Breimo, Bromma og Brumund

Klikk for stort bildeAv Finn Myrvang

Det er velkjent at namn på «brim» er vanlege langs kysten[1] og brimnes (bremnes, brømnes) er eige oppslag i Norsk Ordbok, med litterært belegg. I svensk kan det sjå som om Bremudden, Brimskär og Brömsön er sjeldnare namn. Norsk genitivs-variant(?) ser vi i Bremsnes (Averøy og Flekkefjord) så vel som i Brimsholmen (Os og Austerheim).

No finst det òg eit adjektiv brimen «som smakar ramt, svidd, brent eller for mykje salta» (NO 1: 924), ikkje beinveges knytt til brim n „bårebrot“, men venteleg asso­siert i den lei. Tilsynelatande høyrer namn som Brømenholmen i Bømlo og skjeret Bremenholmen ved Grimstad hit? Eit par historiske former knytte til Brumunda og Brumundsjøen peikar i same retning, dvs Bremin Aa 1775, Breminsiø 1594, 1775.

Eva Nyman seier om ordet brim at ”det synes ej vara helt givet att detta ortnamns-element uppträder i älvnamn”, men ei utmerking brim(en)- frå sjøens sfære nytta om sterkt fossande elvar kan iallfall ikkje vere utenkeleg. På hi sida var Breminsjø kanskje eigentleg å forstå som *Bremingsjø, jfr Lomunda i Lemmingdalen, medan dei uforlikelege historiske namne-variantane Bremin Aa og Bromunds /Breimunds Elv kan oppfattast som fortolkande (epeksegetiske) skrivemåtar.

Om ordet brim kan elles seiast at det finst i uttalevariantar som brem, bræm, brøm, slik at det er vrident å skilje mellom brim n „sjøburd“ og brem m „kant“. Bremøya i Frøya har ganske sikkert med brim å gjere, mens Bremøya i Vikna derimot er ein kant i landskapet som neppe er utsett for sjøburd. Det kan òg rå tvil om den lange Bremengholmen i same kommune: Han synest å ha namn av sletta Bremenget like innafor, men merkeleg blir ei sms. brim + enge n, meir sannsynleg bør *Breming­holmen vere. Derimot er det nok allment godtatt at øynamnet Brimse i Rennesøy i Rogaland er ei s-avleiing til brim n.

Dette var namn frå sjøsida, men opplands finn vi meir overraskande namneformer: Brimkleivi ligg på ytste åbakken mot elva Jostedøla i Luster. Brimsvadet (vel brim + svad) er ein holme i elva Otta som kjem frå Vuluvatnet i Skjåk. – Brimsen heiter den utvida utfallsosen for elva frå den øvste av Leinetjørnin i Nord-Fron (Fossosen der ho fell inn i neste tjønn). Høgdeskilnaden tjønnene imellom er 11.5 m, og elva er kort, så det er klart at det kan gå kvitt for seg! Denne same Brimsen er det elles interessant å jf. med Brömsebäck og Brømsebro i Sverige, historiske skriveformer Brimsæ sten og Brimsse bro (SO 50).

Elva Brumunda i Ringsaker går for Bremund 1578 og 1604, Bromunds og Breim­unds Elv samt Bremin Aa 1775. Sjøen heiter Breminsiø år 1594 og 1775, men Bremund-Søen i 1785 (jf. Venås 132). Bremundquerner, Nedre Bremund og Øvre Bremund blir også nemnde i 1604 (NG 3 69). Etter gjengs syn er elvenamnet det primære, så utmerkinga brim n burde då ha med kvite elvestryk å gjere.

