Ring- det dunkle namneleddet

Klikk for stort bilde Ole Søberg "Håløygminne" 2-2012

Av Finn Myrvang

 

I trafikksamanheng er «Ringen» og Ringvegen kjente og lettfattelege namn. Det kan vi for så vidt også seie om enkelte naturnamn, som den trillrunde Ringloken i Bardu, ein avsnørt meander i eit bekkefar som går til Barduelva. Likevel viser storparten av Ring-namna seg å vere mindre forståelege enn som så.

Vi held oss her til nordnorske namn så som Ringstad i Vesterålen, Ringvassøya i Troms og ikkje å gløyme dei talrike Ringvatna: Ikkje alle er så ringliknande som namnet kan få oss til å tru. Vanlegast er å kalle eit rundvore vatn «Rundvatnet», om det ikkje er trillrundt just, men ei eldre namnelaging Kringelvatnet er vel så vanleg, ofte nok om vatn som berre er relativt runde, dvs. samanlikna med meir langvorne vatn i nærleiken.

Eit særtilfelle er Ringvatnet i Kvænangen; rundt er heller ikkje det. Truleg er det nokså ungt, omsett av samisk Gierdduidjávri, sekundærnamn til Gierdduid-varri «tynnebandfjellet». Fjellet er 732 m høgt og halvsirkelforma med Gierdduidhárji vestafor og vatnet der imellom (jfr Qv 1935: 14). På dagens kart har visst dei to første namna hamna på rang stad mens det tredje manglar; vi får tru dette vil bli retta på. – Kor som er, namnet Ringvatnet andre stader har oftast anna opphav.

Ringåsen på Sund i Vestvågøy kan like fullt vere eit greitt namn: «åsen» er berre ein bogeforma morenerygg, ein halvsirkel som blir heil i vår tanke. Innafor halvsirkelen kjem det ei myr som ikkje er rund. På hi sida myra, i fjellfoten, ligg ei rund urd, men denne steinhopen kan ikkje like synbert ha mint om ein ring som moreneryggen vi nemnte og er iallfall no heilt overvaksen med bjørkeskog. Det ser då ut til at namnet Ringåsen er bokstavleg å forstå: moreneryggen er (halv)ringforma. For Ringåsen mange andre stader i landet tør ei forklaringa vere meir tvilsam, men vi skal i all hovudsak avgrense oss til det nordnorske.

rind

Ringvassøya i Troms er kalla Rinden i 1601 og Rindø på eit kart frå 1620, men Ringøen på eit anna frå 1689 1 . Problematisk er at det litle Ringvatnet lengst sør på øya heiter Grindawatn i Aslak Bolts jordbok på 1430-talet: «j Grindawatnom nordan at Skolagammom ero godh laxafiske». Ved ei seinare innføring kjem så Rindarvatn i lag med Skoogsfjordh til: Det er neppe anna enn Skogsfjordvatnet, som det heiter no 2 . Rett samanheng dei to vassnamna imellom kan ha blitt ugrei etter at namnet Skogsfjordvatnet kom i bruk, så Rind(ar)vatnet og Grindavatnet vart forveksla? Kom då «Ringvatnet» opp via ei overgangsform Rind(a)vatnet?

Klikk for stort bildeDen søraustre delen av Ringvassøya har langt skarpare fjellformasjonar enn halvøyane i nord og vest. Den langsmale tjønna ved Grøtsundet austom Skulgammen er Ringvatnet, deretter kjem Glimvatnet. Statkart. 

Kor som er, Ryghs merknader til saka kviler på den forståinga at Grindavatn og Rindarvatn er det same: «Da Navnet i AB. skrives paa to forskjellige Maader, er det ikke let at fastslaa dets oprindelige Form.Det nuværende Navn Ringvandet er udentvivl feilaktigt, da Vandets Form ikke passer til det. Det kunde snarest ved en Misforstaaelse være opstaaet av Rind(ar)vatn gjennem Udtalen riᶇᶇ-. Rindarvatn maa vel forklares af det meget ofte forekommende Elvenavn Rind».

