Sag- og Mølne-namn

Klikk for stort bilde Sigurd Blix "Håløygminne" nr 4-2018

Av Finn Myrvang

 

Den eigentlege årsaka til at eg dukkar litt djupare i stadnamnmaterien som har med sag og mølner å gjere, var ei viss undring over at namneleddet Sag- både sør- og nordpå med kvart blir uttalt Sa-. Er det tale om gardsnamn som går att i skrivne kjelder frå langt att i tida, ville fordanska skriveformer på Sav- ikkje vere stort å undre seg over, like så lite som heilt uttalefjerne skriveformer på «Saug-», for det er jo ein del av vår norske (u)kultur at skrivemåten tidt står i strid med talemålstradisjonen. Derimot må det ha andre grunnar når vi på karta også finn påfallande avvik i naturnamn, som først kom inn på karta i sein historisk tid. Men òg på andre måtar er Sag- og Mølne-namna interessante.

«Norske Gaardnavne» fortel oss at det utbreidde gardsnamnet Sagbakken i nokre tilfelle blir uttalt Sa- (til dels med forkorting av a-en så uttalen blir Sabbakken). Kombinasjonen av bakre lukkelyd g og fremre lukkelyd b gjer at førstnemnde blir skoten ut: Legg her merke til at gardsnamnet Sagneset i Ådlandsvatnet på Stord blir uttalt Saneset, tilsvarande. Ut over det som her er nemnt synest likevel haldepunkta for ei uttaleutvikling Sag- > Sa- å vere få, kva gardsnamn gjeld. Vi kjem truleg lenger dersom vi siktar oss inn på naturnamn, framfor alt dei talrike Sagelva-ne og Sagvatn-a rundt om, og her kan eit nokolunde riksdekkande oversyn vere til gagn, i hovudsak basert på namnemateriale frå «Norgeskart»:

  • Sagvannet og Sagelva finn vi i Sør-Varanger,
  • Sagvanna og Sagelva i Alta,
  • Sagvatnan og Sagelva i Salangen og
  • Sagvatnan og Sagelva i Tranøy.
  • Sagvatnan og Sagelva er i Sørfold – Sagvatnet, Sagelva og Sagneset er ein annan stad i same bygd.
  • Sagvatnet med Sagelva og fjordbotnen Sagbotnet er i Bindal, så også Sagvikvatnet ein annan stad, der lokaliteten Saga ligg ved osen av den korte utfallselva.
  • Sagvatnet og Sagvasselva har dei i Namsos, Sagvatnan og Sagelva på Hitra like eins, og
  • Sagvatnet ligg i Bømlo: Derifrå fell ei kort, på kartet namnlaus elv ut ved Sagneset.

Eit par andre stader på Vestlandet har vi variantar som Sagevatnet og Sageneset i Flora, der ei kort utfallselv tett ved ikkje er namnsett på kartet, heller ikkje elva frå Sagvatnet i Sveio. Vi må òg halde Sagvannet i Tvedestrand i Agder utanfor, ettersom den fråførande elva der er lagt i rør.

Mange av desse sagvatna ligg to eller tre i lag i rad, i flatt eller iallfall lite bratt lende, med korte og stiltflytande vassfar imellom, mens andre er langsmale og mest avklemte midt på av eit trongt sund. Det ville i høg grad vere ønskeleg å prove - eller evt. avkrefte - at alle desse namna faktisk fortel om sagbruk i historisk tid. Det blir i så fall eit utfordrande, arbeidskrevande prosjekt. Det var bruken av oppgangssag frå 1500-talet som gav opphav til norsk sagbruksnæring, og 500 år er i og for seg ein lang tidbolk, men i samanlikning med alderen på mange andre stadnamn er det likevel grunn til å undrast om dette er den bakre grense for alle desse Sag-namna, eller om dei i somme tilfelle må ha ein annan bakgrunn og vere langt eldre.

Spør ein på den siste måten, må det metodisk sett vere rettast å utelate tilfelle der vatnet eller vatna ligg nær sjøkanten – eller der eit tilknytta namn Sagelva taler for eksistensen av sagbruk i historisk tid. Gjennomgåande er det venteleg også slik, når vi held oss til lista, at Sagelva er det primære og Sagvatnet det sekundære namnet, for det bør vere sjølvsagt at sagbruket låg nær utskipingsstaden, dvs. nede ved fjord eller innsjø. Sagfjorden er då òg eit temmeleg gjengs namn, frå Pasvik i nord og iallfall ned til Trøndelag.

