Anda og Anden

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 1-2006.

Av Finn Myrvang

 

Fuglen and?

Stadnamn på And- har med kvart og greitt nok med fuglen and å gjere, t.d. Andmyra, ein del av flyplassen på Evenes, så vel som eit gammalt torvtak med same namn på Langset gnr. 47 i Nesna, eller også den i si tid oppdyrka Andmyra i Urskarbukta gnr. 30 i Øksnes. I andre enden av namnekomplekset finn vi tungtolka namn som t.d. Anda (Andøya). Der på øya finst også Andmyran, her vel å merke sekundært til øynamnet.

Fuglen and?

Stadnamn på And- har med kvart og greitt nok med fuglen and å gjere, t.d. Andmyra, ein del av flyplassen på Evenes, så vel som eit gammalt torvtak med same namn på Langset gnr. 47 i Nesna, eller også den i si tid oppdyrka Andmyra i Urskarbukta gnr. 30 i Øksnes. I andre enden av namnekomplekset finn vi tungtolka namn som t.d. Anda (Andøya). Der på øya finst også Andmyran, her vel å merke sekundært til øynamnet.

Andholm-namn i sør eller det nokså vanlege trøndske skjer- og holmenamnet Andsteinen kjem dette oversynet lite inn på. Skjera Andsteinan ved “Anda fyr” i Øksnes har namn av holmen Anden og er derfor mindre interessante.

Derimot er namn som Andedammen eller Anddammen sjølvsagt heva over tvil. Andhella nær land på gnr. 59 i Vågan kjem vel i same kategori. Andskjæret på gnr. 176 i Brønnøy (gl. Velfjord hd.) heiter så av di fuglen varp der. Andåkeren var ein gammal åker i Rørlia gnr. 171 i Rana: “Navnet kommer av fuglenavnet and. Den hadde ofte reir i åkerkanten” (Ytre Rana historielag, stadnamnhefte II: 22). 

Lokalt fugleliv gav også namn til Andkjelen (Andkilen) gnr. 48 i Sørfold så vel som And­holmen under gnr. 84 i Brønnøy og under gnr. 2 i Vevelstad. Andholmen under Holands­stranda gnr. 40 i Dønna er ein liten vassholme der det verp villender. Andholmen under Skokkelvika gnr. 134 i Vestvågøy (Valberg sokn) blir også kalla “Andøya”, men er ikkje store lokaliteten. Han ligg tett innom Torvøya, dekt av sistnemnde, og er så bortgøymd at And- utlagt som “mot-” el.l. blir tvilsamt. Namnet har sannsynlegvis kun med fuglelivet å gjere, endå der i seinare tid helst har vore e og måse, jfr. Kråkøya litt lenger bort. Elles er det merkeleg at holmen er slåande lik den store Andøya (Anda) på skap! Meir usikker er forklaringa for mange av dei andre Andholm-namna i Nordland, så som tre stader i Vega, og elles i Meløy, Hamarøy, Røst og Øksnes. Fleire av desse holmane er både snaue, høge og rundvorne og duger knapt som hekkeplass for ender. Ganske mange av dei har dertil det særmerket at dei er todelte eller ligg i “parforhold”.

And-: mot(stilt), overfor, framfor, utom?

Utmerkinga (prefikset) and- i fleire samansette, norrøne ord blir vanlegvis forklart med “mot-”, i Fritzners ordbok litt grundigare utgreidd som “en Modsætning, eller at noget er modvendt, er stillet ligeoverfor noget andet”. I og for seg er ein god del ord med and- = “mot-” kjende den dag i dag, t.d. “ligge andføttes”, andror “roing i motvind”, andstraum, det å andøve osv. Sjølve prefikset er greitt, men er likevel dunkelt i namn som får oss til å forvente topografiske motsetnader i landskapet som ikkje er så lette å oppdage.

