Finnmarkingen Karl Aakre

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 4-2019
I fotefaret til finnmarkingen bak «Finnmarkingen»

Av Finn Myrvang

 

Asbjørn Eidnes hadde i Håløygminne 1965 eit stykke om eit bladtiltak i Finnmark som til liks med fleire andre der nord fekk kort levetid, nemleg nynorskbladet «Finnmarkingen», som kom ut med to nummer i juli 1875, altså for vel 140 år sidan. Han gir smaksprøver frå innhaldet og seier samtidig: «Det var to utgjevarar av bladet, men dei er ikkje namngjevne».

Då eg nyss jakta på opplysningar om nokre stadnamn i Finnmark, fekk eg takk vere Thor Robertsen og Vadsø bibliotek kopiar av eit par artiklar, den eine «Stedsnavn i Norvarangen» (1881), den neste «Stedsnavn i Vardø herred» (1883), begge frå «Finmarkens Amtstidende» (før kalla «Varangeren»), og forfattar i begge tilfella var K. Akre. På nettet kom eg over flg. omtale av mannen:

'Landsmålsbladet Finnmarkingen var skipa av to lærarar i Vadsø, finnmarkingen Karl Akre og sunn­møringen Ananias J. Brune. Karl E. Akre (1840–1912) var frå Alta og var 1886–1888 stortingsrep­resentant for Venstre. Ananias J. Brune (1853–1942) kom frå Volda, var lokalpolitikar og ein kjend læstadiansk forkynnar. Akre skreiv ein nynorsk tillempa talemålet i Finnmark. Mellom anna nytta han apokopeformer som «Læsaran», «Ordan», «Posthusan». «Bladet nytta finnmarksmålet så lett og ledig som det skulle ha vore skrive i dag», skreiv Per Håland i 1981. Brune skreiv normalnynorsk. Bladet, som vart det nordlegaste nynorske bladtiltaket, kom ut med to nummer, begge i juli 1875. Kvart nummer var på fire sider'. Så langt etter Allkunne. – No veit vi kven som gav ut bladet og kva bakgrunn dei hadde. Om Akre får vi elles vite litt meir i Håløygminne 1978, i Hildur Hatlebrekkes omtale av dialektvisa om Kjibygainden (s. 67-71).

Kanskje slår eg for stort på med overskrifta? Tanken er ikkje å skrive ein biografi, det krev eit heilt anna opplegg. Mitt poeng er at språket som Karl Akre brukar i namneartiklane sine i «Finmarkens Amtstidende» ca. 7 år etter eksperimentet med «Finmarkingen» skil seg til dei grader ut frå dansken elles i bladet! Karl Akre skriv uttalerett Norkap, Norland, norlændinger så vel som Norvaranger og norfar. Vi finn også verbalformene blid (for bleven, blevet), sedd udenfra, opgje + preposisjonane atmed, bortmed, nedmed. Likeins hokjønn fleirtal rorbue og bue, og dialektrett samen- for normal­nynorsk saman- i ord som samendrag og samensætning, jf. same høgde, b.f. høgden(!) Forfriskande er ord og uttrykk av typen «låg under sjømål», «hanhøvle», «flostreng», «flåglænde», «kopmolval» og ikkje minst «vatten» gjennomført, mot «Vand» elles i bladet. Slike kavnorske innslag er det flest av i den første artikkelserien (1881).

Dei som las korrektur i «Finmarkens Amtstidende», strekte seg truleg langt, men det kan vel hende kloa har vore framme i former som «stenrøser», der Akre venteleg skreiv steinrøyse? og «frøen» (!) for frauen. Diftongen au i Makkaur kunne vore like problematisk, men her vart løysinga «Makøur». I det heile aner vi at bruk av landsmålets diftongar fell tyngst for brystet! Snodig at nynorsk utleidd av (= avledet fra) er stava «utled av», for det kan unekteleg misforståast.

Eksperimentet med «Finnmarkingen» og artiklane i «Finmarkens Amtstidende» viser at K. Akre var vedvarande interessert i norsk språk. Det var framleis mange år igjen før dansken fekk ei norskpå­verka rettskriving – i 1907. Ettersom Aasens landsmål på den tid var relativt veletablert, kan vi altså diskutere kva målform som var «nynorsk», men det blir ei anna skål! Hans språk-eksperimentering er med og dannar (han skriv «daner») bakteppet for rettskrivingsendringane som skulle komme, eit omskifte som no er eit tilbakelagt kapittel i vår språkhistorie.

Stoda er annleis for dei stadnamntolkingane Akre bar fram. Vel nok har stadnamn òg i første rekke historisk interesse, men det er ei interesse som mange menneske ber med seg inn i dagens samfunn. Ikkje så med ordskiftet og underlagsmaterialet for rettskrivingsendringane frå vel hundre år sidan.

I alt omtaler Karl Akre ca 75 stadnamn, frå Nord-Varanger og Vardø sokn. Han tar dei i geografisk orden, men for lesarar utan lokalkunnskap er det nok alfabetisk ordning enklast. Han kjem fint ifrå tolkingane av namna Krampenes, Makkaur, Skatøra, Skittenelva, Smellroren, Sòlnes, Syltefjorden o.fl. Enten no desse kjem frå eldre kjelder eller er hans eigne, så viser det seg at Finnmark-bindet av «Norske Gaardnavne» – redigert av Magnus Olsen og Just Qvigstad – tidt viser til Karl Akre.

Berlevåg, fortel Akre, «har somme udled av personsnavnet Berle, mens andre bestemt tror, at det kommer av perle, fordi der har været søgt, kanske også funnet perlemuslinger i en elv, som går ud i sjøen ikke langt ifra været. Vi har imidlertid en norskt ord, som heder «bergleg» og betyder åbent eller bart beliggende, og den, som en gang har sed stedet, vil forstå, at navnet Berle(g)våg passer udmærket». – Vi kan rette Akres «bergleg» til berrleg «som ligg fritt; open, rett fram», eit ord kjent i islandsk òg, medan færøysk berligur tyder «snau, skrinn». Ingen ueffen teori, men konkret nok?

Sam. Bǣrralvākke «perlevåg» (NG 18: 243) er iallfall eit problem: Underleg er at ein våg skulle få namn av eit (udokumentert) perlefunn. Sikkert nok er at samisk bǣrral (norm. bearal) tyder perle, men då er jo Berlevåg ei ulogisk norsk form for *Perlevåg? – Har ikkje kjennskap til korleis lendet ved vågen var, men tenker no på termen hall for «skrå bergside»: Har eit uttale-redusert ber(gh)all blitt mistydd som bǣrral av samisktalande? Tendensen til bortfall av -g- i Berg- er utbreidd, og her kan utlyd -g i -våg ha forsterka tendensen. Men berr hall, til berr (lang æ) «snau» ligg endå nærare sam. bǣrral ! Landskapet i Berlevika i Skjervøy går rimeleg godt i hop med begge måtane å forstå namneleddet Berle- på.

