Flag

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 4-1974, nyredigert

Av Finn Myrvang

No va verken ver eller føre te lags,
han va verken leggan' te fjor's eller flags

heiter det i Nordlandsviser av Hans Lind, eposet "Paterdekt". Iflg. ordforklaringa er eit flag er eit sjøstykke, helst innringa av holmar og skjer. Ivar Aasen forklarer ordet tilsvarande: "en Søstrækning, et bredt Søstykke (Bassin), især omringet af Holmer el. Skjær. Nordl. (Paa Helg. lyder det til deels som Flak). Ogsaa forklaret som en bred Banke eller Fladgrund i Søen. Sv. Dial. flag, flaga: aaben Sø, m.m. ..."

Her skal vi forlate ordbøkene for ei stund og sjå oss litt om, land og strand rundt: For Andenes har eg notert meg Moholmsflaget, i nokolunde den tyding som er nemnt, og for Stø i Langenes Flaget, Skallflaget, vidare Gisløyflaget |"jesseløyflage|. – Innersida av Bø har Hongværflaget, meir ut på bygda kjem Værøyflaget el. oftast berre Flaget. Så heiter òg Malnesfjord-kjeften i nord, dvs. området innafor Lyngøya og Frugga.

I Lødingen er det Rinøyflaget og Offersøyflaget, i Lofoten Risværflaget, lenger vest Skjelløyflaget (Bøstad), endeleg Buholmsflaget i Moskenes (etter Buholman mellom Mosken og Svarvan), Nordlandsflaget (etter garden Nordland på Røstværøya), dess­utan Hundholmsflaget og Kveitflaget.

I Steigen har vi Flagsundet, som etter lokalkjent folk er nokså breitt i sørvestenden, med holmar og skjer på yttersida. Sjå elles lokalkarta.

I Lurøy (sjå Rygh, "Norske Gaardnavne", gnr. 8) ligg Moflaget, uttalt Moflaget med einstavings tonelag. Dette gardsnamnet går etter Rygh si meining tilbake på at det er "en lidt smalere Strækning i en stor Gruppe af Øer, adskilte ved smale Sund". Rygh samanliknar så med Flaget = Gisløyflaget i Langenes, og med Gåseflaget, ei vik i Buksnes.

Når det gjeld Moflaget, så har eg i ei lokalavis sett at det skal heite Moflag skole og ikkje Moflaget skole. Er no det i samsvar med verkeleg uttale, tru? Det er nokså merkeleg at gardsnamn som alltid har bunden artikkel i uttalen, skal bli fråtatt denne i skrift. Her i Bø har eg såleis sett utrulege namneformer som "Skålbrekk for Skålbrekka og "Farveis" for Farveisa.

I kronprinsregentens resolusjon om skrivemåten for stadnamn frå 31. mai 1957 str nemleg: "Ved gardsnamn og andre bustadnamn bør ein syna varsemd med å retta tradisjonelle namneformer når dei er historisk og nasjonalt forsvarlege". Vidare: "Bruken av bunden eller ubunden form bør retta seg etter målføret, serleg i reine naturnamn". Det spørst om desse reglane er klåre nok?

No undrar Rygh seg også over at Moflaget har kunna gå over til gardsnamn, men det er vel i grunnen ikkje rarare enn at namn "-sundet" og "-fjorden" også er blitt det, og for den del også "-bukta" og "-vika" mm.

Det var flag-namna. – Går vi til offentlege sjø- og landkart for å finne dei igjen, blir vi noko overraska iblant: Gisløyflaget heiter framleis "-flaget"på Cappelens Noregs-atlas (b. 4), på Cappelens bil- og turistkart, på gradteigskartet og på blad "Svolvær" av eit amerikansk kart over området. Værøyflaget i Bø er ikkje med på desse karta, men derimot på sjøkartet – i forma "Flakket"! Nordlandsflaget vest i Lofoten blir på same vis "-flaket" på Cappelens kart. Flagskallen i Bø (nær Hongværan i Vesteråls­fjorden) og Flagsundet i Steigen blir derimot ikkje "normaliserte". Når det gjeld sjø­karta, så skal visstnok heller ikkje flag-namna i Vest-Lofoten vere forandra, jfr. like­vel "Flakket" i Bø).