Rygh stiller så det saman med Ivar Aasens rind f = rinde m «Jordryg, Bjergryg, en høi Banke; især en opadgaaende Forhøining imellem to Bækkeløb i en Bjergside. Sogn, Hardanger, Telemark o.fl. (I Vald. rind f.)» Aasen har òg rindemark «ujævn Mark med lange Forhøininger» og rindutt adj «ujævn, fuld af langstrakte Høider». Lat oss frå Ross' ordbok òg ta med rindutt i tydinga «striput», av rind om «stripe i tøy» (Hallingdal) eller «tøystrimmel» beint fram (Jæren, Shetland).

Kva Ringvassøya gjeld, er det iallfall i nordnorsk samanheng velkjent at Norske Gaardnavne for ofte lanserer hypotetiske elvenamn i tilfelle der ei anna forståing er meir rimeleg, så også her. Men før vi seier meir om Rinden eller truleg rettare *Rinda, skal vi sjå nærmare på andre namn som kanskje fortel kva storleik slike «rindar» har. Alt nemnt er Ringstad i Bø, skrive Ringsteid og Rangstad ! i 1567, Ringsta i 1611, seinare Ringstad. Uttalen er reŋgsta, med tostavings tonelag. Vi finn same gardsnamnet i andre landsdelar og på norrønt språkområde elles, som Ringsta(d) i Sverige og på Shetland, Ringsted på Sjælland osv. Gjennomgåande hevdar Oluf Rygh at gardsnamnet Ringstad kjem av det norrøne mannsnamnet (H)ringr, men heilt trygg er han ikkje, ettersom han heilgarderer i fleire tilfelle.

Klikk for stort bildeRingstad på slutten av 1800-talet. Var det uslett rindemark heime i garden som gav namnet, eller snarare det ryggforma Kråkberget i bakgrunnen? Ole Søberg  

Lokalkartet over Ringstad i Bø gir rimeleg grunn til å tenke på «Bjergrygg» lik fjellrygg. Men eit foto av garden litt før 1900 med gardsbruka «i gamle Standet» og med skoglaust landskap høver rimeleg godt med Aasens rindemark «ujævn Mark med lange Forhøininger». Vi vil komme tilbake til dette seinare. 4 Same gardsnamnet finst som før nemnt mange stader, som i Frogner sokn, Lier i Buskerud: Også her snertar Rygh først inn på mannsnamnet (H)ringr, alternativt reyni n «rogneskog», men landar på at det ut frå lokale tilhøve truleg er tale om rind f (rinde m), «hvoraf ogsaa kan blive Ring-» (NG 5: 316). Her skyt vi inn at Øygarden alias «Rindal lille» i Stranda (Møre og Romsdal) går for Lilleringdal 1603, og at Rindal i Øyer (Oppland) også blir uttalt med g og er skrive Ryngdall 1520 og Ringdal 1594, utan at denne forma vann fram.

Ein parallell til den same lydovergangen er Rygh inne på i samband med gardsnamnet (Vestre) Lindnes, det òg i Lier, med gamle former på Ling- og Lyng- og likevel tolka til treslaget lind: «At en Udtaleform Lingnes en Tidlang har bestaaet ved Siden heraf, uden dog at trænge gjennem, er et Fænomen, der har mangfoldige Sidestykker» (NG 5: 311). Vi ser at sjølve lydovergangen Rind->Ringer velkjend og treng ikkje undrast om skriveformer på Ryng- skulle dukke opp!

Hittil har vi berre omtalt landskapsformasjonar frå lågaste divisjon, Ringsletta på Hekkelstrand i Ballangen høyrer til der. Ho er ikkje på nokon måte særmerkt, 5 til ei slette å vere, men like søraustafor er det 3-4 markerte parallelle rabbar kalla Ytterheia, Mellomheia og Innerheia: rind i tydinga jordrygg, banke treffer godt, især «opadgaaende Forhøining imellem to Bækkeløb». Interessant er at uttalen av Ring- i det tilfellet vaklar mellom riŋŋ-, reŋŋ-, reᶇᶇ-. Ringvatnet i Ballangen er heller ikkje så rundt at det gjer noko – til ein viss grad derimot Ringvassbotn bak vatnet. Meir slåande er likevel den smale, jamhøge fjellkanten på vestsida av same vatnet, mellom Langvågtuva og Turtnlikollen, klart nok ei rind det òg .

