Nye tider - skipstrafikk etter klokka

Nye tider - Klikk for stort bilde

Det skjedde store endringar i samfunnsliv og dagligliv i Nordland i løpet av 1800-talet, ikkje minst når det gjaldt kommunikasjonar.  I den årlige rapporten sin skreiv Amtmann Worsøe i 1870: «Nordland i 1870 er ikke længer Nordland i 1865». Til og med måten ein opplevde tida på, vart endra.

Rutetabell fra Saltens Dampskibsselskab 1871 - Klikk for stort bilde

Sist på 1830-talet blei formannskapet i Ofoten bede om å vurdere det sjøverts skysstilbodet i distriktet. Ordføraren svara: «At kunde beregne Tiden til Fremkomsten vilde være det samme som at kunde beregne Vær og Vind; Hiint lader sig ligsaalidt gjøre, som dette.»

Tidsrekning etter arbeidsoppgåvene

Å rekne tida i timar, minutt og sekund var heller ikkje noko folk hadde nytte av i det daglige. Sola, månen og stjernene gav lenge tilstrekkelig informasjon om tida. Dei laga seg tidsmerke ved å gje namn til konturar i landskapet der sola viste seg til ulike tider på døgnet, som Åbithaugen i Rana, Nonsåsen i Skjerstad, eller haugar, åsar eller fjell med namn som byrjar på Rismål, Middag  eller Nattmål.

Åbit var det første måltidet, før frukost. Rismål var tidspunktet då dei stod opp, non eller nonsmat åt ein om ettermiddagen. Solmerka viste tida for måltida, men elles var tida organisert etter kor lang tid eit gjeremål tok, ikkje etter kor lang tid sola hadde gått over himmelen. Slik oppgåveorientert tid varierte dermed med blant anna ver og vind. Det var for eksempel uråd å rekne ut sikkert kor lang tid ein bergenstur med jekt ville ta. Med nye kommunikasjonar endra dette seg, og forfattaren Jonas Lie lét skipper Gundewald representere den nye tida:

Han skulle lære nordlendingen å passe tiden...! Trodde de godtfolk at det gikk an for et statens dampskip med kongelig postflagg å ligge og somle og vente utenfor stoppestedene til det endelig en gang ble deres tid? Og falt så ikke en av disse landhandlere, – det var riktignok Lorck i Storvågen, som ryktet sa tente pipen med gule tidalersedler,  – på å invitere både ham og hele dampskipet i land til bevertning på deres gammeldags gjestfri sup ... Men Gudenwald skulle innprente dem, hvad klokkeslettet betød!

Dampskiprutene

Overgangen kom slett ikkje brått, det tok tid før dampbåtane begynte å gå etter klokka. I vedlegget til ruteplanen for Salten Dampskibsselskab frå 1870 var punkt 1: «Passagerer maa være forberedte paa  at Damskibet anløber til hvilken som helst Tid af Døgnet». Det dei reisande hadde å rette seg etter, var vekedagen og rekkefølgja av anløpa. I fleire år blei også rutene sett opp berre for eit par månadar i gongen, dei blei tilpassa skiftande fiskerisesongar, ishindringar og mørketid.

Dei nye kommunikasjonsmidla og det moderne arbeidslivet verka til at folk fekk større behov for å måle tida og vere meir presis, også dei dagane sol og måne ikkje var synlig. Husmannskontrakten påla husmannen å passe tida, på lofothavet vart utror sett til eit bestemt klokkeslett, og arbeidsdagane i industrien og skoledagane blei også målt etter klokka.

"Tid er penger" - for urmakarar og alle andre

Folk måtte skaffe seg tidsmålarar. Ikkje få lommeur blei no selt på marknadane. Dersom talet på urmakarar indikerer gjennomslaget for bruk av ur, må det ha komme sist i hundreåret i Nordland. I 1865 var det åtte urmakarar i amtet, i 1875 17 og i 1900 var talet stige til 48. Når tida kunne målast, vart ho òg omsettelig. «At tid er penger, er en setning hvis Riktighed ikke tiltrenger nogen nærmere Paavisning, ihvorvel den altfor ofte glemmes», stod det for eksempel  i aksjeinnbydinga for «Anskaffelse af et Damskib i Skjærstad» i 1865.

