Stjerne-status og skilnad

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 1-1986, nyredigert

Av Finn Myrvang

 

Ytst i Altafjorden ligg Stjernøya, sam. Stierdná. Finnmark-bindet av «Norske Gaardnavne», redigert av J. Qvigstad og Magnus Olsen, forstår øynamnet så: «Lappisk Stierdna, laant fra Norsk, taler for, at Øens Navn oprindelig er *Stjarna f., Stjerne. Navnet kommer vel af de mange Halvøer, der som Straaler stikker ud fra Øens Nordside...» (NG 18: 94). – Sekundære namn er Stjernodden, sam. Gálvi lengst mot søraust, i nordvest Stjernvågan og Stjernfoten (Stierdnágeahči), og sist men ikkje minst Stjernsundet, sam. Joahkku eller Stierdnánuorri.

Alt i «Nordische Lehnwörter» (1893) fører Qvigstad opp Stier(d)na som eit samisk lån frå nordisk. Ingen grunn til å tru anna, sjølv om Thor Frette ved eit høve peika på at Stjernøya uavhengig av norsk namnelegging har ei rad alderdommelege samiske stadnamn. Likevel, «Stjerne»-namn frå andre samiske område har samiske parallellformer med násti «stjerne». Ikkje så her, det kan jo nøre tvil om at øynamnet går på stjerneform. Heller ikkje samsvarar skrivemåten Stiernerøen 1698 med ei tostavings form *Stjerna, norr. *Stjarna.

Når ei øy er temmeleg høg og vid, bør ein vere skeptisk til namnetolking som går på «Øens Omrids»: Frå den 959 m høge tinden Kjerringa nordaust på øya kan vel alle dei langsmale, tilnærma parallelle halvøyane fortone seg som strålar i ein stjernefigur, men all røynsle talar for at det ikkje var folk til fjells, men sjømenn som gav øyane namn.

At Stjernsundet på sør- og vestersida av øya er kjent for sterk straum og bråe fallvindar er kanskje relevant, men det er uråd å tyde øynamnet meteorologisk, endå nordsam. Joahkku som namn på Stjernsundet faktisk minner sterkt om sørs. jåakoe-daelkie «omslag i veret».

Kor det enn er, finn vi fleire «stjerner» langs leia. «Den Norske Los» seier om segling gjen­nom Nappstraumen i Lofoten bl.a.: «Av landkjenningsmerker kan nevnes Stjernehodet [les Stjernhauvet], 932 m, og Stjerntind [les Stjerntinden], 937 m, på Nappstraumens W side, lettkjennelig med sine særegne, markerte topper». Her skal nemnast at Stjerntinden iallfall sedd frå søraust – frå Vestfjorden på høgd med Nusfjorden – har tre takkar eller «oppstand­arar» som kan gje den stjerne-assosiasjonar som kjenner både Davids- og Betlehems-stjerna, men tenkte folk i ei fjern fortid astronomisk når dei la namn på tindar? Vi skal iallfall leite lenge etter namnelaging som går på samanlikningar med sol og måne! Stjerneframtoninga gjer seg likevel gjeldande berre i ein avgrensa sektor oppmed land. Dessutan er det utilfreds­stillande med ei «stjerne-basert» tolking av namnet Stjerntinden som ikkje passar like godt for Stjernhauvet, og slett ikkje for Stjerndalen, sjå neste avsnitt.

«Losen» fortel òg i samband med Skjelfjorden, på Flakstadøya det au: «Gode havner finnes ikke i fjorden, men ved Stjerndalen er ei lita brukbar havn, dybde 11m[1]» (s. 214, 216). Her heiter det rettare Skjendalen, i den grad det namnet er kjent, men oftast Skjenfjorden |'ᶊenn-|. Forvirrande nok, pollen Skjenfjorden ligg vestom fjellet (halvøya), men austom fjellet har vi den lange Skjelfjorden, med Stjerndalen på vestre stranda («Vestersida» kalla) og på austre sida Stjerntinden og Stjernhauvet. Alt ligg på ein nokså avgrensa del av Flakstadøya, likevel forunderleg sprikande kva uttalen gjeld.

