Frå Segelfors til Sigerfjord

Klikk for stort bilde "Håløygminne" 2-2014

Av Finn Myrvang

  

Helgelendingar flest vil ha høyrt om Sigerstad på Dønna, liksom vesterålingar kjenner namnet Sigerfjorden, dei fleste også gardsnamnet Sigerland i Øksnes. Mindre opplagt er det kva slike namn kan ha med siger (bokmål: seier) å gjere? Vel nok var tradisjonell uttale i alle tre namna segger-, som går tilbake på kort i, men det hjelper ikkje, for kort i hadde også gno. sigr m «siger, seier» (sideform sig n). Dialektrett blir dette just segger (og segg), så vi står nokså rådlause i vår undring over det tvitydige, heroisk-dunkle namneleddet Siger-.

Stoda er lik på svensk side, det framgår av Jan Paul Strids artikkel «Segersäng och andra ortnamn på Seger-, Segel-» frå 1982, som konkluderer at fornsvensk må ha hatt verba *sigra og *sigla, begge i tyding «renne sakte, pipre fram». Dei gav opphav til verbalsubstantiva *seger n og *segel n «ställe där vatten sipprar fram, sidländt mark; liten bäck» o.l. Samanhengen orda imellom er som mellom buldre v. og bulder n, skramle v og skrammel n osv. Strid kjem også inn på det fornsvenske mannsnamnet Sighar, nysvensk Seger. Dette er historisk kjent frå vestre Sverige og Norrland, men ikkje frå sentralsvensk område. Det kunne vere relevant i svenske gardsnamn som Segersta, men langt dei fleste Seger-namn er knytte til myrar, tjønner og bekkesike, og det er tvilsamt at slike lokalitetar fekk namn av personar. Det same gjeld for gno. Sigarr hos oss (jfr. Eivind Vågslids «Norderlendske fyrenamn» s. 307).

Verba *sigra og *sigla har, liksom andre av rota *si-, fått meir sekundær tyding «(sakta) sjunka ned; röra sig långsamt» osv. I utgangspunkt ser Strid ingen spor etter *segra v. og det samsvarande *seger n i svensk talemål, i norsk derimot sigra v «sagtnes, dovne, dunste bort; om en Ruus eller Opbruusning» (Aasen), med ymse nyansar: «synke lidt; gaa nedad; tabe sig; forringes; synke sammen; blive overvældet, mat og træt, af Arbeide, Drik osv» (Ross). Vi kan komplettere med flg. frå Ål i Hallingdal: «flaumvatnet sigrar ut jorda»: armar ho ut (NO 9: 1099). Det kunne tilføre orda *sigerland og *sigerstad veldig konkret innhald.

I eit notat sist i artikkelen nemner Strid sv. fettseger m «klar vätska, som flyter ur blåsor och sårnader på menniskokroppen». Dialektisk og spesielt, ja, men meininga «piple fram» er klar. Strid viser òg til upplandsk sega «var [våg, puss] som sipprar fram ur en böld». Det siste har motstykke i norsk sigg n, m (hestesigg) «hestesveitte», det òg om væske som piplar fram. Norsk byr på endå fleire glosar, nokre med kort i, jfr «fjellsegg» (væte som sig ned frå ei fjellside) og sml. partisippformer som «neseggen», «utseggen», «uturseggen» (om våtver som tar slutt) – men lang i: kjenne seg sigen (utmødd), og dertil bekkesig n (= bekkesik), buksesig n, innsig n (av fisk) osv. Strid nemner også sv. säg, seg «källdrag», bergseg «fuktig trakt nedanfor et berg» jfr. no. bergsig «vass-sig nedetter berg», källseg «källsprång; liten rännil som sakta framrinner ur en källa», no. kjeldesig osv.

Som Strid er inne på, er det i norsk lett å merke glidande overgang frå eit konkret sig n «fremsivende Vand eller Væde i Jorden» (v.s.a. siga f «utsivende Vædske») over til seg n «langsom Fremskriden; Seendrægtighed» og sig m «En som glider langsomt fremad», altså overført, person-karakteriserande.

Det historiske *sigla v. «renne sakte, piple fram» kan vi jamføre med det svenske dialektordet segla «somle», dertil i tydinga segel n «somling», men også «somlepave» (Strid: 67). Norsk segal, segeleg, segesam tyder på liknande måte «seinferdig, sæmen» (NO 9: 910-912). Kort sagt, i stadnamn står sv. seger og segel for «stad der vatn sildrar fram, sidlendt mark; liten bekk», medan vi elles berre har det i overførte og meir avgrensa tydingar, i norsk så vel som i svensk.

Det nyss nemnde sv. segel (om væte) har naturlegvis ikkje med segl i båt å gjere, like så lite som sv. seger (om væte) må forvekslast med sv. seger = no. siger (i strid). Strid peikar på at ord som segl på båt og på brev (ulike ord seg imellom) så vel som sv. seger: no. siger (i strid) gjorde det vanskeleg for dialektisk sv. segel, seger / no. sigel, siger «sivande væte» å halde seg i dagleg tale. Folk la av desse gammaldagse, tvitydige orda og tydde til andre – men også dei «nye» hadde sitt utspring frå rota *si-: sige, sike, sikle, sildre, siple, sisle, sive.

