Børra

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 1-2007

Av Finn Myrvang

Fjell og fjellformasjonar er viktige identitetsmerke, enten vi legg merke til det eller ei. Ikkje minst interessante er fjellnamn som for lenge sidan gjekk over til (også) å bli gard- og gren­denamn, som Ramberg i Bø og i Flakstad, Innbjørg og Utbjørg i Hadsel så vel som Tinden og Hornet i Øksnes og Middagsfjellet, Gavlen og Stave på Anda, jamfør Stavan. Men i slike høve kan presset frå det ”nylaga” sekundære grendenamnet bli så stort at vi til sist får nye fjellnamn av typen ”Tindstinden” (Øksnes) og ”Åseåsen” (Andøy). Men vel så ofte skjer at den lokaliteten som gav garden eller grenda namn, med tida misser sitt opphavlege namn og blir omdøpt eller nedgradert: Eitt døme på det er Klubben mellom Steinsvika og Steine i Bø, eit par andre er Sjøhusaksla på Nøss og Kollen på Skjolda (dei to siste døma frå Andøya).

Klikk for stort bildeBørra ved Svolvær er på sitt mest karakteristiske sedd frå Helle. Frå aust er ho meir ei sâlforma høgd, frå Børrvågen trekanta og spiss. Sigmund Sundsbø  

Enkelte fjellnamn har fått ein særleg nimbus og status, veit vi: Torghatten er eit godt døme, Vågakallen eit anna og Møysalen på grensa mellom Sortland og Hadsel eit tredje, osv. Den slags identitetsskapande landemerke er viktige både i våre folkeminne og i folkeleg poesi, dei blir også nytta som namn på fiskebåtar og ferjer, på samlingsstader og samskipnader o.a. (ungdomslag, bygdelag osv.)

Den slags har lange tradisjonar. Då Andøy ungdomsfylking vart skipa i 1921, møtte det opp utsendingar frå sju av elleve lag, og desse laga hadde til dels poetiske namn som Havgolla, Lyngblomen, Vårblomen og Nordstjerna, eller ideologisk programmatiske namn som Fram, Prøven og Rett Leid. Eit lag som vi ikkje finn representert, men som iallfall snart kom til, var ul. Børra på Nøss, oppkalla etter fjellet av same namn. Det er klart, innafor lokalmiljøet vil namnet på eit ruvande landemerke nytta på denne måten – med heilt open symbolverdi – i lengda vere meir indentitetsskapande og slitesterkt enn eit namn som er ideologisk mote­rett, men som nettopp derfor kan bli bytta ut om ei tid.

Klikk for stort bildeBørra på Anda sedd frå Nøss – med tind og tårn. Vegen Nøss – Nordmela endå ikkje bygd. 

Kva tyder så Børra, uttalt med einstavings tonelag? Ei kjend folkeleg tolking er at namnet hadde med seglevind å gjere, at du fekk børr når du passerte fjellet på veg nord­ eller sørover. Men innvendingane mot denne teorien melder seg fort: Medvinden eller motvinden var knytt til dei opne mystrekningane tvers over Andøya, han gjorde seg ikkje særskilt gjeldande akkurat utfor Børra. Dessutan fortonar forklaringa seg nokså ”søkt” fleire andre stader som òg har formasjonar med same namnet, men som gjer geografisk lite av seg. I tillegg kjem at børr (i normalisert form bør) går tilbake på det gammalnorske hankjønsordet byrr – men fjellnamnet har hokjønsform, som vi ser. Dessutan er verfenomen sjeldan nemnde i stadnamnfloraen, og slett ikkje i usamansett form: Nordavindshamn o.l. finst nok, men *kulingen eller *skodda nytta som stadnamn må vi leite etter. Fjellnamnet Røyken mellom Andenes og Bleik kunne tilsynelatande vere eit unnatak, men er nok heller å forstå som røyk = rauk (oftare rauka), på grunn av forma.

Det meteorologiske namneaspektet er altså ikkje mykje å satse på. Men det finst også dei som meiner at fjellnamnet beintfram må vere bør = gno. byrðr f ”byrde, det du ber”: Børra på Andøya har ein hump Børrtuva som kunne vere opphav til namnet, nytta pars pro toto som det med ei litterær vending heiter – her: at ein har heile fjellet i tankane, men nemner ein liten del av det. Men her òg finst det sterke innvendingar: Humpen på Børra på Anda gjer lite av seg og er plent fråve­rande hos dei andre lokalitetane med same namn. Dertil kjem at det ingen stad her nord heiter ei børr tradisjonelt, uttalen ei børra, børre eller børr^ med tostav­ings tonelag er einerådande. Skrivemåten normalisert er byrde, byrda.