Blodslitodden – Akre har «Blo'slets[o]dden – er neset lengst ut på halvøya mellom Smellroren og Persfjorden og «har strid strøm, så det er et 'blodslet' å ro forbi den i modstrøm». Ordet blodslit vil dei fleste kjenne, rarare er endringa til «Blodskyt-» på dagens kart. Er -slett- forvanska til -sjett- > -skyt-? Blodskiten heiter ein grunne ved Stavøya i Røst, jf. «redd for livskiten» ol.? Men Vesteråls-glosar som storsjøtt om stor skilnad på flo og fjære, kontra småsjøtt, attåt blodstraum om langvarig straum som plaga Finnmark-fararar, det vere seg i Rongsundet, på Alta, i Stjernsundet eller Ham­marfeststraumen, dei kan samtidig få oss til å undrast om glosen *blodsjøtt fanst?

Bussesundet i Vardø er eit namn Akre assosierer med buse (skræmsel), likevel via eit verb å bosse «suse, bale, bråke, kave, baske, vorre, for der gives neppe noget sund i hele landet, hvor havboren bosjer værre end her; det grundbryder, så hele sundet er en grøn vorr fra ende til anden, når uveiret bær mod flø- eller falstrømmen». Her kan vi bli litt usikre på korleis Akre eigentleg koplar orda, då «bosjer» kan peike i retning sam. boršet og boršut sprute, fosse; bruse, skumme.

Namnet Bussesundet blir vanlegvis tolka ut frå gno. bússa (búza) breibygd handelsskip, mellomlat. bucie. Det lyder rimeleg nok, men legg vi vekt på Akres skildring, var sundet iallfall ikkje naturleg ankerplass for slike skip! Bussesundet utom Sør-Fugløya i Gildeskål er særs trongt, Bussesundet i Austevoll og sundet mellom Bussøyan i Hitra er langt breiare; alle er dei beine. Det ser såleis ut til gno. bysja (pret. busti) «gøyse, strøyme fram» (buse på!) skulle vere den mest naturlege tydinga av namneleddet Busse-, Buse-. Sjølv om han ikkje er språkleg krystallklar, kan altså Akre ha rett i sak.

Domen sørom Vardø er kjent nok. Akre kallar det «et høgt, brat flåg, som styrter bent ned i sjøen»: «Skjønt udtalen er aldeles ligt den norske udtale av ordet «dom» og sagnet om den dødsdømte, som skulde gå «fjæraveien» under Domen, ikke mangler, er det dog ikke rimeligt, at navnet kan ha den tydning. Vistnok var gammeltiden en ren gullalder for dødsstraffens tilhængere, og mange rare domme blev vist avsagt; men disse flåggjængerdomme, som knytes til næsten hvert lignende flåg­lænde, er vist grundløse. Hvis navnet ikke kommer av demle (om vind, snekov, snefok) eller dum­mel (dunkel, mørk), er det vel ikke muligt å tyde det». Har han i bakhovudet gno. Dumbshaf (Nord­ishavet), tradisjonelt assosiert med Domen mot opne Austhavet? Men korkje Dumbr som jotun- og kongenamn eller gn. dumbr «stum, mållaus» rimar, og han har god grunn til å tvile på at namnet har med lov og rett å gjere. Vanleg uttale av dom har kort, open o – ulikt fjellnamnet, skrive «Dummen-field» hos Hans Lillienschiold ca 1700.

Klikk for stort bildeNoko av fjellsida i Domen, med fleire dumper i skygge og med markøren ståande i kløfta Domshola. Norge i bilder. 

Fjellet har ein lang, bratt kant mot nordaust, synberr frå havet. Det kunne vere namngjevingsgrunn, men reint språkleg blir det problematisk. No er det mang ein stor lokalitet som har fått namn av ein karakteristisk detalj: Ein slik er den ovdjupe Domshola i havkanten ytst i fjellsida. Liknande søkk er å sjå ved fjellet Dumben i Jondal og ved buplassen Domba under Dombefjellet i Flora. Likeins med Dommedalen i Sund og i Bergen. Også høgder fleire andre stader heiter noko på Dommedals-.

Det finst eit terrengord dump f (og m) sagt domp, iblant dåmp med, men også domm, normalisert til dumb om «søkk i marka eller lendet, dokk, dæld, (stor) dolp» (NO 2: 238, 234). Det gir haldepunkt også for ei form *dumbr, seinare *domben i b.f. Ved bortfall av b vart det til dōmen ved erstatnings-forlenging, som når mange målføre ved slikt bortfall fekk lang a i ord som lamb og kambr. Då fell også Dumbshaf (om Austhavet) på plass, eit namn som har ekspandert i islandsk, først om Ishavet og seinare om Grønlandshavet. Men i sjølve fjellnamnet[1] har altså b-en forsvunne.

Samisk namn på fjellet er Duommâ: det avleidde Duomâ-baf'te er nok floget ovanfor Domshola på lag (Qv 1938: 29). Her skal nemnast at nordsamisk form av mannsnamnet Tomas er Duom'ma, men også Duomis, -pmá, lik tradisjonell norsk form Tommes. Interessant er at Qvigstad under gnr. 88.14 Fløytbukta på Kvaløya noterer Duomma-baf'te (ikkje kartfesta) = Tomasberget (Qv 1935: 75): Han brukar her som elles teiknet = når han meiner det samiske og norske namnet tyder heilt det same. Tre år seinare omtaler han Duomma for Domen så vel som Duommanjárga (Tomasnes) i Nesseby og Kautokeino og like eins Duommajávri (Tomasvatn), men utan = . Det må innebere at han ikkje lenger trur mannsnamnet er relevant, når han elles brukar = som før. Duommanjárga i Kautokeino, viser det seg, har ei rundvoren tjønn inne i neset, og neset med same namn i Nesseby har ein stor og ein liten dumb (domm) i berget. Også Duommajávri ligg i eit «veldefinert» søkk.

Falkelva og Falkebergan «har vistnok sit navn av falk, som har hadd rede der i flogene, som elven styrter udover. Finsk [: samisk] Ijok kan kanske være samendraget av Idijok ↄ: Morgenelv», gjettar Akre. Dette er innafor Skallnes, og ettersom elva grev seg særs djupt ned, ligg nok elvefaret mykje godt i skygge døgnet rundt, jfr. sam. idja «natt». Noko anna er at namnet Falkelva er ganske vanleg frå Hamarøy og nordover: Kan sam. falli «snar» og fálli «falk» vere forveksla i slike tilfelle?