I samband med væte som sig eller sivar kan ein komme i tankar om at især Lofoten og Vesterålen har mange flog og hamrar med namn på Si-, og ein samanheng på det felt kunne vere tenkeleg, men det er eit faktum at vi finn slike lokalitetar lengst ned i fjellet, nær ved undlenda eller vassflata, så gno. síð- «sidt nedhengande» høver best såleis. At nokre også er mørke av sivande væte har då mindre å seie.

Sigerstad

på Dønna er våtlendt med smale myrstrengar, sike og pyttar. Gamle skriveformer er Siigerstad og Siigstad 1567, Segerstad 1610 og 1614, Siirsta 1661, og Sigerstad 1723. Nokre av formene tyder på ein uttale med lang i, noko så nær sijersta og sirsta, men kjend tradisjonell uttale er seggełsta og seggersta.

Klikk for stort bildeBlautmyrane kring Sigerstadåsen talar for seg sjølve. Nær Leikhågen ser vi eit bekkefar som berre renn frå vegen og ned til bukta. Det er den omtalte kjelda. Statkart. 

God tilgang på vatn hadde garden slett ikkje. Myrsigvatnet i Buskardbekken var brukande til enkelte formål, men folk var avhengige av brynnar. Det seier sitt at klevask gjekk for seg i eit hol i berget på Vaskarholodden, som fanga regnvatn. Då skylla dei i sjøen etterpå! Men på Sigerststadstranda like nord for Sigerstadgardane var der eit hol i blåleira med vatn nok, den såkalla "Kilda på stranden". Informanten Jon Austad f. 1923, som voks opp på ein gard med 8 kyr og andre krettur, køyrde vatn til fjøsen derifrå i lag med ein kamerat den tid faren var på Lofoten. I nyare tid har vegvesenet skote seg inn i bergnabben på staden utan å ense kjelda, men slett ikkje ustraffa, for no sprenger ho asfalten og lagar issvull vinters tid.

Seierstad

gnr 53 i Fosnes i Nord-Trøndelag bør òg nemnast her. Skriveformene går ut på Seger- på 1500-talet, seinare Seier ol., som er uttalerett no, men Rygg skyt inn ein merknad: "[Ældre Folk: "sægełsta]". Også han legg mannsnamnet Sigarr til grunn, "men den anden opgivne Udtale, som vel er den oprindelige, gjør dog Forklaringen noget tvivlsom". Det har han rett i. Sigerstadbekken som renn stilt i flatlandet ved garden gjer òg ei personnamnbasert forklaring tvilsam.

I samband med den 'doble' uttaletradisjonen i Sigerstad sitt tilfelle vil vi jamføre den nokså store Segeråga på Tjongsfjord-halvøya i Rødøy, også kalla Segelåga. Ho har sine kjelder inne på Tølløkmyran nær kommunegrensen mot Meløy og renn svært stilt: Over heile 5½ km skal fallet ikkje vere større enn ca. 50 m. Ho samlar sine talrike tilrenn frå eit vidt myrområde, og tydinga «renne sakte, røre seg langsamt» er råkande. Her er ingen foss der vatnet kjem seglande i ein viss fart! Uttalevariasjonen er som for Segerstad, dessutan finst ein uttale siggełåga.

Segelforsbekken

|se:gełfårsbeķķen| på garden Levangsskardet i Leirfjord gjer lite av seg, men i regnver øser han seg opp og blir til to bekkar, som finn i hop. Han renn i skrånande snaufjell og er vanlegvis berre eit sike, men inn-imellom kjem ei dugeleg «Opbruusning» – som går like fort over.

Seglfor,

gnr. 63 i Rødøy, blir i flg. NG uttalt sæggełfōr (sjeldnare sæggełfōræ). Rygh seier at «Iste Led maa være segl n, Seil. Dette Tillæg forklares paa Stedet af, at der i Fjeldet gaar en bred Kvartsgang op fra Søen, der ligner et hvidt Seil». Edvard Havnø funderte òg på saka: "Gården Seglfor i Rødø har forholdsvis bra furuskog, men stedet har ingen som helst havneforhold, er et typisk 'forland'. Tillegget Segl- skriver sig fra den hvite kvartsgang nede i Makkaurhåjen, som set inde fra Tjongsfjord fortoner sig som et nytt råseil, som en seiler utfor Seglforlandet" (Hm. 5: 40).