Ringberget i Kasfjord i Harstad ligg i eit nokså uslett område med slettare teigremser på sidene. Også der høver det bra nok å tale om rindemark «ujævn Mark med lange Forhøininger». – Riŋ-guos'kat er samisk namn på halvøya Klubben i Nordreisa: Namnet er utolka (Qv 1935: 23), men eg vil tru at Riŋ- er meir norsk enn samisk, iallfall kan det trygt seiast at Klubben er meir rygg- enn ringforma.

Ringjorda (utt. med i) heiter 90.8 i Balsfjord, før gnr. 15.8 i Malangen; her er det tale om just ein banke eller jordrygg. Likeins Bakkeringen (utt. med i) på gnr. 26 i Balsfjord, der Rygh ytra: «Hvorledes det er at forstaa i denne Sammensætning, kan jeg ikke sikkert afgjøre», men han nemnte Ringås, Ringvoll og plassnamnet Ringen i allmenn tyding «noget afrundet, kredsformet» (NG 17: 122, 127). Men tar vi eit steg lenger og tyder fleirtalet av namna framfor som rind(e), bakkerind, rindjord, rindslette, rindvoll og rindås, endrar det vår forståing radikalt. Radikalt i meste laget, for så vidt at det landet rundt sjølvsagt finst sletter, vollar, åsar osv med namn på Ring- som ganske enkelt er runde, men sanneleg er der forvirrande mange unnatak frå den greie forklaringa.

grind?

Legg vi forma rind f til grunn, bør uttalen ha gått parallelt med grind f, så vi vil sjå litt på øy- og gardsnamnet Grindøya i det gamle Tromsøysund, der Rygh trur at eit *grind- «sand, grus» i slekt med grandi 3 m «sandbanke» ligg til grunn: Så kan det vel også vere, for endå øya har myr nok, går det langs vestsida ein lang, smal banke som nok kan vere av sand eller grus. Men det som fell mest i auga er no øyenden i nord, ein lang tange. Øya heitte på samisk både Rindde, Rid'de 4 og Rid'da, så vel som Gar'de 5 , og det får oss til å undrast, for rett nok kan det høve å ha grindar på halvøyar og andre øyar tett ved land, men Grindøya ligg ikkje slik til. Alternativt kan vi jo spørje om det eingong fanst reingjerde der? Dei samiske namneformene, deriblant parallellnamnet Gar'de «gjerdet, garden», må innebere at det har vore tenkt i slike banar, for dei siterte øynamnvariantane liknar sterkt på nordsamiske låneformer av grind(an) «kve, inngjerding»: Qvigstad har ridda, men òg rinnde (sj. rinnda) utan heimfesting, men også grinndi (frå Kvænangen), grinnd (Kaldfjord), kriņņä (Sørvaranger), griᶇᶇa/kriᶇᶇa (Karasjok), rinnā (Ibestad), dessutan kriᶇᶇa (Ibestad, Ofoten), kridda (Gullesfjord), osv. 6

Her er det i utgangspunktet ikkje enkelt å velje mellom rind eller *grind- «sand, grus» alternativt grind i vanleg tyding, men det er i alle fall lett å seie seg samd med Rygh: «Naar det gjelder et Ønavn, synes det mindre rimeligt at forklare det av grind f, 'Grind'». Paradoksalt nok, ettersom vi finn minst sju Grindøya'r kring kysten og endå fleire Grindholm-ar. Det er berre å slå fast at dette er ein namneflokk som må handterast heilt for seg.

Annleis med Ringvassøya sitt Rindarvatn alias «i Grindawatnom»: Rygh tenkte at fleirtalsform dativ kom seg av at Glimvatnet litt austafor var medrekna. Det er ei vinkling som har mykje for seg, i alle fall kan du i somme bygder iblant høyre ein del gardsnamn med fleirtalsform i fri kvardagstale, utan at same gardsnamn har fleirtalsform i meir presis språkbruk. – På den andre sida er fleirtalsformer i dativ nærmast ein gjennomgåande «sjablong» i AB, utan at vi dermed bør lite på at slike former endå levde i talemålet i vedkommande bygdelag på 1400-talet.

