Und i namn på øyar og halvøyar

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 3 og 4-2007, nyredigert

Av Finn Myrvang

Stadnamn laga med suffikset -und er ein kategori med både øy- og fjellnamn så vel som elve-, fjord- og innsjønamn. Suffikset skal tyde «som er forsynt med, som har den eigenskap at», sjå Solund i Norsk Stadnamnleksikon (NoSt). Dette synest gje bra meining for namn som Aspund, Borgund, Eikund (Eigerøya) og Lovund. Meir dunkelt er kva namna Jǫlund (Jeløya), Solund, Hjørund(fjorden), Raðund (Rana) og Ǫlund (Ølen) vel kan tyde.

Hadde for mange år sidan i «Namn og Nemne» eit stykke om ”Lovund og litt til – om tre kjende øynamn på Helgeland” (1985: 81f), seinare nemnt under artikkelen Lovunda i Norsk Stadnamnleksikon, men ei kjensle av kanskje ikkje å ha gått til­strekkeleg djupt i dette namnespørsmålet låg der og murra i åra etter. Eg hadde då fått vite at der finst ein avgrensa lokalitet Skogen vest-sørvest på øya og rekna med at min skepsis mot ”lauv”-teorien måtte vere ugrunna, men ikkje alle ting stemte:

Rett nok kunne denne skogkrullen te seg som eit særmerke for øya, dersom det låg andre store øyar attmed Lovunda som var skoglause, men slik er det jo ikkje. Etter lokaltradisjonen var dessutan den same Skogen 1) ein vanleg vedaskog, ikkje berre eit lauvtak, så av kva grunn skulle då øynamnet fokusere akkurat på lauv? – Under arbeidet med Stadnamnprosjektet i Nordland (som tok til i 1986) var eg då på utkik etter liknande namn i og utanfor fylket, men det var først i 2007 at det vart tid til å sjå nærmare på slike.

I mellomtida hadde det skjedd at Eva Nyman gav ut «Nordiska ortnamn på –und» , som kom i 2000. Det tok si tid før eg kunne gjere meg grundigare kjend med boka, som på den eine sida gjorde meg merksam på namn eg ikkje visste om, og som på hi sida styrka mi oppfatning av kva geografisk avgrensing eg burde velje, nemleg i hovudsak halde meg til namn frå norsk område. Det bygde seg opp alt mens eg las Eivind Vågslids artikkel ”-und i stadnamn” (Vågslid 1974:184ff). Det vil då seie at det flg. ikkje skal vere noko nordisk oversyn, om eg enn kjem inn på svenske namn der drøftinga av norske gjer det naturleg eller der eg trur det kan tilføre drøftinga av ikkje-norske namn eitkvart nytt. Tidt er det nok å peike på Eva Nymans store, banebrytande arbeid.

Det bør elles vere sagt: Det er eit aksiom at alle –und-namna (Iversen § 138, anm.) er nordiske, det er vel så truleg at fleirtalet av dei har eller kunne ha samisk opphav. Mitt utgangspunktet er temmeleg enkelt: I austsamisk finst forminskingsformer (eller deminutivar) med utlyd –ntj med nasal, som jaurenč ”liten innsjø”, jogenč ”lita elv”, luchtynč el. luutynč ”lita vik”, njarkenč ”lite nes”, suolenč ”lita øy”, varenč ”lite fjell” ofl. (Minkin 1976:189 f). Ein slik nasal dukkar ikkje opp i ein dialekt der han først ikkje fanst, det må vere eit fenomen som har falle bort overalt elles, då det er i utkantane av språkområde (målvald) at alderdommelege språkmerke overlever. Men viktigare er ein ord- og namnkategori som minner om deminutivar, men ikkje er det, nemleg typen –, - som blir ”føiet til tostavelses nominalstammer, således at suffiksets vokal erstatter stammens endevokal [og] danner konkrete substan­tiver (med stadieveksling), som betegner noget som har likhet med eller skriver sig fra det som grunnordet angir” (K. Nielsen 1926:§ 217, mi utheving).

Den siste kategorien, –oš, –uš, inneheld temmeleg mange stadnamn-relaterte døme (Qv 1938: 262f, 1944:4), og truleg hadde denne kategorien opphavleg nasal, liksom eigentlege deminutivar? Det er ein arbeidshypotese som ser lovande ut. For å ta eit sentralt døme: Eg trur at det palatale –unč (les –untj) vil kunne gje ikkje berre –und og –unden på nordisk tunge, men også –unjen, –ungen slik som i fleire innsjønamn. Det er neppe slump at Fämunden alias Femund òg har vore skrive som Fämungen (Venås 1987: 163) eller at Brumund- òg har vore uttalt ”brømmøŋn- (132). Å rekne med så store språkskilje at opphavleg samiske namnelagingar var skjerma mot påverknad frå germansk/urnordisk (eller omvendt) er lite tilrådeleg, kontakten folkegruppene imellom over tid var ikkje så liten.

Kva flik av und-komplekset ein startar med er neppe viktig, det må vere viktigare å stå fritt i utgangspunktet. Konvensjonell gruppering i øynamn, elvenamn, sjønamn mm. kjem lett i vegen for framstillinga, så frå først av gjekk eg alfabetisk til verks, men har etter kvart valt å ta namn på øyar og halvøyar for seg, fjell, dal, skog og flatland for seg, og likeins dei i hovudsak vass-relaterte und-namna for seg. 