Eit fjell i Gildeskål heiter Høgstjerna (819 m). Attmed ligg Breistjerna (637 m), og i bolken der «Den Norske Los» rettleier sjøens folk m.a. om innseglingane frå Støtt til Bodø ved hjelp av den typen skisser som Norsk Kysthåndbok kallar 'landfortoninger', er Høgstjerna blant dei landemerka som går igjen, på line med Bolga, Åmøya, Kunna (Rota), Skjeggen, Høgnakken, Fugløya og Sandhornet. Lat det med ein gong vere sagt at Høgstjerna og Brei­stjerna – like lite som dei andre fjella som nyss er nemnde – minner om stjerner. Stjern-, -stjerna kunne heller ha med navigasjon og landkjenning å gjere: Gno. stjórn f vil heilt konkret seie «styre, ror», dessutan 'styring', jf. nynorsk stjorn f (og n) «gardsstyring, huslege sysler», dessutan «husdyrstell» (Aasen, Ross), medan alle maritime tydingar har forsvunne. Ubrotne parallellformer til stjorn er eng. stern 'bakstamn, hekk', og skotsk starn tyder både 'ror' og «stjerne»! I dagens nynorsk ser vi fint lite til stjorn i noka som helst tyding, men kan hende har vi underestimert ordet i samband med stadnamn?

Best er å la fjellformasjonane få tale for seg, visuelt: Høgstjerna gjer inntrykk på avstand, og på nordaustsida av Stjerntinden på Flakstadøya finst det eit liknande og endå breiare flog-belte, meir bogeforma enn det i Gildeskål: For begge kjem eit loddrett strålemønster attåt.

Har då stjerne ei anna tyding? Norsk saknar ordet, men eldre svensk kjenner stjärna brukt litterært om panne (vel frå tysk Stirn «panne, skalle») så vel som front og tilmed hovud, då også i sms. som stjärn(e)band og stjärn(e)rem om panne-band eller -reim, sikkert frå tysk også det: Fortolka slik blir stjernefjell-namna meir konkrete. Ein kan innvende at fotoet av Stjerntinden på neste side viser korleis han fortonar seg frå nordaust (attersida), ikkje frå Skjelfjorden eller Vestfjorden. At Stjernhauvet ligg framfor Stjerntinden kan likevel tilseie at «panne-resonnementet» har noko for seg, men er likevel tvilsamt av di stjerne nytta i slik tyding er heilt ukjent frå andre norske eller svenske stadnamn.

No fanst det eit gno. stjarn f «bless, kvit flekk eller stripe i panna på dyr», og same ordet har Hans Ross i forma stjern n. frå Valdres og s(k)jødn f. frå Voss – der dei derimot sa s(k)jedna for «stjerne». Om «stjernefjell»-namn tolka i den retning skreiv eg for vel 30 år sidan:

“Eit vilkår for ei namnetolking på det grunnlaget må vere at snøen brukar å ligge sommaren over i «stjerneforma» flekkar i dei omtalte fjella – men det har eg ingen haldepunkt for. Og dermed får det nyss nemnte «stjern», «stjørn» lite å seie i vår samanheng, ettersom det må reknast som berre ein variant av «stjerne» – som Aasen har i m.a. tydinga «en lys Plet i Panden paa Dyr», i sunnmørsk såleis med særskild uttale «stjenne» til skilnad frå «stjerne» i vanleg meining” (Håløygminne 1986: 152).

Bilete av Høgstjerna med gulkvitt «panneband» i kontrast til mørkare fjell under og over var ukjente for meg på den tid. Skjelfjord-sida av Stjerntinden har store svad som er skinande av væte i solskin, og dei på austsida av fjellet oppviser finurlege mønster i frost, men «panne­bandet» er eit meir konstant kjennemerke. Frå Stjernøya er ikkje liknande formasjonar kjent.

Klikk for stort bildeBreistjerna i Gildeskål, med Høgstjerna midt på. Frå andre vinklar framstår fjellet svært annleis. 