No kan vel forma Grindvatn(et) ha vore i bruk ei tid, iallfall innafor eit avgrensa miljø, rett og slett av di terrengordet rind hadde falle i gløymsle, med det resultat at Rind- var oppfatta som ei samisk «unote» for grind og korrigert! – Det vart no likevel ikkje den mistydinga som festa røter for Ringvassøya sitt vedkommande, men ei anna, nemleg Ring- for Rind-, som òg Rygh var merksam på. Ringvatnet blir stadig uttalt med i, altså ikkje Reng 7 .

strind

Her vender vi som snarast tilbake til Hans Ross, som påpeikar at rind f i tyding «stribe i tøy» er sideform til strind f , som Aasen forklarer slik: «en Strimmel, et langt afkløvet Stykke», og dessutan «en Side eller Halvpart» (frå Valdres), meir allment også «en Linje, en lang Stribe» – og frå Lofoten særskilt: «en Række af Strømbølger, en farlig Strømsø». Merk her flg. frå Moskestraumen: "I kanten av hovedstrømmen oppstår en meget sterk strømskavl, Strinna som den her kalles; især med mindre fartøyer må man vokte seg vel for denne» (Den Norske Los s. 223). Bortsett frå at vi her bør skrive strinda med liten s – det er jo ikkje tale om eit stadnamn – er det heilt på sin plass å jamføre Strindbøen ved Bessebostad i Harstad: Han ligg for enden av ein lang undersjøisk sandbanke, og på innersida av bøen, mot Strindberget, er det sikkert straumdrag nok. Flyfoto viser då også ei open sandrenne innersida av bøen.

Det finst kan hende fleire havets strind-namn, men andre eg kjenner er knytte til ferskvatn, vi kan seie elvegrynne og vasspassasjar og dels straumfar, i Hamarøy, Steigen, Kjerringøy, Bodø, Meløy og truleg andre. Strindan i Bodø er eit vassfar skapt av samanhengande småvatn mellom Nordli- og Steigtindvatnet – Strinda i same kommune er meir ei kileforma landtunge mellom vatnet Nordkryken og så Klubbvatnet og Kristivatnet: Frå sistnemnde strøymer Sagelva (merk Strindmyra like ved) ut i Nordkryken, medan det ved «kilespissen» mellom sistnemnde og Klubbvatnet berre renn ei kort stillelv.

Mellom Sandnesvatnet og Strindvatnet i Hamarøy er landskapssituasjonen langt på veg den same, men her er Strindneset mellom vatna ein svært smal strimmel. Den korte straumen vatna imellom heiter Strindstraumen.

Norsk Stadnamnleksikon nemner i samband med Strinda i Trondheim at namnet står i avlydshøve til gno. strǫnd og truleg har om lag same tyding, og at «strand» synest å høve godt dei fleste stader, men «strimmel, stripe» er òg nemnt. Bindal er Nordlands grensebygd mot Trøndelag, så vi ville kan hende tru at fjellnamnet Strindhatten på gnr. 30 hadde med ein strandkant å gjere. Men hatten er høgaste toppen på Strindan, to-tre fjellryggar eller rindar som ikkje er mykje forskjellige frå Rindan (Rinnan) i Sandskard-strøket i same bygd og iallfall liknar mykje på Rindan («Rinnjan»!) på gnr. 14 i Brønnøy. Det er uråd å sjå prinsippiell skilnad på desse og formasjonen Ringan (Rengan) på gnr 58 i Sømna. Og Ringasteinen (Renga-), han ligg innpå ein lang og kvass åsrygg på gnr 29 i Rana.

I nordlandsk namnemateriale knytt til elvar, vatn og vassfar ligg altså sambandet mellom strand og strind ikkje heilt klårt i dagen: Med eller utan tanke på Aasens «Række af Strømbølger, farlig Strømsø» er det no aller helst assosiasjonar med «landtunge» og «straum» som melder seg. Sambandet mellom strind og rind er derimot lett å sjå, i ein overgangssone lengst sør i fylket. Meir merkeleg er den unnatakslause overgangen rind>ring i resten av fylket.