Alf Torp har også ein merknad om at mót- (som eigentleg er nomen = substantiv), alt i gammalnorsk dukkar opp som forstaving, attåt dei gamle formene gegn- (jfr. tysk gegen) og and-. Sistnemnde svarar til adv. ante i latin: “framme, framanfor, føre” om stad og tid og når ante blir brukt som preposisjon: “framanfor (stundom betre omsett med utanfor), framfor, føre”. – Dette vårt sideblikk til latin er nyttig nok, for fleire lokalitetar med namn på And- har ein slik posisjon (jfr. Forøya utom Klæva mellom Bleik og Andenes, så vel som fleire andre stader i Nordland). Men “framfor, føre” det høver langt ifrå i alle And-namntilfelle. I alle fall vil vi I denne namneartikkelen særleg drøfte And-namn som har interesse i samband med Anda = Andøya.

Andhólen heiter ein haug nedst i fjellfoten i Bjørnskinn gnr. 10 i Andøy, utan tvil eit særs gammalt namn. Han kan sjåast som eit motstykke til den lågare Jo-Tommesa-hólen på hi sida Andersåa. Andhólen er rundvoren, men litt bratt mot Trolldalen i nordaust. Andhólen på Dverberg gnr. 27 i Andøy er ein morene i sør-nordretning (vestom Andhóltjønna). Han vender mot Kjerkeraet, og der er myr imellom. Vegetasjonen i Andhóltjønna er rik, ikkje berre ender held til der, men også hegre og svan og skarv, så merkelappen Fugle- kunne høve betre. Set vi fuglelivet i fokus, er det forresten snålt at det heiter Andhóltjønna, ikkje *andtjønna, og dessutan finst det inga tilsvarande tjønn ved Andhólen i Bjørnskinn. Kan hende kjem namnet meir i klasse med Andholtan i Lenvik og med Andås(en) eit par stader i Nordland.

Hovudtemaet tilseier at vi også skal få med oss Andklakkan (Sømna, Lurøy, Tjeldsund, og to stader i Vågan), dessutan Andklakken i Gildeskål. Det er i så å seie alle tilfella tale om tvillingholmar eller skjer, og om ordet “klakk” er elles å seie at det ofte står for store og små bergformasjonar som er nokså flate oppå, men har brattare kantar. Unnatak finst, og ikkje alle namn på “klakk” kan vere like gamle, men gjennomgåande finn vi klar formell slektskap med klakk i tydinga “brat klippe med vandret overflade, som springer frem av en fjeldskraaning” (Torp, frå Sunnhordland og Ryfylke). Andklakkan, òg sagt Angklakkan av di uttalen av nd tar farge av k-en som kjem etter, skulle då tyde noko slikt som “klump­ane framfor eller attmed einannan”. Kanskje så, men det lyder lite konkret og gir rimeleg grunn til tvil, for om Andklakkan i Lurøy er sagt: “Holmene med sine 3 karakteristiske “pukler” ligger i den gamle seilingsleden mellom to åpne havstykker” (Harry Danielsen, “Hestmannøy” s. 458).

Klikk for stort bildeAndklakkan i Lurøy. Foto: Lurøyboka 1987. 

Andneset er eit namn som finst i Vefsn, og heile tre stader i Øksnes - det vil seie: i Øksnes er fleirtalsforma Andnesan like vanleg. På alle stadene gir norrønt andnes “framstikkande nes på sida av eller ved munningen på ein fjord” god meining.

Andenes lengst nord på Andøya høyrer ikkje til Andnes-namna, då det er sekundært til øynamnet Anda, merk mellomnorsk form Andanes. Men med tida er tradisjonell lokal form blitt Andnes med tonelag 2, kort a og palatal n (korrekt i Norske Gaardnavne 16: 402, rangt i 1997-utgåva av Norsk Stadnamnleksikon). Men leseuttalen Andenes breier seg, med kort a og ein uttalt nd utan palatal! Her òg bommar 1997-utgåva av Norsk Stad­namnleksikon mens 1976-utgåva refererer rett uttale i begge tilfelle.

