Rå og Rolla

Klikk for stort bilde Finn Myrvang "Håløygminne" 2-2009

Av Finn Myrvang

Råa er ikkje noko utbreidd nordnorsk stadnamn, men finst her og der. Frå Storfjord, Bø og Rødøy er det kjent som namn på smale ås- og fjellryggar og kan slik minne om stadnamnet Råna i liknande tyding andre stader, men heng meir truleg saman med rå f. i tydinga "skil, grense". I den tydinga er ordet i første rekke kjent i Østerdalen og på svensk side, men også frå Breimo i Alstahaug er Råa kjent som namn på eit område der det går ei grenseline.

Det ser ut til at "rå" om eit naturleg grense-punkt har utvikla seg frå rå (stong) brukt som skilmerke, eller grensepåle om vi vil. Her nord tenker vi vel først på råsegl eller også på råvedstenger, men det er berre ei anna side av same sak. Så kan vi lure på om ordet stong har vore brukt på same vis, om punkt i landskapet som utgjer eit naturleg skil, av di slike merkestenger var så lettvinte og derfor vanlege at ordet fekk allmenn tyding "grensemerke"?

Eit heilt anna ord er trøndsk og nordnorsk rå med sideform ro, nemleg "krå, hjørne". Dobbelforma rá, ró er kjend alt frå norrøn tid. Lenger sør i landet heiter det ofte vrå , men frå vår landsdel tar vi med Råa, ei slak fjellkrå på Innbjørg på Hadseløya, likeins ein liknande formasjon Bjønnråa i Hattfjelldal.

Rå i denne tydinga opptrer også i ubunden form, som gardsnamn: Rå på Langøya i Hadsel ligg oppi ei vinkelforma krå tett på vestsida av Råvollberget. Interessant er at sistnemnde ligg i skilet mot nabogarden Bitterstad, sikkert rettare Bekkjerstad

Klikk for stort bildeRå og Råvollberget i Hadsel. Kjelde: Statkart/Norgesglasset 

Rå i Kvæfjord ligg opp mot ei markert krå som krokar seg oppover langsmed Råelva, til heilt oppunder kollen Rånakken.

Rå i tydinga "krå, hjørne" finst som nemnt i ein sørleg variant vrå, ei form dei også har i svensk og dansk. Vråheia i Lindesnes så vel som gardsnamna Vrå i Mandal og Kviteseid o.fl. har alle med vinkelforma detaljar i lendet å gjere, så det kan vere meir klargjerande å seie "hjørne, vinkel" enn "krå, krok". Vi skal berre ha klart for oss at medan ei krå etter vanleg språkbruk er noko som går innover (er ein konkavitet), meiner vi med hjørne oftast noko som går vinkelforma ut. Men ting heng saman, for det som utanpå huset er eit hjørne (ei nov), blir på innsida nettopp ei krå.

Kanskje litt uventa fører dette oss over til øynamnet Rolla. Under gardsnamnet NordRollnes i Ibestad gjer O. Rygh greie for sambandet mellom 1300-talsformene Roalla-, Raalda-, Roaldarnes og sjølve øynamnet: "Den gamle form af Øens Navn maa have været *Róǫld f. ... sikkert samme Navn som Roald, udtalt Roøll på Vigra i Søndmør, nu kun Gaardnavn, men formodentlig oprindelig Ønavn". Han kjem deretter inn på gardsnamnet Roaldkvam i Vikedal og i Suldal og fokuserer på ei trekanta form, både i tilfellet Roald på Vigra og her: "Øen Rolla danner en udpræget Trekant med spidse Hjørner. Det ligger af denne Grund nær at aflede Róǫld af ró f., Vraa, Krog; med Hensyn til Afledningsendelsen kan sammenlignes Ønavnene Aralden og Batalden, som dog er Hankjønsord" (NG 17: 47). Sør-Rollnes, som på Ryghs tid endå var gnr. 1 i Trondenes, blir ikkje omtalt særskilt, han berre viser til omtalen av Nord-Rollnes. Som uttaleform av begge namna fører han opp kortforma råᶅᶅnés, vel å merke med 1-stavings tonelag (som er feil).