Har strind unngått forvansking? Ei smal strandslette i Kjerringøy heiter Strengen |'stræŋen|, og ho er langsmal. Sanden eller fløvalen Skipøystranda under Holdøy i Hadsel heiter òg Krokstrengen, men her går sjølve sandstranda oppe på land i fin boge medan det visst er den tversgåande sandrevelen over til Skipøya som er den eigentlege strengen. Teoretisk kunne vi tenke oss om ein gammal overgang, omskapt fleirtal -strendern > -strengjen > -strengen, eller strendern > strendan, men det høver ikkje her og er så langt heller ikkje påvist andre stader heller.

Klikk for stort bildeStrinda i Bodø. Statkart. 

Klikk for stort bildeStrinda i Hamarøy. Statkart. 

riddu

Tydingssambandet med strand verkar meir opplagt for den samiske låneforma av strind, riddu, som Qvigstad 8 heimfestar til Nesseby, Karasjok og Polmak – i sistnemnde område til dels nytta om elvebard. I Nesseby er tydinga havstrand særs vanleg: Čoalbmeriddu, Gal'bmagal'doriddu, Guotkemasriddu, Hándalriddu, ja også fjellet Riddo-oaivi, ein haug ved stranda. Riddu heiter òg ei bein strandstrekning innom Russelv-osen i Kvalsund, medan Riddu (Ritto) i Kvænangen meir er ein brei bergrabb i strandkanten, forlenga av eit skjer tett utafor. – Klart rind(e)forma i seg sjølv er fjellet Riddovárri i Bardu, dess meir når vi legg utlauparen Reinryggen til. Riddočearru alias Steinfjellet i Vadsø går på liknande måte ut i 2-3 bergryggar på nordaustsida.

ring for rind

for rind Strinda i Bodø minner om Ringneset som stikk ut i Dyrøysundet ved Langhamn. I det heile ser det ut til at vi i trå med tydinga «strimmel, stripe» i mange tilfelle tør rekne med at også Ring-namn kan ha med landtunger å gjere, om ikkje alltid av det aller lengste slaget: Ringen på gnr. 25 i Hadsel er ein berg- og grusrygg i strandkanten og har klar nok likskap med Riddu i Kvænangen (sjå framfor).

Ringen på Måsøya synest å vere namnet på ei sandvik – inst på eit relativt breitt nes. Dersom namnet er nokså ungt, kan saktens ei rund sandvik ha blitt heitande Ringen, men høgdekotane tyder på at Ringen litt lenger att i tid var ei smal landtunge mellom «fastlandet» i vest og ein bergholme like austafor. Det er i alle fall tvilsamt at desse stadene har namn av tørnringar nedsette av hamnevesenet, slik tilfellet ofte er med lokalitetar kalla Ringholmen, Ringskjeret o.l.

Som vi har vore inne på, forklarer Aasen ordet rind(e) ikkje berre som jordrygg, men også som «Bjergryg» – norsk fjellrygg – «især en opadgaaende Forhøining imellem to Bækkeløb i en Bjergside». Dersom vi slår litt av på krava og seier at det kanskje er nok med berre ein bekk, fell visst endå fleire Ring-namn på plass:

Ringvatnan i Bindal er langtfrå runde, medan den kjelforma Ringforsen framfor til ein viss grad er det. Men eit meir opplagt blikkfang er den lange fjellkanten langs bekken i Ringvassdalen sørvestafor, ei temmeleg overtydande rind.

Ringvatnet i Ballangen er alt omtalt, og Ringvatnet på øya Rolla i Ibestad ligg i ganske uslett terreng, men eit par kvasse rabbar i sørkant av bekken på austsida merker seg ut. Ringvatnet inst i Skipsfjorden i Karlsøy ligg frami ein trauforma dalbotn med eit par rundare tjønner bak og med ruvande rindar på sidene, den på austsida kanskje mest typisk. Ringfjellet ved Lille Kvalfjorden i Alta er ein meir humput, smal fjellkant oppover frå Torbenes, med bekk på vestsida.

