Foten i stadnamn vide om land

Klikk for stort bilde«Namn og Nemne» 1987

Av Finn Myrvang

 

Mange har ønskt å finne ut kva distriktsnamn som Lofoten og Ofoten eigentleg kjem av. Teoriane er mange, men ved kritisk saumfaring blir konklusjonen ofte som hos Per Hovda, når han omtalar namnet Lofoten i KLNM: «Namnet er utan rimeleg tolking» (1965:sp. 252). Gjennomgåinga i det flg. er ei innføring i fot-problematikken. Artiklar om Lofoten, Ofoten o.fl. er redigerte for seg.

Norrønt ordtilfang

Det er naturleg først å orientere seg om kva norrøne sms. med same sisteledd som er å finne i J. Fritzners ordbok, medrekna tilleggsbindet ved F. Hødnebø: Dei som er knytte til mannakroppen beinveges, er berre mannsfótr og knés-fótr = 'knésbót, kalfabót', no kalvbot. For seg sjølv står ei linn form bundinfóti, eit tilnamn på ein person som fekk spjelka eit lårbein.

Med dyrenemningar finst det derimot ei rekke samansettingar, oftare nytta som tilnamn enn si opprinnelege meining, både i eintal og fleirtal: féfótr (jfr. 'undir fefót'), baulufótr ('kufot'), bláfótr (om rev), folafótr, frauðafætr ('froskeføter'), geitafætr, hestafætr og hrossafætr, hundsfótr, oxafótr, svínfætr og ulffótr. Dette lyder for det meste som klengenamn eller utnamn, men våre notidsreaksjonar på det kan vi ikkje utan vidare overføre til eit norrønt publikum. Dei såg avslappa på slik naturalistisk nemningsmåte, det korte livet baud på langt større problem.  Elles var no fornamnet det eigentlege namnet, slik som islendingane reknar den dag i dag.

Lat det elles vere sagt at tilnamn som desse kan vere underfundige: Sam. golle-juolgge 'gullfot' vil eigentleg seie «En, som er bange for at væde sin Fod» (Friis 1887), liksom golle-gietta 'gullhand' tyder «En, som er bange for at tage Haand i noget sølet»! Sjå også omtalen av nynorsk kidfot litt lenger fram.

Elles siktar denne utgreiinga mot dei tilfelle der 'fot' ikkje er konkret anatomisk å forstå, dvs. det ikkje er tale om levande vesen. Utgangspunktet blir «Fod som bærer, tjener til Støtte under den derpaa hvilende Gjenstand» (Fritzner 1886), så som arkar- eller ǫrku-fótr 'kistefot' (jfr. «Paktens Ark»), brùar-fótr ('brupilar'), bryggju-fótr, og *kvern-fótr som førsteledd i Kvernfótavagr (nemnd i BK).. 

Nynorsk ordtilfang

Hos Ivar Aasen 1873 og Hans Ross 1895 kan vi finne sms. som peis-fot, mold-fot eller saur-fot (på plog), og ty-fot eller mar-fot, mor-fot 'brustolpe' el. 'stillas-støtte'. Sjølv har eg notert lembrufot 'låvebru-fot'. Nærmare det mellomalderske står nok geitefot  'vippe', ein spennreiskap for armbrøst (i setesdalsk, sjå Bø og Djupedal 1964:20).

Dette er strødde døme. Dei gno. tilnamna er merkverdig talrike i samanlikning, kan hende av di norrøne sogeskrivarar tok godt vare på den typen personalia?Ei anna sak er om vi maktar å forstå biletbruken som ligg attom alle slike sms., jfr. dei to samiske glosane som alt er omtalte: På linje med andre slike tilnamn kunne vi t.d. tenke oss eit gno. *kið-fótr eller *kiðja-fótr som tilnamn – men det ville ikkje ha noka meining med mindre vi på førehand kjente til oppslagsordet kidjafot hos Ross 1895 («kjeafot» i Sunnhordland, eller «kjeefot» på Agder): «Snottap som hænger ned fra Næsen», i nordnorsk vél kjent som kidfoten. Og forklaringa på denne ordbruken skal vere, at når eit kid (kje) kjem til verda, tar det svært lang tid frå kidfoten viser seg og til heile kidet er kome fram i dagen.

Allmenn bruk av 'fot' i stadnamn

I namn på landemerke som stikk ut og fram frå eitkvart høgare og større er 'fot' eit velkjent sisteledd; aller først kan vi nemne at Segleimfjellet i Rogaland blir kalla Foten i méder (Hovda 1961:230). På Stadlandet finst fjellet Varalden, som fell av i Varaldfoten, også sagt Valfoten (Hovda og Grønvik 1959:169).