Den bratte Makkaurhågen

ligg ovanfor og litt vest for Makkaurholmen. Vi kan i Industrimineraldatabasen til Norges geologiske undersøkelser lese at „nedenfor sagbruket på Seglfor fins noen rene hvite kalkbenker, men det er der synlig bare ca. 10 m mektighet med god kvalitet“. Inger Tjong, som er lokalkjend, meiner at innslaget ikkje er synbert nok til å ha gitt garden namn. Det ligg då også i utkant av gardsvaldet. Det er også påfallande at „seglet“ ikkje har eige namn: Segelfornamnet manglar der vi ventar det, medan Segelforhammaren, som ligg tett ned av garden og frontar denne mot fjorden, ligg langt frå kalkåra i Makkaurhågen.

Det er lydleg usannsynleg at hovudleddet -fōr i gardsnamnet kan tyde fora/furu, og kva skulle i så fall ei *segelfora vere? Rygh gjer seg heilt andre tankar her og jamfører med gardsnamna For i Gildeskål og Sørfore i Meløy:

«Ellers kan ogsaa tænkes paa det af Aasen og Ross fra Jæderen anførte Ford m., Vei gjennem en Sump eller over Bække og Vandpytter, ogsaa om sidt England, som gjennemstrømmes af en Bæk, et meget gammelt Ord» (NG 16: 169). Dette gir meining, for den langstrekte innmarka på Segelfor ber preg av å vere drenert myr med fleire fråførande bekkesike. Ei liknande blautmyr tett vest for garden er tydelegvis tørrlagt i seinaste tid. Noko aust for garden finst endå eit våtmyrområde, like oppfor Makkaurholmen, med eit lite avrenn også derifrå.

Rygh godtar tydelegvis kvartsgangen i Makkaurhågen som forklaring på Segeldelen av gardsnamnet, slik Havnø gjer. Men om vi no liksom Rygh går ut frå at For, Sørfore og Segelfor er gardsnamn som alle har med våtlende å gjere, er det då ikkje merkeleg at våtlendet på Segelfor kan ha fått namn av eit flog som ligg så langt frå innmarkområdet? Garden kan ikkje godt ha fått namn av to åtskilde lokalitetar, dvs. både av floget og av blautmyra mykje lenger vest? Kvartsgangteorien blir klart tvilsam, Segel- om bekkesike framstår meir tilfredsstillande.

J. P. Strid er i sitt oversyn inne på namn som Segelbäcken og Seglarebäcken og Segla som elvenamn; dertil kjem namn på vassamlingar: Segelstjärnen og Segersjön. Slåande er at hovuddelen av hans namnemateriale (nær 2/3) fortel om myrar – især Segelmyran, Seger(s)myran o.l., men også Segers mosse og Segermossen. Vi unngår ikkje liknande refleksjonar når det gjeld Segelfor og Sigelstad (Sigerstad).

Elva Segla

i Meldal kjem frå Seggelvatnet – med Seggelåsen attmed – og kring vatnet er myrdrag og tilsig. Er så Segla ei primær eller sekundær namnelaging? Klarare er at gardsnamnet Segla i Løten eigentleg gjeld den stiltflytande bekken like ved. Det er heller ikkje av vegen å tenke seg *Segla som opphavleg namn på Seglvikelva i Lebesby, men å rekonstruere elvenamn blir ofte «risiko-sport».

No finst visst ingen svenske bekkenamn på berre *Segelet eller *Segeret, dei har enten forklarande tillegg -bäcken eller er førsteledd i sms. med "-mosse(n)" eller også "-myran". Eigentleg er visst skiljet kategoriane imellom like glidande som mellom bekkesike og myrsike.

For ein del liknande norske stadnamn gjeld det kategori-problemet, at nokre av dei kanskje fokuserer beinveges på sigevatn (sike), andre fortel vel om variantar av sigande våt masse i terrenget der det meir er tale om vass-spreng. Likevel ser det ut til at variantane *siger og *sigel, segel n i norske stadnamn langt på veg kan samanliknast med dei svenske, med den modifikasjon at vi har færre tilfelle av -myra, -myran(e) brukt som sisteledd, d.e. Sigersmyrane i Valle og Sigersmyr i Åmli, attåt Siglemyr i Sigdal og Seglmyra i Leksvik.

Norske Sigel-, Siger-namn

viser større variasjon når det gjeld sisteledd: Garden Sigernes i Kongsvinger har namn av ein tange djupt innskoren av myr på begge sider. Sigernes i Kragerø er også eit vassnes, overskore av ei lægd som utan tvil er fuktig nok. Sigersberg i Ringsaker med sine sigevassfar liknar på Sigersdalen i Hægebostad og Sigerfjellet i Vaksdal; ved Sigershågen i Skjerstad-Breivika (i Bodø) er òg eit sige-vassfar. Sike og våtlende er det også ved Sigerstjørn i Bø i Telemark, på Sigersvoll med Sigersvolltjønna i Farsund og på Sigerset i Molde. Sigilsåsen i Flekkefjord ligg sør i eit område der talrike myrsike har avrenn til myrtjønner. På Høynes i Borge i Lofoten piplar vatnet fram unna Sigelhamran, høgt i fjellet. Her blir namnet òg uttalt med kort open e. Uttaleopplysningar ligg elles ikkje føre for alle dei andre namna, men oftast er det vel tale om kort i, og vi ser at dei nordnorske namna føyer seg naturleg inn. – Med tanke på Sigelstad alias Sigerstad på Dønna kan elles nemnast også Segalstad i Gausdal (Oppland), der lendet er tydeleg prega av sig framover i retning av elva Gausa. Namnet blir på 1500- og 1600-talet skrive skiftesvis Segil-, Segel-, Seigel- og Seiggelstad.