Kva fjellnamnet Børra gjeld, er derimot einstavings tonelag det vanlege, rettare sagt: Rekna nordan ifrå går einstavings tonelag til og med Øksnes, mens Børra i Vågan og Hamarøy er uttalt med tostavings tonelag, men så kjem atter tonelag 1 inn for Børra i Steigen sin del. I Flakstad heiter det derimot Børa med tostavings tonelag. Men ei innvending er at Lokali­tetsnamn som Dallen, Skrinet, Øska og framfor alt Kista finst mangstad, nemnt så etter ting som har velkjend form. Men ei børra = byrde er berre noko du ber på, noko tungt, vere seg firkanta, rundt eller flatt – forma er udefinert.

Eit nærmare studium av dei lokalitetane som ber namnet Børra viser då også at den sist om­talte tolkinga – bør = byrde ”noko du ber” har lite for seg, også i dei tre tilfella der namnet blir uttalt med tonelag 2. Vi nøydest derfor å leite etter andre topografiske samnemnarar. Ei tredje tolking av fjellnamnet Børra går ut på at lokaliteten skal minne om ei «stor kiste eller kasse (ofte med fleire rom) av bord, serleg til å ha korn, mjøl (og brød) i». Ei slik innretning (norr. byrða) laga av bord (norr. borð) kan heite både byrde, børe eller bøle (Norsk Ordbok b.1: 1155).

Klikk for stort bildeBørra på Anda sedd frå nord. 

Denne tolkinga er den mest konkrete, ikkje minst av di Kista som alt nemnt er eit gjengs namn på fjellformasjonar. Men tolkinga blir likevel problematisk, av di at ordet byrde, børe osv i denne særlege tydinga (også brukt som stadnamn) ikkje er kjent lenger nord enn til og med Sunnmøre, og ikkje noko nordisk språk har ordet i einstavingsform. Forma på fjellet kunne høve så nokolunde med den tolkinga når det gjeld Børra i Steigen, utan at tonelaget stemmer i det tilfellet.

Eitt viktig og overraskande unnatak finst: fjellnamnet Børa med Børnupen, ved Børvatnet i Bodø kommune, er uttalt |"bø:ra| med lang ø, eller |"bø:ro| blant dei eldste. I tillegg kjem at Børvatnet, som Børrvasstindan (kort ø!) har namn av, på samisk heiter Bur'dō (Qvigstad 1938: 226). Her har det då på samisk side skjedd såkalt denotasjonsendring, det vil seie at eit namn går over til å gjelde ein annan og nærliggande lokalitet, noko som ofte skjer når brukarane av eit namn ikkje lenger forstår kva det eigentleg tyder. Den norske uttalen av fjellnamnet viser likevel klart at det er tale om eit lint norsk tostavings hokjønnsord kunne godt vere byrde, børe (gno. byrða) "mjølkiste". Sjølv gir Qvigstad inga oppfatning til kjenne i så måte, heller ikkje i «Nordische Lehnwörter im Lappischen». Men har gno. byrða gitt Børo eller Børa med tonelag 2 og lang ø i dette eine tilfellet, må Børra med kort ø (+ tonelag 1) i fleirtalet av tilfella elles) vere eit anna ord.

Klikk for stort bildeBørra (den låge høgda) og Tinden i Øksnes, den siste på uvant nært hald. 

Børa i Flakstad burde komme i klasse med Børa ved Børnupen, men liknar lite. Det siste gjeld også for Børra i Hamarøy og Vågan.­ Mindre kategorisk vil eg uttale meg om den 730 m høge Børra i Steigen, trass i at namnet der har same tonelag som i Vesterålen og nordafor, for etter N50­karta å dømme er ho lang og smal, men òg nokså firkanta (sjå foto).

Klikk for stort bildeBøro i Bodø, her sedd frå Tuv, er svært bratt mot vest, og svært flat oppå, men er ulikt dei andre omtalte fjellformasjonane ikkje ein langsmal rygg. Rygh kjente ikkje til fjellnamnet, men gjetta på at det eksisterte (NG b. 16: 211¬ 212). 

