Beiarn

"Årbok for Beiarn" 2006

Av Finn Myrvang

I Årbok for Beiarn 1983 skriv Karl Solberg om "Ei natt på Beiarisen". Det er tanke­vekkande å lese flg. ingress: "Minner og historier fra Beiarisen kunne fylle mange bøker. Det er alt fra muntre replikker, dumdristige personer, minneverdige bragder og slit til tragiske hendelser. Så stor rolle som isen i Beiarfjorden har spilt opp gjennom tidene, må vi regne disse historiene med som en viktig del av bygdehistorien. Isen og problemene med den må jo ha preget oss – ihvertfall krevde den atskillig av mot, tålmod og krefter. Vi regner med nye historier fra isens saga så lenge vi gir ut årbøker". 

Den som går til "Norske Gaardnavne", finn at Beiara var den einaste velkjente dialektform av namnet. At dette vart normalisert til Beiarn er ei soge for seg. Beiarn heiter på samisk Baidár (Lagercrantz 4733: Pajttár), og Gildeskål heiter Oarjéli-Baidár, mens hovudelva heiter Baidár-johko.

Den eldste kjende skriveform er i Bedianom i erkebisp Aslak Bolts jordbok ca 1440, mens det heiter Bierenn 1570 og Beyrenn 1614. Oluf Rygh seier i Norske Gaardnavne: "Navnet er udentvivl opr. Navn paa Fjorden. Formen i Aslak Bolt forudsætter en Nom. Beðinn, Gen. Beðjans; men i noget ældre Tid maa Navnet have været brugt uden Artikkel og have lydt *Beði, Gen. *Beðja. Den nu brugelige Form maa dog være udgaaet fra en Sideform *Beðir.... Efter Sophus Bugge synes Stamordet at være beðr m., Leie, Underlag, poetisk ogsaa brugt om en Elvebred".

Kan vi så slå oss til ro med det Rygh legg til grunn? Aller først at dette må vere eit opphavleg fjordnamn *Beði, genitiv *Beðja – som seinare fekk bunden form *Beðinn, *Beðjans? Ei slik namneform burde i så fall ført fram til ei notidsform på line med Olden, Gloppen, Gulen, Loen eller evt. Arna, Børsa, Jelsa osv. (sjå Norsk Stadnamnleksikon, kapitlet ”Fjordnamn” av Oddvar Nes).

Dessutan måtte då det såkalte stamordet beðr ”leie, underlag” fortelje noko særs karakteristisk for fjorden, Men det nærmaste vi kjem av nordnorske ord er ba(d) i sandba(d) eller sandbag. Det høver visst ikkje for Beiarfjorden i det heile? Som vi alt har vore inne på, isproblema var eit langt større særmerke for fjorden.

Rygh ser det det filologiske problemet: at Beðinn, genitiv Beðjans harmonerer med skriveforma i Aslak Bolt, men ikkje kan ha utvikla seg til Beiaren. Det er derfor han innfører ei sideform *Beðir. Det hender nemleg at ord på –ir skiftar til ending –ar seinare, som når hellir blir til hellar (vsa. hallar). Overgangar av dette slaget er likevel unnatak i talemålet, og i gruppen –ir blant fjordnamn er dei fråverande, likeins blant innsjønamn på –ir på Sør-Austlandet (jfr Norsk Stadnamnleksikon, kapitlet ”Innsjønamn” av Ola Stemshaug). Dertil kjem eit anna problem, nemleg at fleirtalet av norske fjordnamn på –ir synest ha øy- og især elvenamn som opphav. Dermed blir fokus flytta over til Beiarelva, og her spørst det om det er så store særmerke knytt til nedste delen av elvefaret at dei overskyggar isvanskane uti fjorden?

Ikkje nok med det, i ”Norske Fjordnavne” s. 47 gir Rygh ingen norske døme i stykker der han er inne på ”Overganger fra –ir til nuværende –aren som ofte i svenske Indsønavne (Hjelmaren etc.)” Han har rett og slett ikkje funne slike, og eit tilleggsproblem med kategorien –aren er at slike namn finst i sørsamisk òg. Det er velkjent, så eg vil nøye meg med å vise til Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska Ortnamn», oppslag -ar, se jáu’re. Eg har sjølv grunda på om Beiaren kunne vere ei nedsliten form av *bæj(u)jávrre (her lulesamisk stava) i tydinga ”kvitsjøen”, altså just med tanken på den islagde Beiarfjorden? Men at samane såg på fjorden som ein innsjø pga. isen blir ein dryg påstand, og eit slik namn ligg i alle fall for langt unna den overleverte samiske namneforma Baidár. 