Segeløya

i Muddværet i Vega er noko for seg: I nordkant av den flate berg-øya ligg ei saltvasstjønn som fyllest opp på flo og sender sjøvatnet ut att ved fjære, gjennom å-liknande far i berglendet sørover og vestover. Segeløya i Alstahaug er mykje meir oppsplitta, men etter flyfoto å dømme er også der eit elveliknande sund på vestsida og grunne sandvalar på kryss og tvers på austre sida. Liten tvil om at sjøvatnet også her «seglar» både eine og andre vegen, på fløan og fallan.

Sigerhammaren

på Bolga i Meløy er også temmeleg spesiell. Tidlegare var han meir ruvande, men steinuttak under hamnebygging reduserte både hammaren og urda attmed. Folk sa at floget i hammaren til ein viss grad minte om eit båtsegl, men uttalen var alltid segger-, ikkje sægeł-. Folkeleg namnetolking kan vel vere som folkeleg kokekunst, «man tager, hvad man haver», eller så har der før i tida vore fleire uttalemåtar for dette namnet med. Namnematerialet så langt kan tyde på at der uttalen er |siggeł-|, |seggeł-| eller |sæggeł-|, vil minning om segl |sæ:geł| på båt lett gjere folk usikre på kva som er rett samanheng, skriveform og uttale.

Det pipla ikkje fram væte i sjølve floget, men på toppen av Sigerhammaren var det eit lite myrsøkk der det samlast vatn. Væta vart i seinare tid veita over til ein brynn som var støypt for å samle regnvatn, fortel Leda Sakariassen frå Bolga.

Sigersberget

Her tør vi samanlikne Sigersberget i Tynderö sokn i Västernorrland, der det tett austom er ei lita myr med delvis ope vatn (Strid:71), temmeleg likt lendet ved garden Sigersberg i Ringsaker. No bør det for ordens skyld òg nemnast at oppunder Sigerhammaren låg småungane og fiska småmort som seig opp: Der er litt djupare enn på sidene; på begge sider av hammaren var ei lita sandstrand. Framleis kjem frå tid til anna oppsig av sild inn på hamna og heilt innåt. Enn så lenge er det eit ope spørsmål om hammaren fekk namnet av fisk som seig inn og ikkje av væte som seig ned? Som vi snart skal sjå, er det eit tilbakevendande problem med fleire nordlandske Siger-namn.

Klikk for stort bildeSigerland i Øksnes. Den omtalte kjelda er det bekkesiket som frå fjellfoten til v. renn søraustover til vika nedanfor. Dei andre bekkefara vi ser er ubrukande til vasshenting. Statkart 

Sigerland

i Øksnes er neste stopp på «segelturen» nordover. No er uttaleforma sīgerlaᶇᶇ i Norske Gaardnavne ikkje heilt påliteleg, av di det tradisjonelt heiter sigger-, men segger- var det aller vanlegaste, og ei rad skriveformer reflekterer dette: Segerland 1567, 1614, 1647 o.fl., likeins Zeggerland 1616-17 (frå punds leidang); klart feilskrive er Selgerlannd 1610. Steget frå halv til full fordansking viser Seigerland 1626 mot Seyerland 1661, men heldigvis vann ikkje den forma.

Topografien på Sigerland er i utgangspunktet svært ulik den på Sigerstad. Heller ikkje her er stor jordvidd, garden er ei lita halvøy. Husa ligg kring Grindhaugen og den fint runda Storhaugen («Kjæmpehaugen»), der det og vart grave brynnar utan at det rann kjelder i dagen, medan det på dei små myrane i fjellfoten attom garden er små sike og pyttar. Viktigast var eit kjeldesike frå fjellfoten som renn ut i Øverjordbukta tett sørom garden, både kalla «Bekken» og «Elva». Der stod mjølka til kjøling i påvente av transport med bygderuta, då det var på Øverjorda sommarfjøsane låg.

I tørkesomrar kunne både brynn og kjelde gå tørr, fortel Ruth Stenersen som har budd lenge på Sigerland.. Då henta folk vatn i Gjotelva litt lenger inn i i fjorden, også det ein kjeldebekk. No kan kartet få oss til å tru at det òg er kjelder i Olabukta tett nordom garden, men der renn berre sigevassfar, meir under enn over yta (gno. óll m = áll m?) Som vi ser, finst det gode grunnar til å tenke på siger, seger «frampiplande vatn» for dette gardsnamnet med.