Falkekeila ligg derimot utanfor Skallnes og «må vel nærmest ha sit navn fra Falkebergan. Der er 3 gamtomter, og den yngste skal være efter gammen til en sjøfin, som gik under navnet 'Falken'; men det er vel uvist, hvem av dem som fik falkenavnet av hin, enten finnen eller keilen» (sitat Akre). Vi kan berre seie oss samde i det, og i dette tilfellet kan det vere grunn til å sjå bort frå andre namn på Falk(e)- i området og heller tenke på sam. válgga «båthamn». Den forståinga passar også godt for Falkfjorden i Hadsel så vel som Falkhaugen på Ramberg i Bø. Falkkeila – så står det på kartet no – er for øvrig meir ei utgrunn vik enn ei (smal) keile. Interessant er at den neste lokaliteten som NG nemner heiter Nyhamna, her òg med eit Akre-sitat: «Den gamle havn er vel Skalelven». Som vi ser, Falkkeila kan like snart vere den eldste hamna, men i så fall må ein eldre samisk tradisjon ha gått i gløymeboka, for parallellnamn på Falkkeila var Lassa-vuolle (med postposisjon) = «under skjeret».

Finnes, «finsk Lavrenjarg (Larsnes), stranden på yttersiden av Jakobselvmundingen, var intil omkr. 1860 bebod av bare finner, men nu har kvænernes tømmerstuer fortrængt finnernes små, usle torv­gammer, så bare tomterne og en enkel fingamme numere fortæller om navnets oprindelse». – Akre godtar utan vidare det Finnes fortel om etnisitet, så det kjem derfor nokså dått på når han hevdar at

Finnkirka «som en enestående fjelås ved Kramvik kalles, er et gjængs stedsnavn i Finmarken, og har naturligvis intet med finnerne å gjøre. Jeg har desuden mine tvil om finnernes offerstader i det hele, da det finske språk ikke eier udtryk for offer eller ofring». Akre gjennomfører, tradisjonsrett, finn om same og finsk om samisk, motsett kvæn og kvænsk, så dette heng ikkje på greip. Trur nok han meinte at geargi = geaðgi «stein» (forstått som «kjerke» av norsktalande) «har naturligvis intet med finnernes ofring å gjøre». Det gjer neste setning meir logisk, så her må eit ord ha falle ut.

Golnes |gåll-| i Vadsø kommenterer Karl Akre slik: «Man har villet udlede det av golle (gull) eller guolle (fisk); men der findes hverken spor av gull eller gammel bebyggelse, ligsom stedet mangler havn, hvor det først i de siste 10 år er blid bebygd. ... Stedet er ikke goldere end stranden overalt, tvertimod. Det eneste fremtrædende ved stedet er en rigdom på stenheller. Da Ekkerøerne, som i gamle dage var stærkt bebygd (de hadde kirkegård, kanske også kirke, samt egne jægter, som gik på Bergen), fuldstændig mangler stenheller, mens byggemåden var torvgammer med stengulv, måtte beboerne hente sine gulvheller fra Golnes, som altså kunde være sammendraget av Golvnes, hvorfra ekkerøværingerne endnu henter sine stenheller. Forøvrigt kan selve hellerne være kallt «golv», lig­som man i somme målfører kalder næver for «tak» og bruger ordet «tele» eller «tile» både om et gulvbord og et bordgulv».

Akres forklaring forankra i lokal ressursbruk verkar ganske truverdig. I min eigen tale er gol'bord, gol'kråa, gol'bøtta og gol'tua ein del av «barnelærdommen», jf. også golv i hesja. Uforståeleg er det derfor at Finnmark-bindet av NG, som elles siterer Akre flittig, fortel at Golnes er sagt gulnes eller gólnes og kjem «af Gol (Gul), jevn Luftning eller Blæst (jfr. Havgula)». – Men bles havgola berre på Golnes? Forklaringa er vel at byens folk prøvde å «rette» Gol(v)nes til «Gul(v)nes», men Kart­verket skreiv Golnes som før, og då oppstod ein leseuttale Golnes med trong o, den rådande i dag.

Hasselneset (før Asserneset òg) er bergodden lengst nord på Vårøya i Vardø. Akre gir inga tyding, men ser sjølvsagt bort frå treslaget. «Hassel i Trsø. amt» er makan namn, seier han, og meiner vel Nordland, men det er feil. Qvigstad har ikkje namn på lokaliteten, som smalkar jamt av mot nord, med skrånande berg mot opne havet. Sam. áhci «sula» (rommet mellom beina) passar sakleg bra, men lydleg heller sam. ahcilit v. «flø hastig», til ahcit v. «flø». Også sam. acchil adj. «kvikk, rask (til å arbeide)» kan høve, i fall der var aktivitet på sjø eller land som kravde at du var snar i snuan.

Jakobselv, seier Karl Akre, «hedder på finsk Annejok (derav kvænsk Annijoki). Det er sikkert nok at Annejok er ældre end Jakobselv, men det er likså sikkert, at forleddet Anne- ikke er av finsk [dvs. samisk] oprindelse». – Han har ein lauseleg tanke om at Anni- kan stå i samband med Andersby litt lenger ut, for «flere navn deromkring såsom Finnes, Hjellhougen (kjød-hjell), Sjudsjok (bærelven), Suvlvar (tyvfjellet) osv. vidner om finnernes ophold og færd der». Han seier òg: «Navnet Jakobselv er noget ubekvemt, fordi man på sydsiden ved den russiske grænse også har en Jakobselv, der for­resten på finsk hedder Vuorjam (sml. Vorma på Østlandet). Enten burde vi følle russernes eksempel og kalle Grænse Jakobselven med det finske navn, eller også burde vi give Vestre-Jakobselv et and­et navn, t. e. Annelv».

Her har jo Akre fleire ballar i luften, men merk korleis Qvigstad innleier si namnesamling frå 1938: «Vuor'jam ell. -jokkâ, fn. Vuoremi, russ. Vorjema, Grense-Jakobselv. Elven kalles til forskjell fra Vuor'jam, Tomaselv, i Nord-Varanger også Ruoššâ-Vuor'jam (russe-Vorjam)». Forklaring på elve­namnet Vuorjam (no skrive Vuorján) gir han ikkje, men av di Tomaselva òg kan heite Vuorje-johka (Qv 1938: 28), synest vuorjjit «grisse, tynt, spreidd» å ha noko for seg, enten det er tenkt på fisket eller det tilhøvet at begge elvane renn lite samla over visse strekningar – osen medrekna. 

Landet om finst nøgda stadnamn på Jakob-; sjeldnare er genitiv Jakobs-. Samiske variantar av det bibelske namnet er Jáhko, Jágu, Jágát. Begge Jakobselva-ne har vide delta der vatn fordeler seg på talrike far, og tenkeleg er at ferdsel med elvebåt innebar å akte på flo og fjære og vere ferdig til å ta laust, kan hende særleg når fisk gjekk opp? Jf. sam. njáhkat v «smyge; ligge på lur» og svensksam. njakos «et Sted, som er bekvemt til at ligge og lure paa, Stillingslænde» (J.A.Friis)? Her utfordrar eg dei som har lokalkunnskap til å seie sitt tykkje.

Elvenamnet Annejok som Akre lurar på, får av Qvigstad denne omtalen: «Ānni-jokkâ (Anne-elva), (Vestre) Jakobselv, fn. Annijoki, kommer fra Ānni-čærro (Annevidden), K. Jakobselvvidda» (1938: 27). Her har visst ikkje noka alternativ tolking dukka opp seinare.

