Vismenn og spåmenn

Klikk for stort bildeSpåmenn med kuven opp ("ja") og med kuven ned ("nei"). At former som liknar kan vise seg i landskapet er naturleg nok. "Håløygminne" 4-2012

Av Finn Myrvang

Ein allmenn nordnorsk skikk, også kjend frå kystbygder lenger sør, var at øyrbeinet på torsken, spåmannen, var brukt til å spå vinterfisket med: Dei la det frampå skallen og nikka, til det fall ned. Hamna beinet med kuven opp var svaret på spørsmålet "ja" – det omvendte var "nei". Så også blant sjøsamane i Kvænangen, berre at dei kalla spåmannen for krukkul­dakte (dákti: bein) [1]. Sør i Vefsn var det litt annleis: "Om våren når lofotfolket var ventande heim, så hengde dei opp ein spåmann (øyrbeinet av ein gråfisk) under taket. Denne svinga dei rundt. Vende spåmannen hovudet mot nord, vart det nordanvind og heimfalbør for lofot-folket"[2]. Lenger nord var det vanlegare å henge opp ein tørka fisk for den slags merketaking, det vere seg fiskekonge el.a.

Den sørhelgelandske vrien, med å la øyrbeinet spå vindretninga, fører naturleg over til ein nærslekta namnebruk: Frå Senja og Vesterålen o.a.st. veit vi at når eit trefløyt var ein stav som stod til vers, evt. med ei utskjering som likna eit mannhauv, heitte det spåmannsdubbel eller berre spåmann - eller også visar, men særleg når det øvst på staven berre var spikra ei pil: I eit stykke om "Lofotreisa" høyrer vi om vimpelvisarane, og like etter står det: "Sjå der dei sterke og skræmelege dubbelvisarane. Spåmenner kallar sume dei. Er dei ikkje lystelege å sjå? Dei skal nok losa fiskarane greidt til ilen – og halda tjuvane vekk".[3]

Lose fiskarane til ilen? Fjelltoppar kunne òg lose, på sitt vis: Hårteigen på Hardangervidda er oppfatta som "den gråe leivisaren", med teig i eldgammal tyding "retning, lei", jamfør ty. zeigen og verbet te seg: vise seg slik eller så.[4] Fjellnamnet Oahpis frå Nordreisa er likeins forklart som "vegvisar"[5], utan at ordet i den tydinga er brukeleg i moderne samisk. På norsk heiter det jo, når det er tale om personar, helst kjentmann, los eller "guide". Eit tilsvarande fjellnamn i Kiruna har fått eit forklarande tillegg, Oahpes-olmmái ("vegvisar-mannen"), av di fjellet viser vegen til Tarrakoski fors, som det heiter[6].

Også Spåmannen o.l. er stadnamn innimellom. Det ligg nær å tru at det på slike stader vart tatt varsel av kor tidleg eller seint isen eller snøen tina der, kor høgt vatnet stod ei viss tid på året, o.a.. "Store Spåmannsomnen for Nupen" er nedskrive som méd i Moskenes, og under Andstabben er det eit par lange, krumme bergdrag med søkk attmed som sannsynlegvis er formasjonen det er tale om. Litt meir veit vi om bakgrunnen for namnet Spåmannselva i Finnsætervatnet på Senja, der ein lokalkjend fortel: "Når Spåmannselva har stor vannføring, likner den typisk på et spåmannsbein, derav navnet. Den faller bratt nedover fjellsida. Når det er tørke, er elva nesten borte. Like ved ligger Sørelva, som også lokalt bærer navnet Danserinna. På samme måte likner ett parti av elva på ei danserinne når den er flomstor"[7] 

Klikk for stort bildeVismannen i Vestvågøy

Vismannen som namn på ein grunne på sørvesthjørnet av Borgvær i Vestvågøy, tett sørom skjergruppa Kvilholmen – kva skal vi tru om det? Vismannen ligg på innersida av været, der det kanskje ikkje er mest sjøburd. Grunnen er ein 2-metring. Ingen veit om særleg gammalt sjømerke der, du ser han oftast lett, er det sagt. Kanskje tente han til orientering for dei som fór det smale Borgværsundet mellom Borgværet og Kalvværet innafor.

I gno. hadde verbet vísa konkret tyding "vise, syne, peike". Det høvde både for peikepinnar ved lei og veg, på fløyt og seinare på ur. Vi kan sjå bort frå at folk med Vismannen har meint ein "vis mann" (gno. visdómsmaðr), vi aner heilt andre tydingar, som at Vismannen var som ein visar i landskapet, personifisert ved tilføying av eit i og for seg overflødig -mann, altså «visarmann» (jfr. Oahpesolmmái); interessant er det lulesamiske slektsnamnet Grufvisare (G ikkje uttalt) «en som upptäckt en malmfyndighet»[8]. Avkorting til vismann på line med spåmann skjedde nok tidleg. – Men i samband med ei anna forståing av saka kan nemnast at ein 5.4 m djup grunne vest for Eggum i Borge heiter Tørrmannen: Når han bryt, står sjøbrottet høgt til vers, "som ein mann" meinte folk. Her og i Vismannen sitt tilfelle viser sjøkartet ein avrunda rygg på sjøbotnen, derfor er poenget med namnet Tørrmannen heller at han kan vere "tørr" med kvart (vere synleg over vassflata idet han bryt)? I ei rekke namn er det i alle fall så at -mannen er ei omforming av -manen, t.d. fjell- og åsryggar som Nord­mannen i Lurøy og Tuvlimannen i Vefsn, og det kan passe bra nok for Tørrmannen med. 