I denne konteksten skal vi særskilt nemne Sagvatnan i Hamarøy, eit vassdrag med heile sju vatn der dei fire inste går under namn av Fjerde-, Femte-, Sjette- og Sjuen(de)-vatnet, medan dei samiske 2 namna på dei same vatna i mindre utstrekning er numerale. Det burde elles ikkje vere tvil om kva som ligg i namnet Sagvatnan, for frå det nedste vatnet (Rotvatnet, Nervatnet) fell Sagelva ut, med Sagforsen nedst. Både ovanfor og utom desse finn vi dessutan Tømmerneset. Matrikkelgarden ved Sagfjorden heiter i dagleg tale Sagvatnet, men i sjølve vassdragsnamnet fell g-en lett ut: Savatnan, merk kva som før er sagt om enkelte gardsnamn på Sag- .

Held vi oss til namnelista, var det å vente at dersom Sagelva er «grunnamnet», burde Sagelvvatnet vere det logiske namnet på det vatnet der vedkommande elv startar, men som regel finn vi berre eit avkorta Sagvatnet. Den fullstendige, logiske forma er faktisk unnatak, ikkje regelen, som når dei i Kvænangen har Sagelva og Sagelvvatnan, liksom Balsfjord og Lenvik har Sagelva og Sagelvvatnet. Sagelva i Målselv kjem frå Stor- og Litlsagelv-vatnet, som ligg kvar for seg. Ein innlandsvariant å kalle er at Sagelva i Lierne i Trøndelag osar i Otersjøen og gir namn til Sagelvvika der. Rarare er at ein innsjø-ende på grensa mellom Selbu og Malvik ber namnet Sagfjorden. Litt påfallande er det jo at forkortinga *Sagelvvatnet > Sagvatnet er nesten gjennomført på landsbasis, men det er vanskeleg å drage vidtrekkande slutningar av fenomenet, for språkleg «latskap» med utskyting av logiske ledd er vanleg nok i mange andre liknande stadnamn- og talemålskoplingar.

Merkverdigare, kva dei nordnorske og trøndske Sagvatna gjeld, er at samiske parallellnamn er særs sjeldne. Femte- og Sjettevatnet i Hamarøy har parallelle samiske namn, dei andre fem har norske og samiske namn som er uavhengige av kvarandre, noko som òg er tilfelle når Sagvannan i Alta heiter Borsejávrrit, Sagvannet i Sør-Varanger heiter Surotjávri og Vestre Sagvatnet i Salangen blir kalla Siidašjávri. - Etter tradisjonell norsk tenkemåte skulle sagbruk ikkje ha nemneverdig rom i samisk kultur, og fråværet av samiske omsettingslån i forma *Sahájávri el.l. er då også slåande: J. A. Friis' gamle samiske ordbok har «Sahha-javrre ..... «Sagvandet i Tromsø Amt», kanskje om Sagvatnan i Salangen, det er visst alt. – Heilt på sida av systematikken og temmeleg uventa blir det då at ei lita myrtjønn utan fråførande bekk i Alta heiter Sagelvvatnet og at eit skard kalla Sahá-ávži ligg tett ved. Fortel dette siste namnet om terrengformer, eller er namnet Sagelvvatnet her berre rein skjemt?

Det er då likt til at dei i utgangspunktet så interessante Sagvass-namna landet rundt skrumpar inn til mest ingen ting, når vi silar frå dei potensielle sagbruks-elvane, nordafjells især. Noko heilt for seg er Sagvatnet i Overhalla, som har stiltflytande samband med Gauksjøen i vest og med Fjølatjønna i sør, men der det er vrient å forstå kva vassfar i nærleiken som var sjølve *sagelva. No ligg Nord- og Sør-Sagdamtjønna i Rana rett nok òg eit godt stykke frå sjøen, om lag midtvegs mellom Skonseng og Illgrubben, og er inga stor vassamling. Kanskje trongst det ikkje stor fallhøgd før det var råd å få til ei sag, og avstanden til nærmaste fjord naturlegvis hadde underordna interesse der dei berre trong bord og plankar til lokal bruk og ikkje tok sikte på eksport.