Samisk tilnærmingsmåte vil ikkje vere udelt populær! Kor som er, sommaren 2006 kom tidender om rike funn av samiske teltplassar på botnen av Aursjø-magasinet i Lesja, ja sjølve ordet leasja eller leasjoe tyder både vasspytt, lita tjønn el. myr med slike tjønner (Qv 1944: nr 509.) – Vi kan knapt nok tenke oss noko meir norsk enn ”de bønder fra Våge, Lesje og Lom”, men det bør ikkje få stenge for meir nyanserte tilnærmingsmåtar i namnegranskinga, like så lite som i arkeologien. – Mange stader i Nordland, Troms og Finnmark finst namnet Finnøya, som vi her nord utan nøling knyter til folkenemninga finn: Namneforskarar som utan nærmare grunngjeving vil sjå bort frå ei tilsvarande forklaring for Finnøya'ne i Rogaland, på Agder og Møre får eit metodisk problem. Namnegranskarmiljøet har knapt brydd seg om den slags inkonsekvensar hittil.

Aspund, Aspon, Asbon

Aspon (uttalerett) eller Aspund er øy og gard i Frogn i Akershus, tradisjonelt tolka som "øya der det veks asp" (NoSt). Eldre skriveformer enn Asbøen 1743 og Asponen kring 1750 ligg ikkje føre (Nyman: 199), og tilsynelatande er Aspund ei avleiing av udiskutabel nordisk type. At asspa finst som lånord i sørsamisk ved sida av suvpie (Qvigstad 1893:94) er nok i den samanhengen irrelevant. – Eva Nyman ordlegg seg såleis: ”Ön Asponn är numera tämligen bebyggd, och det är svårt at bilda sig någon uppfattning om den naturliga vegetationen. Ingenting talar dock emot att det funnits rikligt med asp på ön” (Nyman: 199). Det tør vere rett nok, men dei beste nærfoto av øya tyder likevel på sterke innslag også av barskog i berglendet der.

Den rare forma Asbøen frå 1743 gjer i alle tilfelle at eg blir mint om eit nordnorsk stadnamnelement –bonen, frå samisk bov(d)n- ”tuve”. Så «–bøen» eller «–ponen» speglar helst sørsam. båvne el. bavne ”åsrygg, treløs på toppen”, i sørleg sørsamisk ”lavt, snautt fjell omgitt av skog” (Bergsland 1993) – jfr. varianten Ryffienbåvnaa (Hasselbrink) – òg med skrivevariantar bounë el. baunë (Collinder) ”bergkulle, slät kulle”, eller ”lägre, delvis skoglöst fjellparti”, eller også ”liten fjällklimp, som en kägla” (Hasselbrink 298). Førsteleddet el. utmerkinga As- er nok tilsvarande aesie ”skogkledd ås” (lånt frå nordisk), som også finst i sørlege skriveformer áse, äse.

Klikk for stort bildeAspon (Aspund) med sin tuveforma 68 m høge topp er som ein ås i fjorden. Lasse Boberg  

I samband med øya Aspon har det i namnelitteraturen også vore vist til at Sømna i Nordland har Asponvika (Aspundvik) som bruksnamn. Stort til vik er det ikkje på den staden no – likså lite som i Storvika og i Bjørnvika tett vestafor – men Sømna har hatt sterk landheving: Ved 10-meterskoten skjer Asponvika og Bjørnvika seg djupt inn, og Storvika blir ein djupt innsvinga bug. For Asponvika sin del er sagt at det var mykje osp i dalsøkket ovanfor før garden vart rydda eingong på 1800-talet, men det stadnamn fortel om vekstlivet på ein stad peikar helst mykje lenger attover.

I utskifte frå 1891 står Aspundviken og Aspundholmen. Uttalen no er Aspènvikje, men Aspuᶇhåłmin (har også høyrt Aspin- her). I 1865 og 1875 var ”Asbjørnvika” endå husmannsplass, det kan forklare ”Asbjørnholmene” på ØK og ”Asbjørnskjer” på N 50. Litt kratt er det nok på holmen i dag, men han ligg open for hav-veret og var før jamt nedbeita av sau 2). Mest sannsynleg er Aspundholmen å oppfatte som *aspundvikholmen sekundært til bruksnamnet og då som eit vitnemål om tidlegare bruksrett. – For sjølve bruksnamnet blir visst tolkinga den same som for øynamnet Aspon, Aspund, for tett innanfor ligg den runde Aspon- eller Aspundvikhatten. NB: I nordlandske stadnamn er det ingen stor tydingsskilnad på ”hatt” og ”tuve”.

Sømna har namnelagingar som Aspgrova, Osphågen, Asplia og Osplia, Ospvika og Aspåsen.Vanskelegare er det å forstå kva som har ført fram til den alderdommelege namnelaginga på –und for akkurat denne lokaliteten? Eller litt annleis vinkla: Kvi­for har ikkje treslag som alm, barlind, hassel, lønn, older/or gitt fleire udiskutable und-namn på landsbasis, attåt Aspund og Eikund enn kva tilfellet er, dersom tradisjonell namnetolking om område med konsentrasjonar av desse treslaga stemmer?

Aspuntjennet er å finne i Eidskog, det vil seie: Så blir namnet skrive på ØK, og slik kjem det opp ved namnesøk, men på N 50 står ”Asbjørntjenn”, dvs. tradisjonelt tvitydig plent som Asponvika i Sømna. Tjønna ligg mellom eit par avrunda åsar, men lokalkartet er namnefattig og til lita hjelp. Asbjørnåsen i Våler er iallfall og enkelt nok ein tuveforma rund ås. Asbjørnshei i Grimstad er ein smal og litt kløyvd fjellformasjon, men har ei rund åstuve lengst i søraust.

