Følsvåg og Følstad

Klikk for stort bilde "Bøfjerding" 1982, nyredigert

 Av Finn Myrvang

 

Ein gard i Bø - gnr. 10 – dukkar i 1567 opp under namn av Folsuogh, les Følsvåg, og kjem igjen år 1610 som Føluogh,1613 Følswogh og 1615 Følsuogh, men i ei årrekke (åra 1613-1618) går skrivemåten for førsteleddet i andre kjelder ut på Fløs-! før dette stoppar og Føls- kjem tilbake. Her levde altså ein skrivefeil sitt eige liv i ei årrekke.

Litt rarare er to former frå eitt av åra, nemleg Føsuog og Føslpoldt 1616. Den første kan vere ekte nok, då l framfor s lett nok kan bli borte i uttalen, men den siste er meir usannsynleg. Ho fortel likevel at eit anna namn på garden har dukka opp, d.e. Pollen, og no kjem Føllspollen 1619, og året etter både Føllsuogh, Følspoldt og Pollen! Enno gjer det tradisjonelle namnet Følsvåg(en) seg gjeldande i nokre få år, då side om side med nylaginga Følspollen, men deretter er det over og ut for det tradisjonelle namnet Følsvåg – det korte Pollen overtar heilt. Eit stykke fortetta namnehistorie!

Her er det to moment som kan vere lette å oversjå: Det eine er at gamle namneformer kunne overleve ganske lenge, for det er liten tvil om at det nye namnet Pollen hadde godt feste i dagleg tale alt ved år 1500. Det andre er at namneforma Ringstadpollen er kjend nok i Bø, som terrengnamn, men ho dukkar visst aldri opp som konkurrerande namn på sjølve garden Pollen, det historiske Følsvåg.

Klikk for stort bildePollen alias Følsvåg i Bø. Legg merke til det tronge faret inn dit forbi Straumsnes nedst til h. Sjølve garden Pollen oppe til v. og garden Ringstad i midten til h. Statkart  

Følstad |''føll-| i Vågan kan kanskje ha vore hamnegang for merrar med føll (gno fyl), men kva for gardar var det då som brukte den mildt sagt avsides lokaliteten såleis, og frakta dei hestane dit i båt? Det er umåteleg lang veg til andre gardar! Dessutan lyder det rart med eit gardsnamn som fokuserer på føll i staden for mødrene med sine føll, merk gno fylsmerr, fylhross. Rimelegare er å tolke Følstad-namnet annleis, buplassen ligg nesten ytst i Austnesfjorden, i løynd for dei sjøfarande bak Følstadklubben.

Sekundærnamn er Følstadbukta, Følstadvika, Følstadklubben + Klubbvika, vidare Følstadstranda o.a. Namnet er skrive af Fylstadom i AB, Folstad [ø] 1567, Følstad 1611 og seinare. Utgangsforma er nokså visst gno fylsnisstaðr «gøymestad», tidleg avkorta til Fylstaðr, av gno fylsni (fylstni, fylgsni, fylksni), som tyder plent det same[1] som fylsnisstaðr. Like visst er forklaringa den same for Følsvåg alias Pollen i Bø, der det er eit mykje vidare område for båtar å stikke seg bort.

Elles er nok namneleddet Føls- og endå meir Føl- i stadnamn fleirtydig. Om Følstad som anna namn på jernaldergarden Nertaen i Buksnes har med «diskret» plassering i terrenget å gjere eller skal forståast annleis er eit ope spørsmål, men han ligg iallfall ikkje på stranda.

Fotnotar:

[1] Johan Fritzner, «Ordbog over det gamle norske Sprog», tilleggsbind v/Finn Hødnebø s. 114.