Nordnorske stadnamn fram i lyset
Stadnamnprosjektet i Nordland verka i ein 20-årsperiode frå midt på 1980-talet med å samle stadnamn i Nordland og informasjon knytt til dei. Det var Finn Myrvang som dreiv dette arbeidet, og då han vart pensjonist i 2004, let han etter seg ei samling med vel 180 000 namn frå heile fylket. Samlinga er digital og inneheld mykje informasjon av geografisk, språkleg og historisk art i Stadnamnkartet
Her i fylkesleksikonet er fleire av namna forklart i eigne artiklar.
Publisert15.11.2011 10:22