Terrenget på Sigerland, med humpar og myrsøkk, kan frå ei side sett minne om namn som Segerhult og Sigelhult i Strids materiale – på hi sida også Sigeränget (våtlendt) så vel som Segersängen med sine kjelder. Vi er mest fortrulege med ordet våtlendt, til dels sidendt, men frå Fræna i Romsdal kjenner vi "seeglænt" = siglendt – jamfør her også seiglendt "som har fugtigt leret Jordsmon" (Ross), frå Nordmøre og Romsdal. Samanlikna med Sigerland i Øksnes er Siglandsbergan i Hægebostad i Vest-Agder eit særleg interessant namn, for tett innafor Sigerland ligg det ei gammal raskjegle med veldig tydeleg spor etter utras i fjellet ovanfor, og i fjellsida tett innafor der igjen er fullt av snøfrie små flog.

Busetnaden på Sigerland låg rett nok alltid på dei "høgprofilerte" haugane som fell så i auga på fråstand, det våte siglendet i skuggen frå fjellet var lite uaktuelt i så måte. På hi sida veit arkeologane at folk ugjerne busette seg på stader med dårleg tilgang på vatn, så sigevasskjelda må ha vore viktig så lenge det har budd folk på Sigerland. Dette blir understreka av at Bekkhustofta ligg akkurat der.

No er det så, sig har ikkje berre med vatn å gjere, oppsiget av fisk i området bør også nemnast: Torsk opp mot Sigerland og Ånnfjorden på seinvinter og vår, laks, og sild på haustparten og førjulsvinteren var velkjent og viktig for utkommet. Det er likevel tvilsamt at vi kan oppfatte eit gardsnamn av typen -land på den måten. Landholmen heime på Sigerland har aller helst med lending å gjere, men Landsom kortform av Sigerland er vel ikkje heilt utenkeleg. Når no fiskeressursane på Sigerland er nemnt , bør det òg nemnast at Sigerstad på Dønna har hatt nokså gode fiskeressursar innpå fjorden mot Løkta, men det er stort sett stasjonære fiskeslag, oppsig av fisk er noko som skjer frå tid til tid.

For gardar av typen -stad og -land ventar vi i utgangspunktet at dei har namn av synberre og konstante kjennemerke, men jamføring med andre gardar i Øksnes viser at der i røynda er stor variasjon: Møkland (gno. mikill: stor), Sommarland (etter årssyklusen), Jørland (av sam. jávri: vatn, sjø), Steinland (sml. Sigerlands nabogard Grøtset), og sist innlandsgarden Gåsland i Bø, der fuglelivet venteleg var ein ressurs.

Sigersfjorden?

Under vår drøfting av gardsnamnet Sigerland bør vi få med oss at Aslak Bolts jordbok frå 1430-talet fører opp jord «af Sudrekslande, af Lijd, af husom Thorosætre»: alle tre «j Sigridzfyrde». Riksarkivets nyutgåve av AB frå 1997 opplyser i fotnote at dette er «gammelt navn på fjordparti mellom Langøya og Dyrøya, Øksnes», med andre ord sundet eller flaget Langøyfjorden. Akkurat den plasseringa er diskutabel, men det kjem vi tilbake til.

Av dei tre gardane i AB kan vi berre identifisere Torset, Lid er ukjent. Det er usannsynleg at Sudreksland er det same som Sigerland, namneformene er altfor ulike. Jordskylda for Sudreksland samsvarar betre med den for garden Langøya, i flg. lokalhistorikar Johan Borgos. – Langøya ligg som ein fender på skrå mot sjøburden inn frå Salthøla. Er Sudreksland forvansking av *Sudragsland? merk sudrag n = dragsu n: Midtleddet i eit slikt namn kan ha hatt så lite uttaletrykk at uttalen tenderte mot klanglaus e, i motsetnad til fullvokalane u i første og a i siste ledd. Sophus Bugge rekna for sin del med *suðrek n «Ting som ved Bølgedraget driver ind paa Stranden, af suð f, Bølgedrag, og rek n, som endnu bruges i Nordland». I så fall ei ganske eineståande namnelaging. Men det finst innvendingar mot begge teoriane: Det heiter tradisjonelt å «leite rak» når du går fjæra på det vis, men «ligge på rek» om drivande tilstand. Namn som Rekvika o.l. er velkjende, men vi har ingen på Surek-. Derimot er sudrag i same tydinga som dragsu kjent frå både Vestlandet og Nordland, også Vesterålen (NO 11: 81). I stadnamn går det likevel kun ut på Drag-, t.d. Dragnes på Hadseløya, su+drag skal vi leite lenge etter. Færøysk har derimot suðurrek = suðurrák n «sørstraum, sørfallande straum». Det passar på ein måte for eit sund eller havområde, men straum som fell sør, må eingong vende, og kva heiter området då?