Det er nyttig å jf. målførevariantar av stjerne, stjern (bless) og stjorn: Gno. stjarna, stjǫrnu spora av i ei mengd målføreformer landet om den tid ingen norsk skriftkultur var til: sjærne, sjenne, sjynne, sjydne, s(t)jedna, s(t)jønne og sjådna. Det nærståande stjern (bles) i variantar som sjern, sjedn og sjødn, medan stjorn (styre, stell) er kjent i talemålsformer sjon, sjodn, sjådn, sjørn, sjønn og sjødn (NO b.10). Det er dei variantane vi kjenner, men venteleg fanst fleire, og det er innlysande at orda i mange samanhengar vart forvillande like og at dei i stadnamn på tilfeldig tid kunne stivne i ei alderdommeleg form, løyst frå utviklinga i målføret elles. Især i samansette namn og talemålsord må skilnadene mellom stjórn, stjørn og stjarna, stjǫrnu, stjørne osv. etter kvart ha blitt temmeleg diffuse

Klikk for stort bildeStjerntinden på Flakstadøya, her frå nordaustsida med flòga ovanfor Storvatnet, er på same måte som Brei- og Høgstjerna horisontalt belteforma eller lagdelt og har i tillegg eit loddrett stripe- eller strålemønster, men sjølve Stjerntinden er eigentleg til venstre, og dessutan ser vi fjellet frå ein uvanleg vinkel. 

Ordet stjorn har både lang, trong o så vel som opning til ø i ei rad målføre austa- og vesta­fjells (Aasen, Ross), oftast med opphavleg stj- uttalt som sj-, som alt er nemnt. Progressiv j-omlyd i ord som stjarna > stjærna viste frå 1200-talet og tiltok etter 1300, overgang > som i Bjǫrgvin er kjend frå ca. 1350, samanfall skj- og stj- er nyare (Indrebø 1951:115, 232).

Samanlikningsvis er det litt opplysande at færøysk har både «sjødna» (skrive stjørna) så vel som stjarna med halden stj-, pluss stjórn uttalt «stjødn», det siste venteleg av di det ordet er offisielt, om regjeringssaker m.m. Når stjarna framleis har stj-, kjem det især av religiøs og poetisk språkbruk. Litt av det same gjorde vel at stj- i «stjerne» og nokre andre norske ord ikkje fekk uttale sj- for godt (Indrebø 1951:114, 233), jf. svensk sjärna. Nordnorske former er få, men frå Borge kjente Kåre Elstad seiemåten «et førrfærdeli sjårn» |ᶊå:ṇ|: eit fælt ståk (styr?), dvs. gno. stjórn med overgang stj- > sj-. Er det relevant for namn på fossar og stryk?

Klikk for stort bildeEit merkeleg landskap viser Stjernlia og Stjernheia i Verran, som ikkje har noko med garden Stjerna å gjere. 

Som vi alt har vore inne på, har nordsida av Stjernøya frå naturen si side ei utforming som gjer henne eineståande her til lands, med mange beine, jamsmale og parallelle halvøyar. Dei kunne kallast stjorar m.pl.: «(stive) stilkar», eintal stjor el. stjore m. I norrønt var stjóri også «den styrande», dvs. «styrmann» eller «leiar, førar, herskar»: Det siste kan gje assosiasjonar med norsk-svensk «framståande», eng. «outstanding»! – Elles var no stjóri òg eit lite anker av tre med stein i, krabbe, dregg, merk at Blöndal Magnússon har tolka stjóri ikkje berre som «akkerisstein, lítið akkeri», men også «akkerisstrengur», då i røring med fær. stjóri «reb el. fæste, hvormed folk og varer trækkes i land i brændingen», det å stjóra. Stod stjóri like mykje for den stramme ankerlina som for sjølve ankeret? 