Karjel eller Garjel «er så dunkelt, at man kun med sikkerhed kan sige, at det ikke er av kvænsk op­rindelse», i flg. Akre. Men her opplyser Qvigstad langt seinare (1938) ganske så ordknapt: «Gar'jel (en kareler), et bosted».

Kavringen, «en låg løsklub, har en påfaldende lighed med en kavring», fortel Akre om eit bergnes som er velkjent for Vardø-folk. Ein kavring er rund, men så framstår ikkje neset på flyfoto eller kart. På samisk Gāwrig el. Gāwrig-njar'gâ (Qv 1938: 30): Qvigstad føyer til norsk namn Kavringen utan å bruke teiknet = . Ein vanske er at ordet kavring, av russisk kovríga «brød av rund form», kom inn i dansk skriftspråk så seint som ca. 1500, så vidt ein veit. Kanskje lånte folk i nord ordet frå russisk noko før det, men vel lenge etter at neset hadde fått namn? Rimelegare forklaring er ei namnelaging til gávri «bøygd eller skakk person eller ting» og i lengre språkhistorisk perspektiv sørsam. gabredh pluss i utvida form gabregidh "rulle seg i hop» (t.d. never, forfrose hundeøyre, huveskjerm)?

Klikk for stort bildeDet krokute bergneset Kavringen – er det bergkonturen midt på som liknar ein kavring? Norge i bilder. 

Kiberg: Akre seier at «'ki' har naturligvis intet med et kid (killing) å gjøre, som somme har ment. Det rimeligste er å ta det som en forkortning av 'kik' ↄ: en liden vik eller bugt; sml. 'kjos' ↄ : kik-os, så kalles en kik, som danes derved, at en bæk eller liden tverelv munder ud i en større elv. Ytter-Kiberg er ligefrem en kik inn i bratte berget, og navnet høver ikke så ille til Inner-Kiberg heller».

Termen «en kik», som folk frå andre landsdelar nok vil stusse på, er helst ei norsk tilpassing av sam. čiehka «hjørne» og –čiegat «-kantig, -hjørna» om eitkvart som har så el. så mange kantar el. hjørne. Det overtyder ikkje heilt. Det tilsynelatande heilnorske Kiberg blir i flg. NG sagt ᶄībærg, noko somgår godt saman med Kijberi eller Kyberg 1467 og Kyberg 1589, då likevel i mindretal mot formene Kybber 1520 (NRJ II 254), Kybberig, Kybberyg (!) ca. 1590, Kiebbiergh og Kibberigh 1594. Det er først på 1600-talet at formene med enkel b blir einerådande.

Dei gamle formene med -ber for -berg er uproblematiske, iallfall kjenner vi frå Vesterålen den same uttalereduksjonen i namn som Ramberg, Søberg og Tverberg/Dverberg, og heller ikkje den samiske kortforma Bir'ge el. Bier'ge etterlet tvil om siste del av namnet. Formene med -bb- på 1500-talet får meg til å tenke på sam. čibbi «kne», for det norske ordet (i sms. så vel som i usm. form) kjenner vi frå ei lang rekke nordlandske stadnamn, der dei står for trappe- eller «kne»-liknande avfall i fjellet, noko som det også er nøgda av kring Nordavindskeila ute på det ulendte Kibergsneset. Forklaringa synest òg å treffe godt for Kiberget i Tromsø. I det heile er anatomiske termar av dette slaget gjengs i stadnamn på mange språk, så i samiske stadnamn er sannsynlegvis čibbi = «kne» underestimert.

Kiby: Her seier Akre, i 1881, at namnet er «i det sidste halve hundreår skrevet Tyby, hvorav tale­formen Kyby er opståd. Den nuværende sognepræst har gjenoptaget den gamle skriveform, Kiby, som også er taleformen og desuden stemmer med Kiberg, Kistrand og Kines. Det er vistnok ikke u­muligt, at navnet kunde komme av det gammelnorske tjod ↄ: na-tjon, som siden er gåd over til 'ty', sml. tyende, et utyske (umenneske), en villtysk (udlænding), tydelig (forståelig, klar) – altså: Norsk­by; men rimeligt er det ikke, da det måtte ha sin modsætning, og en «Finneby» eller bosiddende fin­ner her på den tid, kan ikke vel forudsættes [!], ligesom det ikke passer på de andre steder med navn som begynder på Ki-. Mere rimeligt er det å udlede det av en kik (op i landet eller ind i fjellet, sml. kikat ↄ: småbugtet). Den sidste 'k' faller naturligvis bort i samensætningen; dog skal man på Nord­land ha en Kikvik. Stedet har også et finsk navn Vuoššegæssim ↄ:Kokningstrækket, altså et fiskevær hvor fjellfinnerne i gamle dage trak sig kogfisk (med sine hornangler)». Dette siste retta Qvigstad til Vuos'se-gæssen, «jfr. vuos'se, hank på gryte; gæsset, drage», utan nærare kommentar (Qv 1938: 29), men rett ord for kokning er vuoš'šus, medan vuos'si for grytehank eigentleg står for heile gryta som blir fylt og løfta opp i skjerdingen. Jf. «gode snille far som gjennom tunge tider si bør til gryta bar» i teksten til Gryta hennar mor, så vel som talemåten «når båten får, så får gryta».

At innlyd -k- ville forsvinne i namn på Ki- slik Akre meiner er ikkje sannsynleg, jf. òg omtalen av Kiberg. I dette tilfellet er det nok tryggare å følgje NG, der uttalen er notert som ᶄyby eller ᶄīby m, men vi har fullt av skriveformer som dokumenterer ein stø historisk skrivemåte med T-:

Thybye 1672, Tiuby 1683, Tiby 1683, 1698, Thyby 1694 («nylig optaget; langs stranden til Eckerø er bebygget af finnegammer, som Vehranger finner tilholder i om sommer»). Thybye ca. 1694 («der roer finner ald someren, oc vil der gierne bo nordmend», vidare i ein fotnote: «Hvor finnerne roer om sommeren eller høsten, have de paa hver sted gammer oc hytter staaende, hvor fløtter fra og til oc bliver paa dend sted en stund lang som de best kand for deris Næring, mens nordmændene blive altid der i landet paa en sted boende». Det fortsetter med liknande skriveformer langt ut i neste år-hundre: «Tiby 1698 («et lidet fiskevær, der af nordmænd besiddes, hvor oc finnerne søge deres ro-stæder» Lillienschiold). Tibye 1710, Tyebye 1713, Thiby 1744. Yttre og Indre Tybye 1768. Her har Finner fisket, men beboes nu af Nordmænd» (NG 18: 279).