Namnegranskarar flest ser derimot bort frå den tanke at brum „lauvknuppar" seier noko om vassdraget Brumunda (J. Sverdrup, jf. Venås 32). Eva Nyman har meir tru på ei tolking knytt til brumme v. (Magnus Olsen) og tenker seg Bremund f i tyding «den brummande», som presens partisipp av eit historisk verb. Enkelte av oss tviler også eit grann på det, men vi bør vel legge oss på minne Andreas Aabels diktarord om "fjellets stolte foss [som] brummer bass til oss”, i songen „Se Norges blomsterdal“. Kunne det vere nettopp Brumunda som inspirerte han i ordvalet?

At både kraftig fossedur (brumming) og kvite stryk og fossefall (brim) er relevant i samband med elvenamnet Brumunda er namnegranskarane gjennomgåande samde om, for elva får etter kvart stort fall og "renn for det meste stri, i nedre delen med mange stryk som er demde opp og nytta til kraftkjelder", seier Norsk Allkunnebok.

Men å legge dette til grunn for tolkinga av elvenamnet kan vere å snuble i starten. Elvenamn flest, og ikkje minst desse på -und, uttrykker aller oftast noko karakter­istisk for området der elva blir til, evt. kor stor ho er (rangering), sjeldnare skildrar dei lendet ho seinare passerer. Fossar eller stryk får vanlegvis namn heilt for seg.

Sætra (stølen) Brumunddalen synest å ha fått namn av elva, men ligg nærmast på ein rabb like nordom Brumunda der ho fell ut av Brumundsjøen, i eit ganske vidt myrlandskap på vestsida av sjøen, så sætra er truleg i dette tilfellet oppkalla etter bygda Brumunddalen? At sjøen (vatnet) skulle få namn av ein stiltrennande bekk, heilt fri for stryk eller fossar før vi kjem kilometervis frå utfallsosen, står neppe til truande. Brumunda gjer ovlite av seg i dette vide myrlandskapet, mens Brumund­kampen austom sjøen er eit klart blikkfang, tverrbratt på nordvestsida. Det ligg jo nær å knyte namnet Brumund til denne (etter lokale mål) dominerande høgda, men her er nok eit samanliknandekringsjå“ på sin plass:

Breimo heiter ei elv på Voss. Ho har sine kjelder i nedslagsfeltet i Årdalen, i snau­fjellet oppimellom Svarta- og Lønahorgi, og øser seg opp med sus og brus ein time eller så etter at elingane har gått oppe i fjellet. Namnet har vore tolka ut frå brei(d) adj: "ho breider seg ut i fleire greiner" (Heggstad 46). Elva, i dag regulert, samlar sine greiner før ho stuper utføre den bratte fjellkanten, og der er ein liknande fjell­kant lenger ned, men det er ikkje denne delen av elva som er mest synleg nede frå gardane. Vanskeleg å forstå er i alle tilfelle m-avleiinga, påpeikar Heggstad.

Klikk for stort bildeBreiming på Voss 

På ein fjellpall tett sørom Breimo ligg stølen Breiming, òg kalla berre Breimo etter elva: Leiv Heggstad oppfattar stølsnamnet som sekundært til elvenamnet. Å tenke seg ei namneutvikling i motsett finn han språkleg ugreitt. Tvilsamt blir det også å forklare elvenamnet Breimo ved hjelp av brim n, for alt at det ville gje meining av di elva Kviti renn like ved. Men pallen der Breiming ligg har ein bråbratt kant mot gardane i søraust, og endå meir synberr er den smale og bratte fjellryggen som ligg Breiming nærast og utgjer vestsida av sjølve Årdalen. Synberre nok er også „fjell­kantingane“ elles, heile vegen sørom garden Breiming.

Bremingen i Fusa (Hordaland) er eit nes, med Bremingsvika i sørkant, om lag midt på ein høgvoren, lang og bein strandpall som strekker seg til begge sider av neset. Både etter situasjonen og det reint formelle (ing-avleiing) framstår det mykje meir sannsynleg at det er tale om brem m «kant(ing)» enn om brim n.