Fleirtalet av fjella og åsane som heiter Børra er i det heile temmeleg lange åsryggar og fjellryggar, smale, men brattare på sidene, oppå flate, og kan ende i nov­ el. akselliknande former. Med unnatak for Børra i Hamarøy ligg alle på sjøsida. Børra i Hasvik, Andøy og Steigen kunne kallast fjell, men Norgesglasset kallar dei åsar alle.

I Trøndelag og Hedmark finn vi fleire stader Borren (tonelag 1) og Borråsen som namn på langvorne åsar og haugar. I nokre tilfelle skjuler skrivemåten ein faktisk uttale med ø: m.a. blir gardnamnet Borren i Ålen uttalt Børren, dativ Børra (tonelag 1). Likeins heiter dei to hovudpartane av garden Borr i Levanger (Skogn gl hd.) etter uttalen Storbørr og Østbørr, offisielt ­borr. Dette opphavleg usamansette gardsnamnet Borr blir drøfta av både Halvdan Koht og Magnus Olsen (Maal og Minne 1922: 182 og 1936: 176). Dei kjem til at "Storborg" uttalt Storbørr og "Østborg" uttalt Østbørr er partar av ein gard som opphavleg heitte Borr, ikkje *borg, slik K. Rygh tenkte seg (NG 15: 109). Om det same Borr skriv Magnus Olsen i 1936 òg: "Sannsynlig har K. Rygh rett i at gårdsnavnet har været navn på ”Borgsåsen”, den langstrakte, omtrent 3 km lange og indtil 1 km brede ås med temmelig bratt fall til alle sider som, like nord for Storborg og Østborg, på flatt terreng hever sig til over 150 meters høide og er det mest karakteristiske i landskapet” (MM 1922: 182, 1936: 176).

I 1975­utgåva av Heggstads ”Norrøn Ordbok” er plent same gardsnamnet Borr oppført med norrøn dativform Borri (med vising til Konunga sögur: 353). Det er med tanke på samisk Borri – tankevekkande at Magnus Olsen ender sin korte artikkel i 1936 slik: ”Det at Borr står så isolert innenfor vår navneskatt, tyder på at det har opstått langt tilbake i forhistorisk tid. Engang har det visstnok været et fellesnavn – et ord for en bestemt slags høide – som er gått tapt i alle de historiske germanske sprog". Den tanke at ordet kanskje ikkje er germansk ser ikkje ut til å ha streifa han.

På det kartet over Borr som er tilgjengeleg i Norgesglasset står foresten ikkje lenger ”Stor­borg” og ”Østborg”, slik skrifttradisjonen lenge lydde, men Stor­borr og Østborr, likeins Borrsøya, Borrsmoen og Borrsåsen (med ein genitivs s som i alle fall må vere norsk). Men den gamle fortolkinga ”borg” går igjen i Marienborg ved austre ende av åsen.

Det kan vere delte meiningar om kva sambandet er mellom stadnamn som Borren og Børra. I det minste kan vi seie om uttalen ø for o at han rekk veldig vidt: Merk t.d. den rundvorne Børrenøse (­nosi) med Børrelie i Vang, og det lang­vorne Børrefjellet i Vindafjord, så vel som at fleire andre talemålsord på bor(re) har den same overgangen, ja både bor (til å bore med), vor (om steinrad) og fuglenamnet orre i Nordland blir uttalte med ø frå og med Salten og sørover.

Ei moderne innretning heiter borrelås, etter borre (plantenamnet), da. burre. Ivar Aasen har ”borre, m. Burre, Art med smaa Hager paa Blomsterhovederne (Arctium Lappa). Ogsaa kaldet Burre (Søndmøre) ... Svensk Borre”. Aasen tar også med at planten heiter "Børre" i Hallingdal. Seinare registrerte former av plantenamnet er borr, bør (Ross 941). – Omtrent same uttalevariasjon borr­ børr viser både borr m (hestesjukdom) og borr m, f "kornsnø, smått hagl" (Torp: 35). Dei lydlege føring­ane borr­børr er altså krystallklare.

Når det gjeld det utbreidde nordnorske fjellnamnet Børra, er det av grunnar som allereie er nemnde, svært lite truleg at namnet står for børe (byrða) "mjølkiste". Det er kontrollerbart usannsynleg at det har med bør (byrr) "seglevind" å gjere. Vi står att med bør synonymt med børra "byrde", ei noko abstrakt namnetolking som dessutan krev at talemålet her nord hadde dette ordet i både sterk og linn form.