Her er tida inne for å minne om at norsk tale har ein stor gruppe med «butikkord» av typen steintøy og sølvtøy, sukkertøy og syltetøy, skotøy og undertøy – og kjøretøy utandørs: I dag ligg uttalen -tøy fremst på tunga hos dei fleste. Artig er at reisety og reisetøy kan tolkast ulikt: Det første er bagasje, reisegods, det siste får oss heller til å tenke på reisehabitt! Ikkje fullt så sterkt farga av reklamen og handelsnæring er ord som sildefarty, fotty og verkty (værty!), og slett ikkje historiske hjelpemiddel som eldty og loty. Korleis heng så alt dette i hop?

Tøy i tydinga stoff til klede gir litt skral meining i orda framfor, og gods passar berre i enkeltilfelle. Saka er den, at gno. tyg n lik tygi n var «reiskap, utstyr». Dette vart seinare til ty n 1 ting som høyrer med til forsyning el utrustning; reiskap – no òg om husbunad, gods, ferdasaker osv. (Norsk ordbok). Svensk har ei mengd sms. på -tyg (oftast gammaldagse) som går på reiskap og utstyr: fisketyg, not-tyg, ro-tyg, sjö-tyg, skeppstyg, og sommartyg «kjøregreie eller reiskap til sommarbruk» (SAOB).

Ord som gno. hertýgi «rustning» så vel som svensk (og eldre dansk) tyghus «militært arsenal» kan peike i «krigersk» lei, men glosane munnty = snakkety og trollty = trollting viser noko anna. Ordet stod klart nok for det utstyr som skal til, så som fotbunad, husbunad, båt og bunad (i samband med fiske). Det passar godt i denne samanhengen at fiskety er notert i tydinga «fiskestong» frå Østfold.

Tyby alias «Kiby» er eitt av få gards- og buplassnamn på -by i Finnmark: Bergeby, Kviby (Alta) og Nesseby, dessutan Hønseby, Kiby, Lebesby og Snapperby. Førsteleddet er nok norsk i dei første tre tilfella, kanskje òg i Snapperby lik Snappen, ein berghump på stranda. Jf. Snappen, ein bergodde og fiskeplass ved straumen inn til Grovfjorden. – Lebesby blir derimot sett i samband med sam. leaibi «older» (treslaget), og Hønseby kan få oss til å lure på om nordsamisk kjente eit ord som svarar til sørsam. hïngse «lyng, ris»? Nordland har ei rad stadnamn Hønsebekken og Hønsberget, Hønsfjæra, Hønsgjøtene og Hønshågen der ei slik forklaring er langt meir sannsynleg enn hønsehald.

Tyby høyrer etter mi meining til den heilnorske gruppen og går på gammane som Varanger-finnane hadde all sin sommarbunad i. Eit anna namn i området støttar ei slik forståing: Sjåbuselva «skal ha sit navn av en skjåbu, som var opført der til brug for laksfiskere. En sjåbu er opført av staver eller skiltre», seier Akre. I Vesterålen er «skjelter-skjå» om ein skjå av enklaste sort eit velkjent ord, men Sjåbus- er vel heller nedsliten form av Skjåburs-, merk sam. buvri (norsk bur) «bu, skur; fjøs» m.m. Vel burde skjå + bu(r) vere smør på flesk, men som motstykke til stolpebu(r) blir det logisk nok.

Lydendringa Ty- > Tjy- > Kyby, Kiby er då berre eitt av talrike døme på ord og namn der overgang palatal > ikkje-palatal (eller omvendt) gjer utgangsordet uforståeleg og fører til mistyding. I tilfellet Tyby har Ty- utan tvil fått ein uttale farga av feilassosiasjonar med tjyv = tjuv. Då var det opportunt nok å bruke skrivemåtar som Kyby eller Kiby i staden.

Kramvika ved Kiberg nemner Akre så vidt, utan eigentleg namnetolking, men hadde han kjent til skriveforma Krampevigen frå ca. 1694 (NO 18: 303), ville han sjølvsagt nytta same tolking som for Krampenes: «må komme av ordet krampe, som her blir brugt om kronglet (kroget) eller forkrøblet bjørk, og kramp eller krampeskog om sådant krat».

Langbunes innafor Vardø strevar Akre noko med. Sjølv skriv han lydrett Lambunæs, som «blir av finnerne kalt Langviknjarg. .. Lang må imidlertid her tages i betydning av bred, det er: langt fra nes til nes». Vi ville pga. det siste vente at ordet bug «vid vik» kom inn i drøftinga, men så skjer ikkje.

Det seinare Finnmark-bindet av NG har fleire uttaleformer: Longo-bot-, -vot-, -vik-njarga, og viser til Akre som sa at «det mest fremtrædende ved stedet er en udgrund fjelgrunn, som avsluttes med en bø eller bå, som går skråt over bugten», men NG innvender at uttalen ikkje høver med sam. boaððo (= boađđu) «skjer» < gno. boði. At vott «grunne» gir betre meining er unemnt (jf. Hm. 2016: 407).

Løkvika nordom Smellroren «skal ha stor rigdom på græsløg og har vel sit navn derav». Uttalen er i flg. NG laukvika, og så står det på karta i dag. No er dette ei lang og utgrunn sandfjære som liknar mykje på utfjærer andre stader, t.d. store, grunne fjærer ved Heim- og Nordlaukøya i Lemmingvær i Troms. Ein må derfor spørje om nordsamisk har hatt eit ord svarande til lulesam. läuh'ka «vad som helst som gungar under fötterna på en», så som bogn-is og leire som gir etter?

 Løkvika utom Kramvika er det annleis med, i flg. Akre «en grund åben bugt, kan ikke ha sit navn av løg, da det slags græs ikke vokser der. Det særegne ved stedet er undergrundsvatnet, som efter å ha tilbagelagt veien fra fjellet til stranden gjennem en rullestensur, hvor man kun hører det fosse ne­de i jorden, sikler frem i fjæren over svaberget». Han reknar med at namnet er omforming av *Lek­vika, til ei leka «vass-sikkel», men etter hans skildring og kartet å dømme er det like nærliggande å tenke på løk «bekk som renn stilt», gno. lœkr. Dagens skrivemåte Laukvika er såleis diskutabel.

Navaren, seier Akre, «er det første bosted udenfor byen. Navnet synes endefrem å betyde en naver (navar, bor) og skulde da oprindelig gjelde selve fjellnesset som nu hedder Navarsfjellet eller Nav­arshøgda. Dette har dog ingen lighed med en naver, selv om man tar den villeste «fantasi» til hjælp. Fjellet ovenfor (norenfor) veien blir kalt Melkevaren ... må nærmest være omgjort av Melgevare ↄ: brystfjellet av melge, et renbryst, som høgden, sedd udenfra, ligner, og Navare kan være en samm­entræking av Nadevare ↄ: Skaftfjellet, sml. Hammerfest, Øskarnes m.fl. navn».

Teorien om *Naddavárri «skaft-fjellet» er tvilsam, enten vi ser på fjellforma eller kva som er lydleg sannsynleg, derimot har Akre utan tvil rett i si tyding av den snodige fornorskinga Melkevarden. Så har då også sam. Mielkevárri kome inn på karta seinare.