Lengst sørvest på Stjerna = Stjernøya i Finnmark ligg Stjernfoten, og fiskarane kring Andfjorden tar med i Grytfoten, sørkanten av Gryta |'grȳta| = Grytøya i Troms, frå havet sedd. Også ei av «De Syv Søstre» på Alsta er kalla Grytfoten. Kva som ligg til grunn er uvisst, men i eit rundvore dalsøkk like sørvestafor har Grytåa utspringet sitt (Rygh 1904:308). Trænværingane brukar Lurøyfoten til méd for mange tilrorar (Havnø 1937: 36, o.a.), og likeins tok andenesværingane på tilroren 'Teisten' méd i 'Fottinden', som stikk fram unna Teisten på Senja: Jfr. fær. fótur" det nederste af en klippe eller ø" (Jacobsen og Matras 1974:62)..

Vi tør nok rekne med at grunnordet 'fot' enno kan vere produktivt i fiskarane si namnelaging i dei tilfelle då dei tyr til 'taknamn' (spontant laga namn). Til same namnegruppe må vi også rekne Årsteinfoten, som er det låglendte, nordaustre hjørnet av Årsteinen i Vågan, halvøya som utgjer ytste sørspissen av Hinnøya, men Årsteinfoten ligg ikkje slik til at han har stort å seie for medtaking.  

Elles kan vi merke oss Foten som namn på ein badeplass (eigentleg kanskje eit lite nes) sør for Fredrikstad, vidare på ein bøe like utom Skarstadfjellet i Ofoten, og på det ytste skjeret ved Sørøya i Herøy i Nordland: Her kan vi forstå namnet ut frå vanleg seiemåte blant fiskarar, nemleg «nedpå havet» (motsett «oppmed land»). Også på tørt land er dette eit velkjent grunnord: I Malnes s. i Vesterålen har eg høyrt dalfoten nytta om overgangen fjellside – dalbotn, synonymt med fjellfoten andre stader – truleg også bergfoten. Vi kan gjere spranget til Füssen i Sør-Tyskland, ein by ved foten av Allgaualpane, og til Füssgönheim som tyder «Gönheim am Fuss der Haardt» (i flg. J. Hartig, Kiel), likeins til Lullingesfote, Devon i England (Smith 1956).

Islandsk har hlíðar-fótur «det nederste af en Skraaning; Bjærgrod» (S. Blöndal 1920-24). Venteleg finst dette lifot også i norske målføre, men eg kjenner det berre frå stadnamn, då gjennom trikomposita som Storlifoten (Bleik), Bulifoten (Nøss), Mjølifoten (Andbø), Maskelifoten (Sørmela) – alle Andøya – enn vidare Demlifoten |'dæmm-| og Kulifoten (Hadseløya), Ranglifoten (Bø k.), Mannfoten  (ei urd under Sundsmannen = -manen) på Sund og seinast Ålifoten og Teigføten' på Nesland, desse tre siste frå Flakstad.

Denotasjonen 'li' eller 'fjellside' er i andre tilfelle underforstått: Skråmbergfoten er ein kort liten lifot under Skråmbergan på Nøss, Bratt(e)slåkfoten |''brateṣḷa-| el. |''braṣḷa-| ligg nedafor Brattsloka i fjellet på Andbø, mens Rundfoten mellom Andbø og Kobbedalen er ei tungeforma li, avrunda nedantil av krattskog langs myrkanten. Rånfoten |'rånn-| er berre som ein dunge i fjellfoten på Sørmela, det òg på Andøya, under ei såkalt ròna (smeltevass-far mellom liene).

Mange slike trikomposita har vore oftare brukt enn dei bikomposita som utgjer førsteleddet, kanskje av di folk oftare hadde fleire gjeremål i fjellfoten enn oppe i fjellsidene.Vi kan og merke oss at Rundfoten er ei friare namnelaging enn dei andre, ettersom førsteleddet her ikkje seier noko om lendet ovanfor.

I islandsk vil tún-fótur seie «det nedste av tún» (innmark, heimejord), opplyste Þórhallur Vilmundarson (brev). No kan vi vel gå ut frå at dersom det på ein gard er små høgdeskilnader, vil fótur vere naturleg orientert mot eit vassdrag eller ei strand. Så er nok tilfelle på Island – sjå litt lenger fram – men eg tar først med eit namn frå Tjøtta gard på Helgeland, der dei hadde Fotåkeren attmed den litle Møllnesdalen (var vel eit vassfar frå Storvatnet), nedmed brakkvasstjørna Osen (opplysningar ved Eirik Liland, Tromsø). I dette tilfellet kunne vi forstå namnet som 'åkeren som ligg nedst', bortsett frå at *Åkerfoten ville vore naturlegare då, men namnet Osen (og Sundet utafor) gjer det sannsynleg at Fot- i dette tilfellet like snart står for 'bekkemunning', sjå seinare drøfting.