Klikk for stort bildeBørra i Steigen frå sjøsida. Frå andre vinklar ter ho seg som ein temmeleg spiss topp, men det var frå sjøsida eller leia at slike namn vart lagde. I dette tilfellet er det eit ope spørsmål om vi bør jamføre med Børda (Børo) i Bodø og tenke på kiste eller kasse, eller på samisk borri i den særlege tydinga ”kant, skrent”, for i sak kan begge delar høve. Aasmund Gylseth  

Klikk for stort bildeBøra ved Fredvang i Flakstad sedd frå aust. Likskapen med Børra i Vågan og i Øksnes er slåande. Kjell Inge Nilsen  

Det gagnar ikkje namneforskinga å forteie at Finnmark, Troms og Nordland har eit velkjent samisk namneelement borri (gammel rettskriving borre), som tyder både ”kant”, "skrent", ”haug” og "fjellrygg" (Qvigstad 1938: 137 m.fl.) J. Qvigstad har i ”De lappiske appellative stedsnavn” nr 95 fyldige opplysnin­gar om termen borri, som i flg. han kan stå for ”et fjell som skråner til to sider” (Karasjok, Karesuando og Lyngen), eller også ”skrent, liten høide” (Nesseby), men òg ”ås med helling til begge sider” (Ibestad og Ofoten). Ordet når langt sørover landet: i Tysfjord står det for ”langslutt bergrygg med skog”, medan burrie i Hatt­fjelldal og Vefsn er ”skogløs høide på snaufjellet”, jfr Herjedals­ samisk burre ”snau fjellrygg (fri for jord)”. Former med framlyd p opptrer også fleire stader, som porre ”smal bergås” (Jukkasjärvi) og purrie (Snåsa, Jemtland), osv. Her i desse sitata har eg forenkla skrivemåten litt.

Vi ser ca 25 døme på bruk av dette ordet i Qvigstads namnesamlingar. I Troms finst det ofte i usamansett form, som Borre, ein knaus i Lyngsdalen (Qvigstad 1935: 54) og som namn på den eine av dei to toppane på Borrevarre, norsk Mel­huskletten (1935: 193), vidare Borre alias Ørneberget om høgda mellom Krok­elv og Saltvatnet i Astafjord (1935:111). Borre (forklart som "åsen") heiter også ein åsrygg eller ei høgd tett nordom Nordli i Storvassbotn, Harstad kommune, i fornorska form Borran. Nær den sist nemnde, men i Kvæfjord komm­une, ligg Dābmukbor're eller med ny ortografi Dábmukborri, på kartet "Dagborhaugen"!

Frå Nordland nemner Qvigstad fjellet Rid'daborrē (lulesam. Rijddabårre), enn vidare Skir'reborrē i Fauske, norsk Rishaugfjellet (vi finn korkje dette samiske eller norske namnet på dagens kart). Men som vi ser går el. gjekk forma borre iallfall så langt sør som til Fauske, og Qvigstad har ingen namn som inneheld burre, burrie, den eigentlege sørsamiske forma av ordet, om "snau bergrygg (der snøen blåser vekk); stor skogløs knaus (oppe i fjellet)". Det kan vere grun­nen til at Bjørn Collinder i "Ordbok till Sveriges lapska ortnamn" med spørs­målsteikn fører opp "burre (borre?)" som sørsamisk form.

Som vi ser av det nyss omtalte, har enkelte av borri-lokalitetane eigne norske namn (vi kunne her også ta med Slettfjellet som norsk namn på Bæskaborre alias Beaskaborjjit, ein ås i Balsfjord): Men desse norske namna verkar ikkje alderdommelege. Meir vanleg er full aksept for det samiske namnet, eventuelt lett ”fornorska” former: Dagborhaugen for Dábmukhaugen er nemnt før, merk også Suborg for Cuobborri "froskhaug" i Alta. Med eit par unnatak viser det seg dessutan at det ikkje finst samiske namn på dei åsane og fjella som heiter Børra på norsk, og dette tilhøvet er det grunn til å legge vekt på.