Mistydd genitiv?

Frå Hadsel kan nemnast to-tre namn som etter mi meining fortel at namneleddet Rindar- må ha vore mistydd: Rennarvatnan mellom Lonk- og Ingelsfjorden ligg i ein botn som snur mot Lonkfjorden: Ikkje noko tyder på at Rennarvasselva frå dei to vatna oppfører seg på uvanleg måte på sin veg mot Svartdalsbukta i Lonkfjorden. – Rennarelva under gnr. 25 Holdøya startar for sin del under den smale Rennarelvkjølen langt inni fjellheimen og renn gjennom Rennarelvvatnet på sin veg til fjords. Rennarelva i Tengelfjorden, ho kjem frå Rennarelvdalen på grensen mot Lødingen, med rindeforma åsar og akslar både i botn og lenger ut.

Rennarbakke, rennarfart m.m. var velkjent i samband med sportslege aktivitetar, men å tolke «rennarelv» såleis i desse tilfella verkar kunstig. Då kunne det heller vere så at elvefaret var gjennomgåande bratt, slik at vatnet fekk uvanleg drifs på seg, men det stemmer ikkje. Rennarelva i Holdøya fell rett nok ein stad ned over bratte flog, men heiter der Rennarelvforsen, slik vanleg nemningsbruk tilseier.

Rennarvatnan som primærnamn og Rennarvasselva sekundært i Lonkan sitt tilfelle gjer det særs tvilsamt at namnet har med «radig» rennande vatn å gjere, det krev iallfall at dei rette namna opphavleg var *Rennarelva og *Rennarelvvatnan på line med det vi finn i Holdøya. Men slåande er at dei smale akslane på begge sider av Rennarvatnan er «nydelege» rindar, og det kan synast som om Rindar- uttalt |''riᶇᶇar-| er blitt mistolka i retning av norsk-dansk rinde v = norsk renne v (med tanke på vatn): Såkalla hypernorvagismer oppstod der folk mistydde gamle ord(former) og tok dei for å vere utidig forfina, så dei «retta» dei i samsvar med levande talemål i samtida – slik som når otergren (oterhi, tilhald for oter) vart til «otergrein», mel (sandmel) til «mjøl», tro (renne) til «tru», osv.

Tilnærmingsmåten kan gje ny meining også til Rennarelv-namnet i Holdøya og i Tengelfjorden, men det aller beste utgangspunktet gir no fjellformasjonane kring Rennarvatnan i Lonkan.

Rinda/Ringvassøya i nord

Kva så med Ringvassøya? Her er det grunn til å legge stor vekt på at det typiske for sørsida av øya, mot hovudleia, er ruvande rindar på strekninga Skulgammen – Glimvatnet, dvs. Gammelgårdsfjellet så vel som dei kvasse fjellryggane i nord av Ringvatnet alias Rindarvatn (opp til Nordfjellet), og endå meir vestom vatnet (opp til Skulgamtinden). Grøtsundet var allfarveg, og synet av denne fjellheimen må frå dei eldste tider ha gjort eit øynamn *Rind lettfatteleg. Men lat det òg vere sagt at heile den søraustre delen av øya er massiv og rik på kammar og eggar, då i kontrast til fjordane og halvøyane i nord og vest med langt meir avflata fjell.

Om sjølve Ringvatnet bør nemnast at det er langt og temmeleg jambreitt. Rundt er det absolutt ikkje, ikkje eingong relativt. Ringvassdalen innom vatnet er meir ruvande enn dalføra austa- og vestafor, men namneskiftet *Ringa >Ringvassøya er likevel merkeleg. Var Ringvassholmen framfor vatnet eit så viktig leimerke i denne noko smale delen av Grøtsundet at desse to (sekundære) Ringvass-namna samanlagt «inspirerte» til eit tredje, Ringvassøya som nyskapt namn på Rinda?

