (h. 4-1941), kom eg også til å tenke på fjellnamnet Nån'a på Gryta", skriv Hans Eidnes i 1942 (s. 204f). "Det er høgste fjelltinden på Gryta, etter Helland c. 1255 m. Etter same kjelda skal denne tinden vere fleire hundre m. høgare enn hine tindane på Gryta, slike som Tussen, Toppen og Galten. Men tinden Nån'a ligg likevel slik at ein ikkje kan sjå han austanfrå. Så namnet har visseleg ingen ting med solmerket og tidsnemninga "non" å gjere.

Kor skulle elles dei gardane ligge som hadde ... dette solmerke? På Bjarkøy ser ein ikkje denne tinden. På Sandsøy heller ikkje, Fenesgalten stengjer. Og frå Hinnøy-sida kjem denne tinden i nord, så det då heller måtte måtte bli nattmål enn non han minte om. Etter det eg har fått opplyst av folk på Rolla (Rollnes), så er heller ikkje denne tinden kjent som solmerke der... Fjellnamna ... på "non", dei har alltid samansetninga Nons- (Nonstinden o. l.) ... Men på Gryta som i bygdene omkring seier dei "Nån'a", med lang å, og ein slags i- eller j-fengen n. Det er same lyden som vi har i "ån'a" ("de e bærre ån'a inni vånnmale"). Dette fjellnamnet må ha eit heilt anna opphav enn solmerket og matmålet non, der vokalen er trong. - Eg ser også bort frå ei segn dei har på Grytlandet om ei nonna som skulle ha halde til der oppi fjellet, og som gav opphavet til namnet. Det blei visst eit kaldt og hustri tilvære for den jomfrua, er eg redd. - Det er nok namnelikskapen som her har laga segna, og ikkje segna som har laga fjellnamnet.

Men vi har eit elvenamn på gamalnorsk som heiter "Nonn", nærast utt. Nånn. Namnet tyder den djerve, raske, og det går att i slike namn som Nannaråna i Vestfold og Nannestad på Romerike. Dette Nånn er nemnt i det gamle Eddakvædet Grimnesmål, i 28. verset, som elvenamn mellom mange andre. No er det verdt å merke seg at dette Eddakvædet trur dei er blitt til i Hålogaland, det er nær skyld med dei gamle håløygske segnene "Skarvane på Utrøst" og "Tuftefolket på Sandflesa", og det er ikkje lite interessant om vi kunne finne att det gamle elvenamnet frå Grimnesmål på ei øy i Hålogaland.

Er her så noka elv som kan vere beraren av dette namnet frå gamal av? Jau,fram av Nån'a-fjellet spring høgt oppe ei elv, ho kastar seg i lause lokta nedetter stupbratte fjellveggen der inkje uflygande kjem fram. Denne elva ser dei vidt, ho merkar seg ut, serleg om våren i flaumtida. Og nett fordi ho hiv seg i lause lokta ut frå fjellet, kan eit namn som Nånn, den djerve og dristige, høve. Namnet på elva i dag er Nånskarelva, der er og eit Nånskarvatnet. Denne sermerkte elva kan vere opphavet til Nån-namnet, først knytt til elva som fall mest i auga, og seinare overført på fjellet, så elvenamnet her blei det sekundære. Slikt hender ofte i namneverket.

No høver nok ikkje heilt den gamalnorske forma Nonn med namneforma Nån(a) i dag vil ein seie. Det er så. Men der vil eg atter peike på den herminga eg siterte ovanføre (om ån'a).Vi seier "ei ånn" (ånd) med dobb. kons. etter støtt vokal, og vi seier "ei ån'" med lang vokal og lang kons - der har vi herminga: "Han for som ei ån imella" (så lett, så snar som ei ånd). Begge formene kan vere parallelle så å seie. Vårt gno. og nyno. "mann" heiter ofte i Trondenes- og Senje-mål i bunden form man'n ved sida av mann'n. Det skulle såleis vera mykje som tala for at elvenamnet her er det opphavlege og med heimel i gamalnorsk og nordnorsk litteratur ...". Så langt Hans Eidnes.

Denne drøftinga av namnet Nån'a frå Hans Eidnes si hand er det fleire grunnar til å hente fram og sjå nærmare på. Lat oss berre først nemne at Nån'a eller Nona som det står på kartblad 1332 IV "Harstad" (serie M711), skal vere 1012 m etter same kjelde (Toppen er 759 m og Galten 782, mens høgda på Tussen er unemnd).

Hans Eidnes gav seg i kast med tydinga av eit uvanleg namn på ein måte som tener til førebilete: Han tok det ikkje straks for gitt at det måtte vere eit non-namn, til liks med mange andre, men sjalta det ut av di uttalen var avstikkande. Ikkje nok med det, han drog også til veges grundige topografiske argument mot ei slik forklaring.