Aspundsøya (”aspoņsøya) ligg uti havgapet i Vikna og er relativt høgvoren med ein 46 m høg topp eller hump i nordaust. Øya er skoglaus, berre lyngvaksen og delvis grasgrodd. Ei norsk namnetolking ”forsynt med osp” er altså tvilsam, mens samisk forståing ásbo(v)n- er topografisk korrekt. Genitivs s er då eit yngre norsk fenomen (jfr. genitivs s i ei samansetting som ”husbondsfolket”, evt. ”husbundsfolket”) som kan ha oppstått då eit opphavleg øynamn *Asbon fekk -øya som forklarande norsk tillegg. Eller også heitte øya *Asbonsuolu frå først, og det kom til rang oppløysing Asbons- då «-suolu» skulle bytast ut med «-øya»? Det er i alle høve ikkje å undrast at norske ord som grunn, lund og sund osv. på sine stader har påverka uttalen av det meir uvanlege (as)bon-. 

Held vi oss berre til det norske i vår tyding av Aspund-namna, blir det påfallande at dei ingenstad i landet finst i u-omlydd form Ospun(d)-, Øspun(d)-: ”Dette ljodbrigdet framfyre ståande u synte seg serskilt i vestnorsk (aller sterkast i islendsk), minder i austnorsk (d.e. trøndsk og austlandsk) og luter av nordnorsk. Det ovra seg vei­kare di lenger aust eller sudaust i Noreg dei kom” (Indrebø 1951: 81). D. A. Seip sa det så: ”Moderne dialektforhold og stedsnavn viser at omlyd må ha vært brukt over hele det no. område, kanskje med unntak av ytre Trøndelag med Trondheim og deler av Nordland. Det rimeligste er at u-omlyden har virket overalt, men at utjamn­ing har kunnet virke samtidig og hindret gjennomføring” (sitat Iversen 1961: 33). Her er, som vi ser, stadnamna ein del av grunnlaget for slutninga, så vi risikerer eit sirkelresonnement dersom vi brukar slike sitat til stønad for eineforma Aspund.

Eikund

Eikund, det gammalnorske namnet på Eigerøya ved Eigersund <Eikundarsund, blir tolka "øya som har mykje eik". Dette blir vanlegvis presentert utan atterhald, trass i at det er tale om ei skrinn og steinfull øy. Ikkje minst av den grunn burde ein vere open for ei anna forklaring, slik Rygh langt på veg er, idet han reflekterer over dei likelydande gardnamna Øygrei gnr. 21 i Helleland og 42 i Eigersund, Øygrei alias Eigerøy, skrive Eikarøy 1347: "Øigrei i Egersund ligger paa en Ø (øy) mellem to Arme af Hellelandselven. Da dennes gamle Navn sandsynlig er bevaret i Eikudalr [bygda], er det, som antydet NE. S.37 (hvor Eikudalr dog ikke nævnes), rimeligt at søge det samme Elvenavn ogsaa i Gaardnavnet Eikarøy". Rygh er inne på at genitiv *Eikar- på grunn av redusert uttaletrykk kan ha blitt tatt for å vere eit usms. *Eika slik at ny genitiv *Eiku- oppstod, og seier så om gnr. 21 i dåverande Helleland:

"Øigrei i Helleland ligger c. 15 KM høiere oppe i det samme Vasdrag, paa en "Ø", som dannes ved sammenløbet af de to...omtalte Elve [frå Gyavatnet+Teksevatnet]. Ogsaa her kan saaledes Øigrei mulig være *Eikarø, af samme Oprindelse som Øigrei i Egersund. Mod denne Opfatning kan dog indvendes, at det er noget paafald­ende, at Gaardnavnet skulde optrede paa to Steder i saa kort indbyrdes Afstand. Dertil kommer, at Øigrei i Helleland ikke egentlig kan siges at ligge paa "en Ø i El­ven Eik-"; "Øen" dannes jo af de to Elve, som sandsynlig engang har hedet Gý- og Þex-" (NG 11: 69). Alternativt kan Rygh seg tenke at namnet Øygrei i Helland er ei sms. med -heimr redusert til -ei, men det er tydeleg at han er litt utilfreds med den teorien og.

Det finst eit ordpar av anna opphav som kan sette oss på spor av kvifor vi finn dei gammal- resp. mellomnorske formene i Æikudale og j Echodal i staden for Eikar- som vi ventar: Det er gno. eykr, gen. eykjar "køyredyr" jf. nynorsk øykja f "merr" i same tyding. Det gir i og for seg ikkje ei rimeleg forklaring på øy- og dalnamnet(!) men det hjelper oss på veg dersom vi resonnerer ut frå falsk analogi:

Namnet Øygrei har i begge tilfelle med deling (av elv) å gjere. I høg grad todelt er sjølve Eigerøya med. Desse topografiske detaljane har vore lite framme i drøftinga av namna. – Merk at "deling" på samisk heiter juohkú, gen. juokú (Collinder). Det er nomen actionis av juohket (juøkket, jwøket), sørsamisk juekedh "å dele", så som i jän(n)u-juokú "åklyka", elvedeling (jfr. Friis og Nielsen, čacce-juokko), merk her elvedelingane ved dei før nemnde Øygrei-gardane. Collinder har eit oppslag juoka "skil, grense", så som i nordsam. tjahtse-juoka "vass-skil" og joka-juoka "ställe där en bäck eller å delar sig i två armar, av vilka den ena går till norska sidan".

Ordet åk (gno. ok) kjem av germ. *juka (gav fi. juko og nordsam. juhkku i nærlig­gande tyding). Til dette sluttar seg øyk, gno. eykr, av eit urn. *jaukiR <germ. *jaukija "det (dyret) som er spent for åket". Det ser mest ut som at eitt av dei framande samiske orda for ”deling” ved overgang (frå ursamisk til urnordisk?) har gjennomgått same lydutvikling som *jaukiR > eykr, jfr. nedervd uttale Øygrei for Eigerøy. Det forklarer kanskje også at gno. Eikudal minner om, men i bøyingsmønster ikkjesamsvarar heilt korkje med eykr, eik eller eikju (som underform til eikja ”pram”).

