Bernfarøya og Vårfallsenga

Klikk for stort bilde"Bøfjerding" 1987

Av Finn Myrvang

Eit velkjent ord for å reise er å fare, gammalnorsk fara. Ein person som høyrde heime ein viss stad, som brukte å fare dit – eller iallfall hadde vore der, t.d. i Jerusalem eller Roma – kunne seinare bli heitande jórsala-fari og rúmfari, eller ein på meir heimlege hav: grœnlands-fari, englands- og islands-fari (også: -farari).

Eit anna ord med same tyding som fari var ferill: «ein reisande». Ein som hadde vore på rúm- eller rómerd kunne derfor bli heitande både rúmfari, rúmferill og rómferill!

Eigentlig var ferill berre eit ord for 'rørsle, reise, ferd', men kom også til å tyde «spor, farveg», t.d. var nauta-ferill eit anna ord for buveg. Men ferill vart med tida òg brukt om den reisande sjølv, som alt er nemnt: ein frum-ferill var ein som var ute på reis for første gong (førstereisgut), ein bú-ferill var ein som flytta med alt sitt bú (pikkpakk). Dette siste ordet, no i nynorsk form bu-ferel, brukte fiskarane på våre kantar seinare som utnamn på skårungar og andre som rak i meste laget på buene hos andre båtlag i været! - Heller ikkje må vi gløyme eit anna Bø-uttrykk for jentefut, nemleg jent'ferel, eller fesje-ferel som det heiter på Helgeland. 

Størst historisk interesse er nok knytt til gammalnorsk vár-ferill «Person som ferdes ude om Vaaren», «især om dem som søger Vaarfisket paa fremmede Steder», i flg. J. Fritzners ordbok. Ordet var kjent over heile landsdelen og endå lenger, det synest å ha vore så mykje i bruk at slitasjen vart større enn på dei andre glosane vi har nemnt. Iallfall står det varfellom (les vår-) i erkebisp Aslak Bolts jordebok ca. 1430, og på Andenes bur det i 1567 ein mann som heiter Niels Vorfeld (også skrive Worfeld). Litt seinare skriv Petter Dass i «Den Nordske Dale-Viise» om varfellen (i ein tydeleg meir mistydd variant er «For Fellen»). 

Vårfalls-enga, kor er så ho? Jau, ho ligg oppunder Nonberget, like bortom Oppsåta i Skorvågen i Bø, på søraustsida. I Vårfallsenga var det brygge og buer før i tida, fortel Johnny Johannessen, så det er ingen tvil om at det var utrorsplass. Uttalen Vårfalls- i staden for Vårfells- er litt uventa, men samanhengen elles grei nok. Merk også namna Oppsåta og Slagbåtvika på staden (Bøfjerding-80:94-97), så vel som Slagbåtbukta og Slagbåtodden på Auvåg. 

Vi kom inne på sambandet mellom å fara, ein fari og ein ferill: Vi skal føye til at gno. fǫr f, fleirtal farir, var eit anna ord for 'ferd, 'reis'. Nærslekta var også ordet eit far, flt. fleirtal fǫr, som både kunne tyde 'farkost, skip' og 'føring, frakt'. Ja, i somme norske målføre har dei enno ordet 'far' i tydinga 'skyss'. Vi ser i gamle rekneskapslister o.l. at nordlandsjekta stadig er omtalt som «bøigde-fahr» o.l. eller berre som far(et), men då var det for lenge sidan slutt med å skrive norsk, noko den kunstige stavemåten er det beste vitnemål om. Gammalnorsk «fari» var no for lenge sidan forkorta til berre far, dermed kunne det godt heite ein bergens- eller trondhjems-far om personen, men eit bergens- eller trondhjems-far om jekta. Eller også smør på flesk: «jekte-far».

Klikk for stort bildeLegg merke til namna Bernforøya, Kremmarbukta og Kremmardalen. Norgeskart

I stadnamn er der også spor etter slik ordbruk: Like nordom Andslettnesan i Bø – før i Øksnes – ligg Kremmarbukta, og like utafor bukta ligg Bernfarøya som etter retten også kan bli kalla Bernfårøya, Beinnfar- og Beinnførøya. Der er liten tvil om at Bern- står for bynamnet Bergen, plent som i glosen Bern-blom, presangen ein bergensfarar tradisjonelt tok med seg heim. Og for at det skal vere nemnt, den som kremmar skulle vere måtte ein stad få varene sine ifrå, så namnekombinasjonen Bernfarøya (Bernfor-) og Kremmarbukta er ikkje tilfeldig.

Den litt skiftande uttalen av førsteleddet i øynamnet viser nok samanblanding av den slags ord som vi nyss har vore inne på, men mest truleg er det meint «bergensfar(ar)»: Merk at i lensrekneskapen for Skrova i Lofoten år 1567 er det ein mann som ikkje er omtalt med etternamn på -sen, slik som dei andre, han blir kalla Benedect Berneford.Trur så gjerna at skrivaren han ha oppfatta det som eit fint lågtysk slektsnamn.

Vi var inne på Slagbåtvika, -bukta o.l.: I flg. 'Norsk Historisk Leksikon' var fartyet slagbåt «visstnok av jektefasong, som var mindre enn tendring, oftest mellom 3 og 10 lester. Slagbåt er kjent fra 1700-tallet, og ble da benyttet av Trondhjems-borgerne til omførselshandel, eller av fiskerne i Nordland for å hente hjem fisk fra Finnmark med etter utrodd fiske». – Det siste får stå som ei lita påminning om at bergensarane fekk konkurranse etter kvart.