Hadde øya vore ei administrativ eining og ikkje så geografisk oppsplitta, kunne det lett ha skjedd at *Rinda hadde fått eit «veiens navn» etter ein ev. prestegard, plent som når Ylfvi vart til Hadseløya, Vargfót til Flakstadøya osv. Har òg vore frami at Skogsøya i Øksnes har vore kalla «Øksnesøya», etter kyrkjestaden der. Men også andre sentra enn prestegardane har frå tid til anna gitt opphav til nye øynamn, som tevla med og ikkje sjeldan skuva til sides dei tradisjonelle.

Det er elles berre å innrømme at det kan vere vrient å seie om vi allstad har med eit hokjønnsord rind, b.f. rinda (då også i dativform rinden) å gjere, eller med eit hankjønnsord rinde m, ev. *rind m. I namnevariantar av det aktuelle ordet er det iallfall ikkje spor etter ein uttale med lang i og stavingsberande forlenging av n, slik som (ein) tiņņ, tīņ~ņ,(ein) viņņ, vīņ~ņ, og det bør vi truleg legge vekt på.

Rinda/Renga i sør

Håkaringen er det avfolka gnr 6 i Rødøy. Rygh skriv håkkariᶇᶇen, dativ -riᶇᶇa; har sjølv høyrt i håkkareᶇᶇen, te håkkareᶇᶇa (Håka- kan hende av mannsnamnet Håkon). Særmerkt for landskapet på staden er 5-6 langsmale, tilnærma parallelle åsryggar med haugar nordafor.

Nærslekta med gardsnamnet Håkaringen er gardsnamna Ytter- og Inner-Ringen på øya Ringa, gnr. 79-80. Samnemnt heiter det oftast i reᶇᶇen, men iᶇᶇpå reᶇᶇa om øya, alt med tonelag 1. Ryghs uttaleopplysningar med berre æ (NG 16: 164) er merkelege, især i lys av Havnøs namnenotat. Øynamnet har i nyare tid lydrett vore skrive Renga, velmeint men inkonsekvent med tanke på folks spontanuttale av ord som enga, senga, vengen i same tidsrom.

Edvard Havnø, velkjend for lesarar av Håløygminne i mellomkrigstida, har også ført innhaldsrike stadnamnlister frå heimbygda Rødøy. Han har ein merknad om at dei gamle før hans dagar ikkje sa bind, men «beng», t.d. om halsbind – uttalen av bunden form bindet unemnd. Det er iallfall ikkje tale om det tekniske bend på røyr. Det kan vere uvisst korleis ei slik form kom opp. Dialektrett heiter det visst e(i)n reŋŋ, bunden form reŋŋen over store delar av landsdelen – kan hende også ei overgangsform reᶇᶇen før det – men venteleg heitte det framleis riᶇᶇen i b. f. i område der ub. f. «ring» alt var blitt til reŋŋ? Falsk analogi gav kan hende ei ny ub. form beŋŋ, b.f. biᶇᶇe parallelt med reŋŋ, riᶇᶇen.

Også her ser det ut som vi har med eit omforma øynamn Rinda å gjere, men kva med landskapet? Ringfjellet mellom gardane Ytter- og Inner-Ringen stig gradvis frå nord, med ein bratt kant mot garden Inner-Ringen på søraustsida: Kan hende fortener denne å kallast ei rind?

Ser vi heile øya under eitt, kan det derimot seiast at ho er oppfylt av rindemark: «ujævn Mark med lange Forhøininger» som strekker seg tilnærma parallelt med hovudretninga sørvest-nordaust, er rindutt «ujævn, fuld af langstrakte Høider» – det kan sjøfarande ha bite seg merke i. Dette plasserer Ringa i same namnebåsen som Ringvassøya. Vel nok er norde øyenden også særprega: «Strimmel, et langt afkløvet Stykke» så vel som «en Side eller Halvpart» passar til det inntrykket du får av landskapet på den sida. Men då har vi fuska litt, for det er strind og ikkje rind som er tilskriven denne tydinga

Klikk for stort bildeVed Ringstad i Bø renn fløstraumen renn inn og ut av Pollen, som før heitte Følsvåg. Statkart. 