Jalund, Jǫlund

Namnet Jeløya, gno. Jalund (Jǫlund) i Moss, "er truleg laga til eit fjordnamn *Jali. Dette finst i opprekninga av fjordnamn i Snorre-Edda, men er elles ikkje kjent frå Noreg. Her må det i tilfelle ha vore brukt om Verlebukta eller Mossesundet" (No­St).

Kåre Hoel har overtydande synt at Veðla må vere det opphavlege namnet på vâlen (sundet) som eingong gjekk nettopp mellom Mossesundet – elles får ikkje "sund" noka rimeleg meining – og Verlebukta, som også heitte Verla (Hoel 1985: 227f). Nettopp forsnevringa Verla, som forlengst er oppgrynna og no heiter Verlesanden, må ha vore det aller fremste særmerket ved denne farleia.

Det er vanleg å oppfatte fjordnamnet *Jali som lydkarakteriserande, jamfør Norsk Stadnamnleksikon med litteraturtilvingar så vel som Blöndal Magnússon: Jölund, Jali og jala. – Men om no "bylgjebrot og vind-tòt" høver bra for Mossesundet og Verlebukta, kvifor er då tilsvarande namn heilt fråverande på langt meir verharde kyststrekningar vest og nord i landet?

Den geografiske plasseringa av namn som liknar på Jalund gjer det tvilsamt at slike namn går på låt av vind og våger: Topografisk slump er det knapt at garden Jellvoll |''jeᶅᶅ-|, som ligg der den elveliknande Jellvollstraumen frå Borgpollan i Vestvågøy fell ut, heiter (af) Jallauelle i AB 97. Jf. også Hiellunden, Hiälunden og Giälunnen som variantar av sjønamnet Jällunden i Småland på 1600-talet. Busetnaden Jälund i Gryt i Södermanland ligg ved trongaste sundet mellom sjöane Öviken og Inbåven.

Jälluntofta ligg ved Jällunden vi nyss nemnde og har namn av han: Soknenamnet er i 1268 skrive "in jæluntomptom" (latin). Like vest for Jälluntofta er sjøen ovtrong, mellom oddar og små øyar som er nesten eller heilt landfaste. Men mest særmerkt er den tronge, elve-liknande armen eller forlenginga som Jällunden har mot nord, og som strekker seg godt inn i eit anna sokn

Järnlunden er ein sjø i Kind kommune i Östergötland. Ei kjelde frå 1362 fortel om ein sjø kalla Jælunder (1362), seinare kalla for Jærnlundasyø (1386 m.m.). Svante Strandberg reknar likevel med at den eldste forma er korrekt. Han jamfører med dei andre Jæl- og Jel-namna, og Nyman sluttar seg til: ”Det kan nämnas at Järnlunden är en stor och öppen sjö, som lätt blåser upp” (Nyman: 351ff). Sjøen forgreinar seg mot vest og især mot nord, der det er fleire tronge sund.

Kåre Hoel siterer, i si drøfting av det Vaðla, Vǫðlu som blir nemnd i Ynglingatal og i Ynglingasaga: ”Det fortelles der om vestfoldkongen Eystein Halfdansson, som et­ter et herjingstokt over fjorden til Varna (Rygge), dør på tilbakevegen. Tjodolv sier i Ynglingatal at han ble begravet «på raets kant, på raets ende» (á raðar broddi), der hvor «Vaðlas straum til vågen kommer» (Vǫðlu straumr at vági kømr)”. Kåre Hoel påpeikar at Alexander Bugge i si tid tenkte seg kongens gravhaug plassert nettopp ved ”Vedelen, det gamle navn paa landtangen mellem Jeløen og fastlandet, og ved enden av Mosseraet, den lange av hedenske graver dækkede morænevold, og ikke i Borre, som Snorre tror”.

Hoel tvilar på at Snorre tok feil, men ikkje på topografien: ”I alle tilfelle har her, før det ble et eid, vært et smalt, grunt sund mellom Jeløya og Mossesiden, som ikke u­naturlig kan ha blitt betegnet som en ’straum’. Det som nå er bukta Verla eller Verlebukta kunne stå som ’vågen’ som ’straumen’ har kommet ut i ... Dessuten taler nok uttrykksmåten om élkaldr Vǫðlu straumr «som kommer til vågen» mest for ei elv, selv om en kanskje ikke skal legge særlig vekt på élkaldr” (Hoel 1985: 236ff).

Her er tida inne for å nemne eit framlydsfenomen som vi i Nordland kjenner fleire døme på: Gardsnamnet Jalmaus i Tysfjord er sms. av njálmme (nordsam. njálbmi) ”munn”, les fjordkjeft og os m i samisk låneform, medan gardsnamnet Jarbakkan (sjeldnare Jærbakkan) lengst i sør på Tindsøya i Øksnes lar seg meir overtydande tolke ut frå samisk njárga ”nes” enn frå jar <gno. jaðarr. Jarsponen i Vågan er nok njeahcetbovdna (Myrvang 1995: 114). Jonsåsen i Bø kan vi greitt kople til njunis ”fjellnase” (Qv 1944: nr 644), osv. Slike framlydsreduserte former finn vi sjølvsagt sjeldnare i samisk, men i sml. med det nyss omtalte Jalmaus kan nemnast Njámus- eller Jámus- lik Njálmus-várri i Troms (Qv 1935: 84).