Klikk for stort bildeFlyfoto av Langøya i Øksnes. Nede til h. Finneset, til v. Makkleirholmen og Heimerholmen (nærast land), med Leira innanfor holmane. Statkart. 

Langøya er lang til gagns; ho er vel å merke kalla Litl-Langøya lokalt. Tillegget Litl- fortel at det var om å gjere å unngå samanblanding med den nærliggande store Langøya, som i alle fall i moderne tid er namn på den Vesteråls-øya der vi har kommunane Bø og Øksnes og store delar av Sortland, men som tradisjonelt òg er namn på ei strandstrekning som høyrer Hadsel til, lengst sør på den store øya! Den underordnande namneforma «Litl-Langøya» hindrar ikkje at Langøynamnet kan vere gammalt også her i Øksnes Vestbygd.

På sørvestsida av Langøya er det to holmar, og innom og mellom desse strekker det seg ei langsmal utfjære, med litt sand i utkant. Makkleirholmen heiter den eine holmen, altså er det underforstått kva fjæra heiter. Litt lenger nord på same side av øya ligg buplassen Finngården. Johan Borgos har, som lokalhistorikar, inntrykk av at sjøsamane i øyriket gjekk gradvis over frå fangst til fiskarbondekultur fram mot 1600-talet, og peikar samtidig på (i brevskifte) at eit namn som Finngården vanskeleg kan vere eldre enn frå midt på 1700-talet; førstan då fekk samane høve til å bygsle jord, dvs. sitte på ein gard i den vanleg tyding av ordet. Namnet Finngården, som nemnt i parentes heller ikkje er ukjent sør i landet, har då i og for seg avgrensa historisk interesse, men setter inga tidgrense attover for anna samisk bruk av området. Kildvika nord for Finngården fortel om gammal vassforsyning, men Langøya hadde brynnar òg.

Utfjæra eller makkeleira har spesiell form, som ein litt forgreina trestamme eller som ei noko tjukk grein. I si samiske ordbok forklarer Friis suörre (normalisert suorri) med grein, forgreining, hovudgrein, gaffelgrein, og Qvigstad har ei rekke stadnamn der same ordet er førsteledd, skiftesvis forklart som sule, kløft, grein. Det er iallfall i første rekke tale om fjellformasjonar og vassdrag-variantar, men Qvigstad noterer òg ordet i ei lulesamisk tyding «vegdele» (app. 822). Ordet for utleire er rækča (app. 742), norm. reakča «stor, flat fjære med leirbunn, utleire», variant reašši o.l. (app. 745). *Suörre-rækča (*Suorri-reakča) ville vere eit treffande namn på den omtala fjærestrekninga, så eit forkorta *Suörækčlāddē el.l. om støa midt mellom holmane eller heile sørveststranda av Langøya kan i teori vere opphavet til det norvagiserte mellomnorske Sudreksland i AB.

Langøyfjorden er av enkelte brukt som namn på sundet mellom Langøya og Dyrøya. At det kan gå under namn av «fjord» som eigentleg er sund er i og for seg ikkje uvanleg, og sjølv om det er rart at Langøyfjorden ligg på yttersida av Langøya, er det plent som å finne Langøysundet utanfor Langøya i Hadsel.

Likevel, av dei tre gardane som AB plasserer «j Sigridzfyrde» blir det då berre Sudreksland som kjem i direkte kontakt med Langøyfjorden. Likare geografisk arrondering får vi i fall dei tre gardane «j Sigridzfyrde» låg kring Godvikbotn på andre side av Langøya. Der er landskapet meir fjordlikt enn Langøyfjorden, og på sørsida av fjordstrekninga fell det ut eit knippe bekkesike frå Brusdalen, jfr. siger n i den tydinga. Både Torset og Langøya vender mot mot Godvikbotn.

Namneelementet «li» finn vi knapt nok på den aktuelle strekninga, men unnatak er Brattlia - Storlia på Torset og Krummalia - Kulia på Sandset tett innafor. Dei hadde neppe plass til særskild busetnad. Meir kunne det ha for seg at Godvika, som etter 1945 vart avfolka for godt, heitte berre *Lid i førstan tid. Der er bein strandstrekning og inga vik, bortsett frå Godvikbotn eit stykke innafor, og *Lid vil vere eit særs høveleg namn på den slake grasvollen i Godvika av i dag. Også Godvika i Malnes tidlegare sokn i Bø har skifta namn: Der heiter det Kussevika enno på første halvdel av 1600-talet, ei namneform kanskje brukt for siste gong i 1723. Det viser seg at Johan Borgos i omtalen av Godvika i «Gård og slekt i Øksnes» b. 2 har vore inne på det same. Han nemner også at Godvik-folket tidlegare budde i Tekkelskaret (kalla Stranda òg ) litt lenger ut, ein buplass dei forlet kring 1670, kans hende pga. skredulykke eller iallfall rasfare, som var overhengande fleire stader i bygda på den tid. For så vidt ein variant av siger, det òg.

amtidig er det ei kjensgjerning at Godvikbotn var og er ein framifrå fiskeplass med augur, torsk, oppsig av sild mm. Fiskarane frå sørsida av Skogsøya gjorde seg gjerne ein tur til Vossen ved Børrøya og kan hende endå ein stad eller to for å prøve, men rotta dei ikkje der, var det gjengs å ta turen innover til Godvikbotn etterpå, iallfall når det var dårleg utrorsver på havet i nord.