Det før nemnte Borran som norsk tilpassing av Borre kunne nok vere eit isolert tilfelle, men mot dette talar at ein lang haug i Os på Hedmark heiter Borren, lik­eins ein ås i Tolga (han er bratt mot aust­nordaust). I Ålen har dei eit gardsnamn skrive Borren og uttalt Børren, i dativ Børra med tonelag 1, mens garden Borr­åsen i Stjørdal ligg i nordaustre ende av den marker­te åsen Langegga. Den same namnelaginga Borråsen er kjend også frå andre bygder og må i det minste inne­bere at Borr­ opphavleg stod for nettopp ”ås”, og at –åsen vart skøytt til som for­klarande tillegg etter at det første ordet gleid ut av levande tale.

Det samiske borri eller borre (evt. burrie) kunne med tida tydelegvis få tilføydd etterhengd norsk eintalsartikkel eller også bunden fleirtalsform, jfr. Borran. At borri med einstavings tonem i somme område og langt att i tid vart oppfatta på line med bundne hokjønsformer som t.d. norsk borg­i og merr­i og slo lag med slike i den lydhistoriske utviklinga fram mot etterhengd artikkel –a overraskar ikkje. Jfr. her også tidlegare omtale av ordformer på bor­ bør.

Å nemne det samiske namneelementet borri er ein ting, å legge det til grunn for den skriftleg normeringa av norske namn er noko anna. Som alt nemnt er det ei kjensgjerning at vi på norsk side har Børra og Borr, Borren så vel som overgang o>ø i uttalen av ord som liknar: Så lenge Børr­ og Borr­namna ikkje er endeleg tolka, må det vere tryggast å respektere ein lokal uttale i kvart tilfelle og berre skrive enkel r der uttalen tilseier det (som i Bodø og Flakstad). Når det gjeld dobbel r som isolert fenomen er døme som Storborr og Østborr i Levanger alt nemnde, så vel som Børrenosi og Børrefjellet. På landsbasis finn vi dessutan gardsnamn som Horr og Horrem, naturnamn som Horrtjønni og Horrvika på line med Horrøyna og Horrshommen, andre stader Borre, Orre m.fl. I Rennesøy finst skjernamnet Torr. Fjellnam­net Børra skrive med dobbel r er då ikkje eineståande på nokon måte.

I eit slikt perspektiv kan det heller ikkje vere nokon tvingande grunn til å "rette" opplagt sekundære namn som Børrfjorden og Børrvågen til Bør­. Men den som er skeptisk til den samiske tilnærmingsmåten eller meiner at fjellnamnet Børra no i alle tilfelle må sjåast på som eit heilt norsk namn som vi må normere etter norske mønster, vil sjølvsagt jamføre med norske ord og stadnamn som liknar. Relevant i så måte (kva stadnamn gjeld) er i grunnen berre hokjønnordet dør, stort sett nytta i samansette og særs lokale namn på strupar og sund eller også dør­liknande bergformasjonar. Usamansett Døra er kjent i to­tre tilfelle, ingen av dei landskjende lokalitetar. Med andre ord, talemålsordet «dør» er så marginalt representert i stadnamn at vi knapt treng ta omsyn til det i vår samanheng.

Ei sak for seg er at stadnamn er konservative og avslører ordformer som elles er gått av bruk. I dette tilfellet bør vi vere klar over at den gammalnorske forma var dyrr, som eigentleg var fleirtalsord. Vi kunne beintfram snu saka på hovudet og seie at i stadnamn burde kan hende også dét ordet uttalerett skrivast dørra, og at normalisering av Børra til Børa av omsyn til det normalspråklege ei dør døra såleis er eit tvilsamt argument. Dessutan blir naturleg nok bunden form ”dør­a” ingen stad uttalt med tostavings tonem, slik tilfellet er med fjellnamnet Børra!

Sekundære namn som Børrvågen synest vere litt meir problematiske, i og med at norsk tilsynelatande ikkje har skrifttradisjon for å markere slik kort ø­lyd med dobbel r: jfr ord som dørstokk, lørdag, smørberg o.l. Men ved grundigare leiting finn vi òg ord som gørrlei, snørrduk, tørrstoff osv. Det spørst då om grunnordet har – eller ut frå uttalen bør ha – skriveform med dobbel r. Det skulle då ikkje vere noko i vegen for å skrive Børrfjorden, Børrheia, Børrhella, Børrhola, Børr­myran, Børrneset, Børrskaran, Børrskjeret, Børrsteinan, Børrvika og Børrvågen uttalerett, tilsvarande, så lenge det på staden og like ved er ein formasjon Børra som med full visse ligg til grunn for namnelaginga.