Interessant i lys av det omtalte er då samisk ”njiellú, gen. njielú svalg (på människa och djur); våldsamt strömdrag i älv. Avl. av njiellat svälja, sluka; finsk niella, stam niele-”, stadnamndøme Kállak-njiellú ”avsmalnande sträcka av älven med en stråka med stark ström” (Collinder, frå Jokkmokk). Med dagens nordsamiske rettskriving njiellu ”svelg (anatomisk); strømvirvel; trekk, drakraft (i rokk); åpning (i ruse)”, jfr. nordsam. njielehat ”malstraum”. Sørsamisk har njiëledh v. ”sluke” (om dyr)”, noko som gir ei aning om at eit tilsvarande nomen *njiële fanst, for «-le» kann Subst. bilden, die irgendwie mit einem Verb zusammengehören” (Hasselbrink 170).

Overgangen samisk nj > norsk j er altså ikkje reint uvanleg. Det kan det sjå ut til at eit samisk *Njiëlunč som namn på eit område der straumrenna var sterk, ved språkskifte til nordisk følgte ”mekanisk” i same far som ord og namn med ekte u- og a-bryting og og vart Jǫlund, Jalund (jfr. Iversen 1961: 34). At så dette med tida gjekk over til å bli namn på heile halvøya utanfor den tidlegare straumen, er då ei denotasjonsendring eller eit innhaldsskifte som på ingen måte er påfallande. Det er såleis god grunn til å sjå nærare på dei svenske Jälund- og Jällund-namna også med tanke på «trongstraum» av eitt eller anna slag.

Loønd, Lønnøya

Loønd, meir normalisert Loǫnd, er Snorre-Edda sitt namn på hovudøya i øygruppa Vesterøy i Hvaler i Østfold, skrive (j) Loonder 1397, Lunderøe 1597, Lungøe 1715 - 1717, men Lønn Øen 1773-1775, Lonøe 1785, Lonø 1846 (her i samandrag etter Nyman: 397). Kanskje låg dei seine skriveformene «Lønn Øen», «Løn-Øe» faktisk den tids uttale nærast, like før namnet gjekk av bruk kring 1800 (A.S. Nilsen: 139).

Med tanke på fjellprofilen til Lovunda så vel som Lauvøya i Steigen (seinare) fell det i auga å lese om Loǫnd: ”Med Bankerødkollen og Skjelsbuveten [begge] på 72 meters høyde, blir øya også et godt landemerke for den sjøfarende når han følger skipsleia ut eller inn fjorden” (Nilsen:129). Dette er likevel neppe hovudpoenget.

Under tvil har det vore rekna med at Loǫnd er eit und-namn, endå vi i Snorre-Edda finn ”alle de säkra –und-namnen med ändelsen –vnd” (Nyman: 397). Topografien tilseier likevel ei noko anna forklaring: Loǫnd alias Vesterøy er oppsplitta i ei rekke store og små halvøyar i sør, vest og nord, jfr. norr. loða, nynorsk lòda og 3), sv. låda og lo, shetlandsk lu ”henge fast (ved)”, altså i utgangspunkt svært så likt lava, gno. lafa. Det er av kartet lett å sjå at ved ca. 2 m høgare havnivå for 600-700 år sidan (Nilsen 1976: 170) var øya endå meir oppsplitta.

Tenker vi oss så ei substantivert kortstava presens partisipp namnelaging *Loandi, blir regelrett fleirtalsform *Loendr, jfr. skriveforma Leender i den prenta utgåva av biskop Eysteins jordbok ca. 1400, kontra korrigert lesemåte Loonder frå originalen (Nilsen 1975: 127). Det gir regelrett *Loǫndum, noko som snertar soga om Harald Hårfagre i Heimskringla som fortel at kong Gandalfr ”sat í londum með her sinn” (Nyman:397, note 196). Men av di slike substantiviske presens partisipp-former i utgangspunktet er hankjøn (Iversen: 92), blir Loǫnd like gjerne formalisert hokjøn eintal (på line med Lófót i staden for Lófótr), då øynamn i prinsipp var hokjøn, om så regelrett fleirtalsform Loendr var brukt i dagleg tale. – Med ulikt utgangspunkt kjem også Vågslid fram til at namneforma Loǫnd bokstavleg talt kan skrive seg frå Snorre, medan folk flest eigentleg brukte fleirtalsforma 4).

Lauvund, Lovund

Lovunden er gnr. 1 i Lurøy. Husa ligg på strandflata under det høge og temmeleg bratte fjellet. I dativ kan det lyde både (i) |"låvvuᶇᶇa|, |"løvvuᶇᶇa|, |"løu-uᶇᶇa|, når vi reknar nabobygder med. Dei eldste skriveformene NG nemner er Loffønn 1610 og 1614 (og så Lofføen). Vi ville tru at innlyden ”ff” i røynda var vv på den tid òg, men vurderinga kan her vere vanskeleg, for ei og anna samtidig skriveform – frå nordfylket rett nok – viser korleis de skriverkarle skalta og valta med gardsnamna, t.d. Houff for Haugen gnr. 5 og Kløffuen for gnr. 40 Klæva i Andøy, og Hoffuen for gnr. 142 Haugen i Vestvågøy, Schoffue og Skoffue for Skau gnr. 10 i Røst, Kleffuen for gnr. 25 Kleiva i Evenes osv. Når eg uttaler meg tvitenkt om ff/vv, kjem det også av at ordet gov (gåv) ”gufs, fokk” (av mjøl, mold, støv osv.) i Bø i Vesterålen fram­leis kan bli uttalt gåff òg: ”gåffe sto”, ”bærre så det gåffa”, og Dønna har eit tilfelle der stadnamnet Gavlan den dag i dag blir uttalt som om det var fleirtal av gaffel m.