Dei topografiske fakta knytte til Ringa i Rødøy tilseier at vi må vende tilbake til Ringstad i Bø og landskapet der. Det er tidlegare nemnt at det er «rindut» lende i sjølve garden, men menneske i fortida med blikk for det særmerkte ville opplagt feste seg meir ved straumen som renn inn og ut to gonger i døgnet. Den lange og landfaste Skjåholmen på vestsida er i høg grad «en Strimmel, et langt afkløvet Stykke», men òg den eine «Side eller Halvpart» av ei velavgrensa straumrenne. Samtidig fell det i auga at straumrenna har ein vinkelrett bøyg, noko som kunne minne om at Rygh prøvde å stille øynamnet Ringa saman med Rang- «(v)rang» i Rangsund, jfr. den eine skriveforma Rangstad frå 1567 i Bø sitt tilfelle.

No er den siste skriveforma skire slumpen, må vi tru, men gardsnamnet Ringstad i Bø er brukt om eit landskap som er ganske ulikt andre Ringstad-gardar, og det skaper uvisse. Det einaste landskapet vi naturleg kan samanlikne med, må visst bli holmegruppen Strindane i Solund. Det kan heller ikkje seiast at garden har så 15 stor jordvidd at det fell naturleg å klassifisere han som ein staðir-gard, så vi står att med fleire opne spørsmål enn sikre svar.

Sluttkommentar

Gjennomgåinga av namneelementet rind kan tyde på at ein lydleg overgang rind > ring er særs utbreidd i Nordland og Troms og må vere gammal. Dersom strind har vore utsett for noko liknande, høyrer det i alle fall til unnataka, er det likt til.

Kanskje har Ring-<Rind- i enkelte tilfelle òg vore brukt i tydingane «Strimmel», «langt afkløvet Stykke», «Side eller Halvpart» på line med strind. Ei grundigare gjennomgåing av eit samla norsk namnetilfang vil gje sikrare svar på det.

I gjennomgåinga framfor vil kanskje enkelte etterlyse gardane Rindbø |''rinnbø:| og Rinøya |''ri:nøya| i Lødingen. Især den lange, beine Gardsøya mellom Rinbø og sjølve Rinøy-garden kan få oss til å tenke på nemninga rind, men ikkjepalatal uttale talar imot, noko dei eldste skriveformene på Ren-, Renn- og Renne- også gjer. Skrivemåten Røneby kring 1520 er nok mindre å anse, for Reenebøe 1647 med lang e (og Reenøen tilsvarande) viser nok at ein uttale med trong diftong ei endå fanst; også den kuriøse skrivemåten Reigen- i 1723 for begge gardsnamna kan tolkast slik. Kanskje bør vi heller jamføre desse to namna med gardsnamnet Reinøya i Øksnes, til rein(e) f, i dette tilfelle ikkje først og fremst «engstrimmel, åkerrein, grasbakke i nedste kant av ein hallande åker», men heller «lang voll av jord eller grus» (Aasen).

Fotnoter:

  1. Qvigstad 1935: 6 og Håvard Dahl Bratrein i Håløygminne 2013-3.
  2. Korrigert i samsvar med Håvard Dahl Bratreins merknader i Håløygminne 2013 - 1 f. J. NG 17-171.
  3. I Skjerstad, som nyss vart ein del av Bodø, snakkar dei om Graddodden, men også «innover Gradden». Det siste er samnemning for nedste del av Skjerstad, austre del av Ljøneshalvøya og straumen imellom: Ljønesgradden, Graddstraumen og Skjerstadgradden. I trongare meining (for Ljønes-folk) er namnet likevel mest brukt om den tangen som kjem Ljønes til. Gradden er truleg ei samiskpåverka form av gno. grandi m.
  4. Rinnde, Ridde hos Qvigstad 1893: 266.
  5. Qvigstad 1935: 70.
  6. Qvigstad 1893: 262f.
  7. På spørsmål om dette tilhøvet svarar Aud-Kirsti Pedersen at «truleg er det gamle hillesøymålet (som eg lærte i barndommen) grenseområdet for senking av kort /i/ føre velarar». Ho gir her ei lang rekke døme, deriblant «finger, ring, ting, lingne, bringebær» osv.
  8. Qvigstad 1944: 57, nr.703.