Brasen

Klikk for stort bilde Av Finn Myrvang

 

Brasen |''brās'n| er eit stadnamn som går att fleire stader, langs kysten især: Brasen på Steine i Vestvågøy er ein lett kuven holme, og i Røst ligg buplassen Brasen ut mot ein odde, ein langvoren og lett kuven haug det og. Nokså lik på skap er Brasen ytst på eit nes ved ved Mårnessjøen i Gildeskål, men også ein plass under garden Gransbråten i Eidskog heitte før Brasen, no Braserud: Det er tett ved svenskegrensen. Naturleg er å sjå etter ein tilsvarande formasjon i landskapet i det tilfellet med, og då er Braserud­knatten den som peikar seg ut.

For å få inntrykk av korleis ein slik brase ter seg i profil kan vi oppsøke Brashamna (kvensk Praashamina) i Kjøfjorden i Sør-Varanger, med gamle tufter og ein kvalbak-likande bergformasjon:

Klikk for stort bildeBrasholmen midt i Brashamna – kvænsk Praashamina – i Sør-Varanger. Knut Pettersen  

Brashamna var òg pomorhamn, men rikshistorisk interessant framfor andre hendingar er at sommaren 1825 møttest den norske obersten Jean Henri Spørck og den russiske oberstløytnanten Valerian Galamine i Brashamna og laga utkastet til avtale om korleis grensene i fellesterritoriet dei to landa imellom skulle vere. Avtalen vart traktatfesta i St. Petersburg i mai året etter.

Brasøya i Herøy på Helgeland har ein langvoren og avrunda, låg haug som liknar den i Brashamna. Like «moderat» avrunding har Braseberget i Eigersund og Braseberg i Valle i Setesdal, endå dei elles er langt meir ruvande enn dei før nemnde lokalitetane. I Brasdalen i Kvinesdal, omtrent midt mellom Brasdalsenden og Brasdalstjødn, ligg det ein åshump som har tilsvarande form. Førebels veit vi ikkje kva namnebakgrunn dei svært ville Brasråstindan[1] i Flakstad i Lofoten har. Derimot kan namna Brasfet i Ullensvang og Brasfetåi i Vinje forståast sekundært til den slakt runda Brasfetnuten midt mellom dei to bygdene – primært *Brasen i det tilfellet og?

Fotnoter:

[1]rettare Brasrå-tindan?