Femris – eit eineståande øynamn.

Klikk for stort bilde "Håløygminne" 1-2017

Av Finn Myrvang

Øya Femris i Gildeskål kan på flyfoto minne om nymånen med rundingen til høgre, på kartet blir jo det mot aust, eller like snart om ein livaktig karikatur av «mannen i månen» som er litt på snurr. På den konkave sida, i vest, har fjeset ei djup innskjering midt i, med ein bekkekjeft kalla Osen. At -is i namnet Femris er ei omforming av -os er likevel ikkje truleg, endå vi i samansette namn med kvart kan finne -os og -ås redusert til -es- i trykklett stode: I Bø har dei Rottåsen, som blir til Rottesnes i ny sms.

Utlydande -is i Femris blir uttalt med kort i. Det kunne minne noko om namn som Hergiš og Saigiš (øyar i Troms) så vel som om Gures, gnr. 34.6 i Malangen, norsk Kòris (Qv 1938: 262-263 og 1935: 86), overflatisk også om Farris ved Larvik, som likevel har heilt anna opphav. Dei to første namna gjer at vi ikkje tør sjå heilt bort frå at også Femris-namnet er fullt samisk, men det rimar ikkje heilt at (på) ''fæmmriss seiest med tonelag 2, både om øya og om gardane Nord(e) og Sør(e) Femris.

Historiske former er Finderiis NRJ III 207, Firmeris, Fimerits 1567, Femris 1610 og 1612, Femeris, Fimriis 1614, Sør-Femris, Femmeriss 1647, Femmeris, Nord Femmeris 1661, Femeriis, Femmeritz 1723. Vi aner at 1500-talsformene ikkje er heilt å stole på, for eit evt. *Finne- burde framleis halde oppe i og palatal n. Dersom den andre, avvikande forma Firme- var å lite på, burde uttalen på 1500-talet ha vore ferme- med seinare opning til færme-. Det er berre at skriveformer frå 1500-talet tidt er vaklevorne, for ikkje å seie radbrekte, og her finst namnet også skrive Fime- utan r i 1567, ser vi.

Dei andre skriveformene gjer det naturleg å tenke på sam. viemar strandline, ra, grusrygg, skapt av hav eller elv (Nesseby), enaresam. fiemar, diminutiv fiebmaraǯ jordrygg; fiemar-palhaǯ jordrygg av myr; värre-fiemar, smal jordrygg (Qv 1944, appellativ 901): Eit døme på ein slik grusrygg er Rosta-viemar oppfor Salttjern på Ekkerøya i Vadsø (Qv -38: 29). Men viemar har også ei anna tyding, jfr. lulesam. viemar i sms. ord som jåkǡ-v. "tvärbrant djup i en bäck", vāulē-v. "tvärbrant djup i sjö, og tier'mē-v. "tvärbrant djup vid strand" (Grundströms ordbok, frå Södra Gällivare). Qvigstad nemner også denne tydinga, då heimla til Jokkmokk: viemar, g. viepmara jähe Tiefe in einem See (brådjup stad i ein sjø). - Ei sideform til viemar er viepmat (appellativ nr 902), jfr. adjektivet viepmal(is).

Ser vi nærmare på Femris-topografien på sjøkartet, slår det oss at dei norde 3/5-delane av stranda i aust går bein og brådjup nordover. Det dyper til 100 meter på eit blunk, med delvis endå større djup austafor. Denne djupna fortsetter vidare nordover på austsida av Risøyan, for nordodden av Femris. Kunnskap om den nærdjupe austsida av Femris hadde sjølvsagt alle som fiska i dette fjordområdet.

Slåande er det også at denne strandlina er skogkledd, medan vestsida av øya er heilt snau. Austsida av Femris ser også ut til å vere ein temmeleg jamhøg rygg, som ved den før omtalte Osen smalkast av til ein jambrei tange som går over i Sør-Femris, der strandkonturen er mykje meir uregelmessig og der vi finn bjørkeskog overalt, men landskapet verkar meir «inneklemt» enn på Nord-Femris, der det er heilt ope austafor og lettare å få eit avstandsperspektiv på øya.

Det ser altså ut til at øynamnet kan forståast som sam. fiemar, viemar (der både tydinga «strandline, ra» og «brådjup» er klart til stades), i sms. med gno. hrís n. ris, kjerr, skog. Det siste er eit uvanleg sisteledd i norske namn, synest det som: Her kan eg berre vise til gnr. 17.7 i Øyestad i Aust-Agder, Tykkeris. Men som alt sagt er det norddelen av øya som merker seg ut topografisk, og øynamnet må då vere basert på inntrykket du får av øya frå aust, dvs. frå gardane Gildeskål og Inndyr. Øynamn er rett nok oftast baserte på det som fell mest i auga frå frå havsida, men det er ingen absolutt regel.

Ein uttalereduksjon *Fiemar-hrís >*Fiemerris >Fem(m)eris >Femris er uproblematisk. Det bør nok nemnast at gno. hrís n hadde ei sideform hríss m, men for sjølve namnetolkinga er nok det mindre vesentleg. Ordet finst òg i samisk låneform risse i tilstøytande dialektområde (Lehnwörter s. 266), men ingen av dei omtalte skriveformene av øy- og gardsnamnet endar på -e, som vi ser.

Klikk for stort bildeFemris sett frå lufta kan vere ei oppleving for seg, men folk hadde sjeldan høve til å sjå strand og øy i fugleperspektiv, dei la namn på grunnlag av synsinntrykk som var horisontale. Norge i bilder.