Klikk for stort bildeFlaget innom Værøya i Bø. I forgrunnen Gimstadmyran. 

Når uttalen heile vegen er flage evt. flaje (med einstavings tonelag), må slikt kallast inkonsekvent. Men merkeleg nok, i Steinar Schjøtts "Norsk Ordbok" (frå 1914) finn vi under oppslagsforma flag berre dei to variantane ("flak", "flakk") utan opplysning om geografisk utbreiing: Ordet blir forklart berre som "sjøbassin". Like overraskande (el. meir?) er at "Norsk Riksmålsordbok" ikkje har oppslagsforma flag i det heile, kun "flak" ("flakk"), men her er innhaldet i ordet (orda) noko annleis: "...2) sjøv. stor (vid) grunne; areal av båer som ligger nær hverandre; (også, sj. om) en enkelt, særlig vid båe".

Slik Riksmålsordboka definerer det, samsvarar altså ikkje flak (brukt om landskap til sjøs) med flag slik vi har det i stadnamna her nord. Det er då heller ikkje nokon grunn til å vente noko slikt, ettersom Riksmålsordboka berre tar med spreidde dialektformer som finst tilfeldig brukt her og der hos bokmålsforfattarar. (Det vil seie at ein forfattar som f.eks. Hans Lind fell heilt utanfor).

Som vi ser, steigfjerdingen nemner ikkje ei uttaleform "flakk" i det heile. Ein slik ut­tale har eg aldri treft på, og han er usannsynleg på våre kantar. Eg legg og stor vekt på at Ivar Aasen ikkje har noka slik form i "Norsk Ordbog". Derimot nemner altså Aasen ein helgelandsk uttale "flak", og det er greitt: På Sør-Helgeland har vi eit område med ustemt b, d og g. Her er det i røynda samanfall av p og b, t og k, k og g til noko imidt imellom (jfr. Hallfrid Christiansen, "Norske Dialekter" h. 1 s. 20, h. III s. 182). Så det er klart, i eit slikt målføre kan eit opphavleg flag lett lyde som "flak". – Teoretisk kan og det omvendte ha skjedd, men lenger nord er det ein umulig tanke: Vi leitar fåfengt etter g i ord som brak, flak, rak og tak og vi har heller ikkje k i ord som drag, jag, lag, nag, slag, stag eller tvag!

Noko heilt anna enn den sørhelgelandske lydovergangen er at Aasen reknar med eit opphavleg nært samband g/k når det gjeld flak i si mest vanlege meining: Under ver­bet flakna (av) viser han til ein nordlandsk variant flagna og peikar på at gno. òg har dobbelformene flakna/flagna. Verbert flaka, som i gno. vil seie "gapa, stå open, ligge brei" og såleis kunne gje god meining til dei før omtalte stadnamna, er derimot ikkje overlevert i noka sideform *flaga.

Leiv Heggstad har gno. flag n i tydinga "namn på jord" (skaldemål), og Finn Hødne­bø tar i tilleggsbindet til Johan Fritzners gno. ordbok med eit eige oppslagsord flag n: jord utan grassvord (frå Snorre-Edda), jfr. isl. mold-flag: jordflekk utan grassvord. I færøysk, derimot, vil flag nettopp seie gras-torv.

No er det velkjent at fiskarane brukar lende-ord som bakke, pall osv. om sjølandskap med. Også ord som fold (opphavleg "slette, flate") og vidare mo (sjå Johan Hvedings ordliste), flate (jfr. Flata for Andenes) o.fl. har vandra den vegen. Det same kan også ha skjedd med ordet flag.

Det kan så menn likevel hende at flag i tydinga hav(stykke), (sjø)område o.l. har endå høgare alder: Iallfall samanliknar Falk og Torps etymologiske ordbok flag n i norske og flag eller flaga i svenske målføre (i tyding open sjø) med gresk pélagos "hav"! Det gir visse perspektiv.