Så lenge postgangen var sein og sporadisk, kunne sorenskrivar Schultze, som virka i Lofoten og Vesterålen på 1850-talet, kjenne det som om dei nasjonale og internasjonale hendingane gjekk føre seg i ei anna tid enn den han sjølv levde i:

Posten er Forbindelsestedet mellem Sivilisationen og Menneskeheden. Verden kan være stillet paa Ende, uden at man ved det mindste derom – Posten bringer Efterretninger, og medens man gjennemflyver de tætskrevne Breve eller de vidtløftige Avisbunker, lever man Begivenhederne med og glemmer for et Øieblik, at i det samme Moment rører og bevæger der sig sydpaa andre Følelser og andre Begivenheder end de, som nu fængsle vor Opmærksomhed.

Telegrafen

Gjennom telegrafnett og avisar kunne ein få nyhende frå både fjern og nær. Historikaren Narve Fulsås har vist korleis fiskeriulykkene i siste del av 1800-talet blei «nasjonaliserte» ved at folk i motsetnad til tidligare fekk informasjon om dei via telegraf, telefon og avisar kort tid etter at dei hadde hendt. Ein fekk ei «opplevd nasjonal samtid». Frå å vere fortidige hendingar ein annan stad, blei dei gjennom telegraf og avisar opplevd som samtidige og noko som vedkom heile nasjonen.

Etter kvart som sambandet med verda utanfor blei tettare, vart det òg behov for å samordne tidsrekninga. Ordninga med middelsoltid blei innført i Norge i 1818, men likevel blei tida rekna ulikt etter kva lengdegrad ein budde på. Tidsforskjellen mellom aust og vest i Noreg var på bortimot to timar. Den første nasjonale fellestida kom ikkje før med telegrafen.

Frå 1866 viste klokka på telegrafstasjonen i Sørvågen samtidig den same tida som i Oslo, men framleis kunne ein lese i almanakken kor store tidsforskjellar det var mellom dei norske byane. Det blei innført felles jernbanetider, mens damskipsrutene ikkje blei koordinert på same viset fordi dei i større grad gjekk nord–sør, og ikkje vart så sterkt påverka av tidsforskjellen. I 1894 blei det vedtatt ein lov om normaltid, der tida i Noreg blei sett ut frå den 15. lengdegraden aust for Greenwich, ei linje som går midt mellom Bodø og Harstad. Dette var eit resultat av eit internasjonalt arbeid for å standardisere tidsrekninga, men det hadde tatt tid før Noreg kom med. I dagliglivet vart det framleis skilt mellom soltid og stasjonstid, og i mange bygder opererte dei også med ei lokal sommartid, tilpassa slåttearbeidet.

Litteratur:

Elstad, Å. Arbeidsliv i fiskarbondehushald. Kulturelle perspektiv på sosialisering og kjønnsidentitet. Bø og Hadsel i Vesterålen 1870-1970. Avhandling for dr. art. graden. Tromsø: Universitetet i Tromsø, 2002

Fulsås, N. 2003. Havet, døden og vêret. Oslo.

Schultze, H. 1883. Udvalgte Skrifter. Udgivne efter Forfatterens Død. Kristiania.

Skoie, Marie 2002. Da tiden ble normal: innføringen av felles tid i Norge på slutten av 1800-tallet. Upublisert hovedoppgave i historie. Oslo

Svanberg, Erling. Lang vei og lei i Nordland: Samferdsel i Nordland gjennom 3000 år. Bodø: Nordland fylkeskommune, 1990.

Ytreberg, N. 1942. Nordlandske handelssteder : virke, hverdag, reiseliv, fest. Trondheim:

Ruteplanar frå Salten  Dampskibsselskab, 1870 og 1871

Fant du det du lette etter?