At Akre har problem med namnet Navaren er ikkje så rart: I dei tre nordnorske fylka er sam. nábar «bor» så vel som norsk navar ofte nok namn på fjellformasjonar, men her ved Vadsø fører Qvigstad mange år seinare opp Nāvar som namn på odden (= norsk Navaren), Nāvar-jaw're på Navarsvatnet, og Nāvar-oai've «navar(s)hovudet» alias Miel'ke-varre som namn på Melkevarden (Qv 1938: 28). I NG 18 (trykt 1924) står det derimot om buplassen Navaren: «Nafueren (et Fjeld) 1683. 'I Nafueren har roed finner tilforn, hvor der nu gierne vil bo nordmænd' (ca. 1694)». Det må vel forståast slik at fjellnamnet er det primære, namna på utroren og buplassen sekundære.

Visst er at Návar = Navaren har vore tolka som navar = bor. Samtidig er det slåande at Mielkevárri er novforma i sørenden især. Truleg stod då fjellet i det minste for tanken («ideelt») som *nǫf 'nov', manifestert gjennom gen. Nafar- i sekundære namn *Nafarhǫfuð og *Nafarvatn. Omtolking av gen. nafar- til hankjønn nafarr 'bor' gjorde at ny genitiv Navars- oppstod, rimelegvis blant norsktalande. Slik buplassen ligg i høve til fjellet, er det naturleg at Navaren vart namn på denne òg. Også namna Navarsfjellet og -høgda kan vere gamle, men ikkje Navarsbukta og -odden. Til samanlikning tar vi med at i botn av Mannfjorden i Tysfjord ligg buplassen og vika Navaren, sam. Nábar, tett nordom ei markert fjellnov som er namnlaus på karta. Det bør også seiast at neset Navaren i Askvoll i Sogn og Fjordane er nov-forma og at ingen navar-formasjon er å sjå der heller.

Paddeby har i flg. Akre «havt en betydelig gammebebyggelse, og der er endnu nogle finnegammer. Navnet siges å komme av en finnefamilie med tilnavnet Badde (ↄ: bånd), som har bod der. At det skulde komme av frøsknavnet en padde, er mindre rimeligt».

Badde- lånt frå norsk i tydinga «band» med utvida topografisk tyding verkar alderdommeleg. Aller vanlegast er sms. som bjørkeband, fjellband, skogband eller vedband (alle om skog-, tregrense), så vel som grasband og myrband «overgang mellom myr og skog» (Norsk Ordbok). Her kan nemnast Skogbandfjellet i Alta og Fjellbandet, ei li i Snåsa. Ein annan ordfuge viser seg i -dalsbandet, kjent frå mange sørnorske dalnamn.

Det topografisk spesielle med Paddeby er, at eit jambreitt smalt «myrband» i form av eit fastmark-belte skil den digre (no utgrøfta) Paddemymyra frå eit litt høgare, grunnare platå i vest, som har eit liknande «band» mot Kargilmyra i vest. Men det finst òg eit anna band, nemleg fjell- eller åskanten rett nord av Paddeby, særleg bratt og bein nord av Paddebymyra, så her har vi ei alternativ tolking.

Reinøya og Svinøya «har naturligvis været brugt til å ha svin og rein på om sommeren», seier han. Vel, for Reinøya i Sør-Varanger og i Porsanger så vel som i Bø og Lødingen gjeld at namnet mest truleg har med reindrift å gjere. Mindre opplagt er dette for Reinøya i Vardø, som vender ein lang og bein kant mot Hornøya i aust: «Formspråket» er det same for Reinøya i Måsøy så vel som den lysbeine austsida av det lange Reinskaret midt på Reinøya i Troms. Gno. rein f «smal forhøyning, lang voll» m.m. gir vel så god meining. For Reinøya ved Sommarøya i Øksnes kan det sjå ut til at både «kant» og «reinbeite» har noko for seg – og berre så det er sagt: At lokalitetar med bein kant også kunne vere reinbeite frå tid til anna er innlysande, så forstavinga Rein- forblir tvitydig.

Salttjernet fanst i Vadsø: «Stedet har endnu et salt tjørn», seier Akre, men Lillesalttjerne derimot «har hverken noget salttjern eller andet vand, og grunden til navnet er altså alene modsætningen til Salttjerne». Han er i tvil om eit samisk namn finst, men Qvigstad skriv (1938): «Sal'te-jawrak, pl. Saltjern = : Stuorab (store), Ucceb (lille), fn. Salttijärvi. Sjøen går om høsten ved stor flo op både i Store og Lille Saltjern». Her forstår vi at Salt- går på straum, og at skrivemåten «Sal-» for Salt- var antikvert i 1938, for alt i 1881 seier Akre: «skrevet sådan intil for vel 10 år siden, da sognepræsten optog skrivemåden med 2 teer». – I dag er Store og Lille Salttjern berre grendenamn i Vadsø.

Skinnstakkvika, som ligg på fastlandet sørvest for Vardø, «har vel sit navn av de mange forrevne bergtopper, som stikker op av sjøen og i dragsjøen ser ud som vadende skinstakke», gjettar Akre på. Tja, same namnet er å finne minst åtte ulike stader, frå Øksnes og nordover. Landskapet er ikkje all­ stad det same, men er enten fullt av hamrar eller har iallfall rikeleg med stor stein. Når namnet er så frekvent, kan det vere grunn til å rekne med at «skinnstakken» som kjælenamn på havørna er eit vel så godt spor å følgje (Hm. 2000: 373f), når ikkje minst formasjonane ved Vardø er «førsteklasses» utkiksplassar for fuglen.

Sòlnes |såll-| tyder Akre elegant: «soll, en aldeles mørk fuksinrød, rosetformig tangart, som fore­kommer her i store masser og blir brugt til kofor, men i Skotland til folkemad. Finnerne kalder det Solnes-Dutak (lang «o»). – Gno. sǫl n «bu-tare» (søl) ligg til grunn, jf. også Sòlbu i Hasvik.

Svinøya: Der gjekk naturlegvis svin, meiner Akre. Kan hende ikkje heilt sikkert, for tett sør for øya ligg (Store) Svinvika, kalla Svinevig ca. 1694, no kalla Svinøybukta med. Ho er sterkt grasvaksen, så der var slåttemark, opplyser Thor Robertsen. Korleis det i så måte er med den tronge Svinbukta ved Svinvikodden på Årøya i Alta skal vere usagt, men Svinvika på Hjelmsøya i Måsøy i Troms har fine grasmarker, og heller ikkje Svinøya i Kattfjorden er ubrukande til slåtteland, tyder iallfall flyfoto på. Endå meir påfallande ville det vere om matrikkelgardar som Svindalen (Andøya), Svinøya (Bø) og Smines (Øksnes, tidlegare Svinnes) har fått namn av svinehald, når natureng er fremste særmerket! Heller må vi då tenke på ei eldgammal fornorsking av eit ord som vart til nordsam. suoidni «høy», lulesam. suojnne, sørsamisk suejnie.