Det heiter om normering i stadnamnresolusjonen: «I samansette namn kan utjamning nyttast i større mon i etterlekken enn i førelekken». Det er vel denne regelen som gjer at vi har fått formene på "-flaket" som alt er nemnde, men derimot Flagskallen, Flag­sundet. Det kan likevel, som vi ser, vere god grunn til å sette spørsmålsteikn ved heile normaliseringa i slike tilfelle. Korleis kan ein hevde at flag i dei omtalte stadnamna opphavleg har vore flak?

"Tromsøflaket"

Eit særtilfelle i denne samanhengen er Tromsøflaket, kjent frå vermeldingane. Det er eit havområde nordvest av Lopphavet - Sørøya. Ein informant frå ei av øyane i Nord-Troms har opplyst at "Tromsøflaket" er ei nyskaping frå etterkrigstida, før heitte det Nygrunnen. Kven som stod for omdøpinga veit han ikkje. Geografisk samband med byen Tromsø er der ikkje, med mindre fiskarar frå byen kanskje har vore inne i biletet eller evt. ein fiskarfarkost med namnet «Tromsø» (jfr. "Skolpenbanken")?

Det ser ut til å vere så at då det før krigen vart tale om å få i stand vervarsel for fiske­felta, vart det frå Vervarslinga i Tromsø sendt inn framlegg til Fiskeridirektoratet om kva for strekningar dei ulike vervarslingsområda skulle famne om. Det er ikkje klårt om det kom inn namneframlegg frå Vervarslinga sjølv, men områda med namn vart i i alle fall godkjende av direktoratet, før varslingsordninga vart sett ut i livet. Norges Sjøkartverk opplyser vidare: Første gongen vi finn namnet Tromsøflaket på sjøkartet er i 1939. Det vart då teke inn på sjøkart nr. 322. Vi har ikkje kjelder som viser kvar namnet kom ifrå og veit heller ikkje om det skriv seg frå bynamnet Tromsø.

Sjøkartverket viser dessutan til «Den norske Los», bind VI, s. 44: "I norske sjøkarter kalles Nordvestbanken for Fugløybanken og den nordenforliggende Fugløybanken for Tromsøflaket".

Tilføying 2020: Det synest vere ustø geografisk systematikk i namnebruken for fiske­bankane i dette området. Det startar greitt nok med Malangskjeften og Malangsdjupet og så Malangsgrunnen på nordsida, men på nordsida av denne kjem, i flg. nokre kart­skisser på nett, Nordvestbanken (nordvest av kva?) Så dette namnet er visst framleis i bruk. Namnet Fugløybanken er mindre høveleg, Fugløybanken som opphavleg namn på "Tromsøflaket" nokolunde rett nord av Fugløya ("Nord-Fugløya") i Troms passar betre. Austafor "Tromsøflaket" kjem i upåklageleg geografisk orden Hjelmsøybanken og så, beint nord av Nordkapp, Nysleppen og Nordkappbanken.

Meir sjeldne namn i dag er Nordbanken og Østbanken (i høve til Varangerhalvøya?), der jo grensedraging mot Russland gjer seg gjeldande. Så også med Skolpenbanken, som fekk namn av forsøksfisket som d/s "Skolpen" av Sigerfjord dreiv der år 1902. Fiskebanke-namna Nygrunnen og Nysleppen fortel tydeleg nok, kvar på sin stad, at dei er seint oppdaga, men gir ingen geografiske hint.

Kan litt uvisse ha gjort seg gjeldande kring namnet Fugløybanken pga. at vi attåt den (ikkje særleg store) Nord-Fugløya |fuggeløya|, eldre |føueløya| nordaust for Vannøya også har den mykje mindre Sør-Fugløya vest av Rebbenesøya? På samisk heitte den først nemnde Howle (Fow'le, Fuow'la, Vuow'la) medan Sør-Fugløya heitte Vuowlak (Qv. 1935: 6). Rekna etter lengdegraden ligg Nord-Fugløya austafor og Sør-Fugløya vestafor Tromsø by, så slik sett blir "Tromsøflaket" eit forståeleg namnekompromiss, dvs. ei nylaging heilt i samsvar med flak om "stor (vid) grunne", utan samband med tradisjonelle nordnorske flag-namn.