Dønna

Klikk for stort bildeDønna (markør på nordspissen) ligg lengst ute av alle dei store øyane og tar av for både Tomma (fjellendt) og Handnesøya (langsmal) og i neste rekke småøyane Løkta og Hugla - så vel som Alsta (nedst) med dei snøkledde Sju søstrer. Av Finn Myrvang

Dønna kommune har namn av øya Dønna |'dönna|, dativ: på |dȫn˜n|. Norske Gaard­navne seier: «Dette maa hænge sammen med dynja, at dønne, og hentyde til Havets Dønning mod Kysten. Jfr. Dynrǫst, det gamle Navn paa Havstrækningen mellem Orknøerne og Hjaltland» (b.16:109).

Tilnærminga liknar litt på den Sophus Bugge brukte på Ǫmð som historisk namn på Andøya: «den (af Hav og Storm) voldsomt skubbede og forulempede Ø». Vel har havet gitt Andlandet rikeleg juling, og truleg er det dønnning og dunder nok i visse område utanfor Dønna – eller omvendt om så skal vere! – men stiller øyane eigentleg i særklasse i så måte? Svaret må sjølvsagt bli nei, så det er god grunn til skepsis. 

Dønna har framskoten posisjon samanlikna med andre «nemneverdige» øyar. Ho ligg nordvest for Alsta og sørvest for Tomma, Hugla og Handnesøya, så sørsam. dyvvene, duvvene adv. i ei av tydingane «utmed kysten», «uti fjorden», «langt ute» el. «utpå», «langt frå land» (Hasselbrink og Bergsland, frå Vilhelmina, Vefsn og Hattfjelldal) kan ha meir for seg.

Det er sannsynleg nok at dyvvene, duvvene (nytta som predikatnomen) vil gjennomgå samandraging til dyvne, dyvn, dyyn /duvne, duvn, duun; jamfør at det (formrike) sør­samiske sovvene «lon, elveutviding», suovana òg finst registrert i former som suvne, soon, sūan, sūna (Qv. 761). Her gir det Dun, Dyn, dei to eldste formene av øynamnet (frå Snorra-Edda). Desse kjem att i Dwnis DN VIII 437, 1490 (i avskrift frå 1516) og Dynes NRJ III 172, dvs. i det sekundære namnet Dønnes. Men dei eldste formene av Dønnes-namnet er Dynjarnes Fornm. s. IX 427, og Dyniunes DN. II 230, 1346: Her er øynamnet oppfatta som Dyn – og dessutan Dynja?

Alternativ tolking er altså at Dønna vil seie «(ho som ligg) langt ute». Teorien kan vi prøve på andre namn: Klart framskoten posisjon har Dønholman på Helgbostadøya i Hitra. Dønnes i Fosen er eit framskote nes i store myrar som nok havbotn har vore, her liknar Dønnvoll i Vestvågøy. Eit uttaleredusert *Dønnes passar òg godt for Døns­hågen på Finnøya i Hamarøy. Usikkert er kor langt nord langs kysten vi vågar tenke oss at den sørsamiske forma dyvvene, duvvene kan ha nådd, men for Dønnesfjorden i Hasvik er det i og for seg òg slik at eit innforstått *Dønnes har framskoten posisjon.

Det forvirrar at duvvene kan tyde «fjordbotn» òg (Nilsson-Mankok), men det er helst relativt å tolke og går på ståstaden til den som brukar ordet: For folk som bur inne i landet og især på svensk side er det naturleg å orientere seg i høve til fjordbotnane.