Brulten og Eipholmen

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 1-2014 

Av Finn Myrvang

  

Brulten |'bruhᶅƫ'ᶇ| heiter gnr. 34 i Hamarøy; det er eit særmerkt og dunkelt namn. Dei eldste skriveformene, frå 1600-talet, går ut på Bruttle og Brutle, seinare blir dette til Brutlie(n). Rygh sette namnet i samband med brutla v «larme, rasle» og brutl n «svag Larm», eller alternativt brutl m = brutull «sterk og uvorren Arbeider». Dette er ein av dei gongene då vi opplever ei gardsnamntolking som lite opplysande, at ho lite seier.Klikk for stort bildeBrulten i Hamarøy Brulten ligg på ein haug med noko myr omkring, eller rettare sagt er ein haug, noko bratt i sørenden, men slakare mot nord, der ein veg kryssar bekken som er skilet mot nabogarden Kulen (Kulvedslett). Legg vi no til grunn at ferdsla frå gammalt har følgt dette vegfaret, som går over sletta i nordenden av haugen, kan det ikkje vere så dristig å tru at Brulten må vere ei samandregen (kontrahert) form av *Bruholten. Noko meir uvisst er om 1600-talsformene kjem av ein eldre ubunden dativ *Brúholti.

Dette er ikkje eit eineståande tilfelle: Bulthågen på sjølve Meløya i Meløy kommune er nok resultatet av ei tilsvarande samandraging av *Buholthågen. Eit namnetilfelle av same slag er Sjøholt i Ørskog på Sunnmøre – skrive af Sjǫltum alt i gammalnorsk og tradisjonelt uttalt både Sjølt og Sjålt, i bygdemålet. Gammalsvensk Stenhulta og Tolghhulta har på tilsvarande vis (stavings-bortfall) utvikla seg til Stenta og Tålta[1]

Eit gardsnamn som kunne ha utvikla seg i same lei er Brøholt i Hobøl i Østfold, hist­orisk *Breið- eller *Breiðaholt, det lyder i dag brø:hølt[2], men vart ikkje til *brølt. 

Ordet holt m i tydinga “steinut bakke, trelaus høgd” finst i stadnamn dei fleste stader i Nordland. Forma holter m er avgrensa til Andøya medan fleirtalsforma Holtran uttalt med tonelag 2 er noko meir utbreidd. Vanlegast her er likevel Holtan med same tonelag, i spontan uttale. Folk kan likevel kjenne seg usikre på tonelaget i denne fleir­talsforma, for i normalspråk er holt inkjekjønnsord, det skulle i samsvar med vanlege uttalereglar gje tonelag 1 i fleirtal.

Eipholmen er ein av talrike holmar og små øyar kring den større Blomsøya i Alstahaug. Namnet er eineståande og gjer effektiv motstand mot alle forsøk på ei rimeleg tolking. Eipholmen i sør og Slåtterøya i nord heng “strukturelt” i hop, men ei grunn vik med ein trong val kilar seg inn imellom: Vika er ikkje namnsett på sjø- eller land-kartet. Ankerplass er avsett i sundet mellom Slåtterøya og Hestøya litt nordafor, men vi må gå ut frå at også vika mellom Eipholmen og Slåtterøya er brukande for mindre farkostar den dag i dag.

Korleis er så namnet å forstå? Det gammalnorske ey hadde litt annan lydkvalitet enn ordet “øy” har i dag, og både i Alstahaug (der lite namneinnsamling er utført) så vel som i nabokommunen Herøy blir -øy- svært ofte redusert til berre -i- eller -y- ved ny samansetting: Brasistraumen, Haltyvåjen. Den smale vika i søre del av Slåtterøya er ein hop (gno. hópr m), han vart vel omtalt som eller stod for tanken som ein *eyhópr. Det gjorde at sørenden av øya i neste omgang vart heitande *Eyhópholminn, med tida forkorta til Eipholmen, medan sjølve *øyhopen ved eit tradisjonens lune vart skubba ut av minnet.

Klikk for stort bildeEipholmen i nedre halvdel av biletet og Slåtterøya nordafor, med ein smal tange av Hestøya like til høgre. Kartverket. 

Fotnoter:

[1] Opplyst av Thorsten Anderson, jfr. Svante Strandberg, Namn och Bygd b. 60 (1972) s. 142.

[2] Kåre Hoel, «Bustadnavn i Østfold» b. 1 s. 18.