Han var og ein altfor grundig kjennar av sitt heimemål til å kjøpe den folkelige, men topografisk håplause forklaringa om ei nonna som skulle ha halde til der i fjellet. Han fann det vel ikkje umaken verd å nemne det særskilt, men det ordet finst heller ikkje med palatal uttale her nord, endå ein skulle tru det skulle ha levd lenge nok på folketunga til å kunne oppnå det. Dette seier i det minste noko om alderen på dei ord og namn som har slik uttale i dag.

Eidnes leitar, utan å nøle, etter norrønt språktilfang som kan vere til hjelp i namnetolkinga, og finn det i norrønt Nǫnn "ho som er dristig" - fjellet må ha namn etter fjellbekken som kastar seg så djervt utføre. Og det er sakleg ingenting i vegen for ei slik forklaring: Langt meir forbløffande er det t.d. at den landskjende Glittertinden fekk namn av elva Glitra langt nedi fjellfoten. Det er også rett at mange stadnamn som var dei grunnleggande eller primære, kan komme til å bli sekundære med tida, det er eit utbreidd fenomen.

Derimot synest også Eidnes å stusse på at fjellnamnet (dersom opphavet skulle vere gno. Nǫnn), har fått lang vokal. Sikkert nok kan ordet ei "ånd" opptre med både kort og lang vokal i dagleg tale, men ut frå mitt eige andøymål (grannemålet til bjarkøydialekten som Eidnes resonnerte ut frå) - meiner eg at "onn" med kort vokal og "ånd" med lang vokal er det systemrette og at det snarare er det første ordet (onn) som kan ha lang vokal i alternativ uttale, kanskje under påverknad av obligatorisk lang å-lyd i bunden fleirtalsform |å:ᶇ~ᶇ|.

Hans Eidnes la opp til ei rimelig forklaring av namnet Nån'a, utan å vere kategorisk: "Det skulle såleis vera mykje som tala for - ", avrunda han. Saka er jo at at den som tar for seg eitt enkelt namn, må halde alle tolkingsvegar opne, mens den som kjenner to eller fleire variantar av same namnet kan konsentrere seg om færre slike.

Klikk for stort bildeNånda med Litje-Nånda og Kjølen framstår som ein markert, men låg rygg mellom Storfjellet i aust og Toppen i vest. Kartverket. 

Sjølv trur eg Eidnes oversåg ei nærliggande forklaring, men samtidig leverte han ei så vidt solid norsk-basert forklaring av dette uvanlige fjellnamnet at han fortener honnør for tilnærmingsmåten.

Eg vil herifrå, om lag som den litle elva Eidnes skildrar, kaste meg frå fast grunn og ut i lause lufta: Fjellet Nona - vi kunne skrive "Nånda" for å markere uttaleparallellen med bunden form av "ånd" - sender nemleg via "Litle-Nona" ein lang og låg utlaupar sørover mellom Storfjellet på austsida og Toppen på vestsida, og i kontrast til desse. Etter mi meining er Nona eller Nånda ei lettfatteleg fornorsking av eit særs gammalt samisk namn på fjellet: Nemner eg nordsam. njunni "nase", "bergnase", ser likskapen tvilsam ut. Men sørsamiske variantar njuonna (njuana, njuæna) med dobbel vokal og i tyding "nes, odde, tange" liknar unekteleg meir; det gjer for så vidt også austsamisk (Kola osv.) njuoinn o.l. "nase", "snabel".

Vi bør òg merke oss eit anna samisk terrengord,, nemleg "njunes, njunjes" (Ibestad, merk palatal innlyd), "njuones, njuonnas" osv. Det blir sagt om nettopp ein utlaupar frå eit fjell, og i Karesuando opptrer det med formene "junes, junnas-". Overgangen nj > j gjer at eg i slik denne samanheng vil nemne "Jonsåsen" i Bø, ein åsformasjon som sender ut ein lang bergnase. Mindre er "Jonsnesbergan" på Åknes på Andøya.

Palatal Nj- som framlyd er ein samisk "spesialitet", så på norsk tunge vart nok uttalen av fjellnamnet så som så: Palatal nj i framlyd og ikkje-palatal n i innlyd vart omkasta til noko ei norsk tunge lettare meistra: Ikkje-palatal framlyd, men palatal innlyd, slik som i bunden form av "ånd" og "vånd" o.l.

Liksom Hans Eidnes har eg fundert over den tilsynelatande likskapen med dei mange stadnamn på Non- og Nons- , men då med motsett utgangspunkt. Eg har likevel ingen grunn til å hevde at det blant Non- og Nons-namna er innslag som ikkje går på "nón" som solmerke, så fjellnamnet på Gryta er enn så lenge unikt blant stadnamn som i utgangspunkt synest å vere norske.