Til stjóri m, stýri n og stýra v svara stjórn f «styring», nautisk og administrativt. Når stjóri i éi tyding var noko som stakk (seg) ut, medan oppgåva til ein stjóri «styrar» var å stjórna = stýra, stå for stjórn på hav og land – kunne då stjórn også stå for eit mønster av parallelle stjorar, som på havsida av Stjernøya? Merkverdig er mønsteret av snorrette myr- og skog­strimlar langs Stjernheia i Verran, til ein viss grad også på vestsida av Stjerndalen i Flakstad. M.o.t. sjølve Stjernøy-namnet er det lett å komme i tvil: Loshandbøker o.l. fokuserer ikkje på havsida av øya og fjella der, men på Stjernsundet på innersida. Sundet er jambreitt, reint og nokså beint, overalt med sterk straum i tillegg til ujamn vind, for det skiftar mellom fall­ver og klinke stilla. I ein slik kontekst er det ligg det nær å tru at stjórn «styring» og nyno. stjorna v “styre jævnt, gaae i ret Linje” (Aasen) var noko essensielt.

Klikk for stort bildeStjernøya i Finnmark er full av stjorar på havsida. Under: Halvøya som skil Nord- og Sørfjorden har stjorar, er ei stjorn? Langsmale, beine åsryggar har også dei tre mindre halvøyane som deretter kjem, langs heile sørsida av Stjørnfjorden utetter. Kartverket.  

Klikk for stort bildeHalvøya som skil Nord- og Sørfjorden har stjorar, er ei stjorn? Langsmale, beine åsryggar har også dei tre mindre halvøyane som deretter kjem, langs heile sørsida av Stjørnfjorden utetter. Kartverket. 

Her bør òg nemnast Stjørna |'ṣøṛṇa| i Bjugn i Trøndelag, primært oppfatta som elvenamn og sekundært som fjord- og bygdenamn (NoStleks), der og knytt til det intransitive stjorna v. Det er likevel i strid med all namneskikk og utenkeleg at Stjerna = Stjernøya har namnet frå Stjernsundet. Også for fjordnamnet Stjørna er litt meir «landbaserte» tydingar tenkelege: Stjørnfjorden blir til der dei to fjordarmane Nordfjorden og Sørfjorden møtest, og skiljebolk fjordane imellom er eit par halvøyar som ikkje har eige namn på karta, men er dominerte av langsmale bergryggar: Hardbaktangen tett ved Nordfjorden, og mot Sørfjorden den bratt­kanta Bergkallen. Når det ca. 1490 så er tale om «Stiornen», «aaen Stiornaa» og «fiska aan Stiornen», kan det vere eit uttrykk for at Stjornen, Stjørna som namn på sjølve halvøya nær elva alt hadde kome på glid (denotasjonsendring) og var blitt fjord- og bygdenamn, slikt skjer ofte. Desse stjorane fell i auga og kan vere viktige, men også ei anna tilnærming finst.

Innskjeringar i landskapet?

Sverige har talrike Stjärn(e)-namn. Det gjeld nok for fleirtalet av desse, så vel som liknande namn i Danmark, at dei var brukt om stader der vegar eller stigar forgreina seg stjerneforma, men dette siste høver mindre for norske tilhøve. Eit viktig svensk unnatak blant fleire gjeld ein formasjon ved Fyrisån i Uppsala, Skärna (lenge skrive Stjärna), av Lars Hellberg[2] tolka som *skern eller *skærn i tyding «inn- eller nedskjering, skòre», urnord. skerna- el. *skernō. Landskapet ved Skärnan i Lerum i Västra Götaland er derimot prega av parallelle åsryggar eller rabbar tett i tett, det minner klart om mønsteret vi kjenner frå Stjernheia, Stjernøya osv.

Klikk for stort bildeMellom Litlstjerna, Høgstjerna, Breistjerna og Smørstampen er nøgda innskjeringar. Wilse  

I samband med det rekonstruerte *skern, *skærn må det sjølvsagt nemnast at norrønt veit av skern f i tyding lik skurn f, n «(hardt) skal», så vel som «skorpe». Nynorsk likeins, men der Skjernøya i Mandal. Også elvelandskapet ved Skärna i Uppsala framstår som smal rest eller skorpe. Elles har Sverige si eiga Stjärnö i Valdemarsvik i Östergötland, ikkje med så lange «fingrar» som Stjernøya i Finnmark, men like fullt med fleire parallelle innskjeringar, frå vest mot aust. Desse er så djupe at øya, som har bein kystkontur mot nordaust, heng så vidt i hop fleire stader, så «tunn rest» gir god meining, jf. òg norr. skerast «kløyve seg, dele seg».

