Auvåg – Audingevåg

Klikk for stort bildeOm gardsnamnet Auvåg. 
Nyredigert etter Håløygminne 4-1970

Av Finn Myrvang

 

Om gardsnamnet Auvåg, som i lag med Klakksjorda utgjer gnr. 8 i Bø, seier O. Rygh:

«Nogle af de ældre Skriftformer kunde antyde, at Navnet i sin nuv. Form er sterkt forkortet. Det findes ikke andensteds. Hvis Udt. Auvaag er den rette, hvilket er sandsynligt ...., kunde man gjette, at det er *Auðavágr, sms. med Mandsnavnet Auði».

Det er heva over all tvil at uttalen har tonelag 2 og diftong, endå det sat langt inne for mange å godta uttalerett skriveform, som kom inn på karta først på siste fjerdedel av 1900-talet, for skrivemåten Uvaag var einerådande på 1700- og 1800-talet. Det står i sterkaste kontrast til at skriveformene med og utan diftong går om einannan frå første gong namnet dukkar opp, i 1567, skrive Vduog og Wouog (som må lesast *Owuog), vidare Eyneuog og Udeuog 1610, Audingwog 1613, Øffdingvog 1614 og Ødinnuog 1615, jf. Ounwogh og Oudtuogh 1620, Oudeuogh 1621, Øffveruogh! 1623, endeleg Ouvog 1792.

Variasjonen i skriveform er forunderleg på den måten at ei rad skriveformer er å lese som *Audvåg og *Audevåg, på den andre sida altså Eyneuog 1610 og Audingwog 1613, Øffdingvog 1614, Ødinnuog 1615, Ounwogh 1620. Meir om det seinare.

Grenda Auvåg

Grenda Auvåg ligg på eit eid, og på kvar side av dette skjer det seg inn ein våg – den søre er nokså lang innover – og på eidet mellom vågane finn vi busettinga. Lendinga folket oftast brukar i vår tid er Langsjøen ytst på halvøya, mot Vesterålsfjorden. I det namnet ligg at dette er ei strandstrekke med hamnehøve, men utan ein særskild våg.

Sørvågen ser nokså open ut på draft og kart, og søraveret får også godt tak der. Han vender likevel så mykje mot Straumsnes at han frå fjorden sedd er løynd for folkeauga. Ein må vere grunnkjend for å ta seg velberga inn dit, like fullt er tradisjonen at dei tok seg inn på Sørvågen med jekter i gammal tid, på floa.

På Nordvågen er det nokså greitt å ta seg inn med ikkje altfor store farkostar, og han er mindre utsett for uver, jamt over. På Nordvågen var og best haldbotn, for vanlege stokkanker dei kalla; på Sørvågen er det for mykje stein såleis. Is la det elles på begge vågane, men på Nordvågen vart isen aldri trygg. På Sørvågen kunne han derimot vere lenge til meins. Elles er å merke at Nordvågen ligg, om ikkje akkurat open, så likevel meir i leia for den som kjem inn Jørnfjorden.

Jørnfjorden

Klikk for stort bildeAuvåg, kartutsnitt 

Det er elles å merke at Jørnfjorden, som så å seie er ein sidearm til Eidsfjorden, var ein god sildefjord i gamle dagar. Folket på Auvåg berga jamnast parten sin. Det vart stengt sild både på Nordvågen og på Langfjorden litt lenger inn, likeins vart det tatt mykje sild på garn på Nordvågen. Sei har det og vore fiska mykje av, både på og like utføre vågsmynnet. I ei melding frå 1906 heiter det: «Silden fiskes i dette herred så godt som alltid på garn. Der er ingen fjorder hvor silden pleier å gå inn årvisst, dog har det vært stengt sild i Jørnfjorden ved Uvåg» (R. Straume, Bø Bygdebok 3 s. 315).

Sikkert er at Nordvågen var ei anst hamn, om den sak er Anton Ellingsen frå Værøya sitert, i same kjelde: «Han Sivert sa det, at Auvåghågen og Naklingvågen var dei to likaste hamnan i Bø» (sjå seinare). Det er interessant at ein ser begge vågane nettopp frå den staden på Auvåg der «gammelgården» skal ha lege, men folk meiner likevel at det var med Sørvågen og med Langsjøen det var sjøhus, og ikkje med Nordvågen.

Klikk for stort bildeSlik fortonar Nordvågen seg sedd frå Auvåg, med den høgvorne, avrunda Risholmen midt i vågsmynnet, med Jørnfjorden i bakgrunnen. Kjem du frå fjorden, er holmen eit greitt orienteringspunkt for å finne vågen. Finn Myrvang   

Gno. vágr m. stod for «hav, sjø; våg, vik, bukt» frå gammalt av. Dei klart uforlikelege skriveformene framfor viser at vi må sjå bort frå gno. auðr -adj. «øyde», som i sms. med -vágr er nokså urimeleg. Annleis med gardsnamnet Øyjorda (gno. eyðijǫrð) om Øver-Straume, også det i Bø.

Ein kan ein seie at det var nokså gode hamnehøve på Auvåg for farkostar av ein storleik som kunne passe på desse kantar i gammal tid. Såleis kan vi òg bli mint om gno. auð- «lett(vint)-», «snar-)», altså ein snop våg, men overtydande blir heller ikkje det.

Gårdsnamnet Auvåg burde opphavleg gjelde ein av vågane. «Avgårdsfolk» brukar å kalle Sørvågen for Auvåg-vågen, Nordvågen kallar dei Litlfjorden, jf. Langfjorden litt lenger nord. Auvåg-folket sjølve kallar derimot Nordvågen for Vågen, rett som det er. Attpåtil er det på same sida vi finn Auvåghågen: Forkorting av gjengs seiemåte «atti» el. «attom Auvåghågen» om Nordvågen har til og med gjort at Nordvågen og Auvåg-hågen (utan preposisjon) iblant blir brukt synonymt, merk tidlegare sitat! Det synest altså vere slik at Auvåg er eit eldre namn på Nordvågen (Litlefjorden). Han er også mykje betre skjerma enn Sørvågen, for sørvestaver især.

Eit klart orienteringsmerke for Nordvågen er den runde, høge Risholmen tett utanfor, sjå foto. No skulle det vere uråd å kople det namnet med Auvåg, men med Audinge som utgangspunkt kan vi ikkje oversjå samisk eu'ŋe (uttalt med glidevokal?), som tyder «mindre kulle, liten höjning i terrängen» (oslo 54). Vi får ikkje gløyme at Auvåg og den samiske buplassen Klakksjorda høyrde saman, likeins at tett søraust for Auvåg ligg Finnøya, ein samisk buplass også det.

Forklaringa på at dei «uforlikelege» skriveformene på Audinge- og Aud- opptrer side om side år for år (heilt til fordanskinga Uvaag blir den einerådande) kan vere så enkel som at norsktalande veldig tidleg la seg til eit forenkla Au(d)-, medan samisktalande heldt fram med å seie Au(d)ingevåg, syntes det som, for alle som prøvde å fange det i skrift.

Det verkar sannsynleg at det same eu'ŋe også kan ha hatt ein uttale med palatal ŋ, jamfør app. 570 læŋj'ga «utleire» (Tysfjord), normalisert länjggá (Spiik), noko som kanskje ikkje passar så aller verst med det avstikkande Eyneuog år 1610.

Litteratur:

  • oslo: Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn». Uppsala 1964.
  • app: Just Qvigstad, «De lappiske appellative stedsnavn». Oslo 1944.
  • Spiik: Nils Eric Spiik, «Lulesamisk ordbok. Svensk-samisk». Jokkmokk 1994.