"l Barðastrandarsýsla", i flg. Þ. Vilmundarson, «finnes to ødegårde (hjáleigur) ved navn Fótur. Begge ligger nedenfor hovedgården ved kysten. Den ene, på Barðaströnd, ligger like nedenfor hovedgården ved en voðul (vaðall), men den annen, i Reykhólasveit, ligger ca. 2 km nedenfor hovedgården med en låg myr imellom.» – Det er vel naturleg å oppfatte det første av desse to namna som ein 'túnfótur'. I det andre tilfellet ligg det vel så nær å tenke på dei glno. sms. *mýr-fótr og *mosa-fótr, som enkelte stadnamn ber bod om. Vi skal hugse at mosi m. brukt om 'myr' ikkje berre er kjend frå dansk, men òg frå visse norske målføre. 

Om 'dyrefot' i stadnamn

Folafótur som stadnamn på Island har Þórhallur Vilmundarson drøfta (1983:73), og han jamfører med Folafoten fleire stader langs norskekysten både i Sogn, på Nordmøre og i Trøndelag, men sistpå også «Følfoten, hólmar og sker meðfram Norðurlandsleið og ì Lófót.» Han siterer Svale Solheim: «Namnegruppa peikar ut lokalitetar som ligg på viktige, kritiske eller farlege punkt i leiene, punkt der det galdt om for ferdemannen å ha augo med seg og ikkje koma på 'ville vegar', eller ta seg godt i vare for ikkje å renna borti grunnar, fluder og skjer og setja på spel skute, last og – på utsette stader og i dårleg ver – livet» (1947:6). Det er no folen sitt lag å slå om du ikkje aktar deg, er Solheim inne på, og tenker seg altså Fola- og Følfoten brukt i denne overførte tydinga i namn på slike farlege stader. Blant dei er vel og rekna ein grunne Følfoten sørom Sandvær i Sømna. Ikkje så langt unna ligg grunnen Svartoksen, eit namn frå same tydingssfære.

Men no er det aktuelle grunnordet tvitydig: a. foli m. 'føl av hankjønn' (Fritzner 1972). b. foli m. (gjerne skrive fóli og fuli) 'tjuvgods', eigentleg 'det skjulte', til fela v. Og Vilmundarson – som viser til kva som tidlegare er skrive om norske stadnamn som Fåle, Fyllingen og Fosen – tenker seg *Foli i tydinga b. som eit opphavleg nemne også for blindskjer og andre løynde eller skal vi seie løynske stader. Det inneber at slike namn kan ha blitt mistydd og omtolka..

Ei slik forståing av namna Fola- og Følfoten er uproblematisk så lenge desse er knytte til grunnar. For holmar o.l. som ikkje er overflødde læt det meir tvilsamt, men vurderinga kan vere vanskeleg: Følfoten er eit noko høgt og langvore skjer sørvest for Ballstad i Lofoten, med nokså bratte sider. Forma er slik at ein på flo sjø berre ser (nedste delen av) følfoten om lag ned til hovskjegget, men på fjæra kjem den attoverbøygde 'litle hoven til syne', opplyser Jan Sund (1978) etter ein 90 år gammal heimelsmann, som føyer til at sjølve Følfoten vel ikkje var farleg, men det var derimot ei flu like ved. Om Stor- og Litle-Følfoten i Vågan heiter at dei er temmeleg like, sedde frå leia (Sedolfsen 1973), og at dei kvar for seg kan minne om ein følfot – endå begge er kløfta! 

Kuskankan heiter nokre grunnar like utom Tinden i Øksnes, farlege for ferdsla så snart han er noko åt veret. Det merkelege i dette tilfellet er at det også heiter Kufótan |''kūfōtan| om dei same grunnane, nærmast som i småbarn-språk. Dette har eg høyrt sjølv og fått sanna av lokalkjent folk, men kartforma Kuskankan er vanlegast. Konkret samanlikning kan vi sjå bort frå, men var det vel for fiskaren knytt ei attåttyding 'farleg stad' til 'kufot' = 'kuskank'? Så viser det seg at det går ei krokut lei gjennom området der du må krysse, og då blir forklaringa ei anna, sml. biletet  frå Bø på Andøya.