Andvegen er ei rundvoren vik (ein bug) på gnr. 62 Sandnes i Gildeskål. Dette namnet er “grunnordlaust”, for ei vik blir normalt ikkje samanlikna med ein veg: Vi har å gjere med det samansette norr. andvegi = ondvegi, ikkje i vanleg litterær tyding “plass i stova der høgsætet var” (eigentlegt to slike, husbonden sitt og eit anna midt imot), men og meir likt nynorsk andveg “inderste Plads” og andveges adv “til den motsatte Side” (Aasen). Sedd frå den nærliggande garden Framnes blir vika så avgjort plassen midt imot, likeins sedd frå Sørsjøodden på sjølve garden Sandnes. 

Andværbøan sørvestom Andbjørga i Øksnes ligg utafor Klubbskjæret, fremst mot mykje djupare farvatn. Jf. norrønt andverðr, ondverðr adj. “som er vend imot (noko), som høyrer til det første”. Her, liksom når det gjeld Andvegen, har vi i utgangspunktet med eit saman­sett ord på And- å gjere. Det er såleis neppe andværingar som har forlist der.

Andøya gnr. 2 i Herøy ligg austafor Tenna, side om side med denne, og er temmeleg flat. Imellom Tenna og Andøya går Andøysundet, og vi kan godt seie at Andøya og Tenna ligg side om side.

Andøya i Brønnøy har ei litt langvoren høgd og ligg parallelt med Lisl-Burøya utom, så vel som med Mortenøya innom og er er skild frå Lisl-Burøya ved ein val eller eit grunt sund. - Andøya, ei av Feøyan i Dønna , har to humpar, den eine rundvoren, og Andøya |''annøyn| nordom og utom Husøya i Vega har fleire humpar: Den høgaste (13 m) ser òg rundvoren ut. Det er kort veg over til den 14 m høge Sandøya. Men ut over dette har det ikkje vore lett å innhente tilfredsstillande opplysningar om desse tre siste Andøya’ne, og eg saknar representative foto. - Så langt and- i tydinga “mot(-liggande, -ståande)”, “side om side med” eller “framfor”.

And- om avrunda formasjonar?

Andfjellet (lang a, ikkje palatal n) i på gnr. 21 i Lurøy er ganske avrunda og 179 m høgt. I nordaust skjer ei kløft av eit lægre parti på 140 m. Bratt mot aust og nordaust, men likevel rundvore er også Andfjellet (1202 m) i Rana.

Klikk for stort bildeAndfjellet i Lurøy. Rune Bang  

Klikk for stort bildeAndholmen i Steigen. Aasmund Gylseth  

Andholmen er eit namn kjent frå ei rad Nordlands-kommunar (Bø, Hadsel, Steigen, Bodø, Gildeskål, to stader i Herøy, vidare Sømna, Træna og heilt fire stader i Vega). Det finst i motsetning til Andklakk-namnet mange stader lenger sør i landet òg. Gjennomgåande er det tale om avrunda lokalitetar, iblant karakterisert som “ein avflata bolle”. At desse gjen­nomgåande høge og bergfulle holmane har vore naturleg tilhald for ender er tvilsamt.

Andotten (ainndåtten), fjellnamn to stader i Hasvik, er verd å bli nemnt. På samisk heiter det både Ánddot og Anddut, med vising til ánddot “gåvmild” (Norsk Stadnamnleksikon). Men eg trur at hott, hutt “avrunda topp, grastuve, treklung” (sjå Torp) med h-bortfall gir ei meir konkret og sannsynleg forklaring på hovudleddet.

Andsteinen som namn på storvorne lokalitetar finst neppe i Nordland, men opptrer fleire stader i Trøndelag. Bjugn har minst 4 tilfelle: alle desse holmane eller skjæra er runde og høgvorne og merker seg ut ved det. Det gjeld også for An(d)steinen i Frøya kommune. I Steinkjer kommune finst den 234 m høge Andsteinen, tett sørom ligg Sneves Andsteinen: Begge er avrunda og litt bratte mot vest.

Andøya (lang a, ikkje-palatal n) frontar Reine i Moskenes og gir livd for den vide Kjerk­fjorden + Vorfjorden i nord. Ho er 73 m høg, og rund. Ho har for så vidt eit motstykke i den 56 m høge Olnilsøya austafor, men sistnemnde er av langt mindre regelmessig form enn Andøya. Å seie at dei to øyane ligg side om side ville vere å “presse” dei topografiske fakta. Andøya finst også fleire stader sør i landet som namn på lokalitetar av varierande storleik, men ut frå kartmaterialet og på grunn av naturinngrep på fleire av stadene er det usikkert korleis landskapet på desse stadene eingong var.

