Ånnstad

Klikk for stort bilde«Håløygminne» 4-2004 

Av Finn Myrvang

I stadnamngranskinga har det på siste halvdel av 1900-talet rådd aukande skepsis mot personbaserte gardsnamntolkingar særleg når det gjeld staðir-namn. Attåt kjem spørsmålet, når det er tale om små gardar med namn på -stad, om alle desse høyrer til den historiske staðir-kategorien?

Ånnstad i Ibestad, Sortland, Hadsel og Moskenes er blant dei tydeleg problematiske. Dei eldste skriveformene (mest mellomnorske) for garden i Ibestad viser at Ånnstad er oppfatta som ei samansetting med mannsnamnet Arni, som også kunne ha lang a, Árni. Rygh er sjølv inne på at "en ganske anden Lydutvikling av Navnet har man i det sammensatte Fjordnavn Astafjorden" – eldre skriveform (i) Arnastadafyrde. Uttaleslitasjen blir då som for Asterset i Bø, eldre Arnsteinset.

Men tilbake til Ånnstad: Det er problematisk at namnet i alle fire tilfelle blir uttalt med kort å, vi ville vente ''aᶇᶇsta med kort a – dersom gno. Arni låg til grunn. Forma Ådne for gno. Árni fanst i flg. «Norsk Personnamnleksikon» sør for Sogn og Valdres medan det så vidt kjent ikkje er spor etter nokon nordlegare variant |''å:ᶇe| med palatal n i skriftlege kjelder. Det er tvilsamt at ein slik variant har eksistert, og like tvilsamt er at gardsnamnet Ånnstad har fått opphavleg lang å forkorta etter overgangen á > å.

Åne (lang å og ikkje-palatal n) var etter folketeljinga 1801 ikkje utbreidd, men heller ikkje eit uvanleg mannsnamn i Nordland–Troms. Namneberarar var visst både samar og nordmenn; av sistnemnde trong ikkje alle å vere fødde i landsdelen. Det ligg elles nær å oppfatte Åne som ein variant av namnet som i dette manntalet står som Ånet og Åneth (norsk Anund, gno. Ǫnundr), frå Vefsn i sør til Lebesby i nord og der samisk tilknyting som regel var klar. Uvisst er om det historisk seine Åne har å gjere med det norrøne mannsnamnet Áni, men det vart iallfall rekna som meir norsk og «stuereint» enn Ånet(h).

Eg skriv med overlegg gardsnamnet som Ånnstad for å framheve poenget kort å, fullt merksam på tradisjonell skrivemåte Ånstad. Men det blir gale kva finger du skjer deg i, for Ånnstad er i strid med vanlege rettskrivingsreglar: Skulle uttalen og skriveforma harmonere, blir *onnstad skrivemåten som kjem nærast, men då hamnar vi på jordet.

Dessutan er nokre av dei overleverte skriveformene av Ånnstad-namnet, i alle fall for Nordland sitt vedkommande, så avvikande at det er uforståeleg at mannsnamnet Árni og endå mindre Arni kan vere opphavet: Ånnstad-gardane i Hadsel er med store sprik kalla for Aanistaid, Ondistad og Vndistad 1567, Unnestad, noch aff Unnestade 1611, Vnnestad og Aunstad 1614. Garden i Sortland og i Ibestad har visst færre skrivemåtar å vise til, men for Ibestad sin del kan iallfall fleirtalet av former i NG tolkast i retning av mannsnamnet Arni. Dei refererte skriveformene frå Hadsel (og Moskenes, sjå litt seinare), peikar like klart i retning av ein uttale med diftong au, som i desse og mange liknande tilfelle i røynda vart skriven ou, u, ov, v, ow, wo, eller òg eu-, ev-, effue-, alt etter periode, skrivarhand og kjeldetype.

Langt sørvest i Øksnes kommune ligg Ånnfjorden, vel kjent for folk som fer langs stranda på tur til og frå Bø, sjølv om langtfrå alle bryr seg om kva namn fjorden har, eitt mindre lurar på kva namnet tyder. Elles går fjorden i skrift oftast for Auenfjord, men denne diftongerte skriveforma dukkar opp først på 1800-talet og er såleis langt yngre enn skriveformene for Ånnstad i Hadsel og i Moskenes. På Melchior Ramus' kartskisser frå 1689 vantar både Ånnfjorden og alle småfjordane på motsett side, dei gjer eit sprang frå eidet Ryggefjorden - Jørnfjorden i vest og til eidet "Eidsfiord" (les Bjørndalsfjorden) - Skjærfjorden i aust. Det var heller ikkje det aller enklaste stykket geografi å lage kartskisse over! Men dei to eida Ramus tok med, var alltid viktigare farvegar enn Ånnfjorden, endå også denne i og for seg har vore ein kjend passasje.

Ånnvika i Sømna (gnr. 28 i det gamle Brønnøy) har, ulikt Ånnstad-gardane, ganske stø skrivemåte på And- frå 1567 av, vel å merke etter NG å dømme, men kva tolking gjeld har vi her berre Rygh å vise til: "vel *Arnavík, sms. med Mandsnavnet Arni".