Klikk for stort bildeStjärnø i Valdemarsvik, Östergötland. Lantmäteriet 

Som før nemnt og som foto viser, det kan ha litt for seg å reflektere over namna Stjerntinden + Høg- og Breistjerna sml. med ty. Stirn «panne»[3], men kan hende oppnår vi meir med å gå heilt til topps: Fjellpikane eller takkane på Stjerntinden er så menn tynne restar, og mellom Litlstjerna, Høgstjerna, Breistjerna og Smørstampen i Gildeskål har erosjon laga djupe hakk el. skòrer som får fjellpartiet i full breidd til å te seg meir uheilt og «såra» enn frå tverrsida. Likeins er inngangspartiet til Stjerndalen i Flakstad stupbratt til begge sider og har gjennom­eroderte eggar med fjellpikar tett i tett, på sørsida dessutan tversgåande skòrer eller hakk, i enden av Sundsmanen. Også Stjernåsen i Vestby i Akershus og Stjernsåsen i Porsgrunn har innskjeringar på alle sider. Stjerna heiter dessutan ein kløyvd holme i Evje og Hornnes, og tett vestom Stjernevannet i Tana er det skura berg med ei einskild nedskjering som framstår særs tydeleg i det karrige landskapet der. Det ser då ut til at ein landskapsterm skjern, skjærn < skern må ha meir for seg enn det ein hittil har rekna med.

Klikk for stort bildeSærmerkt for søre landet i Stjørnfjorden er at han er svært «opphakka» eller sundskoren, det kan ha gitt han namn, og botnen av pollen Stjørna i Agdenes (nedanfor) er sanneleg ein «tynn rest». Vestafor sistnemnde ligg den krokute vika Bjugn(a), ein annan lokalitet enn bygda Bjugn. Norgeskart.  

Klikk for stort bildeBotnen av pollen Stjørna i Agdenes er sanneleg ein «tynn rest». Vestafor sistnemnde ligg den krokute vika Bjugn(a), ein annan lokalitet enn bygda Bjugn. Norgeskart.  

Klikk for stort bildeStjerntinden (Skjern-) slik flakstadværingane vanlegvis ser han, her frå Fredvang 

Klikk for stort bildeStjerndalen. med markør mellom Nord- og Sørdalen, og til h. ovanfor: Kammen av fjellpikar som avgrensar Stjerndalen i nordaust . Nedst i biletet den sundskorne, ville nordenden av Sundsmanen. 

Skjering - eller skirt vatn?

Skjern |ᶊǣṇ| heiter gnr. 21 i Åfjord. Gamle skriveformer er Skere NRJ II 48, Skerrenn 1559, 1590, Scharrenn 1626, Schieren 1630, Skieren 1664 og Schieren 1723. «Jeg formoder, at dette vistnok enestaaende Gaardnavn egentlig tilhører en af de to Bække, som ved Gaarden falder ud i Stordalselven, idet den har hedt Skírn. Dette vilde være det samme Navn som Skjirna (med Enstavelsestone), en Elv paa Byneset. Det maa hænge sammen med skírn f., Renselse, og Adj. skírr, klar», seier Rygh.

Tolkinga kan vere heilt rett, men no er Skjernsfossen (også Stjernsfossen) ved garden Skjern både djup og trong, så vi kan ikkje sjå bort frå skjern i den meining[4]. Det gjeld òg for Lang­forsen i Bjerkaelva i Hemnes tett ved Stjernenget, lat så vere at ein i begge desse tilfella òg kan tenke på eit lydhermande namn, slik vi før har vore inne på.

Skjærn heiter ein bekk i Sirdal. Han kjem frå Skjærslia, men skiftar namn til Skjærsbekken idet han passerer Storeskar, som er djupt og trongt, så her òg er det rimeleg grunn til tvil: om ein skal tenke på topografi eller på vasskvalitet (norr. skærr = skírr «klår, rein»)? Problemet er likeins med elvenamnet Skjørna i Nesset og gardsnamnet Skjønne |''ᶊønne| i Nore, med gamle skriveformer Stiernne 1593, 1600, Stierne 1604 1/1, Schienne med Schiennelj 1668, osv. Sistnemnde ligg vel å merke attmed den djupt nedskorne Borgåi: «Det er at formode, at denne Elv oprindelig har hedt Stjarna», seier NG.