Andøya lengst nord i Nordland er av dei største øyane i landet, And- uttalt med lang a og palatal n. Men tradisjonelt heiter øya kun Anda |'āᶇa| med tonelag 1 (som i fuglenamnet), stadig med palatal n og lang a : Her er det feil i Norske Gaardnavne 16: 402, rett i Norsk Stadnamnleksikon, oppslagsform Andøy(a).

At kortform Anda var brukt offisielt, ser vi av det faktum at det står Andens Præstegjeld i reformatsen (ikkje Andenes slik Norske Gaardnavne opplyser) og at Hartvig Bille skreiv Anden 1609. Kartografen Melchior Ramus har på si kartskisse frå 1689 kun dette namnet på øya, attåt nemnemåten Andens land (= And-landet), jf. «Andlandet» tradisjonelt. Petter Dass brukar som kjent berre Anden i Nordlands Trompet. Anda og Andungen heitte også skjer på Andenes hamn, men dei er bortskotne, så det er gagnlaust å spekulere på korleis dei såg ut.

Klikk for stort bildeFjella på Ytter-Anda, med Andhauvet heilt til h. Alf Karlsen  

Anda (=Andøya) går igjen i namn som Andfjorden + i Andbø som utmerkings-namn på garden Bø sør på øya. Tilsvarande omtaler Aslak Bolts jordbok eigedom “af Andagaffle”, no Gavlen (lengst sør på øya). I Bjarkøy og Senja har dei namnet Andhovvet |''aᶇhåvve| lik -hovudet, sjå seinare: Den litle Andgrunnen utom Skøyteneset i Berg har fått namn av eine méda: Okseneset på høgaste Andhovvet.

At Anda alias Andøya har ein framskoten posisjon nordover og utover, samanlikna med naboøyane i Vesterålen, er lett å sjå på vanlege kart. Men til sjøs er det meir slåande at ho på avstand ser ut som tre øyar, når Bømyra og Skogvollmyra “vatnar” og berre fjellpartia visest over havet.

“Anden” som gammal skriveform for den store øya Anda skal vi ikkje forveksle med ein lokalitet som med full rett heiter Anden |āᶇ˜ᶇ| og er ein holme nordom Langenes. Frå Bø på Andøya ter han seg udelt, men på nært hald tredelt: høgast i sørvest, med Andkalvan i nordaust. På høgaste Anden står fyret som ganske tradisjonslaust er blitt heitande “Anda”: Den skriveforma, uttalt med nd og utan palatal, har gripe sterkt om seg. At holmen heiter Anden og at sjølve øya er Anda har vore barnelærdom for andværingane, men vi kan seie at fyret har drege av med namnet på øya og at folket der ofte går for “andøyværinger” no!

Oppsummering:

Det litterært overleverte andnes om motståande oddar er kjent frå norrønt, men stadnamna viser at også andholmar, andklakkar og andvågar mm. fanst i talemålet. På tørt land var visst andbakke og andås, andhól og andholt så vel som andberg og andbjørg like kurante terrengkarakteristikkar. Men vi slepp ikkje unna nærmare grensegang mellom and- som prefiks, i tyding som før omtalt, og tilfelle der vi har å gjere med fuglen and, norr. ond (o med kvist).

Norrøn genitiv andar- går i enkelte samansettingar på ond “and” (fugl) så vel som “ande, pust” mm: jfr. norr. andarsteggi “andstagge, hanfugl av and”, ulikt andartak “andedrag”. Merk då at anda (a:jna) i andøymål alt etter samanhengen og utan uttaleskilnad kan gjelde både øya, fuglen og pusten (t.d. møsse anda)!

Moderne norsk har and- i samansettingar av alle 3 ond-orda. Alt i norrøn tid var det etter ordbøker å dømme den mest hyppige samansettingsmåten, og forenklingstendensar førte til fullt samanfall seinare.