I lys av Bremingen i Fusa er då Breiming på Voss mest truleg „hypernorvagisme“, just på grunn av folkeetymologien brei(d). Føresetnaden blir ein opphavleg lang e i stølsnamnet, så diftongert pga. omtolking. Då blir elvenamnet Breimo sekundært.

I norske dialektar og nynorsk skriftspråk blir brem m «kant(ing)» oppfatta som eit seint innlånt kulturord, nytta om kant på hatt og andre klesplagg, og elles kjent frå litterære uttrykk som „fonnenes brem“ (Bjørnsson): kanten av isbreane. Men norsk stadnamngransking nemner sjeldan brem m. Ein kjem helst opp med brim n «det at bårene bryt mot land», t.d. ved bygdenamnet Bremanger.

Svenska Akademiens Ordbok fører der imot opp både geologiske og geografiske døme som jökelbräm, moränbräm, strandbräm og vassbräm. Merk at Brämen, ein buplass i Älvkarleby i Uppsala, ligg ved ein morene, mens Brämsand ligg i kanten av Gävlebukten tett nordom. Brämmen i Strömstad i Västergötland finn vi ved ein fjellrabb som går ut i null, mellom Brämstjärnet i vest og Husebotjärnet tett austa­for. Likeins ligg buplassen Bremås på nordvestre enden av ein lang åskant i Valde­marsvik (Östergötland), og Bremmedala er ein naturlokalitet tett austafor ein rabb eller åsrygg i Markaryd (Kronoberg), medan buplassnamnet Brämmesås i Ulrice­hamn i Vestergötland venteleg reflekterer eit *brämme n eller er ei –ir-avleiing.

Klikk for stort bildeNeset Bremingen i Fusa, vel med den eigentlege Bremingsvika tett ved, ligg i nordkant av ein uvanleg bein strandkant (han er på kartet kalla „Bremingsvika“). Kartverket 

 

Norske døme elles på bruk av brem m „kant“ er Brember(g)vikfjellet i Nærøy, ein renotasjon av *bremberget. Bremset i Stjørdal ligg i sørvestkanten av den ruvande Bremsetbjørga som vender ein lang, bratt og ubroten fjellkant mot nordvest. Same namnet i Steinkjer går snarare på bein strandline?

Klikk for stort bildeBrummaknatten eller -knappen i Øystre Slidre ligg lengst sør på ein lang, bratt fjellrygg. Sætra attmed heiter Brumma, men vi aner at namnet eigentleg gjaldt fjellpartiet. Kartverket 

Brummaknappen som namn på toppen av ein langsmal ås i Øystre Slidre, bratt og bein på nordaustsida, tyder nærmast på at åsen opphavleg heitte *Brumma og at namneformer som Brummaknappen, Brummastølen og Brummatjernet kom til ved juxtaposisjon? Brummaknappen ligg mest like fritt i lendet som Brumundkampen, som vi snart skal sjå nærmare på. Sisteleddet -knappen har sitt motstykke i Øyster­liknappen lenger nordvest. Frå aust må dei tilnærma loddrette innskjeringane i berggrunnen bortetter fjellsida vere veldig synberre, så det må ha mykje for seg å stille namnet saman med gno. bróma „brot, stykke“. Eit utvida del av Halling­dalselva, særmerkt ved talrike spisse utstikk som deler inn fjorden i „posar“, heiter Brommafjorden og har venteleg fått namn av tilsvarande grunn. Brummankölen heiter ei særs oppsplitta myr i Herjedalen, det passar også inn. Alle tre lokalitetane heitte kan hende Bróma opprinneleg? Bromedalen i Kvinesdal og Brommeland i Suldal har kvar for seg også eit mykje oppstykka fjellterreng.