Klikk for stort bildeRolla sedd frå Fauskevåg på lag. Finn Myrvang  

I Norsk Stadnamnleksikon viser Ola Stemshaug i hovudsak til Rygh, men føyer til at det sørvest på Rolla ligg eit 925 m høgt fjell som også heiter Rolla, og nemner vidare at suffikset -ǫld, eller med hankjønsform -alden slik det vi har det i øynamna Aralden og Batalden, svarar til altus 'høg' i latin. Stemshaug konkluderer med at namnet Rolla kunne tyde «øya med dei høge hjørna (nesa)», men at det er ei usikker tolking, endå ho høver godt for øya i Troms.

Av to årsaker deler eg skepsisen mot Ryghs måte å sjå øynamnet på: For å oppdage at ei storvoren øy er trekanta, må du opp i høgda, sjå øya i fugleperspektiv om du vil, og det gjorde sjølvsagt ikkje dei leifarande. For dei var neppe "hjørna" på ei trekanta øy meir særmerkte enn andre nes og oddar. Endå viktigare er at det eine store fjellet på Rolla, mot sørvest, også ber namnet Rolla, mens det andre heiter Drangen. Dersom det var heile øya som opphavleg fekk namnet Rolla, burde jo dette lett synlege fjellet ut mot havet blitt heitande Rollberget eller liknande, men så er ikkje tilfelle. At både øya og fjellet heiter Rolla kan berre forklarast med at øya fekk sitt namn av det fjellet som var mest synbert og særmerkt.

Kartet viser at fjellet Rolla har tre tilnærma rettvinkla hjørne (som vel å merke ikkje kan resultere i trekanta form). Også foto av øya avslører "vinkelformer".

Klikk for stort bildeFjellet Rolla sørvest på Rolla er langt meir kantut enn Drangen. Statkart/Norgesglasset. 

Garden Roaldkvam i Vindafjord ligg under Roaldkvamsnuten, som har ein rettvinkla kontur og kan ha heitt *roalden frå først. Roaldkvam i Suldal strekker seg vestover frå den klossforma Kvamsnuten, som tydeleg nok er *roalden i det tilfellet.

Høgaste partiet av den mektige Roalden i Berg i Troms er i høg grad vinkelforma, og like austafor er han tilmed skarpvinkla. Imellom går det inn ei djup grop, og også for dei andre *roaldane heng gjerne det eine (novform) saman med det andre (kråform).

Klikk for stort bildeRoalden i Berg har bråe bøygar på meir enn ein stad. Statkart/Norgesglasset. 

Fjellet Roalden i Tysnes byr òg på tilnærma rettvinkla former, men i det tilfellet kan det sjå ut som om desse i første rekke "slår innover". På det flate Roald i Giske fell oss derimot i auga at Roaldsneset er eit rettvinkla endepunkt på ei lang strandline, eit naturleg orienteringspunkt for sjøfarande. - Det kan sjå ut til at lokalitetar som gjer endå mindre av seg er blitt nemnde på liknande måtar, såleis Rollabekken på Gåsbøl i Sortland, og utan tvil kunne vi leite opp endå fleire døme på landsbasis.

Konklusjon:

Hokjønnsordet rå går i nordnorske stadnamn på det same som rå (og vrå) mange andre stader, nemleg "krå, hjørne", men er i andre tilfelle namn på langsmale ryggar som er eller kan ha vore naturlege grenseliner. Det er då tale om eit anna ord.

Men rå i sideform ro inngår òg i eit på landsbasis vanleg fjellnamn *róald(r), knytt til tverrkrokute eller skal vi seie tilnærma rettvinkla høgder. Vi ville vente at vi kunne uttrykke det same like presist ved å seie "nov", men slik har ikkje ord- og namnebruk utvikla seg. Eit ope spørsmål er om ordet *róoald(r) alltid var brukt om lokalitetar der både aspektet "vinkel" og "høgd" stod klart for tanken, eller om det med skarpe hjørne vart hovudsaka, slik at friare bruk av ordet kom opp, jfr. gardsnamnet Roald.

I tilfellet Róǫld for Rolla opptrer hokjønnsform av *roald(r) av di kategorien øynamn for det meste har hokjønnsform, i motsetning til fjellnamn.