 

Klikk for stort bildeMøllerubben på Bø, Andøya: Opp frå spissen på plantefeltet om lag midt i biletet skimtar vi det gjengrodde siksakmønsteret etter «kuvendingane» kyrne laga i åssida, den tid dei kryssa opp åssida for å beite på heia.Det ser elles ut til at fleirtalsformene av fot utan omlyd ikkje er så uvanlege som ein kunne tru, t.d. fotane, og frå Hadsel er faktisk oppført ubunden fleirtalsform fota i tillegg til føtter (NO 3:508). Dette så mykje meir som å fota (fote) òg kan brukast i tydinga bruke føtene: «merra tråva og fota so tett», likeins «få fotfeste, få føtene med seg, greie å stå: «kua fota seg ikkje» (NO3:521). 

Noko heilt for seg sjølv er fjellnamnet Svinfoten |"svīn-| nordst på Hinnøya, på grensa mellom Andøy og Kvæfjord (no Sortland) og nær grenda Kinn. Det står på kartet, men daglegnamn skal vere Storrapa |''stōrāpa|. Noko viktig medfjell er ikkje dette. Rett nok finst det ein heimetilror Føten' for Kinn – Lovika der dei médar mot Svinfoten: Det gjorde dei på Nøss-havet og, men kalla då fjellet for Storbjørnen (eit namn kjent også i Bjørnskinn grend). Men elles er her lite méd-tradisjon. – No er det svært lausmyldt øvst i Svinfoten: Fjellet er særmerkt ved at der ryr ut gråleg-kvit kvarts, mesta som snø. Elles viser fjellet ein temmeleg avrunda profil på fråstand, jfr. 'Storbjørnen', og det er vanskeleg å få tak på kva som kan vere 'foten' i dette tilfellet. Eit par eldgamle talemåtar skal ikkje gjere namnetolkinga lettare: I Bø mintest enkelte gamle det figurlege 'å bere svinfot': dvs. makte lite, utføre eit arbeid i mange vendingar, gå i mange omgangar og få lite utretta. Dette rører ved gno. svínfætr pl. «ringe Personer», kjent frå eit sitat: «þeir sem nu bera tignarnǫfn [heidersnamn], mega at rettu svinfœtr kallast hjå hinum fyrrum hǫfdingjum» (Fritzner 1896). Talemåtane og sitatet synest begge å ha med ineffektivitet å gjere. Kanskje at grisen går med korte, trippande steg?

Det lyder søkt. – Men dei som kjenner uttrykket er sikre i si sak: Det er fullt av små bein i ein svinfot! Det kan ikkje nektast at dette gir rimeleg meining, både om eit fjell der det jamt går ras, sml. namnet Storrapa, og i dei omtalte uttrykka  

Vassdrag har og sin 'anatomi'

Fleire nordnorske gardsnamn inneheld ei sms. vasshovud, enten nytta i denne forma, eller også oppstått ved at '-hovud' er føydd til namnet på vedkommande vatn, t.d. Ømmer-vass-hovud «til at betegne Elvens Udløb af Vandet» (O. Rygh 1905:54). Realt svarar det til sam. jokka-oai've (også johko-, joga- 'elvehovud', «en elvs utlop av en innsjo» (Qvigstad 1944:39, nr. 435). Sisteleddet -oai've er og forklart som «øverste del av et stryk; den del av en elv, som er like ovenfor et fossefall (også brukt om landet der), egl. hode» (Qv nr. 666). Vel så vanleg i samisk er likevel avleiinga oaivoš  «elvs utlop av innsjø, utfallsos» (Qv nr 667), og her kan ein (mykje gode om einannan, ser det ut til), nytte sms. som jaw're-oaivoš, joga-, juho-oaivoš. Friis 1887 har berre oppslagsforma oaivuš «en Elvs Udlobssted, hvor den tager sin Begyndelse», men dette blir presisert nærmare under eit anna oppslagsord (som er non-anatomisk), jokka-giera «Elveudspring, første Begyndelse (naar den ei kommer fra lndsø)» – jfr. lulesamisk jåkkå-giera «den förste början til en bäck, älv» (Korhonen1979). Altså er det berre elv som kjem frå vatn (innsjøar) som har oai've eller oaivuš  'hovud'. Men når 'hovudet' på eit vatn (jaw're) er den fremste delen, 'utfallsosen' mens det på ei elv er øvste delen, kan jaw're- og jokka-oaivuš brukast utan altfor stor tydingskilnad.

l skotske stadnamn finst det ein liknande bruk av gælisk ceann 'hovud', lokativ cinn, kjent frå angliserte former som Kinloch, Kinlochbervie, Kinlochleven «at the head of Loch Leven», Kinlochrannok, osv. Men Kin lik cinn er også nytta svært ofte om øvste delen av ei elv. – Vidare er det interessant å sjå at lat. caput tyder bl.a. 'oppkomme, kjelde' (Steinnes og Vandvik 1965). Tysk og engelsk blir omtalt litt seinare. Når det gjeld sam. oaivuš  og oai've nytta om det øvste av eit stryk eller fossefall, skal vi dertil merke oss at oai've vel så ofte som no. hovud (og som lat. caput) blir nytta i allmenn tyding 'det øvste av eitkvart', såleis t.d. čacce-oai've, norsk 'vasslokket, vasskorpa'. – Interessant er også det anatomiske førsteleddet t i oal'ge-jokka 'bielv' (Qv nr. 435), til oal'ge 'skulder'.