Sør i landet er namnet Sagdammen gjengs, så heiter t.d. ei tjønn i Søndre Land. Desse sagdammane (namnet er mest typisk for Austlandet og til ein viss grad òg for Trøndelag) skil seg visst lite frå dei lokalitetane på Agder som heiter Sagetjønn eller -tjenn, Sagehølen og Saglona.

I nordlandske namnemateriale er ein dam med kvart ei naturleg vassamling, det vere seg med ferskeller brakkvatn, men dammar er jamt menneskeskapte, frå formål som skinnrøyting og gammaldags mjølkekjøling, til elproduksjon i ny tid. Når vi ser bort frå torvdammar frå sein tid som heller ikkje har noko med rennande vatn å gjere, vil namnehistorikken ofte vere noko mager, men Sagdammen i Torbergskogen i Brønnøy (før i Bindal) heiter også Mølntjønna. Også Dammen i Pålskogen gnr 153 i Velfjord tente begge desse formål, likeins Erikdammen på Sjonbotn gnr 187 i Rana.

Namnet Sagbekken ser vi over heile landet. Frå Sagevannet i Vennesla, eitt av dei mange «sagvatn» som er langt og mykje avsnørt midt på, kjem Sagebekken frå Store Stem ved vasshovudet, så der er det ingen tvil om ressursbruken. I Nordland er Sagbekk-namnet særs utbreidd i Grane, Hattfjelldal og Vefsn, i samsvar med skogressursane, men også nordover til Saltdalen, medan Mølnbekken o.l. 3 rekk mykje lenger nord. Særskilt bit vi oss merke i at Sagbekken i Litl-Fiplingdalen i Grane òg kan heite Mølnbekken.

Også namnet Sagelva er å finne overalt, Vestlandet medrekna, men der kunne vi ut frå tilgjengeleg namnetilfang tru at dei sjeldan bygde sagdammar, men det kan godt hende at namneregistreringa er ufullstendig i så måte.

Vi skal i det flg. fokusere på dei nordlandske Sagelv-ane som ikkje har sitt utspring frå store vatn og i tillegg ta med eit grann om namn som fortel om bruken av mølner:

  • Sagelva med Sagbukta, under garden Geitvika gnr. 66 i Hemnes 66.
  • Sagelva under Langånes gnr. 34 i Saltdal.
  • Gammelsagelva, der det var oppgangssag, på Berghølnes gnr. 38 i Saltdal 1 .
  • Sagelva innom gnr. 114 Mjønes i Bodø (før under Skjerstad).
  • Sagelva og Sagvika på Ørnes gnr. 13 i Sørfold 13.
  • Sagelva – også kalla Rundvasselva – på Liland gnr. 35 i Steigen.
  • Sagelva med Sagpollen innom Hillingan og Straumsnes, gnr.83+85 i Hamarøy og dessutan
  • Sagelva, med tradisjon om oppgangssag, i Lia gnr. 105 i same kommune.
  • Sagelva nær Sjurvatnet i Sjurvasslia gnr. 25 i Ballangen, endeleg også
  • Sagelva og Sagsletta på Stiberg gnr. 68 i Narvik (før Ankenes)

Fleirbruksproblematikken knytt til sagdammar o.l. er alt nemnt, t.d. har Storallmenningen i Saltdal Mølnelva som òg blir kalla Sagelva eller også Tømmeråga, med Tømmerdalen. Elles er Tømmeråga ikkje noko utbreidd namn, men eit tilrenn til Reipåga i Meløy ber no det namnet. Her er det kanskje på sin plass å presisere, at medan eit så utbreidd namn som Tømmeråsen sjølvsagt fortel om lokale ressursar, går t.d. Tømmerholman i Bø og Tømmerøyra i Beiarn på ilandføring av tømmer. Dermed forstår vi at namn som Tømmerneset og Tømmervika alle stader må tolkast i sin lokale samanheng.