Samtidig er det viktig å understreke at oppstikkande fjellpikar tidt heiter noko på -mannen utan å ha med man el. mån å gjere, og det same gjeld særmerkte humpar og steinar: Med kvart er det den fulle sms. som gir oss meininga, som Skjortmannen (Kvitskjortmannen) om ein lys stein på gnr. 43 i Vega og Kabyssmannen om ein rund hump på gnr 52 i Vestvågøy (kabyss var eit hovudplagg og går att i mange stadnamn på landsbasis). Også eit skjer utom Hadseløya ber namnet Kabussmannen.

Men "mann" er kan vere eit endå meir lauseleg namneelement, slik som i Krynselmannen i Straumdalen i Rødøy, ein storvoren stein blant fleire små: Krynsel er identisk med krinsel m "(liten) krins, klung, gruppe[9]. Steinmannen heiter ein varde i Straumsbotn i Rana, jfr. det vanlegare "steinkjerring". I skjeringspunktet mellom skjemtsam og meir abstrakt namnebruk er det Mannen, også kalla Hinmannen, og dertil Blautmannen ein annan stad, om to gamle utmarkslåtter på Skogvollmyran på Andøya. Denne temmeleg frie bruken av "mann" har hatt knoppskytingar fram til vår eiga tid: Deccamannen heiter ein médhump i myrane på Saura på Andøya[10], så her er det sanneleg store spenn i namnelagingsmåten.

Meir kunne seiast om namneelementet -mannen, men vi skal nøye oss med kort omtale av fleirtalsformer: Mannan er to ekrer på garden Hongset i Vega, medan Mennene er to tindar på garden Kangerura i Hol, Vestvågøy. Tindar er også Finnkondalsmennene i Dverberg, Mennene i Breivika i same sokn er derimot eit ra midtvegs oppå myrane, med nokre store steinar på. Det siste verkar interessant i samband med namnet vi no skal inn på:

Vismannheia |''vīsmaᶇᶇ-| ligg i utmarka på garden Mevika i Gildeskål, og ho sluttar seg til Forhaugan, ein særs uslett pall eller "fot" i framkant av det brattare Tverrfjellet. På pallen ligg hopar av store blokker "sletra" utover. Også på sjølve myrpallen Vismannheia finst restar av foraskog, men elles er det flater og -strimlar av myr og lauvskog som pregar området. I flg. eit skolebarnnotat 1936 er det eigentleg tale om "navn på noen store steiner som ligger på myra": Flyfoto viser ein noko oppsplitta bergrygg, dvs. med opningar mellom jordfaste berg, og dessutan ei oppdelt, større blokk som ligg meir isolert i myra. Tradisjonen kring namnet er mager, så vel som når det gjeld Vismannen i Lofoten, men vegvisar kan det ikkje vere tale om, her må vi heller tolke dette med «vis (klok) mann» bokstavleg: Blant alle steinblokkene i området høvde det venteleg for bamse å leite seg hi: "Lapparna nämnde icke gärna björnen med hans egentliga namn, utan kallade honom på en mängd olika sätt: skogens husbonde, bergsgubben, den vise mannen, det heliga djuret och Guds hund" (Uno Holmberg, «Lapparnas religion»: 41).

Klikk for stort bildeVismannheia med store blokker i midten og litt av Forhaugan med grissen skog oppe til h. Kartverket

"Vismenn" fleire enn desse har vi knapt her nord, vi må fare lange leier for å finne liknande:Vissmannkletten (1098 m) heiter ein fjellknatt eller -hump mellom Storskardvorda og Tverrlivorda i grenselina mellom Folldal og Alvdal i Hedmark. Folldølane kallar han Vess­mannkletten, medan folk i Alvdal seier Vøssmannkletten. Under ligg Vissmannlia, ho snur mot Vissmannttjønna i søraust, og frå sistnemnde renn Vissmannbekken til Haustsjøen.

Etter folketradisjonen er Vissmannkletten just "mannen som viser veg", men namnet blir jo ikkje uttalt med lang i. Ei litt anna forståing er at namnet står i samband med gno. vita "vere vend, peike mot"[11]..- Sikrare er nok at kletten ligg i eit område som frå gammalt var søkt pga fiske, og endå viktigare var jakta på villrein og rype. Landskapet kring Vissmannttjønna er ei blanding av skogkrullar og lavmark der måsåtak (reinlavhenting) har ein lang tradisjon. Namna Haustdalen og Haustsjøen i same område kan òg takast til inntekt for ei "matnyttig" tilnærming, merk særskilt at mose m i tydinga lav er velkjent[12].