'Vasshovud' er alt  nemnt, og det finst som gardsnamn i Salangen, (på) |'vasøu| og i Vefsn |''vasshȫve|. Sistnemnde uttale gjeld og for namnet Vasshovudet ved Unkervatnet i Hattfjelldalen: Der var det og ei turisthytte som dei norske kalla Luspen, eigentleg samisk lus'pe, svensk 'forshuvud': «där en älv rinner ut ur en sjö» (Korhonen 1979). Sml. òg Fosshovudet i Klæbu (Rygh 1898:58) og Laks­forshovud i Grane, før Vefsn (Rygh 1905: 68). Det er altså sekundært når Rygh seier det er «'Navne paa Gaarde, som ligger ovenfor en Fos» (Rygh 1911: 54).

Ortnamnsarkivet i Uppsala har skaffa notat som viser at Forshuvud(et) er kjent frå både Jämtlands og Kopparbergs län: Forshuvud(et) i Judalsälven i Ragunda s. i Jämtland utgjorde «det översta fallet i Krångesforsen», Forshuvud i Venjans sokn i Kopparberg er tilsvarande «det ställe i Vanån, där Landbofors börjar».

Ei liknande sms. er Strömhuvudet, visst vanleg i Jämtland især:  I Lillhärdals s. er namnet då  knytt til «den del av Härjån, där densammu börjar forsa nedanfor Orrmosjön», eller som det står i ei unna oppskrift: «strömmen börjar där». Klart yngre er  Kanalenshuvud, namn nytta om ein dam (demning) i Tröogs härad i Uppland, i ei litterær kjelde frå 1741.

Så langt om 'hovud' som hydronymikon. – Naturlege motstykk skulle i samisk bli juolgi «fot, bein», og iflg. Friis 1887 tyder det avleidde juolguš nettopp «en Elvs Udløbssted i Søen». Merkverdig nok finst ikkje denne opplysninga i noka anna samisk ordbok, etter det Thor Frette kjente til, ho står isolert. Qvigstad har ikkje noko tilsvarande stadnamn i sine samlingar.

Atter langhenta, men likevel relevant er del å samanlikne med skotsk waterfuit «river mouth» (Grahum 1978), då med førsteleddet i vanleg skotsk tyding, 'elv'. No er det slik at vi av historiske årsaker veldig ofte finn piktisk aber og gælisk inver 'elve-os' i skotske stadnamn. Blant engelsktalande (som dei fleste skottar er no) er like fullt stadnamnelementet 'waterfuit', 'waterfoot' velkjent, særleg om bustader ved elvemunningar. Sms. som Blackwaterfoot finst og; endå vanlegare er -foot i same tyding, med eit elvenamn til utmerking: Elvanfoot, Caddonfoot, Lendanfoot. Og friare namnelagingar er det mange av, ikkje berre t.d. Lochfoot, men også Bankfoot, Croftfoot, Glendfoot, Greenfoot, Townfoot og fleire. I den gæliske namnetradisjonen (der utmerkingsleddet står sist) ser derimot ikkje cas 'fot' ut til å vere nytta som hydronymikon, der finn vi i staden eit non-anatomisk bun, t.d. Bunawe (Argyll).