Som nemnt, dei avvikande skriveformene for Ånnstad i Hadsel etterlet tvil. Vil derfor nemne eit uttalefenomen som har vore utbreidd i Bø, nemleg diftongert uttale av kort o og ǫ, så som i odd(e), skodda, lodda (fisk), så vel som i dogg, vogga, varmlauen for -logen, gås-bauen for -bogen ( = fuglen spoe), Lauen for Logen (eit tørrlagt vassfar) osv. Fenomenet er drøfta av Hallfrid Christiansen (hf III: 157 flg), som presiserer at slik diftongering inntreffer framfor palatal n, d og l, men også i andre stillingar (jf. B. Martinussen: 9).

Især interessant i vår samanheng er dømet bøuᶇᶇ for boᶇᶇ = born, som Christiansen hentar frå Ragnvald Iversen (Senjen-maalet: 39). Ei svale gjer rett nok ingen sommar, men i vidare samanheng er dette ingen uviktig detalj, når vi jamfører med former som bødn frå Valdres og Hallingdal og bunn frå Setesdal (Norsk Ordbok b. 1).

På Dønna finst eit elvenamn Gonna |'gåᶇᶇȧ|, gno. gǫrn f "tarm": Merk at same ord i Breim i Sogn og Fjordane er uttalt som gaunne (palatal n) i ein-og fleirtalsform. Ikkje mindre interessant er at ordet fonn, gno. fǫnn f "skavl, snø" på lands-basis viser seg i dialektformer fødn og føynn og føydn, så vel som faunn og faudn. Mi oppfatning er at nettopp ein eldre uttale faunn for fonn må vere grunnen til at Fonn- i gardsnamna Fonndalen og Fonnøyra gnr 18 og 19 i Meløy på heile 1600-talet og til dels seinare med blir skrive Fun -, Funn- og Funnd- . Vel var det slik at dei skrivekunnige las og skreiv av etter kvarandre, men berre ein eldre uttale Faunn- med au kan forklare dei fordanska (forenkla) skriveformene med u.

Overgang rn> ᶇᶇ utan diftongering opptrer i stadnamn sms. med gno. forn "gammal", så som Forngammen i Evenes og Fornhusvollen i Skjerstad, for ikkje å gløyme det klart meir avspora Fornnaustan (fåᶅᶅnøustan) i Hadsel og Øksnes der (palatal) ᶇᶇ + vanleg n i -naustan ikkje går godt saman. Det skulle vere rettast å normalisere desse namna til Forn- for få fram kva for ord det er tale om, jf Fornebu, fornminne o.l.

Vi aner at diftongeringsfenomenet må ha ovra seg i mange ord og på mange stader og over lang tid, for så å tape seg pga. normerande og systematiserande påverknader frå tale- og skriftspråk.

På grunn av dei refererte skriveformene reknar eg med at namna på Ånn- i lange tider au fanst med parallelle uttaleformer Aunn- (Øunn-, Eunn-), på den tid òg med palatal nn. Det kan òg forklare skriveforma Auenfjord for Ånnfjorden, då diftongeringa som sagt kom i kort vokal (o og ǫ) framfor palatal.

Vi kunne vel tenke oss at gardsnamna (og fjordnamnet) kom av fuglenamnet ørn, det vil seie at gno. ǫrn kanskje også fanst med ein uttale *øuᶇᶇ ? Men stoda er den at ørn i stadnamn så vel som i vanleg tale overalt held oppe lydsambandet rn, motsett bjørn, tjørn og fleire andre ord som har fått uttale med palatal nn og tendens til diftongering.

Kva så med Ǫrn nytta som mannsnamn, som ei sideform til Arni? Her ligg svar ferdig i namnelitteraturen: "Disse to Mandsnavne kunne ikke adskilles i Sammensætninger; Ǫrn forekommer forøvrigt forholdsvis sjeldnere og kan i den senere Middelalder neppe sikkert paavises i Norge" (Rygh 1901: 10).

Vi får til så lenge la den floken ligge og prøve eit anna grep: Finst det ein topografisk samnemnar for lokalitetane som heiter noko på Ånn- (åᶇᶇ-)?

Slåande er at vi på alle desse stadene finn markerte dalsenkningar eller passasjar tett ved vedkommande gard, motsett fjellgarden elles i det same området. For Ånnstad i Hadsel og Sortland og Ibestad er dette tilhøvet udiskutabelt. Ånnstad i Hadsel ligg i ei amfi-liknande utviding av landskapet med relativt vid dalopning ovanfor, i kontrast til nabogarden Ongstad. Ånnstad i Sortland ligg nær det skardet som skaper overgang til Holmstaddalen frå sør, og karakteristisk for botnen av Ånnfjorden er to overgangar til fjordane på hi sida. Ånnvika i Sømna utgjer ein naturleg vegpassasje vestover til Vik.

