Frilynde ungdomslag

Frilynde ungdomslag i boks

Reiser vi rundt om i bygdene, finn vi garantert ungdomshus i varierande stand og storleik. Ungdomslaget har vore ein viktig kulturskapar og kulturberar i bygdene frå dei tok til å bli skipa på slutten av 1800-talet og fram til vår tid. Med ungdomshuset som sentrum var det ei omfattande verksemd som vart driven.
Dei fleste ungdomslaga var frilynde og organiserte i Noregs Ungdomslag. Ordet frilynt seier oss ikkje så mykje i dag. Eit søk på Internett fører oss i dei fleste høva til frilynde folkehøgskolar. Desse skolane var òg ei sterk inspirasjonskjelde for ungdomslaga. Ordet må vi likevel forstå i forhold til samtidas åndsliv, der dei "frilynde" sto i opposisjon til religiøs pietisme. Fanesaker for den frilynde ungdomsrørsla vart etter kvart målsak, edruskap og folkeopplysning, og rørsla kom til å bli sterkt nasjonal. Ho var på barrikadane under unionsstriden i 1905, og ho deltok sterkt på nei-sida under striden om norsk medlemskap i EU i 1973. Det nasjonale har òg kome fram i den sterke interessa for bunader og folkedans, kan hende dei mest synlege ovringane ved rørsla i dag? Teaterarbeid har òg vore eit sterkt innslag i ungdomslagsarbeidet, og kaffistover kan vi framleis finne i somme byar. Dei er òg runne av same rota.
Ungdomslaga vart gjerne organiserte i fylkeslag. I Nordland var det opphavleg mange fylkeslag, men etter kvart som kommunikasjonane vart betre - og kan hende oppslutnaden om ungdomslaga gjekk ned, vart talet mindre. I dag er det to, Hålogaland Ungdomslag og Nordland Ungdomsfylking.
 
Nordland Ungdomsfylking (NUF), som femner om det nordlege Nordland, frå Salten og nordover, har avlevert arkivet sitt til Arkiv i Nordland. NUF kan føre røtene sine attende til 1906 då det første fylkeslaget i området vart innmeldt i Noregs Ungdomslag. Arkivet har ikkje dokument så langt attende, men vi finn spor attende til ca. 1920. Arkivet er omfattande, men ikkje heilt velordna, så det vil ta noko tid før vi kan presentere ei katalog. Men det er så vidt oversiktleg at vi kan hjelpe spesielt interesserte med opplysningar. Og til historiestudentar som går rundt og grunnar på eit tema til hovudoppgåve eller meisteroppgåve -  ideen er gratis.
 

Klikk for stort bilde