Vil ikkje komme med fleire innvendingar mot Rygh, men Beiarisen er det verre å få ut av tankane. For å ta namneproblemet i ein større samanheng vil eg peike på at vi har ei talrik gruppe med norske fosse- og elvenamn som direkte eller via samansetting er gamle norrøne presens partisipp: Drivande, Dynjande, Eisande, Fallande, Fjukande, Hangande, Hoggvande, Migande (også kjent frå Shetland), Rjukande, Rjoande, Svelgjande, Verpande osv. Fleirtalet av desse namna forstår vi utan nærmare forklaring, viktigare er den avkortinga av slike namn som kom til i ettertid og gav Rjukan, Migan og Fjukan osv., jamfør Fykan i Meløy. Alle desse namna, ja endå fleire, karakteriserer måten vatnet renn på: om det ryk, fyk, blir kasta utover, sprutar eller berre sildrar – eller også fortel namnet om låta frå fossen.

Slike meir eller mindre historiske namneformer finst det nokre av på svensk side med, så som Fallande fors, Lynjande, Rynjande, Sjudande, Vellande, men også Skinande. Det siste er meir eit ”statisk” namn på eit vassfar og kunne høve like godt som namn på ein innsjø eller ei havvik. Ja, faktisk finst det spor av slike namnelagingar blant fjordnamn med, som Dynjandi, Skjálfandi og Súgandi på Island og eit par andre her til lands: Pipervika i Oslo heitte på norrønt Gyljandi, der Gyl- er språkleg i slekt med havgola (-gula). Det andre tilfellet er Brænvika i Steigen, der sandstranda heitte Breandi «den skinande», seinare forkorta til Bræna, men då vel å merke som namn på sjølve buplassen.

Som vi ser, går dei talrike fossenamna og dei færre fjordnamna av arten oftast rett på sak: Tidt dramatiske, ikkje fult så ofte lyriske. Det islandske Skjálfandi forstår vi utan vidare i lys av skjalfa ”skjelve, riste”, mens Súgandi i sak fortel omtrent det same som namnet Sogn, tolka til sugande, sterk straum.

Norrønt har eit adjektiv bágr ”vanskeleg, hinderleg, rangsnudd, lei”, som ein og annan vil kjenne att i dialektordet meinbåg. Verbet som svara til adjektivet var å bægja «hindra, stengja, møta og stansa eller tvinga til å ta ei anna lei; hindra i å koma fram (ein viss veg, til ein viss stad, i å fullføra ein plan o.l.» (b. 1 av Norsk Ordbok). Men allmenn nordnorsk uttale er å beie, preteritum beidde: ”det beidde han ikkje”, det hindra han ikkje, sette ingen stoppar for han. Same lydovergang i verbet lægja ”gjere lågare”, t.d. i høvedsmannsordren lei hòn for skavlen! la han (båten) få mindre segelføring!

Lydovergangen er utan tvil svært gammal, og så kjem vi poenget: Ned gjennom hundreåra har den tilfrosne Beiarfjorden i høgaste grad gjort seg fortent til karakteristikken *Bægjandi i den tydinga avsnittet framfor refererer. Eg trur at *Bægjandi med ein nordnorsk uttale *Beiandi alt før Aslak Bolts tid var blitt *beian, ein uttale skrivaren då (eller ein av hans føregangarar) meinte kom av opphavleg dj og ikke gj. – Elles er skriveforma Bedjanum heilt på line med tal­rike andre namn i Bolts jordbok, med dativ meir som grammatisk ”sjablong” enn nødvendigvis som uttrykk for daglegtalen i samtida.

Men «alt før Aslak Bolts tid var blitt *beian» treng nok til nærmare forklaring: I den eldste gammalnorske tid (Ragnar Iversens norrøne grammatikk s. 207) fanst ordlagingar av typen seljandi, sœkjandi oa. som litt etter litt vart avløyste av ”moderne” former seljari, sœkjari osv., blant anna på grunn av direkte innlån av nyord på «-ari» frå andre språk (som stallari, meistari, mylnari, riddari).

