Nordlandske stadnamn fram frå skapet

Frå Andås i Vefsn. - Klikk for stort bildeStadnamnprosjektet i Nordland verka i ein 20-årsperiode frå midt på 1980-talet med å samle stadnamn i Nordland og informasjon knytt til dei. Det var Finn Myrvang som dreiv dette arbeidet, og då han vart pensjonist i 2004, let han etter seg ei samling med vel 180 000 namn frå heile fylket. Samlinga er digital og inneheld mykje informasjon av geografisk, språkleg og historisk art i Stadnamnkartet  
Her i fylkesleksikonet er fleire av namna forklart i eigne artiklar. 

Namn førtell korleis de tenkte,
kor de kunne li og lengte,
spinne drømma, avle tross.
Namn av gråten, namn av vona,
Namn av farga, sus og tona
ifrå elve fall og foss.


Slik formidlar poeten og namnegranskaren Helge Stangnes korleis stadnamn kunne få opphavet sitt. I diktet ”Minnets merkesteina” frå den siste diktsamlinga si, Vintersang, held han fram:

Hadde knausen rette svongen,
Såg man likskap med fasongen
på en skolt, ei dov, et kne.
Humoren og fantasien
avla namn med rette vrien.
Meininga var lett å se.




Arkiv i Nordland har grunna på korleis ein kunne gjere informasjonen om stadnamna tilgjengeleg for publikum. Med utviklinga av Internett og stadig betre kartpresentasjonar på nettet, finn vi at det er den rette presentasjonsforma. Men det krevst ein betydeleg innsats for å gjere det omfattande materialet klart til publisering.

Med støtte frå Norsk kulturråd og mange kommunar i Nordland har vi no skaffa finansiering av arbeidet med å koordinatfeste namna. Firmaet Solvang og Fredheim Gudbrandsdalen AS er engasjert til å gjere denne jobben, og vi reknar med at målet er nådd i løpet av 2012.

I mellomtida arbeider vi med ei god publiseringsløysing. Valet er falt på Nordlandsatlaset. Det er ein nettstad, utvikla i samarbeid mellom Fylkesmannen i Nordland og Nordland fylkeskommune, som formidlar såkalla geodata, informasjon der geografisk posisjon er eit vesentleg element. På Nordlandsatlas finn vi informasjon om offentleg planverk på
alle nivå (kommuneplanar mv.), administrative grenser, biologisk mangfald, relevant
statistikk og kulturinformasjon – og vonleg informasjon om nordlandske stadnamn i løpet av våren 2012.

I samarbeid med Statens kartverk vil vi også knyte ei interaktiv teneste til nettstaden. Her kan publikum legge inn kommentarar til materialet, og det vil også bli høve til å legge inn ny informasjon. Sjølv med 180 000 namn er det mykje som manglar, og med Finn Myrvang som fagleg konsulent ser vi fram til nye fangstar med verdfulle stadnamn frå Nordland når materialet frå Stadnamprosjektet er publisert.


For utan ein aktiv innsats for å samle og bevare namna, så går dei tapt. Helge Stangnes ser det slik:

Namn e arvegods som tapes.
Når ei anna livsform skapes,
glømmes ord av mange slag.
Namn som sjølve livet krevde
der et folk i armod levde,
sakne bruksverdi i dag.

Men en lærdom står ved lag:
Kunnskaps vekt kan lettvint bæres.
Veit du namnan der du færes,
saknes ikkje følgefolk.
Du går aldri heilt åleina.
Namn e minnets merkesteina,
vardefeste, landskapstolk.


(Med løyve frå forfattaren)

 

Klikk for stort bilde

Kor mange skriveformer finst av visse stadnamn, t.d. Trondhiem, i Vesterålens tingbøker frå perioden 1710-1748?

Nyredigert etter Håløygminne 4-1985 ("Tankar over tingboka").

Av Finn Myrvang

"Håløygminne"  1-2006. 

Av Finn Myrvang

Om gardsnamnet Auvåg. 
Nyredigert etter Håløygminne 4-1970

Av Finn Myrvang

"Håløygminne"   2-2012

Av Finn Myrvang

"Årbok for Beiarn" 2006

Av Finn Myrvang

 "Håløygminne" 2-2019

Av Finn Myrvang

 Av Finn Myrvang

Av Finn Myrvang

"Håløygminne"  1-2014 

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 1-2007

Av Finn Myrvang

«Bøfjerding» 2010

Av Finn Myrvang

Av Finn Myrvang

 Av Finn Myrvang

 "Håløygminne" 1-2017

Av Finn Myrvang

 Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 3-2017

Av Finn Myrvang

 "Håløygminne" 4-2019
I fotefaret til finnmarkingen bak «Finnmarkingen»  

Av Finn Myrvang

Nyredigert i høve til "Håløygminne" 4-1974

Av Finn Myrvang

Av Finn Myrvang

 "Håløygminne" 2-2014

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 2-2019

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 2-2019

Av Finn Myrvang

Bakgrunnen for navnet Hålogaland, som i middelalderen ble brukt om alt norskbygd land nord for Namdalen.

Av Solveig Lindbach Jensen

"Bøfjerding" 2008, omarbeidd 2018

Av Finn Myrvang.
 

Klo

"Håløygminne" 4-2018

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 1-2016

Av Finn Myrvang

 "Håløygminne" 2-2011

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 4-2015

Av Finn Myrvang

 Av Finn Myrvang

Håløygminne 2015 – hefte 4, lett nyredigert

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 4-2012

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 2 og 4 - 1991 

Av Finn Myrvang

Lagmannen i norsk namnelandskap
"Håløygminne" 4-2015

Av Finn Myrvang

Usikre minne om lagmannen

"Håløygminne" 3-2017

Av Finn Myrvang

 

 "Håløygminne" 1-2018

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 3-1986

Av Finn Myrvang

"Namn og Nemne" 1998

Av Finn Myrvang.

 Nyredigert etter "Håløygminne" 4-2007

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 3-2010.

Av Finn Myrvang

Ordet mann er noko av det mest kvardagslege vi kan tenke oss. Vi er fortrulege med at det inngår i ei rekke samansette ord, som t.d. sjømann, styrmann, båtsmann og jungmann osv. Men no er jo dagens nordmenn i stor utstrekning blitt “landmenn”, det vere seg i yrke som postmann eller rådmann el.a. 

Nyredigert i høve til "Håløygminne " 3-2013

Av Finn Myrvang

 Av Finn Myrvang

 

"Håløygminne" 3-1984

Av Finn Myrvang

"Hofdasegl" 1971

Av Finn Myrvang

 

"Håløygminne" 3-1990

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 3-2011

Av Finn Myrvang

 Nyredigert etter "Håløygminne" 1-1992

Av Finn Myrvang

Navnet Ǫmð har vært knyttet til områder helt nord i Nordland, og deler av Troms. Arkeolog og professor Reidar Bertelsen redegjør her for sin teori om en nærmere plassering og forklaring på navnet.

"Håløygminne"  2-1994 og 4-1996.

Av Finn Myrvang

"Håløygminne" 4- 2017

Av Finn Myrvang