Herifrå synest norrønt og samisk å gå hand i hand: gno. vist f tyder «tilhald, opphald», men òg «mat, matvarer» (då ofte i flt.) Sørsam. vistie om reinlav synest å komme av det same vist[13], og tradisjonen fortel som sagt om måsåtak (lavtekja) og om matauke frå gammal tid. Viss- kan då vere enkel uttalereduksjon av Vist-, men den opnare uttalen væss- kan òg få ein til å ane ei samandregen form av sørsam. væstijes el. væstijs (om fjell) «rikt på reinlav»[14].

M.o.t. -mann- skal vi hugse at der er ein nærpå landsomfattande tendens til å omskape man som terrengord til «mann». Døme er «Mannheia» oppkalla etter «Vuttudalsmannen» i Ork­land storkommune, likeins «Fjellmannheia» i Nærøysund. – Skogman i same tyding som skogband (der skogen sluttar og snaufjellet tar over) er nok eit mindre kjent ord, men ikkje reint dårleg dokumentert likevel[15], og i Vissmannklatt-området kjem overgangen frå skog­krullar og lavmark til snaufjell nokså brått, så *visteman i tilsvarande tyding vil gje meining.

Alternative tolkingar?

Vissman- kunne vere teoretisk vere *vistman som omkasta form av eit gno. *vist(a)nám: innhenting (tekja) av matvarer, i så fall nær opp til gno. sǫlvanám n "tanghenting".

Om dei sikre Vismann-namna med lang i må dessutan nemnast: Gno. vísir m tyder “knupp, topp (på vokstrar), kollektivt om alle knuppane på eit tre”. Ordet forgreinar seg i former som vise m, visa f og vis n i målføra (Torp), med mange interessante særtydingar. Held vi oss til gno., heiter kanskje Vismannheia som ho gjer pga. den litle ryggen med spreidd, småvaksen fora (men namnet Forhaugan burde «dekke» det)? Snarare kunne Vismannen i Borge heite så pga. tang- og tarevokster på grunnen, for «tareskog» er jo eit velkjent ord, og på Andøya har eg høyrt friske tangblærer kalla «kumrar», det er bladknuppar på lauvtre. I den saman­heng er særleg den rikelege tangmarka på innersida av Visvær i Træna interessant.

Frå ein annan vinkel kan vi sjå namnet Vishellaren på Vedøya i Røst: Folk kan ha halde til her i forhistorisk tid, og namnet kunne evt. fortelje om det[16], men vel så truleg i lys av andre Vis-namn er at det også her har med vekstlivet å gjere: Bunesbukta tett ved Vishellaren er uvanleg frodig fuglegjødsla, med grasdominert vegetasjon med mange karplantar, mosar, lav og algar, og ved hellaren veks blå lungeurt, og myskegras med einslege svaiande aks[17].

Meir usikre i jamføring med Vishellaren og Visvær er Vesholmen i Meløy og Visholmen i Leka, og endå meir Visholmen lik Vesholmen i Bremanger. På dei to første holmane synest forenkla uttale i > ei frå veis(e) f «pytt, sump» å gje best meining, men det passar ikkje for holmane i Bremanger.

Fotnotar:

[1] Anders Larsen, "Om sjøsamene" s. 42. Krukkul- minner om krykle = krøkle f “krokut tre eller grein”.

[2] Knut Strompdal, "Gamalt frå Helgeland" II: 79.

[3] Johan Hveding, "Folketru og folkeliv på Hålogaland" II: 78.

[4] Per Tylden i "Namn i fjellet": 99 og Per Hovda i "Stedsnavn/Stadnamn": 47.

[5] Just Qvigstad, "De lappiske stedsnavn i Troms fylke": 20.

[6] Björn Collinder, "Ordbok till Sveriges lapska ortnamn": 145.

[7] Bjørnar Pedersen, Finnsæter, i flg. epost frå Hans Peder Pedersen .

[8] Harald Grundström, «Lulelapsk ordbok» s. 1585.

[9] Norsk Ordbok  b. 6: 1093.

[10] Pga. ei radiomast som var reist der (navigasjonssystemet Decca rundt 1970).

[11] Kjell Venås, "Norske Innsjønamn" III: 546.

[12] Norsk Ordbok 7: spalte 1595.

[13] Björn Collinder, "Ordbok till Sveriges lapska ortnamn": 247.

[14] Likevel «wistajes ädnam» i Lexicon Lapponicum s. 548.

[15] Kjent frå Gausdal, Slidre, Sør-Aurdal og Hardanger (NO 10: 17), merk òg bergryggen Skogman, Valle i Setesdall så vel som Skogamannåsen i Stad og Skogamannhaugen i Gloppen.

[16] Finn Myrvang, «Nøkklen til Utrøst» s. 27.

[17] NINA-rapport 138 s. 16, Biologisk mangfold. Røst kommune.