I stadnamn-oversynet framfor er ikkje nemnt at And-namna misser palatal n når du kjem sør til Herøy, Alstahaug, Vega, Vevelstad og Sømna. Det er normalt for målføret, Andøya i Moskenes uttalt på same vis er eit særtilfelle. Holmenamnet Anden med avleidde namn så vel som øynamnet Anda med avleiingar har lang a i lokal uttale, men i Troms ser det ut til at kort a er vanleg for avleidde namn som Andhovvet. Det er elles tvilsamt at der er regel­fast uttaleskilnad på namn knytt til fuglenamnet and og dei som inneheld prefikset and-.

Norrøn form av Andenes var etter vanleg oppfatning *andarnes, sjølv om vi berre kjenner ei usikker forma Addarnes frå den danske sogeskrivaren Saxo, og elles mellomnorsk form Andanes (Aslak Bolt). 

Prefikset and- er på si side slik det var alt i norrøn tid, men heller ikkje dengong var det eit sjølvstendig ord. Gammalhøgtysk hadde motstykke på ant-, ent- og int-, og best kjent er kanskje Antwort “svar”. Meir interessante for oss er orda på ent- i moderne tysk: Når vi skal omsette desse til norsk, må vi skiftesvis ty til norske ord på av-, mot-, unn-, ut- osv. og sist men ikkje minst: bort-, frå-. Det er især tale om nomen og verb. Mest talande i vår samanheng er adverbet entzwei “i to (stykke), sund” i fleire tyske verb, dertil i abstraktet Entzweiung “det å gjera usamd, åtskiljing; usemja, tvist, split, trette”.

Som oversynet framfor burde vise, er tradisjonell forklaring and- = “(i)mot-” god nok for mange av namna på And-, dersom vi vil tolke filologisk korrekt og samstundes kort. Men resonnnerer vi tysk i vårt møte med namna, for å seie det slik, blir “(opp)deling, kløyving, (opp)splitting” nyttige tilleggs-aspekt. Då kan vi tillate oss å seie at And- i ofte uttrykker tilhøve som “motståande”, “motvendt”, “todelt” eller “i to motståande delar”, “liggande (ståande) i par”.

Eit ord som ikkje synest å vere i slekt med prefikset and- er norrønt ond “forstove, gang” (finst dessutan i forma anddyri), men genitiv andar- ikkje påvist. Dette er i slekt med latinsk antae “dørstolpe, tempelvegg (ved inngangen)”, gammalindisk átá “dørkarm”, armensk dr-and “dørstolpe”.

Eksistensen av det nyss nemnde ond er noko brysam på grunn av at Anda (Andøya) også heitte Qnd o.l. i norrønt (forma Qmð, sjå Håløygminne 1996-4, “Noko meir om Åmd og Tjøtta”). Øya er som sagt delt i tre, av store myrar som liknar fjordar på avstand, og vi kan ikkje utan vidare avvise ei namnelaging som går på opning eller dør. Men vektlegg vi aspektet “stolpe”, må eit slikt forklaringsforsøk falle.

Like problematisk som øynamnet Anda er holmenamnet Anden: Hankjønnsforma kan i og for seg komme av at Anden er ein holme, medan øy- og elvenamn oftast er hokjønnsord. Ut frå holmenamnet uttalt |āᶇ˜ᶇ| med stavingsberande forlenging av n–lyden kan vi ikkje avgjere om norrønt andi m eller andr m ligg til grunn. Liknande tvil om opphavsform og tonelag er målborne også for Anda som namn på eit nes med ferjestad i Gloppen, Sogn og Fjordane (Norsk Stadnamnleksikon). Ferjestaden ligg under den markerte Andåsen, som er temmeleg avrunda, om enn bratt mot vest, og er svært lik ei rad lokalitetar i Nordland med liknande namn.