I Rana har dei på i alle fall tre gardar Mølnhusforsen, i tillegg kan nemnast Kristenmølnhusforsen i Straumbotn gnr. 157. Det ligg vel i korta at dette ikkje er fossar med særleg stor fallhøgd, usagt om det også finst sag-tradisjon knytt til desse stadene.

Til samanlikning er Mølnbekken eit særs vanleg namn, i Grane og i Rødøy. Det når langt ut i øyane, til Vega med, og langt nordover (Evenes, Lødingen og Hadsel). Mølnbekken har dei i Sortland både på Reinstad (før Kvæfjord) og på Riddarset (Reddarset) i Sigerfjorden, der det er er eit anna namn på Yttergårdselva. Apropos mølnedammar seier det sitt at i Gisløya i Langenes har dei Mølntjønna, men ingen mølnebekk. Dette er lite å undrast, med tanke på det flate lendet der. Dei demte nok opp.

Slik namnebruken til dels viser, og som berre er å vente, ein demning eller ein bekk som var sagfør var også mølnefør, det omvendte tør vere mindre opplagt. Historisk er sjølvsagt mølna (gno. mylna) ei mykje eldre gogn eller innretning enn oppgangssaga. Vi skal ikkje prøve oss på ei bakre historisk grense for Møln(e)-namn på same vis som for Sag-namna, men har vi haldepunkt for at busetnaden er historisk ung, vil dette naturlegvis også gjelde for ev. mølnebruk på staden.

Klikk for stort bildeLars Eide og finlendaren Karl Forsell sagar tømmer på Svanvik-garden i Sør-Varanger i 1918 eller 1919. Sigurd Blix  

Historikk knytt til dei mange Sag-namna i nord finst venteleg i mange bygdebøker og årbøker, men her skal dragast fram det Johan Rydningen skreiv i 1935, om det første sagbruket i Malangsskogen. Ettersom det første løyvet til bygging av ei vassag i Målselv kom så seint som i 1814, etter mange og store vanskar, kunne det vere god grunn til å trykke stykket oppatt, men eit lite sitat passar det i alle tilfelle å ta med her, i vår samanheng:

«Bureisinga i Malangsskogen fra 1788 skapte behov for sagbruk oppe i dalen. 'Mallangs Saug' i Sultidvik ... var til stor nytte for fjordbygdenes folk, men for nybyggerne i Målselvdalen var det for stort bry å fløte tømmeret ut til Sultindvik og så slite de skårne bord og bjelker mot elvestrømmen igjen, 3 mils vei for de øverste beboere. De valgte heller å bruke øksa, kløve tømmeret og telje klovningerne til høvelig bygge- og snekkermaterial. Enkelte brukte handsag til bordskjæringa» (Hm. b. 9: 387f). Vi kan lite på at den mest slitsame løysinga var den einaste som var tilgjengeleg i mange lokalsamfunn til langt ut på 1900-talet.

Vil òg peike på at i 1969 fortel Jakob Markussen om tømmerfløyting i Salangselva, og om opphavet 5 til namna Sagelva, Sagvassbotn og Sagfjorden (b. 12: 466f). Ja, alt i Håløygminne 1922 fortel O. S. Dyrkoren om busetting ved Sagelvvatnet, Takvatnet og Fjellfrøskvatnet i Balsfjord, og då især om østerdølen Ingebrigt Olsen gift med Mille Iversdtr f. 1771. Dei kom til Balsfjorden etter først å ha prøvd seg som bureisarar i Målselva:

«Her fantes på den tid store furuskoge. - Ingebrigt så snart, at han kunde bringe meget ut av dette ved en rasjonell utbyttelse av skogene. Og på dette område skulde han også bli en foregangsmann. Hans virksomhet begynte nu å anta større dimensjoner. I den forbi gården rindende elv bygget han et større sagbruk. Det hjemkjørte tømmer blev saget til planker og bord og omsatt i den nærliggende kjøpstad Tromsø. Meget tømmer blev også opskåret for bygdens egne folk. – Efter den tid blev elven kaldt Sagelv. Senere opførte han en bygdemylne, hvor han ikke alene kunde male sit eget korn, men også til bygdefolket forøvrig» (1922, hefte 1).

