Dingelvika og Katolikkarkjerka

Klikk for stort bilde"Bøfjerding" 2010

Av Finn Myrvang

 

Mellom Farveisa og Steinsvika, på sistnemnde sitt område, ligg Dingelvika. Dette spesielle namnet er det filosofert litt over i Bøfjerding 1984, med sideblikk til det svenske Dingelvik så vel som til namn og ord i irsk og skotsk. Men etter alle merke er Dingelvika i vårt tilfelle eit heimleg og fullt ut norsk namn. Var det tanken å kalle opp «Dingle Bay» i Irland, burde namnet lyde just så – uendra. Skal elles ta oppatt litt av det som vart sagt i 1984:

I nordengelske og skotske målføre tyder verbet dingle å «gjenlyde», og det kan få oss til å tenke på den merkeleg mørke og «mumlande» lyden når båra ralar opp i og dreg ut frå den såkalla Katolikkarkjerka, ei trong kløft på sørsida av vika. Men det er no tvilsamt at omen i kløfta har noko med dingling å gjere, beinveges iallfall, for i norsk går orda dingel og dingle meir på rørsler enn på lyd, sjølv om Ivar Aasen har ordet ei dingla frå Østerdalen i tydinga «en liden Bjælde» og Olav Aukrust brukar ordet massingdingle.

Når vi først snakkar om dingling, kan det også nemnast at i våre dagar er det mange byar og tettstader med respekt for seg sjølv som har kosta på seg fjellheis, deriblant Voss, og der ber dei to vognene det talande namnet Dinglo og Danglo! Vi kjenner jo alle ordet dingeldangel (på islandsk dinglumdangl) brukt om jugl og pynt, men i skotsk vil dingle-dangle beintfram seie «swaying to and fro or from side to side», ja ein pendel kan på islandsk beintfram heite ein dingull, så vossingane er inne på noko. – Elles er no å dingle og å dangle mest det same.

Klikk for stort bildeHeilt til venstre den klokkeforma steinen i Dingelvika.  

Klikk for stort bildeKatolikkarkjerka

På sørsida av Dingelvika like innafor Katolikkarkjerka ligg det ein diger, klokkeforma stein oppgildra på skråberget. Det er sikkert isen som har plassert han der, men det kan nok vere rimeleg grunn til å tru at folkefantasien før i tida laga seg ei heilt anna forklaring, ei segn av noko slag som ikkje er blitt berga for ettertida. Andre stader i landet heitte det iallfall at risar og jøtlar, dei tolte korkje dagslys eller noko som hadde med kyrkjene og kristentrua å gjere. Ikkje noko av den slags måtte nemnast med sitt rette namn blant dei, så på trollmålet heitte kyrkjeklokkene «dingsle».

Klikk for stort bildeKatolikkarkjerka, detalj. 

Denne trua eller nemningsfordommen blant troll og utyske hadde tydelegvis forgreiningar til Vesterålen òg. Folkeminnesamlaren O. Nicolaissen, fødd i Nærøya i Øksnes, har såleis i boka Sagn og eventyr fra Nordland (1879) tradisjonen om

Dødningernes natlige gudstjeneste:

«En fin var en søndag kommen ind i Øksnes kirke i en noget beruset tilstand. På et lidet lægter (galleri) i kirkens vestlige fløi, hvor finnerne altid valgte sig plads, satte han sig og sovnede ind under gudstjenesten og blev ved at sove til langt ud på natten. Da han vågnede, så han kirken oplyst og fuld af mennesker, medens en forlængst afdød prest, som finnen tidligere havde kjendt, stod for alteret, iført fuld prestedragt. En utydelig mumlen hørtes fra den store mængde af hvidklædte dødninger, der i midnatstimen havde samlet sig her.

Finnen blev dødelig forskrækket, men vovede ikke at gå ud af kirken. Da faldt det ham ind, at han havde hørt fortælle, at kirkeklokkens klang altid er istand til at forjage de afdødes ånder. Han klavrede da op ad trappen, som fra galleriet fører op til kirkens loft, derfra op i tårnet, hvor han satte sig påskrævs over klokken og blev siddende der den hele nat, uantastet av dødningerne. Disse rørte kun ved klokkestrengen, da de forlod kirken, og råbte op til ham: 'Sad du ikke på det hellige dingeldangel, så skulde vi have byttet en tønde havre med dig'».

Dingeldangel, det at noko heng og dinglar, er velkjente uttrykk som vi ikkje treng å få oss forklart, men kor mange veit lenger kva den slags glosar stod for i språket til tussar og troll, underjordiske, ja til og med daudingar? Det er ein tusenårig tradisjon, for å seie det enkelt.

Å sette namnet Dingelvika i samband med at der ligg ein diger stein med særmerkt form er i og for seg dristig nok, men den nære naboskapen til Katolikkarkjerka – eit namn som er like spesielt – gjer det sannsynleg at «der e nåkka der».