Tjuvholmen |ᶄȳv-| er i flg. Akre «på et gammelt kart avsat med en galge, hvorved ikke må tænkes bare på mestring (henrettelse), men også på «kakstrykning», den alm. straf den tid for simple tyve­rier». Forklaringa lyder rimeleg, men vi får òg notere oss at holmen er delt av ei lang, smal myr som nok tidlegare var eit sund, så vi kan ikkje oversjå skoltesam. čuv- «strömfåra», eigentleg strupe.

Varangen: Akre fortel, utan tidfesting, at det hendte fjordnamnet vart skrive Varganger i falsk ana­logi med Vargøy, «men Vardø og Varanger har intet med hinanden å gjøre, da fjorden har sit navn derav, at den ved Nesseby deler sig i 2 armer, Meskefjorden og Karlebotten, skilt åt ved Angsnesset (ↄ: fjord-nesset), og end i dag betegner «Varangen» i folkemunde bare det indre av fjorden». No er ikkje den namnebruken vanleg lenger, men det Akre seier om Angsneset og den inste delen skal vi likevel supplere såleis, at ved Golnes ligg Varangerflua, vel å merke tett innom Været på Ekkerøya: Enno på 1690-talet går fjorden for Wehranger, Vehranger (NG 18: 272). 

Vardø: Mange av namna Akre gir omtale av, treng ikkje mykje forklaring, det er han sjølv inne på. Det skjer seg litt når Båtsfjord og Ekkerøya er tolka som resp. «båefjorden» og «eggværøya», men like fullt er er detaljopplysningane verdifulle. – Vi kan stusse når han trur at øya(ne) der Vardø ligg, lenge var utan særskilt namn: Han meiner skriveformene med Varg- frå 1300-talet er «synbart til­gjort efter det finske [samiske] navn Vargav, som vistnok er en tillempning av det norske navn, men har selv været mønster for det russiske Vargava». Det er nok ei tvilsam utviklingsrekke, likeins flg. 'meteorologiske' teori som føresetter ein påfallande uttaleovergang frå kort til lang å:

«At danskene søgte at omskrive øens norske navn efter sine lydlag, er selvfølgelig; fæstningen blev da også dels skrevet Vårenhus, dels Vahrenhus efter den tids tyske demimonde i kongens Kjøben­havn, og endnu kan man træffe gamle norlændinger, som siger Vårenhus, når de skal tale fornemt. Ved siden av disse forskjellige skrivemåder har dog folket bevaret det oprindelige navn i formerne Vårr-eia og Vårøya, som må udledes av ordet «vorr» (å), ↄ: sjøbråt, brænding. T.e. sjøen brød så vågen, sundet stod i en vorr; han rodde, seglede, så vorren stod efter. Dette åbne «o» (kort å) er nu gåd over til langt «å» i Vårøia og Vårberge, og med den tyske samensætningsled «en» måtte fæst­ningen på Voreya efter datidens språkbrug nødvendigvis komme til å hede Vårenhus.»

Vargeyjar o.l. er sikker skrivemåte på første halvdel av 1300-talet (NG 18: 301) og samsvarar med låneforma av bynamnet i russisk (Vargav, Vargajev) og i samisk (Várgak, normalisert Várggát) og i kvænsk (Varkaja); annleis med sam. Vuoreja < Vårøya. Å kople øynamnet beinveges til gno. vargr «ulv, varg» eller òg «tjuv, røvar; fredlaus person», som Norske Gaardnavne gjer, er nokså tvilsamt. Snarare er det så, språkhistorisk, at både ulv og illgjerningsmann fortente strøyping eller henging, jf. tysk würgen «ta kverken på, myrde» osv. (Falk und Torp), og Varg- i stadnamn har tydeleg nok med avsnøringar eller strøype i lendet å gjere, så som i Vargfjorden i Ballangen, Vargsundet i Karlsøy og Vargvika i Lebesby. Dette passar også for landtunga mellom dei to øyane i Vardø, ho som framleis heiter Valen: Namnet fortel at der var ein trong passasje før. Tendens til veksling mellom eintal og fleirtal Vargøya(r) heng vel i hop med at der berre var (og er) eit smalt band øyane imellom.

NG meiner at det gamle Vargey er blitt omtolka til *Vǫrðu-ey, av varða f «varde», «en passende Benævnelse paa dette befæstede Vagtsted». Det lyder plausibelt, men vi får ikkje oversjå at også i Varg(e)sundet i Karlsøy har dei Vårøya, der det knapt noka festning har vore? Då kan det like snart vere at Vargeya hadde lydrett uttale vargjøya, varᶁøya, som med tida fekk rang skriftfesting Vard-.

I Vardø har dei Vårberget, på Rolla Vårbergan, og Vårhaugen er å finne både i Bø, Målselv, Bardu og Balsfjord. Det får oss til å ane at eit anna tyding av Vår- har like mykje for seg, ei fornorsking av sam. várdu(-) «høgd, lågfjell med vid utsikt, utsikts-». Dette terrengordet er særs vanleg, og uttalen av á nærmar seg å på sine stader.

Det vil bli møtt med forståeleg skepsis at Vargeya(r) og Vårøya ikkje utan vidare er same namnet, og kanskje finst det ei eller anna kopling dei to namnformene imellom som her er oversett, men det bør i så fall vere ei som fungerer også for Varg(e)sundet og Vårøya i Karlsøy.

Vatsø - slik skriv Akre namnet – men uttalt «Vassø, Vassøia og Vasseia, blir nu brugt bare om byen på fastlandet, hvor der hverken er nogen ø med vatten på eller vatten med ø i. Der kan dog ingen tvil være om betydningen av navnet eller oprindelsen til det. Det finske [samiske] navn Tjatsesuolo, som bent frem betyr Vandøen eller Vatsøen, er en oversættelse av det norske, ti mens dette betyr en ø med et vatten (tjørn) på, så betyr det finske ord tjatse vatten i alminnelighed (i sjøen, bækken, elv­en osv.), hvorimod et vatten på finsk hedder javre. Det finske skulde altså ha hedt Javresuole, der­som det var originalt.

Navnet Lillevatsø, mellem Tomaselv og Andersby, peger bestemt på en større eller egentlig Vatsø ligsom Lillesalttjern på Salttjern, Lilleekkerø på Ekkerø osv. og den eneste ø i nærh. er Øen eller Øia atmed byen, udi skrifterne også kalt Kirkeøen; men dette navn, som vel skal bety den ø, hvor kirken stod i gamle dage, er av ny dato og blir ikke brugt av nogen i daglig tale. Almuen kjenner det neppe. Hvis man ikke vil nøie sig med å kalle den bare Øen, må det rigtigste og mest praktiske være å kalle den Vatsøen i den bestemte form til forskjel fra byen Vadsø.