Frå fleire sider er øya Lovunda noko kolle- eller såteforma, men sedd frå nord eller sør har høgaste toppen nabb- eller keip-liknande profil, så «Lovunden luta». Dertil kjem det særmerket at Lovunda sedd frå nord har ein djup, brei klove i fjellprofilen, og Lovøya (Løvøya, Lauøya) i Steigen har på fråstand eit liknande hakk i sin profil: Skulle Lov-, Løv- ha noko med det særmerket å gjere, ville det vere tale om to like, såkalla ”veiens navn”, men då burde vi kunne påvise noko liknande på andre stader som går under namn på Lov-, Løv-, og det er tvilsamt. Vi bør snarare legge brett på at den nyss nemnde kloven i fjellprofilen lagar eit vedheng til Lovunda, Nøva: Det som fell folk i auga er Lovundfjellet sett under eitt, men utan den spesielle detaljen ville øya ikkje hatt ein fullt så kjenneleg profil. 

Klikk for stort bildeLovunda med sin karakteristiske” hengande” profil. Under ligg Skogen. Til v. ser vi Nøva og Nøvskardet, nær busetnaden. Hermann Mindrum  

Heimersida av Lovunda har i tillegg til Nøvskardet eit par andre særmerkte innslag i geografien, dei to lange tangane Heimer– og Ytterstyvan, som naturleg vil bli lagt merke til av folk som søker hamn. Namna heng i hop med stuv, gno stúfr m ”stump, stubbe”, eller stýfi n brukt kollektivt: I. Aasen har styv m ”stjert, fuglehale” just frå Nordland, og baken, på mindreårige helst, går for skjemt under namn som stjerten, styverten, vélfjøren(e).

Lauvundsbakkan i Leiranger sokn i Steigen er ein 700-800 m lang og om lag 500 m brei bakke som hallar slakt frå den bratte Storlia ned til Stormyra og vidare mot den langgrunne, vide vika som skjer seg inn her mellom Botnfjorden og Saursfjorden: Den dyrka myra er så å seie flat, men bikkar bratt ned mot strandkanten nedst, med to-tre særleg bratte framstikk i norde halvdelen. Det som kjem fram i strandkanten er sand og leire, altså gammal sjøbotn. I den til dels bratte fjellsida ovanfor er ingen andre sms. på Lauvunds- å finne, Lauvundsbakkan er eit isolert namn, men seiemåten "innunder Lauvundsbakkan" inneber eit perspektiv frå sjøsida, får vi tru. Derfrå ter Lauvundsbakkan seg nokså bratt, som nemnt er, med sine framstikk.

Lovunden i ytterkanten av utmarka til gnr. 16 i Nesna er ikkje ein lokalitet som fell like mykje i auga som dei omtalte, nærmast kun ein rabb i retning aust-vest: Austre enden av rabben ender skrått mot ein bekk og lagar ein sving på bekken, medan ein kortare og parallell rabb tett sørom ikkje rekk heilt åt bekken. Eigentleg ligg desse to rabbane såpass nær einannan at det er rettare å tale om éin bakke med to brinkar eller bakkekammar. Fjellsida elles er ganske slett, så denne Lovunden var synberr nok – før området vart tilplanta med barskog.

Jørn Sandnes tar i sin omtale av fjellnamn i Trøndelag tilsynelatande med endå eit Lauvund(s)-namn.: ”i Tydalen finn vi atter eit høgt fjell med merkeleg namn, Lauvun eller kanskje rettare Løvunden (uttala løvunnj, dativ oppmed løvunnja, med tostavings tonelag og med den merkelege ø-lyden som her representerer eldre au). Dette ser ut til å vera ei avleiing på –und, av lauv skulle ein tru. Nett attmed har ein sjøen Veunden, som kunne vera ei und-avleiing til viðr ved, skog. Men korkje skog eller lauv høver som tolkingsgrunnlag for desse namna. Her er berre snaufjell. Ve­unden ligg på 1060 meter, Løvunden over 1300 meter, så vi får seia at forklaringa i begge høve er uviss” (Sandnes 1968: 52).

Etter det eg har spurt meg fram til, finst denne fjelltoppen likevel ikkje, Løvunden med kort ø er ei fjellside eller li i lægda nordvestom Veundhøgda. Søk på Lauvun i Norgesglasset, ikkje Lauvund, fører til lokaliteten Lauvundøyan som skal vere just det same. Særmerkt for området er alle bekkane som renn nordaustover og samlast til Svartåa som fell ut i Svartåsjøen, men det ser ut til at fokus må flyttast til garden Løvøya, mykje lenger nordvest, ved elva Tya. Vest for garden ligg Løvøyvola (825 m) med Løvøykleppen (812 m) som eit lågare vedheng tett nordafor, begge brattast på sida som vender mot garden. Dette tar til å likne andre lokalitetar som er berarar av tilsvarande namn. Løvund-øyan er vel eit utmarknamn relatert til fjellformasjonen som opphavleg heitte Løvund. Då dette så gjekk over til å bli gardsnamn, fekk fjellformasjonen nye namn Løvøyvola og Løvøykleppen?

Det er alt nemnt at lav i nyare norsk ikkje først og fremst tyder ”vedheng”, snarare ”nedheng”. Eit avleidd lǫfund med u-omlyd og med dialektvariantar låvund, løvund og lauvund, nytta om litt skarpkanta bakkefall, går uventa nok best saman med den siste og mest moderne tydinga, og grunnordet så vel som avleiinga synest vere fullt ut nordisk. Likevel er ein samisk definisjon – at avleiinga [lovund] ”betegner noget som har likhet med eller skriver sig fra det som grunnordet [laf] angir” – minst like god som det vanlege nordiske ”som er forsynt med”, og klårt betre enn det ad hoc-formulerte ”har den eigenskap at”, ”har mykje av det som ligg i førsteleddet”.