Med andre ord ligg det i korta at Godvikbotn var den eigentlege Godvika. Også heilt inst kan det ha budd folk, men busetnaden har flytta på seg frå tid til anna. Same kor på strandstrekninga utafor folk festa bu, hadde gardseininga Godvika marginal jordveg i sørvendt, men rasfarleg fjell (Saltberget). Fiskerikdommen i Godvikbotn var ein stabil faktor medan der var altfor små jordressursar til at det var vits i å satse på dyrking, når fjellsig frå år til anna øydela det litle som fanst.

Sigerfjorden

på Hinnøya – altså ikkje *Sigersfjorden – er neste stopp. At vi i Vesterålen har både Sigerfjorden og eit historisk *Sigersfjord medan tilsvarande namnelaging er ukjend andre stader, er litt gåtefullt. Segersjön heiter eit vatn i Sundsvall, medan Segersjön i Åsele og i Botkyrka (Stockholms len) er tjønner. Sigernessjøen i Kongsvinger har ei viss utstrekning, Meldal har Seggelvatnet, som er mindre, og aller minst er Sigersvolltjønna i Farsund

For Sigerfjorden har NG ein uttale med kort i, fullt gyldig i dag, men utvilsamt skriftpåverka, for tradisjonelt heitte det segger- også her. Skriveformene sprikar: Sygerffiordenn 1567, Segerfiord 1610, 1614, Seiger- og Segerfiord 1647, vidare Seyerfiord 1661, Sejerfiord 1723. Når Rygh «retta» til *Sigridarfjǫrðr, kom det sjølvsagt av at han trudde kvinnenamnet Sigríð låg til grunn: «j Sigridzfyrde» er i AB ei samlande geografisk plassering av dei før omtala tre gardane frå Øksnes. Det er berre at dei ligg så langt frå Sigerfjorden i Sortland at «i Sigridzfyrde» og i Sigerfjorden ikkje kan vere det same. Uforståeleg er det òg kva kvinnenamnet i så fall fortel.

Før vi går vidare, skal vi notere vi oss at det norrøne hankjønsordet sigr («seier) ofte ikkje tok genitivs -s i samansette ord, det heitte sigrsæll, sigrverk osv. Slik er det i islandsk òg. Færøysk og nynorsk har, i same orden, «sigurskransur» og «sigerskrans», truleg litterært etter dansk. I moderne norsk er det no elles mykje skiftande ordfuge i sms. der siger- er førsteledd.

Når det gjeld *siger/*seger n brukt om væte, viser J. P. Strids materiale at ordet tidt tok genitivs s, liksom tilsvarande namn på norsk side. Det skulle innebere at det både kan ha heitt *Sigrfjǫrðr og *Sigrsfjǫrðr, utan at dette får noko å seie for korleis vi oppfattar (tolkar) desse elles like namna. Landet rundt finst lokalitetar med namn på Sigurd- , men ein god del av dei er prega av blautmyr og bekkesig slik at ein må undrast på om dette er ei omlegging av *sigr?

Sigerfjord-namnet er ikkje ofte framme i media lenger, men var vide kjent før, på grunn av «Hindø»- selskapet, handelsskolen og ei rekke andre tiltak. Etter kvart som nordlendingane blir landkrabbar, er det færre som minnest at det òg var ein silde-fjord og ein fjord der fjordtorsk seig årvisst opp – ikkje så ofte skreien – endå i 1950 og 1960-åra. På det meste drifta der opptil 40 båtar med opptil 1000 garn i bruk, er det opplyst. Dette fisket var på nyåret, før Lofot-tida. Der var også dei som meinte at torsken gytte lengst inne, på Vikbukta. Det er interessant nok, for det var gammal og slett ikkje heilt grunnlaus tradisjon at gyting og tilgang på ferskvatn hang saman (jfr. Håløygminne 11: 224 og 280, «Longa og skrei som søker ferskvatn - ei gammel tru?») Silda gyter framleis i fjorden, men lokalkjente folk meiner at yngelen ikkje støest der lenger, og skylda får oppdrettsmærene som er komne til.

Vangpollelva har ei lite imponerande vassføring i dag, men dette var annleis før kraftutbygginga, den første år 1915; i tillegg kjem det vatn frå Botnelva. I elva var mølne der dei mol bork, ikkje korn, fortel Bjørn Elias Pettersen. I forbifarten noterer vi òg at Vassfallet ikkje er ein foss, men ei berghylle der vatnet sig ned og lagar issvull vinters tid, sml. Segelhamran i Borge, Segerhammaren på Bolga og kjelda på Sigerstad.