Som vi ser, dette er eit avsnitt med fleire tvilstilfelle, og ein kjem ikkje stort lenger utan god kjennskap til lokaliteten og vedkommande målføre. Derimot kan det seiast med full visse at Stjernelva i Stjerndalen i Gildeskål fører krystallklart vatn og ikkje er djupt nedskoren.

Stjern- frå stjørn, stjorn om husdyrhald?

Det finst nokre få namn som nesten inviterer til ei tolking i retning av krøtturstell, slike som Stjernegjerd i Vik og Stjernvang på Toten, og det gir grunn til ettertanke m.o.t. alderen på slike namn at ein lokalitet i Vara i Västra Götaland òg heiter Stjärnegärdet, og at Stjerne­vang også var namnet på ein gard nær Ålborg på Jylland, i Bælum sogn i Hellum hd. Har det i dansk og svensk[5] eksistert motstykke til norr. stjórn f i kvardagsleg tyding «styre, styr­ing», likt med nyno. stjorn «hushald, husdyrstell» o.l.? Her kan òg nemnast Stjernebeita, eit nes i skil mellom Eidsvoll og Nord-Odal, samtidig grense mellom Akershus og Hedmark. Også det namnet minner om husdyrstell, men høver de facto like bra i neste tydingskategori:

«Stjerne-» om deleline, grense?

Nokre namn frå Vefsn har ordføying el. -fuge som ser både merkverdig og problematisk ut: Stjernabekken renn i skilet mellom gnr 88.2 og 112.2, og ein bekk med same namnet fell ut i Ømmervatnet og renn tett ved eit i dag snorrett skil mellom bnr. 2 og 3 av gnr 170. Nedover Stjernadalen går likeins skilet mellom gnr 145 og 156. Nemnast kan også, utan kartfesting, Stjærnaryggen (-rykjen) og Stjernaryggholo, eit ut-enge i ein bakke i området mellom gnr. 192 Brattbakken i Drevja og gnr. 193 Bergsnevet i Drevja.

Vilhjelm Riksheims arbeid «Ljodvokstren i Vefsn-målet (Ner-Vefsn)» nemner skilnad med uttalen |ēṛṇä|[6] (s. 50), også kjent frå Røyrvik, frå Mosvik |ǣṛṇa|, og i Selbu både |ᶊǣṛṇa| og |ēłna)| (NO, seddelsamlinga). Dette synest vere til stor nytte i utgreiinga av ei rekke norske stadnamn især sør for Vefsn, då aller først å nemne Stjernebekkjen og Stjernebekkskardet på gnr. 37 Nerlaksfors, Grane (ikkje kartfesta). Flest tilfelle finn vi i Trøndelag: Stjernmyra under gnr. 27.3 i Bjugn ligg mellom gnr. 28.15 på nordsida og 27.2 Råmyra i sør. Ved garden Stjerna i Verran møtest gnr. 8,9 og 19-20-21 og i sørkant av Stjernehaugen i Verdal møtest skila mellom gnr. 36, 38, 53, 55: Over haugen går der òg skil mellom gnr. 53.1, 54.1 og 54.3.

Det er om dei to siste lokalitetane NG opplyser: «Stjernen er Navn paa en Gaard i Beit­staden (GN. 21) og paa en Plads i Værdalen; i begge Tilfælde stammer Navnet fra Stedets høie Beliggenhed (se Bd. XV S. 235)»[7]. Som samanhengen viser, vi har snarare med skilnad = deleline (NO 9: 1445) å gjere, her òg, for når ein lokalitet når meir i høgda enn andre av same art, er det lang og sterk tradisjon for at denne blir heitande noko på - el. Ho-. Vel kan det vere sannsynleg nok at ein høgtliggande buplass ville bli oppkalla etter høgtliggande borg eller by, men ikkje at ordet «stjerne» åleine ville bli brukt i tyding «høg», poetisk abstrahert! Det framstår endå mindre truverdig når vi flyttar oss til Stjernmyra i Steinkjer, som ligg midt mellom parsellar av gnr. 260, 262, 263, 269 og 270, enn vidare til haugen Stjerna i Inderøy, der grensene mellom gnr. 335, 336 og 337 møtest. I Kongsvinger kan nok namna Stjernhullberget og -myra sjå rare ut, ved første augekast, til vi innser at det å bore hol berget for å plassere eit skilmerke er ganske ordinært! Uvisst er om Stjern- i slik tyding alltid skal forståast som forkorting av skilnad, eller om vi skal tenke på ei kortform *skiln? Jf. hugn(ad), sakn(ad), sv. gätn(ad) o.l.

