Fila og Vola

"Håløygminne" 3-2017

Av Finn Myrvang

Etter Johan Hveding har vi segna om ein gammal mann som kom seglande frå Utrøst og spurde om ikkje Utrøst kunne få komme inn under Bodin. Presten svara at han måtte få tenke seg om. «Ja, tenk deg om og tenk i tóm [1] , Utrøst skal ikkje bli oppdaga før dom!» Med så sagt gjekk kallen, etter å ha trøska dreggen i kjerkemuren og laga eit merke til minne om at han hadde vore der og spurt.

Denne segna dukka opp i minnet då eg nyss las Håvard Dahl Bratreins stykke om Fila og Langsve i Håløygminne 1980, med enkelte røringspunkt. Men her fortel segna at namnet oppstod då den (dei) som åtte tilroren åleina, mislika at andre òg kom dit, så dei heiv ei fil i havet og sa at det skulle vere like vanskeleg å finne att grunnen som å finne fila. Det får oss halvt til å tenke at fila ein dag dukkar opp i magen på ei fisk, slik det skjer i andre segner, men ikkje så i dette tilfellet. Kor som er: At fila blir kasta i havet er sjølvsagt ei namnesegn, laga for å forklare eit uforståeleg namn.

Historiske fakta ut over det som Dahl Bratrein har funne fram til sit eg ikkje inne med, men eg fekk lyst å gå inn på dei to namneformene Fila og Vola. Om den siste har han den merknaden, at dette er mykje likt den samiske varianten av mannsnamnet Ola, som rett er. Eigentleg eksisterer det namnet i endå fleire variantar, som Ovllá, Uvllá og Vuol'lá, men er vi dermed på rett spor?

«Bumannsfila fiskevær som Vola vil ha alene, kom ikke dit, Vola ber, det volder kun sorg og pine» fortel eitt av versa. Det vart sagt av ein underjordisk, heiter det, som ville skremme andre frå å fiske der. Her er det grunn til å nemne at sam. vuolá- og især vuolle- tyder ner-, under- i ei rad sms. Merk -vuolle, -vuolli «underdel» mm., men framfor alt atnan-vuoláš eller -vūloš «underjordisk».

At Vola vil ha Fila åleine og ber for fiskeplassen sin, synest få god meining med tanke på dei underjordiske, især når vi høyrer at dersom høvedsmannen Morten Persa ville den ukjende mannen noko, skulle han banke fem gonger på ein stein på holmen og seie «Vola». Alt i alt er nok den fortolkinga rimelegast, at det var dei underjordiske som ville ha tilroren for seg sjølv og kom med åtvaring. På hi sida er det jo ein av dei som i god vilje let Morten Persa få vite om tilroren. Det liknar på segner der marmelen gjer det same.

«Når Vola er borte, da Fila er en rikdom for alle og enhver», heiter det òg, ikkje heilt ulikt endetidsspådommen til den underjordiske som kom til Bodin: «Utrøst skal ikkje bli oppdaga før dom!» Det må vi vel forstå slik at på dommedag skal alt komme for dagen, dei underjordiske og. Håvard Dahl Bratrein seier sjølv: «Kan hende er da Fila og Langsve ikke anna enn Karlsøy-væringenes Utrøst».

Kva med namnet Fila? Blant Andøy-fiskarar og især på Andenes-havet var det relativt vanleg å lage médnamn til intern bruk, som når tilroren «Bakkefjellet» seiest å vere oppkalla etter eit fjell innmed Sifjorden på Senja, men det namnet finst ikkje på lokalkart over området; médfjellet har nok fått sitt namn frå bakken på havbotnen og ikkje omvendt. Likeins blir ein del av Ytterbakkan eller «vestrast i egga» omtalt som «Fjellbakkan» eller «på Fjellan», men det skriv seg frå «Fjellan» som samnamn for médfjella på strekninga Hesten – Tikja – Stryen innpå Senja. – Tilroren «Fjellet» (på Andenes) heiter derimot så etter «Skinkefjellet» (unemnt på lokalkart over Senja). Meir slikt kunne nemnast, og rart skulle det vere om det ikkje fanst liknande kryptiske innslag i namnebruken i Karlsøy.

Fotonoter:

  1. í tóm: i make.