Dei tre sikre Lovund-lokalitetane er, som framfor omtalt, temmeleg forskjellige, og det er inga overdriving at eg har grubla over namna i fleire tiår, gått i ring og sistpå vendt tilbake til gno. lafa v. ”henge slapt ned”, då dei omtalte bakkekantane er det sikraste topografiske fellestrekket. Dette er også danske namnegranskarar inne på når det gjeld bygdenamnet Lavend, glda. *Lafund så vel som det gamle Laven(å), i dag Seest Mølleå lik Vonsild å lenger sør på Jylland, endå dei i utgangspunkt først tenkte på plantenamnet lav: «Kousgård Sørensen nämner dock möjligheten att ett annat ord, bildat til samma rot, urg. *laъ-, *leъ- ’hænge slapt ned’, kan ligga till grunn för namnet, och han påpekar att verb med betydelsen ’hänga’ o.d. ofta visar en betydelsesutveckling til ’slutta, luta’». Bent Jørgensen brukar same tolkingsalt­ernativ og nemner i samband med Lavend ”bymarkens svagt hulede form bag bak­kerne” ned mot innsjøen Julsø (Nyman: 379). 

Olvondo

Olvondo (”ålvåndo) er ein låg og snau, tilnærma trekanta bergholme langt uti havet vestom øya Bømlo. Namneformene på ØK er litt ugreitt påførte, men likevel er det neppe tvil om kor vi har Søra og Nordra og Austra Keila

To måtar å tolke namnet på finst: Enten halvemål for *hǫlfund (til hǫlf <halfr), med tanke på ei smal langsgåande kløft som kjem fram på flyfoto og deler holmen, men det er vågalt av di kløfta knapt er synberr for sjøfarande, dessutan høyrer ”alvemål” i første rekke Nordfjord og Sunnmøre til. I den andre tilnærmingsmåten står ordet «keile» sentralt: Frå Tana og Lebesby har Qvigstad alleá (framlyd med dunkel a) ”en lang kjeile ved sjøen mellem berg, skikket til landing”, frå Tana også alled- eller alleg-mok’ke (Qvigstad 1944 nr 23). Dette er tilsynelatande uinteressantt kva Olvondo gjeld, men Qvigstad jf. faktisk alleá beinveges med alæf ”kløft i et berg i strandkanten” (K. Leem, Lappesk Nomenclator:264). I samandregen form alf- + omlydsverkande –unč blir det ein framifrå utvidande «områdekarakteristikk» med den lange kløfta som går over heile holmen, og bunden form –o er dialektrett.

Solund, Sølendet

I Femunden ligg den ganske store Sollerøya eller Solra (sjå NS). Endinga -(e)re er vanleg avkorta sørsamisk form av jaevrie "sjø", nytta som sisteledd. Derfor spørst det om Sollerøya reflekterer eit parallelt sjønamn *Såålere eller *Soolere, av sååle, soolë "øy" + jaevrie? I sjøen Siljan i Finnmark i Sverige ligg det ei øy med namnet Sollerön (jfr. Venås 1987: 164), i Norrtälje i Stockholms län finst Sollarö, og heile fem stader i Dalarne er Sollen namn på øyar av vekslande storleik. (Jfr. Sverdrup 1925: 117 og Bergsland 1983: 7, 15). I vårt eige Finnmark er Suolojávri eit vanleg namn – og her kan vi samanlikne med Øyeren, Øyangen og Øyungen sørpå.

Søla (”sø:łe), dativ (i ”sø:ł’²) er ei øy med ein avfolka gard utafor Vega ”fastland” i Nordland. Det kan etter i-målet i Vega vere like rett å normalisere til Søli, og i alle fall er (”sø:łi-) det tradisjonsrette for ei rekke samansette (sekundære) namn, berre med unnatak for Sølengrunnen.

Klikk for stort bildeFemunden med Sollerøya til v. Ukjend fotograf  

Solund ("su:l~n) heiter ein øykommune i Sogn og Fjordane. Størst av øyane er den sterkt oppdelte Indre Sula ("su:la) , i tillegg kjem Losna, Ytre Sula og ei rad andre og mindre øyar. Skriveform Súlund tør i flg. Oddvar Nes vere rettare enn overlevert gno. Sólund, Sólundir flt. (sjå NS, oppslag Solund).

Klikk for stort bildeFor dei som oppfatta Vega som fastland, relativt sett, var det naturleg nok å sjå på Søla berre som ”øya”, *sööle eller noko i den lei. Kjell Iver  

Også her gir det seg sjølv at vi ikkje kan sjå bort frå sam. suolu "øy", sørsam. soole (sååle). Nordleg diminutiv er sulluš, men eit opphavleg *Sullunč bør i dette tilfellet ikkje ha tydd "lita øy", det har heller stått for ”landskap med øyar”, utvidande.

Solend heiter ein gard i Radøy og ein annan i Austrheim. Den første har spreidde små høgder i elles lågare lende, for den andre synest høgdeskilnadene å vere små. Collinder har ordet for øy i fleire sørsamiske former som súllë, suulë og sólë, då òg i tydinga ”isolerat parti fastare mark i en myr”, noko som høver framifrå i det siste tilfellet – og dess tydelegare for garden i Radøy.

Sollen(d) som namn på øygruppe i eigentleg meining synest å høve for Sollenkroka og Sollenkroka fladen i Värmdö, Stockholms len.

Sølendet er eit verneområde i Røros, ei myr som eigentleg berre er ein snipp av eit langt større myrområde som strekker seg nord til Møssmørvola og Langvika i Rien (jfr. Storfloen og Kaldkjøldmyra) og er særmerkt ved spreidde små tjønner, så vel som talrike små og nokre litt større knattar, spreidde nokså jamt utover.