Det aktuelle ordet finst i talrike målføreformer: sjilna, sjelna, sjælna, sjylna, sjølna, sjøłna, sjöłna, sjúlna, skulna, men b. form skilnaden synest også å ha blitt til skina(n) mange stader sør i landet. Her kan nemnast garden Skinan ved Skinanstjønni i Tokke, garden Skinan(d) ved Skinan(d)juvet i Vinje like eins. Ved Skinanvatnet i Hjartdal går skilet mellom gnr. 115 og 116, merk òg Skjenanbekken og -dalen tett ved den no snorrette grenselina mellom gnr. 55 og 56 i Vinje. – Slik også mellom bygdelag: Skinans[8]-vatnet og -fjellet i heiane der Hå, Bjerkreim og Eigersund møtest, og Skjenafjellet mellom Gausdal og Ringebu. Uttaleforma «sjølna» når også vidt, og endå meir lydleg forenkling viser kan hende Sjønaparten tett ved riksgrensen i Saltdal? S(k)jønakletten i Askvoll og i Gaular har iallfall med grense å gjere. Over vestre framkant av Stjødnefjellet i Vindafjord går skilmerke mellom gnr. 70, 72 og 73 (den flogbratte sørkanten utgjer skilet mellom gnr. 70 og 73), så det er rimelegare å tolke fjellnamnet den vegen enn at det har noko med stjerneformasjonar å gjere, i alle fall så lenge vi legg kart og ortofoto til grunn.

Annleis då med tjønner og vatn som heiter noko på Stjern(e)-, for ei lita, skinande vassflate midt i skogen, myra eller fjellet kan greitt nok inspirere til «stjerne-tenking». At lokalitetar med slike namn var viktige skilmerke er derimot unnataket. Eit utrygt døme er Stjernetjenn i Aurskog-Høland, som ligg i skilet mellom parsellar av gnr. 154. For den tørrlagde Stjern­tjønna i skila mellom fleire parsellar av gnr. 187 i Fræna er truleg samanhengen mindre tvil­sam. – I samband med vassamlingar er det dessutan grunn til å undrast om Vefsn-uttalen av skilnad rakk lenger nord? I Rana har dei Stjernetjønnene, lauseleg ihopknytte og likevel skilde. Der sest inga grense, men over Austre Stjernetjønna går derimot skilet mellom gnr. 101.3, 101.2 og 101.3. Merk likeins at Stjernevatnan i Saltdal ligg tett ved svenskegrensen.

Innslag som minner om svensk?

Også i svensk kan skilnad stå for «ställe där vägar l. floder o. d. mötas l. grena sig; vägskäl» (SAOB) så vel som «(upp)delning». Vi kan undrast om gardsnamnet Skjenalden |''ᶊēnaᶅᶅen| i Orkdal (skrive Skennan ca. 1550) og i Skaun er omkasta former av *Skjelnaden? Begge stadene har «vegdele» mykje for seg, men der er også detaljar i landskapet som er naturlege skilmerke. I Balestrand ligg dalsøkket Skinandehola mellom to noko lengre dalføre, begge avgrensa av fjellrabbar som sprikar eller «strevar» til kvar sin kant.