l den engelskspråklege namnetradisjonen i Skottland er -head (om øvste del av ei elv, eller eit vasshovud) endå meir vanleg enn -foot og (-)waterfoot, i tydinga «at the bottom or downstream». Opplysande såleis er namnerekka Burnhead, Burnfoot og Burnmouth, til skotsk burn: 'bekk'. Særleg dei to første er frekvente namn; dertil kjem trikomposita som t.d. Byreburnfoot. For nordmenn er det især interessant å sml. Burnfoot 'bekke-os' med den angliseringa av gno. bekkr som har skjedd i Beckfoot (Nicolaisen 1976:100). Denne siste namneforma vågar eg også å jamføre med eit svensk motstykke, endå det reale ikkje er heilt klarlagt: I Nederkalix sokn finst det i Ytterbyn eit stadnamn Bäckhuvudet «forhöjning vid en bäck», «hogre område där en bäck förut rann ut i Infjärden» (oppteikna 1948 av Anna Rönnquist). Det kan vere usikkert om 'huvud' her denoterer vassdraget eller kollen attmed, primært, endå oppskrivaren venteleg rekna med det siste. I Lancashire i England finst Waterhead «at the upper end of Coniston Water», då visstnok om kolle el.l. – Veldokumentert elles er head, gleng. hēafod, i tydinga «the source of a river», især i sms. med eit elvenamn: Coverhead, Urehead, Ribblehead, Swineshead (Smith 1956:236). I ordbøkene finn vi òg appellativa fountainhead, springhead, wellhead, som vi kan sjå på som yngre ordlagingar. – Ein tilsvarande bruk av haupt i tyske stadnamn frå mellomalderen er også godt  dokumentert (Schröder 1924, 1926).

Klikk for stort bildeTverrfotvatn, Nore og Uvdal. Vatnet er langsmalt – er Tverrfoten neset på vestsida?  
           

Som ein parallell til namneparet Bäckhuvudet – Beckfoot kan vi så samanlikne eng. wellhead med naturnamnet Vildfod frå Sydslesvig, der førsteleddet truleg svarar til riksdansk væld 'kjelde'. (DS 5:141). Dessverre er det ikkje opplyst kva slags lokalitet Vildfod er, sjølv om det heiter at «sidste led er Substantivet Fod, her vel om en Krog af en Mosestrækning eller lignende ... )». At 'hovud' og 'fot' kan bli nytta om øvste, respektive nedste delen av ei myrstrekning gjer vi i alle fall ikkje tvile på: I Oberbayern finst Mooshappen, før Mooshaupten (Schröder 1924:113), liksom Vågslid (1960) nemner Trandlemyrfoten frå Aust-Agder og det historiske Mosafotenn på landskilet mellom Noreg og Gautland – av Erik Noreen identifisert som «den sydligaste utloparen av Tronemosse på gränsen mellan Sundals och Valbo hrd.» (1919: 155). Fótur i Reykhó1asveit er nemnd, men *vældfod peikar i anna lei, ikkje berre jamført med t.d. geng. Wulfwælles heafod (Schrøder 1924:117), men også med gno. vella f. i poetisk tyding 'elv', også kjent frå norske elvenamn (NE 67), og dertil med nyno. vell, vill n. 'kjelde' (Aasen og Ross, frå Vest-Agder). Variantar i gleng. er wælla, wella o.l. (Smith 1956).

Danmarks Stednavne(5:141) viser, for sin del, berre til -fot(en) som sisteledd i namn på fjordar og på vikar i norske innsjøar. Ja, alt i «Norske Fjordnavne» tok O. Rygh med Foten som namn på ei vik i innsjøen Øyingen i Stod i Innherad (1896:32). Har ikkje greidd å finne ut om det fell ut noko vassfar på den staden. Garden Forfot i Åfjord i Sør-Trøndelag ligg som eit flat hylle tett ved det nokså djupe bekkefaret til Rottabekken: «dette enestaaende Navn.. formodes at betyde 'en Fod foran et Fjeld'». Vel, det heiter elles berre foten av fjellet, ikkje forfoten, For- er snarare gno.- nyno. fòr' (naturleg) renne', 'veit', vanskelegare er å forstå kvifor tjørna Forfoten i Enebakk heiter det same. Enklare er nok Tverrfoten som namn på eit langvore vatn i Uvdal i Buskerud, for der skyt eit fot-liknande nes midt på eine langsida av vatnet.

Det finst andre namn som etterlet mindre tvil: Først Indrebø (1828:161), seinare Vågslid nemner at ei grein av Revåa (frå Revsjøane) i Vestre Gausdal blir kalla Revåfoten. Her opplyste Alv G. Nordal Muri at det er nedste delen av åa som heiter så, altså osen i Dokkvatnet. Namnet står også for landskapet nærast osen.

Så er det «Bremafoten, elveløp mellom Lakjen og Kagelitjern (Bjørnesfjorden) i Nordmannslågen [innsjø] på østre Hardangervidda» som er nemnd i Gyldendals Store Konversasjonsleksikon l (3. utgave, 1972). Tom Schmidt ved Institutt for namnegransking gjorde meg merksam på namnet, og Botolv Helleland opplyste vidare at Bremafoten ligg om lag midt i Bremafotelvi, som renn frå Lakjen og over fylkesgrensa ned til Kagelitjern. Høgdeskilnaden kan vel vere eit par titals meter, og denne renn elva stort sett av seg nettopp i stryket Bremafoten, som er utfallsosen frå tjernet. Namnet blir både uttalt |brɛ:ma-| med open e og |brema-| med trong e. Helleland reknar med at første uttalen er eldst, og at førsteleddet helst er brim n. 'brenning, brot'. Bremafoten er då utfallsosen frå Kagelitjern i Nordmannslågen i Bjørnesfjorden, liksom Revåfoten for Revåa – Revåsjøane i Dokkvatnet. Det særmerkte med desse namna, samanlikna med dei følgjande, er at vi her har med innlandsvassdrag i gjere.