At gamle ”aktør”-ord vart omforma på denne måten hadde altså både med mote og med analogi å gjere, men vi får heller ikkje misse av syne at desse presens partisipp-formene var utsette for akkurat den same avkortinga som namnetypen Fjukan(de), Rjukan(de) osv. Ja, tenker vi etter, er det likeins i vårt eige talemål: Vi seier ikkje alltid faranes eller ståanes eller gåanes – faran og ståan eller gåan er ofte tilstrekkeleg, for ikkje å gløyme meir norrøne former som standan og gangan når du kjem litt lenger sør i Nordland!

Då er det lett å fatte, at så snart personrelaterte partisippformer som seljande og søkjande med tida vart utsett for akkurat same tendensen til avkorting, kom dei til å likne altfor mykje på heilt andre ord på –an, og dermed vart det naturleg og praktisk å modernisere dei til typen –ari (som seinare vart berre –ar).

Bak det som nyss er nemnt, ligg mistanken om at *Bægjandi uttalt *beijande vart ureflektert og analogt omforma til «beijari» (i nominativ) og til «-ara» i genitiv, dativ og akkusativ, der fleire faste vendingar med til, i, av og or Beiara gjorde at denne underforma stivna og heldt seg. Det kan ikkje ha vore til hinder for at det også voks fram ei bunden nominativsform Beiar(e)n i visse saman­hengar, eventuelt berre i nabobygdene.

Truleg heitte det Beiara alt då Aslak Bolts jordbok vart til, men skrivaren henta sannsynlegvis namnet i eldre form frå eldre førelegg. Å bruke dativ på –om for stadnamn der ei slik bøying var for handa var etter gammalnorsk skriveskikk ei sjølvsegn under føring av jordbøker, og må vurderast ut frå det. 

Ordboksført på line med verbet å bægja – frå Nordland òg – er eit beie = bægje «noko som stengjer eller står i vegen; hindring, stenge» (Norsk Ordbok b. 1). Eg har òg leita etter eit direkte laga beiar lik bægjar (ein som hindrar eller stenger), men ikkje funne nemneverdige belegg for det, og ingen variant bægir (jfr. Rygh) korkje i islandsk eller norsk, men rett nok har det vore gjetta på eksistensen av eit slikt ord til forklaring på det islandske elve- og gardsnamnet Bægisá.

Dersom mi forklaring på Beiar-namnet står til truande, bør det vere nemnt at det i alle tilfelle har fleire slektningar enn Bægisá. Det er nemleg så at vi kan knippe verbet å bægja saman med norrøne ord som å baga ”trykke, hindre” så vel som adjektivet bágr (omtalt) og nomina bágr ”motstand, strid” og bági ”motstandar, fiende”. Her vil også eg gjere meir eller mindre svenske av meg:

Det gamle norske Båhuslen eller på rettare svensk Bohuslän er skrive Bahuslæn 1422. Skal sitere Svensk Ortnamnslexikon: «Landskapsnamnet är känt först från 1400-talet och anger att Bohuslän är ett förvaltningslän under det 1308 anlagda Bohus slott (Bagahus 1319 avskr.). Förleden i det senare namnet har sam­manställts med fornvestnordiskt bágr ’besvärlig’, syftande på den besvärliga far­leden i Nordre älv [heitte og Norges älv før]. Efterleden är hus ’slott, fäste’».

Under omtalen av Ulricehamn i Västergötland i same leksikon vil vi oppdage at den byen fram til 1741 heitte Bogesund, skrive Baghæsun 1320, og det namnet ”innehåller dialektordet båg (fornsvenskt *bagher ’besvärlig’ eller ett dertill bildat ortnamn. Efterleden –sund åsyftar en passage, vars vatten bör ha varit be­svärligt på något sätt, vid Ätrans utlopp i Åsunden”.

Så tør vi kanskje seie at vel nok er Beiar-namnet særmerkt, og ingressen etterlet ingen tvil om grunnen til at namnet oppstod, men beiarværingane var ikkje dei einaste i Norden som fekk oppleve at fjorden eller elva bægde dei når dei skulle i utferd.