Skjelnan heiter ein bydel i Tromsø, før gnr. 14.1, mellom gnr. 13 Movika og hovuddelen av Krokelva gnr. 14 i Tromsøysund hd.. Ein kan med fordel sitere NG ordrett: «Er vel bestemt Form av Ordet Skilnad m., Adskillelse, Afsondring. Her maaske i Betydning af en udskilt Part». – Dette er rett, Skjelnan er naturleg avgrensa mot sør av Hømmerelva og mot nord av Skjelnanelva, som kjem frå frå Skjelnanvatnet. Sistnemnde forgreinar seg noko i siste delen av sitt far, for atter å samle seg. Det gjer òg Skinandåi i Hjartdal, som kjem frå Homtjønn og forgreinar seg sterkt, men sistpå «tar seg i hop» før ho fell ut i Enggravstjønn.

Litt viktig er det også at svensk kjenner skilnad i meir avleggs tyding «öppning, mellanrum, lucka, spricka»: Skjenan heiter ei snau hei i Bø i Telemark der det på kryss og tvers går tett i tett med lange fjellsprekkar som lagar eit rombeforma rutenett. Skinan heiter òg eit ganske oppsprukke bergområde ovanfor Skinanskjæra i Flekkefjord, og endå meir ekstreme er dei klivne berglaga på Skinansfjellet i Bjerkreim og kring «enga» Skinan i Eigersund.

Var det ikkje for Norsk Ordbok, attåt forma|''sjēṛṇä| frå Vefsn og «vitnemål» frå stadnamn landet rundt, ville det vere uråd å påstå at ordet skilnad må ha gitt opphav til så sprikande former som dei vi har vore inne på. Vi veit at det frå gammalnorsk til mellomnorsk skjedde ei gradvis endring av framlyd sk->skj->sj-, pluss bortfall av ð, i dette tilfellet i uttalen av skilnaðr. Ny uttaleform sjilna evt. sjelna, i b.f. sjilna'n, vart på sine stader til forveksling lik hokjønnsordet sjærna [stjerna] < stjarna, gammal b.f. stjarnan, så forveksling måtte skje.

Drøftinga av stjerne og skilnad var slett ikkje lagt opp som eit «nordisk prosjekt», men nokre detaljar i svenske og danske stadnamn fortener å kome med: Frå Båhuslen nemner Sigurd Kolsrud («Nynorsken i sine målføre» s.77) noko særs uventa: «I framljod fell skj (og sk fyre fremre vokal) saman med sj, stj, men i sud går framvoksteren mot sk (skerna: stjerne o.dil.)». Kven skulle forvente dette siste?

Skjern Å som namn på det største vassdraget i Jylland er tolka til skærr = skírr, men samtidig er å merke at elva kløyver seg (norr.: skerst), først i to og derpå i tre far, før ho hamnar i hav. Kva for tolking av elvenamnet er mest sannsynleg? M.o.t. «skjært vand» er det i alle tilfelle tre andre danske stadnamn som pga. sisteleddet må seiast å vere like interessante: Stjernkær er eit fuktig område, Stjernekilde er gardsnamn, Stjernesmade er «vand-sted», medan Stjer­nesø er utolka.

Klikk for stort bilde 

 

Fotnoter:


[1] Skal rettare vere 14 m djup.

[2] Takk til Thorsten Andersson for denne opplysninga.

[3] Merknaden i namne-databasen til Nordisk Forskningsinstitut knytt til namna Ulvstjerns-ager og -eng på Bornholm lyder som flg.: «Maaske et Ulvstjerne i Bet. „Ulvepande“, evt. et Plantenavn». 

[4] Uvisst er korleis det har seg med Skärn og Skärnsforsen i Hagfors, Värmland.

[5] I det minste kan nemnast glsv. stiornfaster «med fastbunde ror» (om farkost).

[6] Takk til Kjell Øksendal for påminning.

[7] Om det forsvunne gardsnamnet Stjern(e)borg i Tørring s. i Skodborg hd. seier Danmarks Stednavne: «Forleddet kan være subst. stjerne, som indgår i et par norske gårdnavne, hvor det formodes at sigte på stedernes høje beliggenhed (NG XV 235, XII 134)». Likevel er no skrivemåten for det danske namnet er på 1500- og 1600-talet er einstavings: Stern-, Stiern, Stien-, Stornn-.

[8] Jf. merknad i NO 3: 1006-1007 om fullnan i uttrykket «til fullnans», og dertil om fullnans som adverb.