Klikk for stort bildeÅlfoten i Bremanger. 

Ålfoten er ei tettgrend i Bremanger og ligg på eit delta der Myklebustelva fell ut: Ho går i eit 50-60 m langt stryk i høgde med den såkalla Følshammaren, og kan som andre vassfar vere litt gøyven av seg visse tider på året. Eit elvenamn Olma finst fleire stader i landet, kanskje *Ylma òg. Skriveforma (i) «Olmfota» ca. 1360 treng likevel ikkje gå på eit individualiserande namn *Olm el. *Olma (gno. olmr adj. 'vill, rasande'), for i Førdspollen inst i Ålfoten, der eit par elvar fell ut, er særs utgrunt: Jf. gno. lím «kalk», i stadnamn òg om «lera, gyttja och torvdy» (Nyman: 392). Altså Olmfot < *Á- el. *Ólímfòt, med forkorta í?

Åmelfoten i Volda ligg på flata der Åmelfotelva renn ut i Dalsfjorden. Iflg. NoSt tolka Sophus Bugge førsteleddet som gno. *Hǫmull- tilsvarande nyno. humul m. 'hard jord med småstein, fast jord'. Åmæla som primærnamn på Åmelfotelva står på somme kart, men er sagt å vere ein konstruksjon frå notida.

Namn som Bremafoten, Revåfoten, Ålfoten og Åmelfoten, sml. med nemnings­bruken i skotsk og engelsk, gjer det nokså sannsynleg at -fótr m. har vore i bruk som synonym til -óss m. og til -munnr/muðr og -mynni/-minni n.; kanskje vart også -kjaptr/kjǫptr m. nytta såleis -jfr. nordno. 'bekke-' og 'elve-kjeft'? Ja, namn som Revåfoten og Ofoten (eigen namneartikkel) gjer at vi og tør tenke oss eit sms. *árfótr m. parallelt med t.d. áróss, elvaróss, lækjar-óss, o.l.  Namnebruken knytt til Ålfoten,  Olfoten, Ofoten osv. involverer tydeleg også landskapet kring elvekjeften, plent som i namn der os og minne (mynne) er sisteledd.

Om gleng. fōt som sisteledd i stadnamn heiter det beint fram: «used especially of land at the mouth of a stream» (Smith 1956: 185), og det er frå Cumberland nemnt døme som Beckfoot og ('minor names') Cumel-keldfot, vidare frå Devon Ocbrokesfoten ved elva Obrook, til gleng. bróc 'bekk'. Derimot primær tyding i skotsk foot, fuit 'elvemunning'.

Skulle vi hos oss slumpe til å finne 'fot' nytta om flatt landskap, meir allment, er det knapt noka uventa tydingsutvikling, aller minst dersom det gjeld flatvorne landtunger eller oddar som likna noko på ei øyr (eit delta). Vidare er å forvente utvida bruk av 'fot' på det vis at det ikkje berre gjeld elvemynnet men også vika, bukta, fjord(arm)en der elva fell ut, for så i eit eventuelt siste stadium å bli nytta om 'vik', o.l. meir allment, utan at noko vassdrag ender der. Dette er så langt frå berre ein teori, jfr. os m. «ogsaa brugt om jordmundinger, Indløb fra Havet og lignende Situationer» (Rygh 1898: 69), vidare å = o f. i den særlege tydinga «en lang, smal og grund Vig, som gaar ind fra en Flod eller, sjeldnere Indsø» (Ross 1895, frå Østfold).

Det er klart nok figurleg når samisk nyttar t.d. oaivi 'hovud' som hydronymikon. I Lyngen vil såleis àja-oai've seie «et opkommes utspring» (Qv nr. 15). Truleg fell ingen på den tanken at kjelda liknar hovudet på eit dyr eller menneske? På spissen sett, sant nok, men i utgangspunktet må ein vere mykje nøktern og ikkje forvente anatomisk likskap der ein har å gjere med -fot(en)som sisteledd i namn på tjørner og vatn, vikar og fjordar, øyar og skjer, kans hende ikkje eingong når førsteleddet er (eller liknar på) ord for ein eller annan levande skapning.