Oprindelsen til navnet synes nu å være ligså dunkel som betydningen er klar, da øen aldeles mang­ler vand. På dens ytre ende mod fjorden finnes dog en stor rund grop, som nu kaldes Sauvatne, fordi sauene fortrinsvis beiter der. Hvormange fod bunden av dette udtørkede «sjøvatten» eller salt-tjørn nu ligger over almindelig vandstand, er ubestemt; men navnet Vatsø må have sin oprindelse derav, at denne grop i de ældste beboeres tid låg under sjø-mål og var et vatten (poll eller tjørn). Den om­stændighed, at kirken stod på «Øen» indtil begyndelsen av forrige hundreår, da den blev flyttet til fastlandet og invid der 23e mai 1711, tyder på, at den første bebyggelse skede på øen, hvorom de gamle gamtomterne endnu vidner. Man kan derfor gå ud ifra, at navnet Vatsø har flyttet over til fast­landet sammen med kirken og inbyggerne.

Byen Vatsø (Vadsø), som altså har fåt sit navn fra øen, hadde i gamle dage 3 forskjellige navn, nem­lig a) Præstelv (-elva), som nu blir brugt bare om elven og bostedet på indresiden, men i fortiden nok især blev brugt om den nuværende indre Kvænby, kvænsk: Sisæbe (Inmedelva), må ha fåt sit navn derav, at præstegården stod der, efterat den blev flyttet fra Øen, uagtet kirken stod langt uden­for. Efter sagnet bodde handelsmanden også der, og endnu omkr. 1830 stod der nogle pakhus eller «bue» igjen «inpå bakken». Efterat præstegården brænte (før 1760) blev den kanske flyttet til midt­byen, hvor den stod som privat eiendom efter 1830 og blev for omtr. 10 år siden opsat som udhus i Indre Kvænby (Jolma).

b) Skatøren (-øra) svarte til den nedre del av Hovedbyen samt Ørtangen. «Skatøra» og «Skatøre» finnes flere steds, og sagnet har da jevnlig omgjort det til Skatt-øra, hvor en «nessekonge» sat og krævde skat av alle dem, som for forbi t.e. i Magerøsundet. Det eneste rigtige er imidlertid å udlede navnet av ordene skate og skaten ↄ: konisk t.e. en skaten rivtinde, skrue, spade, tre osv. Båden skat­er atover (sml. skåbygd), en skat (top) av et tre, «ei skata» (en fisk og en fugl, dansk Skade). Sml. Schatering (skating) om fargerne. Det skatne undlænde i Hovedbyen har ventelig været en omflød bar ør, i de første vatsøboeres tid. Men efterhvert som møddingerne og torvgamtomterne dækkede øren, hvor sjøen ikke mere gik over den, tabte begrebet sit indhold og fortrængtes tilsidst av det fra øen overførte «Vatsø», som med de nye bygrænser for en 20 år siden fik en mere udstrakt anvend­else[2]. Ørtangen er nu den eneste levning av den gamle Skatøren.

d) Sletten, nu Ytre Kvænby intil elven, Kvænernes Ulko, blir endnu brugt i Formen «udpå Sletta», og den ældste handelsfamilie der betegnes ofte med «Slettens» ( ↄ: familjen på Sletta). Stedet var bebygd allerede mens Øen var hovedværet og kirkestedet. Sletteboerne blev engang overfaldt av røverske russer, som havde lændet i Tomaselven; men de overvandt og fordrev dem med råvedstæn­ger og andet hanhøvle. Til minne om dette slag reiste de en bautasten, som endnu står der. Om Skat­øren og Præstelven engang hadde beboere og om de deltog i slaget, nævner sagnet ikke. Derimod siges det, at øboerne ikke vilde hjælpe sletteboerne, og at disse blev så forbitrede herover, at de, ef­ter at ha fordrevet russerne, for over til øen og overfaldt øboerne, som måtte rømme til «Finkirken» i stenuren på bagsiden af øen. Tilsidst lyktes det dog præsten å få dem til å samle sig i kirken og in­gå forlig.

Af andre navn inom bygrænsen kan nævnes: e) Galjebakken (Galgebakken), hvor kirken nu står. Navnet forklarer sig selv. f) Stenrae (Stenradet), som på den længste strækning daner bygrænsen, er en gammel flo­streng av kopmolsten, som kommer igjen i same høgde ovenfor Kiby. g) «Landhus­elven», en gren av Præstelven, som går ud i sjøen i Ytre Kvænby, skal ha sit navn av et ensomt hus, som stod der «på Landet» (ↄ: udenfor byen); men navnet blir ikke brugt i dagligtalen».

Dette vart eit langt Akre-sitat, men det forsvarar sin plass! Få er vel desse som kjenner «Finmarkens Amtstidende» med såkalla gotisk skrift (fraktur), no berre på mikrofilm sjølvsagt, men litt av Akre-artiklane kan ha vore oppattrykte. – Apropos Landhuselva, det namnet kan gje storkar-assosiasjonar, i alle fall vil landhus «hus på landet» seie hus til fritidsbruk for byfolk (Norsk Ordbok). 

Sauvatnet er eit interessant namn. Landet rundt finst det eit utal Sauvatn og Sautjønn-er. Det er sagt at Sau- har med straum i vassfar å gjere, eller klarare: At det står beinveges i samband med sjóða v. syde, koke og helst tyder «oppkomme», meir om sak under omtalen av Sauda i NG. At gno. sauðr vart namn på dyret kjem helst av at sauen var eit vanleg offerdyr (de Vries). No kan rørsle i vatn og tjønner ha fleire årsaker, som små oppkomme, gass frå myrgrunn m.m. At Akre aner ein samanheng mellom namna Sauvatnet og Vassøya er ikkje lite, endå han ikkje kjem heilt i mål. 

Votteskaret, eller Våtteskare i Akres ortografi, «er et pussigt og vilkårligt valgt navn, hvis det skal udledes av en våt (vante). I så fald har der selvfølgeligt hørt et sagn med til navnet». Om den sak er kanskje det viktigaste sagt i stykket om Vottvikane og vottesegnene her i Håløygminne (2016: 415).

Med dette er vår rundtur i Karl Akres fotefar i Nord-Varanger til ende. Det krevst mykje for å tolke gamle stadnamn så bra at ikkje noko nytt kjem til i ettertid, det gjaldt i 1880-åra for den lokalkjende Karl Akre og det gjeld for han som har vore freidig nok til å ta over stafettpinnen utan å vere lokal­kjend, men lærerikt har det vore å gå i namnefaret hans frå ca. 135 år sidan. Omrisset av ein pioner i målføre- og namnegransking i Varanger teiknar seg alt tydelegare.

Fotnoter:

[1]Sml. Domba, gnr. 53 i Solund, skrive Domen 1563 og 1567, men Dumben 1603 og 1611, så atter Dummen 1667 og Dommen 1723.

[2]Kjøbstaden Vadsø, som blev oprettet ved lov av 20de juli 1833, omfattede bare Midtbyen eller Skatøren.