Kor fører så dette oss? Truleg har vi å gjere med gno. ǫnd f, ikkje i tydinga and (fugl) eller ande (pust), men om "forstove, gang", i tyding som anddyri "Forstue, Forgaard, det foran Indgangen til Huset værende Rum, = fordyri" (Fritzner). Stadnamn på Ǫndgår i så fall på den plassering garden har i forkant av ein dalformasjon – oppfatta som eit ope rom – med inngang der garden ligg (figurleg).

Dette kan vere alderdommelege namnelagingar der meininga tidleg vart fordunkla, jf. latinsk antae "freistehende tempelwände, die einen vorbau bilden" og gammalirsk átá "rahmen einer tür" (de Vries o.a.). Diftongeringa og palataliseringa av konsonantsambanda rn, nd heng vel nøye i hop. Lydovergangane gjorde det vanskelegare å forstå kva som opphavleg låg i namna.

Ordet har gno. eintalsform lik ǫnd f "and" (fugl) og ǫnd f "ande, pust; ånd, sjel". Slik skulle vi systemrett vente genitiv eintal andar, i mellomnorsk helst redusert til anda- (samanfall med gno. gen. fleirtal), dette med tanke på det geografisk uklart plasserte 'af Andastader' nemnt i Aslak Bolts jordbok, frå Moskenes el. Hadsel. Nær Skotnes i Buksnes ligg Annstadheia, ein fjellformasjon med passasjar og skard på alle kantar, så garden kan like snart ha lege i det området?

Klikk for stort bildeÅndervåg på Andørja 

Eit anna gardsnamn interessant i samanhengen er Åndervåg nord på Andørja (Rygh har òg ein uttale øuᶇᶇer-: At dette namnet og øy-namnet Andørja heng i hop på noko vis er opplagt, jf. Norske Gaardnavne, samtidig som det er naturleg å tenke seg ein samanheng med det før nemnte gno. anddyri. Nettopp det er det Rygh gjer, etter å ha drøfta fleire andre, lite tilfredsstillande tolkingar:

«Jeg er derfor tilbøielig til at søge en ganske anden Forklaring af Navnet, idet jeg formoder, at Andyrja er en mindre korrekt Skrivemaade for *Anddyrja, og sætter dette i Forbindelse med anddyrr f. Flt., Forstue, det foran Indgangen til Huset værende Rum. For dem, som seilede ind fra Havet eller efter Leden nordenom Øen, kunde det være naturligt at betegne Vaagen (Aandervaag) foran den trange Strøm, som fører ind til den store Strømbotn, som anddyrr. Og da denne Lokalitet i Fortiden vel har været den vigtigste paa Øen, er det forklarligt, at denne har faaet Navn [:Anddyrja] derefter. Siden har Vaagen og med den Gaarden igjen efter Øen faaet Navnet *Anddyrjuvágr».

Nokså uventa er det då at han tolkar Åndervåg i Lødingen tradisjonelt, som ei sms. med ǫrn «ørn» eller også med Ǫrn nytta som mannsnamn. Den Åndervågen fungerer jo også som ei fordør eller passasje, vestfrå og inn til den langt djupare Saltvassosen.

Klikk for stort bildeÅnnstad (Ånstad) i Moskenes – legg merke til Ånstadheia og Ånstadlia især. Kartverket. 

På ein måte minner Åndervåg i Andørja om Ånnstad i Moskenes: Begge ligg framfor eit vatn på ei landstripe, men i Moskenes er det ikkje teikn til at det har vore passasje inn til vatnet noka tid. Skriveformene av dette siste Ånnstad-namnet er merkverdige: Oudinnstad og Oudenstad 1567 (ulikt Onndestad 1610) – og dessutan Euestad 1647, Effuenstad 1667 og Evenstad 1723. Som Rygh seier: "I senere Tid sees det at være misforstaaet, som om det var sammensat enten med Auðun eller med Øyvindr". Han tenker på skriveformene vi kunne lese som Auen-, jf. også Auenfjord for Ånnfjorden.

«Løft dit øie du raske gut», sa Bjørnsson. Her skal vi neppe fokusere altfor mykje på sjølve buplassen Ånnstad på eidet framfor Ånnstadvatnet, namnet vitnar visst snarare om gammal ferdsel over den låge Ånnstadheia ned Ånnstadlia til Refsvika. Dette var einaste fjellovergangen på langan lei. I dei tider fekk dei ikkje vere umaksredde som ville vitje folket på vestersida – eller omvendt.

Klikk for stort bildeSortland sett frå Maurnes. Midt i biletet eit søkk ved garden Ånnstad (ein regnéling fyller Holmstaddalen), det er den lågare overgangen til Holmstaddalen. Til h. for denne ser vi den aksel-liknande Ånnstadblåheia som garden Ånnstad ligg frammed. 

Litteratur:

  • Jan de Vries, Altnordisches Etymologisches Wörterbuch. Leiden 1977.
  • Hallfrid Christiansen, Norske Dialekter III. De viktigste målmerker og deres råderom.
  • Ragnvald Iversen, Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Kra. 1913.
  • Birger Martinussen, Målet i Bø, auka utgåve 1973.
  • Kart: 1332 I ANDØRJA, 1232 III SORTLAND, 1132 II STOKMARKNES, LOFOTODDEN 1:100 000.