Ei sak for seg er at ordføying eller komposisjonsfuge framstår inkonsekvent i både folkeleg og offisiell namnebruk. Børra i Hasvik, t.d., på ØK Børa, har gitt namn til Børrfjorden men òg Børstrand, så vel som til Børrabukta, Børravatnet. Det skal det vere kort ø i alle tilfelle, i flg. NG.

Meir vridne er dei mange Bør(r)øy­namna langs norskekysten som neppe er så einskaplege som ei samanfallande uttaleform kan få oss til å tru. Innafor denne gruppen har Børrøya i Øksnes vore problematisk for meg: Ho ligg ikkje langt unna den låge Børra på naboøya Tindsøya, men akkurat langt nok ifrå til at det kan vere tvilsamt at Børra har gitt namn til Børrøya. Frå sjøsida sedd (m.a. frå vestre ende av Skogsøya) er Børrøya sjølv ein rundvoren hump som fell slakt av til begge sider, så ho gjer full rett for Børr­namnet utan nabohjelp.

Det eigentlege problemet i tilfellet Børrøya (i Øksnes) er at sambandet med det utbreidde borri for meg er innlysande, slik at eg finn skrivemåten med dobbel r fullt forsvarleg. Men i ei namnesak var eg med på å ”kompromisse” av di det i ein vidare samanheng blir inkonsekvent å nytte dobbel r her – ulikt enkel r for ei rekke andre Børøy­namn med same uttale, men tydelegvis med anna opphav.

Klikk for stort bildeBørra i Hasvik (med Børstrand? midt i biletet og Børrabukta til v.) minner på dette fotoet ikkje lite om Børra på Andøya slik eg er vant å sjå ho, men for begge gjeld at eit perspektiv frå havsida ¬ der Børrfjorden ligg i Hasvik sitt tilfelle – er mest relevant for namneforståinga, for denne Børra er flat oppå, men fell bratt av i ein lang kant mot nordvest. Stein Kristiansen  

I dette namneoversynet er det med overlegg venta med omtalen av Store Børa og Lille Børa, to utprega langsmale åsryggar i Nordkapp kommune, på samisk Duoddar­ el. Væsta-­Fac'con og Bævža­ el. Mærra­Fac'con: "Sett fra havet ser disse fjell ut som tommelfingrene på en vott. De kalles under ett Porsangtuva" (Qvigstad 1938:71, hans rettskriving).

Etter kartmarkeringa å dømme er det Lille Børa ved havkanten som er Fáhccun, til fáhcca ”vott”. men Qvigstads ordning av namna tyder på at namnet gjeld dei to ryggane under eitt. Det er nok det rette, for sjøvottane før hadde to tomlar, slik at det skulle vere råd å byte side når slitasjen gjorde det ønskeleg. Her er det perspektivet som gjer namnet forståeleg: Sett frå aust eller vest er dette to lange ryggar, men frå sør eller nord er det berre to tomlar å sjå – så smale er ryggane.

Qvigstad nemner ikkje Store Børa, kun Lille Børa. Vi finn utan tvil berre tonem 1 i dette området, meir uvisst er om usamansett form Børa eller Børra blir brukt i dagleg tale. I alle fall viser det eine fotoet klart at dei to ryggane liknar mykje på Børr- og Børfjella lenger vest og sør i landsdelen.

Mi utgreiing om namnet Børra har vore påemna lenge, men ein hemsko var at eg ikkje fekk den Børra eg kjenner best (på Andøya) til å føye seg fullgodt inn i rekka av slike formasjonar. Mot sør oppviser fjellet som før nemnt nokså ville former, men på større avstand (Dverberg, Andenes, Langenes) må vi heller kalle det ein næring, noko vestersida av Anda har fleire av, men som framfor alt er typisk for Finnmark­kysten.

Men for å komme til saka, til sist forstod eg at noko innlysande var oversett: Det var hav­perspektivet som mangla. Fiskarar opplyser at Børra ter seg heilt annleis ute frå havet, og eit utsnitt av landfortoninga i Den Norske Los stadfestar at så er tilfelle.

Klikk for stort bildeBørra illustrert i Den Norske Los  Klikk for stort bildeTo parallelle ryggar i retning nord-sør utgjer Børa eller Fáhccun i Nordkapp. Kjell Fredriksen  

Klikk for stort bildeBørra