Ein kan mistenke Sølendet for å tilsvare sørsamisk suulëtjë (Collinder), då snarare i utvida, terrengkarakteriserande meining enn som eigentleg diminutiv. Men to ulike tolkingar opnar seg: Vi kan tenke på dei mange knattane i lendet som ”øyar”, men det er òg eit faktum at Møssmørvola dominerer landskapet og vél kunne fortene ein sørsamisk merkelapp sååle-vaerie el. såalah-vaerie ”øyliknande [einsamt] fjell” 5).

Det sist omtalte har i høg grad interesse også for Sølen i Rendalen, eit tretoppa og ganske isolert fjell på sørvestsida av Sølensjøen, like så vel som for Sølenkletten i Alvdal.

Fotnotar:

  1. Det er interessant å sml. Skogsøya i Øksnes, jfr. plassfestingane «af Hødall ... i Skogssøynne», «af Seluagom j Skosøy», «af Tunastadhom i Skosøy» og ”af Waaghæ i Skogsøynne”, alle frå AB. Øya er nære på berre fjell i hav og utmerker seg slett ikkje med mykje skog, men lokalhistorikar Johan Borgos peikar på at når du ligg på den vide Børrøyfjorden i sør og har utsikt til dei bratte øyane i Øksnes, finst det eitt unnatak: Lengst sør på Skogsøya er det ei relativt stor strandflate frå Hjellsand (Gjeltesand) – Tunstad og heilt innover til Øksnes prestegard. I desse myrane har han sjølv vore med og torva. Under det arbeidet var alle røtene av fora eit tidheft, men fekk dei tørke, var også dei eit godt brensel. Etter segna var det ikkje dei norske som tok tabbe på skogen som eingong fanst, nei det var ei finnkjerring som sette fyr på han for å hemne noko!
  2. Takk til Nils Hermann Kvalvik for fleire nyttige opplysningar om Aspundvik.
  3. I flg. Eli Ellingsve har Norsk Ordbok heimel for verbet i forma frå Idd og Nannestad og Degernes, så vel som frå ei lang rekke bygder vestover og nordover i landet.
  4. I Stadnanmntydingar II (1974) resonnerer Vågslid seg på heilt anna grunnlag fram til *Loendr (s. 100) eller Loender (s. 499) som gammalt namn på dagens Vesterøy, trass i lesemåten Leender som seinare er retta til Loonder (Nilsen 1975), ”av di eg leit på at det var rett attgjevi i den trykte utgåva” (Maal og Minne 1978: 120). Så skriv han kategorisk i Stadnamntydingar III (1979) at ”i handskriften stend j Loender” (s. 24), men seier likevel ikkje at han har kontrollert originalen.

    Ordskiftet om kor den såkalte Loandertunga var som Peder Claussøn Friis nemner kring 1600, er det utan inngåande lokalkunnskap uråd å ta standpunkt til. Men i det minste har Vågslid rett i at ”eit trilekka og so sermerkt stadnamnn som Loandartunga kann helder ikkje ha funnist på meir en ein stad” (Vågslid i MM 1978: 120). Indirekte tilseier det at lokaliteten bør ha lege øya Loendr nærare enn Rødtangen i Hurum (Nilsen 1976: 166-182), så der er det framleis tvil til stades.
  5. Eit utbreidd nordsamisk stadnamn er Meahcce-várri, der førsteleddet står for ”utmark, skog, villmark” (Qv 1935+1938, Qv 1944 nr. 607). I sørsamisk form Miehtsievaerie med eit nytt norsk forklarande hovudledd –vola (-vorda) føydd til er Miehts’vaer- utsett for assimilasjon m – v – v > – m – m – v, som kunne føre fram til Miehts’vaer-> Miesmaer- > Møssmørvola. Men ettersom utmerkinga Møssmør- også er knytt til mindre dominerande lokalitetar, er det helst berre tale om dial. møs- (mose) + myr-: Nordland har t.d. Raudmyr- i uttaleformer som Rømmør-, Rømmer-.

Litteratur: 

  • Bergsland, K. 1983: Åarjel-saemieh 1982-83
  • Blöndal Magnússon, A. 1989: Íslensk Orðsifjabók.
  • Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
  • de Vries, J. 1977: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. Leiden.
  • Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania.
  • Fritzner, J. 1972-1973: Ordbog over det gamle norske Sprog.
  • Grundström, H. 1952-: Lulelapsk ordbok. Uppsala.
  • Hasselbrink, G. 1981-: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.
  • Heggstad, L.: Stadnamn på Voss.
  • Hoel, K. 1994: Bustadnavn i Østfold. 1. Hobøl.
  • Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. Oslo.
  • Minkin, A. 1976: Toponimy Murmana. Murmansk.
  • Myrvang, F. 1995: Samisk forklaring av norske stadnamn. Namn og Nemne.
  • Nes, O. 1985: Gamle vassførenamn. *Inn og *Lemund. Namn og Nemne.
  • Nielsen, K. 1926: Lærebok i lappisk. I. Grammatikk.
  • Nilsen, Atle Steinar: Er Snorre-Eddas Loçnd Vesterøy i Hvaler? Maal og Minne 1975.
  • Nilsson-Mankok, E. 1976: Svensk-sydsamisk ordlista. Vilhelmina.
  • Norsk Ordbok b. 1 - 6 1966 - . Oslo.
  • Nyman, E. 2000: Nordiska ortnamn på –und. Uppsala.
  • Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
  • Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.
  • Sandnes, J. og Tylden, P. 1968: Namn i fjellet. Oslo.
  • Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk Stadnamnleksikon. 3. utgåva.
  • Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik. Bergen 1983.
  • Vågslid, E. 1974 og 1979: Stadnamntydingar II og III. Oslo.