I forlenging av det sist nemnte passar det bra å nemne Jac. Normans omtale av Kvæfjord bygdetun med Dale-mølna og Molvik-mølna 1965, der vi også finn ei namna detaljskisse av ei bygdemølne. Merk at dette museumsoversynet i Håløygminne 1965 òg nemner korndyrking og kverner frå andre nordnorske bygder (hefte 4 s. 512f), meir i forbifarten.

Dette med mølnebruk og ein vrimmel av tilhøyrande namn over heile Nordland og endå lenger blir eit stort lerret å bleike, her kan vi berre lette på ein og annan fliken. Vil først sitere Jens Solvang på noko han skriv i 1942, i samband med korndyrking nordom Malangen i eldre tid:

«At det især i første helvta av førre hundraåret [1800-1850] har vore nokså ålment å så litt korn på nesten kvar gard i grendene kring Troms syner dei mange stadnamn samansett med mølne (eller møln), som Mølnelv, -haug, -nes og -dal, det fortel at der eingong stod ei kvern i nærleiken. Elles ligg attstødene mange stader synberre etter kvernhusa og mølledammen, eller kvernsteinane ligg på elvebarden. På strandlengda Kvalnes – Torsnes, omlag 14 km, var i 1830-40 seks slike små kvernhus. Det siste som var i bruk, stod i Buvikelva og var nytta så seint som i 1880-åra. Dei små handkverner, som var på kvar garden, finst enno gøymt i ei bukrå» (b. 6: 254f).

Alt på gnr. 1 på Andøya, Litlesandnes, finn vi Mølnelva som eit anna namn på Litlsandneselva, og Mølne-namna er talrike kring Andlandet, endå kornavlinga var alt anna enn årviss så langt nord og ut. Namnet Mølnvatnet går igjen i ei mengd Nordlands-bygder, endå det i mange tilfelle logisk sett burde heite Mølnelv- eller Mølnbekkvatnet, plent slik som med Sag-namna. På Sperstad gnr. 32 i Rødøy heiter Mølnvatnet Stengevatnet òg. Det er ikkje einaste dømet på oppdemming: I Åkervika gnr. 74 i Hattfjelldal hadde dei Stemmyra, og det var 4 mølnehus i Åkervikelva: Bakk-kverna, Mokverna, Heimergardskverna og Rem-kverna (øvst).

Mølner og kverner er ein ting, restaurering av gamle sagbruk skal m.a. ha gått føre seg i Hamarøy og Steigen. Dette har eg berre tredjehands kjennskap til, så det ville vere bra om Håløygminne fekk omtale av slike tiltak frå folk som er inne i desse ting.

Heilt i utkanten av emnet: Ute ved kysten prøvde folk her og der å klive rekved som ikkje var for makketen, og enkelte prøvde tilmed å bruke motorkraft til saging av rekved med sirkelsag, slik min morbror på Bleik fortel at han og ein svoger gjorde ein gong på 1960-talet eller så, dei skulle bygge seg hytte. Det gjekk greitt nok, men så snart første bordet var skore frå i utkanten av stokken hadde han lett for å slå seg. Eit par karar som visste meir om bruk av tømmer enn vesterålingar flest kunne då fortelje at dette hadde med spenning i kjerneveden (malmen) å gjere, for dette var russetømmer, og grana prøver heile tida å vekse beint og «kompensere» for presset frå den kant veret står hardast på. Dette er saktens gammalt nytt, men rart skulle det vere om ikkje folk frå havkanten frå tid til tid iallfall har prøvd å utnytte den ressursen russetømmeret representerer? Nokon er der vel som kunne fortelje meir om det.

Klikk for stort bildeI murhuset vi ser på dette fotoet frå Børrøya i Øksnes skal det ha gått føre seg saging av rekved, men tidfesting og andre detaljar er det smått med. 

Fotnoter:

  1. Om Gammelsaga i Belkjosen skriv Svein Fygle i «Årbok for Steigen» 1976. Han har også skrive om sagbruk i Mørsvikbotn i «Fiske og fangst», og seinast (2013) om sagbruk på Liland i Steigen. Desse opplysningane har eg Inge Strand frå Beiarn å takke for, men lista over sagbruks-forfattarar burde sjølvsagt ha vore mykje lengre enn som så.