Klikk for stort bildeFrå heisøkket Galten renn to bekkar kalla Galtbekken, den eine mot nordaust og ned i Kjerringnesdalen, den andre sør- og nedover frå Galtvatnet til Sigerfjord. Statkart. 

Fjordar brukar å få namn av eitkvart ytst i fjorden eller evt. aller inst. Eit dalsig som særmerker Sigerfjord-bygda er den trauforma heia Galten. Der ligg Galtvatnet, og derifrå kjem Galtbekken, som lagar skil mellom gardpartane Sigerfjord og Haugen tett innafor. Vassføringa er nok skral, men bekken sig gjennom det gamle fellestunet for Haugen og Sigerfjord, så han må ha hatt litt å seie for lokal vassforsyning kor som er.

Merkeleg nok spring der fram ein bekk til i kanten av den same heigropa, men i motsett lei; han heiter òg Galtbekken. Her må vi straks skyte inn at landet over er det nøgda av just kjeldebekkar som heiter Galt(e)bekken, Galtåa, Galtelva o.l. Så spørst det då om dette allstad må ha eit samisk opphav, merk nordsam. gáldu «kjelde», lulesam. gáldo, sørsam. gaaltije, lånt frå urnord. *kaldiōn «kjelde». At ein bekk renn i begge leier er som i Galtskardet mellom Gildeskål og Meløy. At Galten i Sigerfjord sitt tilfelle er namn på dalsøkket der vatnet samlast er sjølvsagt ei omtolking.

Klikk for stort bildePå Øverland innom sjølve Sigerfjord-grenda skjedde raskatastrofen i 1956. 

Busetnaden i Sigerfjord sluttar brått inn mot Skredbukta, og like innafor renn Rødfjelldalsbekken. Skred- går i dette tilfellet sikkert på snøskred, medan eit underforstått Rødfjelldalen vil seie bekkedalen med rødfjell, her utan tvil rod n «utgliding, (far, jordstykke etter) ras eller skred», kjent fleire stader i Nordland (NO 9: 426). Ei avrunda, vid grop oppunder heibrunen der bekken startar vitnar om eit naturens masseuttak så gammalt at berre geologar bør uttale seg om det, noko som også kan seiast om utras-fenomenet tett innafor Sigerland i Øksnes.

Også fiskeinnsiget i Sigerfjorden, som er ein terskelfjord, har respektabel alder. Det viser seg ved at Vostegrunnen eller kanskje like snart Voss-støgrunnen er namn på ein ca. 32 m djup tilror som var ein kjend hyseplass sommars tid, like utfor land i Spjutvika. Jamfør gno. vǫzt (gen. vaztar) «fiskeplass på sjøen», ein eldgammalt namneelement som vi elles stort sett finn i ytre Vesterålen og Lofoten, med unnatak for tre vaustar i Hadselfjorden. Dette setter Sigerfjord-namnet inn i ein dobbelt så interessant samanheng, jfr. tidlegare gjennomgåing av namn som Sigerland, Godvikbotn – og Sigerhammaren. Vel nok er "segger", brukt om innsig eit ukjent ord på våre kantar, la det vere usagt om det også gjeld for «segg». Lokale innsig av fisk i andre av fjordane våre er dessutan ikkje noko uvanleg. Forunderleg er det likevel at Vesterålen har to Siger(s)fjordar, jfr. gno. síga og at Seiland i Finnmark har Skreifjorden: skreiðr<gno. skríða «gå sakte».

Døma på bruk av namneleddet siger-, sigel- lenger nord er usikre, men merk at Siigal-oaivi er samisk namn på Sandfjellet i Målselv (Qv 1935: 98). Bekkesika ligg tett i tett etter fjellsida mot nord, og det ligg nær å tru at utmerkinga Siigaler beinveges knytt til sam. siigat, siiget: sige framover, som vel er lån frå norsk.

Sluttord:

Mitt tvi- eller trisyn på namna Sigerland og Siger(s)fjord ligg i dagen. Å tenke på innsig av fisk i tillegg til erosjonskreftene i landskapet er litt problematisk, for då vil Siger-namna nordafor Helgeland få anna innhald enn Sigerog Sigel-namn lenger sør, og ei namnedrøfting som ikkje fører til sikre konklusjonar er irriterande. Det hallar då mot at siger om «vassike» også passar godt for Sigerland og Siger(s)fjord-namna, så andre moment kunne strykast, om det ikkje var for at det også blant desse finst opplysningar som kan komme til nytte i andre samanhengar.

Folk tyr sjølvsagt ikkje til ordet siger lenger når dei lagar namn. Derimot er det litt artig, at etter opninga av Bøvegen i 1980 er eit punkt på strekninga gjennom Ryggedalen med ustabilt underlag blitt heitande Siget. Det ligg om lag midt på sørsida av Ryggedalsvatnet og går no bogeforma inn på sikker grunn. Namnet er velkjent lokalt, også i avisene.