Vi kunne nok òg tillegge fjordar, sund og havstykke ein figurleg 'anatomi' som svara nokolunde til denne vi kjenner frå vassdrag: Vi har i det minste 'fjordarm', og gno. 'utarmar úthafsins' (Fritzner). Men fjordar har neppe vore oppfatta som 'føter' av havet, bl.a. av di det blant fiskarane har heitt 'oppmed land' ('opp-med' adv.) og 'nedpå havet' ('ned-på' adv. = ut-på).

Litteraturliste

BlöndaJ, S. 1920-24: Íslenzk-donsk orðabók. 1-2. Reykjavíik.

Elstad, K. 1982: Borgfjerdingsmål. l-2. Oslo.

Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania.

Fritzner, J. 1886-96; 1972: Ordbog over Det gamle norske Sprog. l-3; 4; Kristiania; Oslo.

Graham, W. 1978: The Scots Word Book. 2nd ed. Edinburgh.

Havnø, E. 1937: Dyr- og plantenavne i vore stedsnavne. HåM 5.32-40 (1937-40).

Heggstad. L. 1963: Gamalnorsk ordbok. (2. utg., 2. opptr.) Oslo.

Hoel, K. 1985: Studier over bustadnavn fra Østfold. Oslo – Bergen – Stavanger – Tromsø.

Hovda, P. 1961: Norske fiskeméd. Oslo – Bergen.

Hovda, P. 1965: Landskapsnamn. Noreg. KLNM 10. sp. 250-56.

Hovda, P. og 0. Grønvik 1959: Über norwegische Gebirgsnamen. NoB 47.149-70.

lndrebø, G. 1928: Norske elvenamn. NoB 16.131-76.

lndrebø, G. 1935: Fjordung. (Bergen].

Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. 6. rev. utg. Oslo.

Jacobsen, M. A. og Chr. Matras 1961; 1974: Føroysk-donsk orðabók. 2. utg.; Eykabind ved

J. H. W. Poulsen. Tórshavn.

Jacobsen, J. 1901: Shetlandsøernes stednavne. København.

Korhonen, 0. 1979: Lulesamisk-svensk, svensk-lulesamisk ordbok. Uppsala.

Myrvang, F. 1982: l havsauga. Andøya i stadnamn og kysttradisjon. B. l Værøy).

Nes, O. 1985: Gamle vassførenamn. *Inn og *Lemund. I: Namn og Nemne 2.

Nicolaisen. W.F.H. 1976: Scottish Place-Names. London.

Noreen, E. 1919: Studier rörande gränserna mellom Värmland och Dal samt Värmland och Norge i äldre lid. NoB 7 .115-62.

Nævestad, D. 1981: Marin-arkeologisk undersøkelse i Borgepollen sommeren 1981. Lófótr 4.

OGB 20:2: Ortnamnen i Göteborgs och Bohus län. 20:2. Lund 1958.

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.

Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.

Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.

Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.

Ross, H. 1895: Norsk Ordbog. Christiania.

Rygh, O. 1896: Norske Fjordnavne. Sproglig-historiske Studier tilegnede Professor C. R. Unger

30-86. Kristiania.

Rygh, O. et al. 1898: 1905: 1907: 1911: 1924: Norske Gaardnavne. Forord og lndledning: 16: 6: 17:

18. Kristiania.

Sahlgren, J. 1918: Förbjudna namn. NoB 6.l-10.

Sandnes, J. og O. Stemshaug (red.) 1976: Norsk stadnamnleksikon. Oslo.

Schröder, E. 1924: ,,Haupt» als Quelle. NoB 12.110-20.

Schröder, E. 1926: Zu Haupt als Quelle. NoB 14.20-30.

Sedolfsen, K. 1973: Sjø- og strandnavn fra Henningsvær til Skrova. Uprenta hovudoppgåve. Oslo.

Smith, A. H. 1956: English Place-Name Elements. 1-2. Cambridge.

Solheim, S. 1947: Folafoten – Kjølrota. MM 1947.1-14.

Steinnes, A. og E. Vandvik 1975: Latinsk ordbok. 2. utg. Oslo.

Sund, J. 1978: Skjærgårdsnavn fra Vest-Lofoten. Uprenta hovudoppgåve. Trondheim.

Vilmundarson, Þ.1983: Safn til ÍSLENZKRAR ÖRNEFNABÓKAR 2. Grimnir 2.51-144.

Vries, J. de 1962: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. 2. Aufl. Leiden.

Vågslid, E. 1960: Feta og -fot i norske stadnamn. NoB 48.25-33.

Aasen, I. 1873: Norsk Ordbog. (2. udg.) Christiania.