Her skal vi sjå på ein detalj som tilsynelatande ikkje har med temaet i denne artikkelen å gjere, nemleg norrønt enni, som primært tyder “skalle”, men òg “panne” – i Landnáma òg brukt som namn på eit fjell. I nyislandsk står ordet for “panne” reint anatomisk, men også for “hjalla- eða hlíðarbrekka”, og i vår samanheng vel så interessant: “fjallsmúli” (Blöndal Magnússon), nokså likt færøysk enni n “pande; skarpt fremspring i en stejl bjergskrænt” (Jacobsen og Matras). Dette blir med norskare ord “panne; bergsnev, framskot i bergsida” (E. Lehmann). Også i shetlandsk var enni ein term for bratt bergside eller bakke. Ordet er ein ia-stamme, jf. germansk anþja- som går att i det gammalhøgtyske andi, endi ‘skalle’, merk også lat. antiae ‘pannelokk’ (hårlokk) så vel som anterior ‘fremre’ (de Vries).

Mennesket vil underlegge seg naturen og karakteriserer landskapet med ord som høyrer menneskekroppen til: rygg og hals er gode døme. Men her er stadnamna konservative, dei minner oss om ord som eingong vart fortrengde av nye: aksel er på umerkande vis blitt erstatta av skulder, og orda bringe og barm oppfattar vi i beste fall arkaisk og poetisk. At barm eigentleg er innkuvinga midt på brystet fortonar seg fjernt, men Vestlandet har fleire vikar og øyar som heiter Barmen. Øy- og fjellnamnet Sula finst fleire stader, og eldre folk kan vel enno spontant seie om ein person at han er lang i sula, men vi oppfattar det knapt som eit anatomisk uttrykk lenger. Mjømna heiter ei øy i Gulen mens ei anna i Austevoll blir kalla Hufto, og kven ville tru at det er akkurat det same? Einar Tambarskjelve er det enno enkelte som kjenner til, færre veit at “etternamnet” hans tyder dissevom og har sitt sidestykke i øynamnet Tomma på Helgeland.

Eit stadnamn Skallen assosierer vi med hovudrundingen, mens Kruna meir får oss til å tenke på hovudtoppen (issen, hjessen). Det gammalhøgtyske andi jamført med norrønt enni fortel på si side om ei glidande tydingsutvikling frå skalle til panne. Så finst det då heller ikkje noka skarp grense mellom dei to delane av kraniet, og i dei And-namna som høyrer til denne tydingssfæren kan det sjå ut til at begge aspekt er på plass, og at dei står for hovudforma lokalitetar som er panne-bratte på eine sida. Det blir ikkje tale om enten – eller, begge delar er med i den såkalte denotasjonen når vi ser namnegruppen under eitt.

Senjaværingane kallar som sagt fjellet Andhauvet lengst nordaust på Anda for Andhovvet (også Litl-Andhovvet) mens Stor-Andhovvet er det høge og avrunda fjellet andværingane kallar Røyken: I Berg og Bjarkøy var Andhovvet ei velkjend méd. – Her blir det for alvor interessant, for alle kan sjå at Røyken på avstand liknar ein skalle (jamfør gl.høgtysk andi og Anda i Gloppen) mens det eigentlege Andhauvet er eit lågare fjellframspring, bratt som ei panne mot vest-nordvest. At øyar ofte får namn av ein markert fjellformasjon er gjengs, t.d. Alden i Askvoll i Sogn og Fjordane så vel som Rolla i Troms og Skrova i Vågan. For øy- og elvenamn er hokjønnsform det vanlege. Anda lik norrønt Qnd fekk tydelegvis sitt namn på grunn av skallen evt. panna på nordenden av øya?

Mange And-namn går som sagt på avrunda formasjonar. På eit yngre språkstadium fekk slike ofte namnet Hovden, laga av hovud = hauv. Så Andhovvet eller Andhauvet er slik sett “smør på flesk”: Etter kvart som ordet and om skalle eller panne gjekk i gløymsle, vart eit forklarande tillegg meir og meir naturleg.

Klikk for stort bildeAnda i Gloppen ligg på eit nes, under den avrunda Andåsen. Frå vegen på hi sida fjorden ser ein grann¬giveleg ei and som sym med nebben i vasskorpa – men dei som eingong la namnet såg nok det heile frå sjøsida. Bjørn Aurlien  

Klikk for stort bildeAndøya ved Reine gir livd for den vide Kjerkfjorden og Vorfjorden.