Bonden som aldri var bonde

Klikk for stort bilde "Håløygminne" 2-2019

Av Finn Myrvang

Når norsktalande overtar samiske stadnamn, skjer iblant det vi kunne kalle falsk gjenkjenning. Det  går ut på at samiske terrengord blir vridd i retning av norske ord som slumpar til å likne, men ikkje har noko med terreng å gjere. Det samiske namneelementet overlever då i forvridd form. Eitt døme er nordsam. bovdna (open o) «tuve; liten haug i myr» mm., sørlegare former bovna, bovne står for «lågt, snautt berg», ev. «liten fjällklimp, som en kägla» (Qv nr. 103). Det siste er treffande for Bon­hammaren i Bø (Nordland), men eigentleg finn vi over heile landet høgdeformasjonar av liknande skabelonar. Skrivemåten er oftast eit lydrett Bon-, men litt for ofte ser vi det «retta» til Bond(e)-. 

Bonen heiter ein gammal tilror for Andenes, tydelegvis etter eine médfjellet, det tuveforma ca. 500 m høge Litlehornet, sam. Unnačoarvaš, innom Inner-Aun i Harstad. Bonen heiter òg ein rundvoren fløholme på Vindstad i Moskenes, medan Bonden ved Tverrsundet i Gildeskål er ei dryg fjelltuve. I Lurøyfjellet finst ein åshump Bonen, og Bonden i Kongsberg og i Kristiansand er nokså ruvande ås­ar, likeins Bondåsen på Tynset. Bondehaugen ved Bondevika i Kvinnherad er særs rund, medan den ved Bondevika i Gloppen er meir avsniska av vegbygging.

Klikk for stort bildeBonhammaren i Bø er ganske tuveforma. 

I nordsamiske stadnamn tyder bovdna tuve, hump eller haug, både som første- og sisteledd. Ganske ruvande er Stuorabovdna = Stortuva i Ullsfjorden, jf. Stoerrebåvne i Hattfjelldal, Laedtiebåvne i Meråker og Liejpiebåvne i Tydal; også som namn på nokså store åsar er sørsam. -båvne vanleg nok. Termen boune (les båone, båvne) finst òg definert såleis: «lägre, begränsade, torra, delvis skoglösa bergspartier, i regel vid trädgränsen» (Bertil Wiinka 1986). Så i Storfjell-området i Södra Lappland.

Nordsamiske er namna Bovdnagieddi «tuve-eng» og Bovdnajeaggi, sml. jeaggebovna «myr-tuve» frå Ofoten. Dette blir andre stader fornorska til Bonjorda og Bonmyra, og namneforma Bondalen finn vi over heile landet, så å seie

Som usms. øynamn er vel *Bov(d)na ukjent i samisk, men Bonøya i Lebesby, Hammerfest, Bjarkøy og Vikna har iallfall ordet som fornorska førsteledd. Alle har dei fleire humpar. Samanlikningsvis kjenner vi heller ikkje noko norsk øynamn *Tuva, derimot Tuvøya tre stader i Vega. Eit særtilfelle er at Lebesby har ein ås kalla Miekta «grastuve», men i Karlsøy er dette namn på ein holmegruppe der den største holmen er tuveforma. I sørsamisk kan åsar og fjell kalla Båvne vere éi rund «tuve», men i Vilhelmina, Røyrvik og Jemtland kan det nok vere tale om lokalitetar med fleire humpar.

Noko for seg er metamorfosen som har skjedd i namnet på ein rundvoren myr-rabb på Straumnes i Gimsøy i Vågan: Sam. njáhcebovna tyder «høg grasgrodd myrtuve», men vart til Jarsponen for di norsktalande tok førsteleddet Njáhc- for å vere Jar-s- og oppfatta -s- som framlyd i sisteleddet, slik vart også -s/b- til -sp-. Vel var «jar[n]sponen» snålt som namn på ein hump, men gav i det minste ei slags meining. Ikkje så med *bon-a eller *spon-a. I baktanken duppa nok òg kjøkkenreiskapen dei kallar sasponen; i Bliksvær utanfor Bodø har dei forresten eit skjer kalla så. Eit ukjent hokjønnsord *bon-a el.l. som namn på ein rabb ville inga meining ha, norsk dativ -bonen kunne derimot passere.

Variantar av det omtalte samiske ordet for «tuve» – ser bort frå at vi iblant finn det med framlyd p – gir med tilnærma lydrett skrivemåte flg. liste: nordsam. båvdna, lulesam. båvna, båvnå, pitesam.[1] båvdnå, malåsam. bavdna, i sørsamisk elles bavna (Jemtland), for øvrig båvnè (i nordlege område) og bavnè (i sørlege) – men så langt nord som i Vilhelmina er begge dei to siste formene registrerte. 

At former som desse har vid utbreiing i samiske stadnamn er ein ting, innslag i presumptivt norske stadnamn er eit spørsmål for seg. Norske namnegranskarar som gjerne vil halde tankar om samisk påverknad utanfor når dei søker etter ei truverdig forklaring på Bon(de)-namna får det ikkje enkelt! Før i tida fanst matrettar med fantasifulle namn som arme riddere, tilslørte bondepiker og forloren hare, så kanskje kunne overskrifta heller vore «forloren bondeknold»?

Fotnoter:

[1]Basert på den pitesamiske frasen båvvdnå gaskajn 'mellom tuvene' .