Brommö i Vänern (Mariestad kommune) bør òg nemnast: Eva Nyman siterer Ivar Lundahl, som "finner namnet i brist på tilräckligt gamla belägg svårtol­kad men anser, att det kan återgå på et *Bromund f. med genitiv *Bromun­dar. Namnet vore då enligt Lundahl en -und-avledning til ett appellativ *brom 'buller, larm' ". Nymans eiga vurdering er: "Det förefallar emellertid svårt att exakt ange vilken första stavelsens vokal varit, och en utgångsform *Bremund tycks med hänsyn til äldra belägg lika trolig som ett *Bromund. Vokalens labialiserande konsonantomgivning kan i så fall förklara stamstav­elsens ljudutveckling". Ho peikar på tilsvarande lydutvikling for Brumstorp < Brimsatorp i Värsås sokn (Nyman: 256 f).

Nyman slår fast at "mot norr och söder och sydväst ligger ön helt öppen för Vänerns vågor", men kommenterer ikkje dei særprega øy- og holmeforma­sjonane kalla Brommö huvud og Hovden og Trollö, og litt bortafor og endå nærmare land den særmerkte skjergarden Landholmen - Vadholmen - Bockö – Klypholmen - Rammholmarna, alle „oppkutta“. Noko av det same gjer seg gjeldande på nordaustsida av Brommö, endå namnet Brommö huvud jo fortel kva som var att og fram på øya. Eit svensk motstykke til gno. bróma „brot, stykke“ kjenner vi ikkje, men topografisk skulle det ha vore høgst relevant.

Brumundkampen på austsida av Brumundsjøen er siste stopp i oversynet. Han er litt avrunda på sørsida, men har bein og ganske bratt kant i nordvest, mot Brumundsjøen. Han dominerer det elles ganske flate landskapet og kan ha gitt namn til både Brumundsjøen, Brumundsætra og Brumunddalen (ikkje meint kommunesenteret) lenger ned i elvefaret. Så namne-systematisk kan det passe at Brumund er -und-avleiing av eit ord for "kant", jf. Eva Nymans poengtering av at utgangsforma for namnet Brommö i Vänern ut frå eldre belegg like gjerne kunne vere *Bremund som *Bromund. Det har saman­liknande interesse at Brummedal(en) i Ulvik – med ein dominerande fjell­kant – visst også blir kalla Brimmedalen. Dei før omtalte skriveformene Breminsiø og Bremin Aa kan vi då enklast forstå som Bremin = Bremen(d) < Bremund. Nærmare opphavet til namna Brumundkampen, Brumundsjøen og Brumunda kjem vi ikkje, men Brumundkampen er nok primærlokaliteten.

Klikk for stort bildeUtfallsosen for Brumunda er på vestsida av Brumundsjøen (der det står „Dambu“). Meir sannsynleg enn at elva gav namn til Brumundsjøen og Brumundkampen (til h.) må det vere at Brumundkampen gav namn til begge og opphavleg heitte just *Brumund. Merk kontrasten til flatlendet på vestsida av Brumundsjøen. Kartverket.  

 

Fotnoter:

[1] Norske Gaardnavne b.15: 362 og b. 16: 34.

Litteratur:

  • de Vries, J. 1977: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. Leiden.
  • Heggstad, L. 1949: Stadnamn på Voss. Voss.
  • Hoel, K. 1994: Bustadnavn i Østfold. 1. Hobøl.
  • Hovda, Per 1966: Norske elvenamn. Eit tillegg til O. Rygh "Norske elvenavne". Oslo-Bergen. 
  • Indrebø, G. 1928: Norske elvenamn. Namn och Bygd.
  • Indrebø, G. 1951: Norsk Målsoga. Bergen.
  • Sandnes, J. og Tylden, P. 1968: Namn i fjellet. Oslo.
  • Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk Stadnamnleksikon. 3. utgåva.
  • Sverdrup, J. 1925: Våre innsjønamn. Maal og Minne.
  • Venås, Kjell 1987: Norske Innsjønamn III. Hedmark fylke. Oslo.
  • Vågslid, E. 1974: Stadnamntydingar II. Oslo.