Gildeskål og andre "skåler"

Klikk for stort bildeGildeskål prestegard (med fire markørar på rad), med Tiendbuvika som eit hakk i stranda like synnafor og Korsvollen tett austafor vika. Litt nordom prestegarden ein markør for Gildeskålmyra, og ein annan i søraust for den lange kløfta Gildeskålkjelen."Håløygminne" 2-2019

Av Finn Myrvang

  

I norrøn tid var ordet skáli brukt om hovudbygningen på ein gard, eit lang­hus som kunne fungere både som vånings- og sovehus (svefnskáli), så vel som eldhus eller fjøs, men òg om enkle tilbygg (bislag, budør). Vidare om hus til bruk over kort tid, t.d. fiskiskáli (også fiskibúð) "fiskarbu" – eller óg ein laufskáli "lauvhytte": tenk på dagar i utmarkslåttene! Ein bygning som kvennaskáli fortel at garden hadde ein viss storleik og status, dess meir då stader der dei hadde drykkju-, gildi- og veizluskáli, gesta- eller leikskáli! I slike sms. nemningar ser vi ofte at -skáli, -stofa og -hús går synonymt.

Saktens hadde Nord-Noreg sine namngjetne høvdingegardar, men når vi går etter namnebruken, må vi forvente det kvardagslege. Det er innlysande at namn som Skålvær i Tjøtta og Skåltofta på Opplandet i Nyksund fortel om meir eller mindre forseggjorde hus som må sjåast i samband med fiske og handelsaktivitet knytt til det: På Skåltofta finst tufta til eit langhus på 35 - 40 m. Der imot skulle vi tru at gardsnamn som Skålvoll i Leiranger, Skål­brekka i Malnes og Skålebøl (Skallan) i Øksnes i første rekke går på land- og husdyrbruk, kanskje ikkje knytt til sjølvstendige gardseiningar frå først.

Det er likt til at ordet skåle har fått sitt rom i folketrua med: Eit ruvande og ganske frostsprengt berg med ei uryddig hole under, i utmarka på Taen på vestsida av Hadseløya, blir kalla (i) Trollskåla(n). Dette er knapt anna enn -skáli i stiva dativ, ut frå terrenget er det neppe tale om ordet «skål».

Andre namn er meir forvirrande: Ei fjellkrå i Gryteselvdalen i Hattfjelldal ber namnet Adelskål (og Avaldskål er ei sæter i Tinn i Telemark). Det lyder langhenta, men kan visst ikkje vere anna enn gno. aðalskáli "den egentlige Skaale, modsat forskáli, forhús". 

Oluf Rygh seier om skáli m at «det kan ofte i Navne ikke sikkert skilles fra skál f, Skaal, der bruges om Fjelde og Tjern, vistnok ogsaa om runde For­dybninger» (NG, "Indl.": 74). Det skil seg lite frå skål f målføreregistrert i tydinga "innsøkk eller hole i fjell eller terreng" (NO 10: 353). På islandsk er det også slik at skál ikkje berre tyder skål i eigentleg meining, men også "dam, basseng" så vel som "dokk, søkk, lægd".

Stadnamntradisjonen gir eit meir fasettrikt bilete: Norsk Stadnamnleksikon fortel om fjellet Skåla i Stryn, at «i fjellsida som vender mot Strynsvatnet er det eit markert søkk med eit djupt gjel nedover mot vatnet. Dette søkket har vorte samanlikna med ei skål og har så gjeve namn til fjellet». Her kan vi nemne at Skålene er nokre grunne søkk oppi fjellet austafor Makkvatnet i Hamarøy, og same namnet har dei i Volda og Forsand. Kjeldågskåla er ei lægd ved Sleåga i Rødøy; Leinesskåla i Steigen er ei anna. 

Dette fører beint over til ein liten gruppe gards- og bruksnamn som er meir tvitydige, som Venneskål i Ås, Reppeskål i Larvik, Fjellskål i Osterøy – og Grønskål i Ulvik. Gjennomgåande var Ryghs meining at sisteleddet i desse er -skáli i avkorta form, men etter lokalterrenget kunne det òg vere tale om -skál slik det er skissert framfor. – Vårt eige Gildeskål verkar like tvitydig:

Gildeskål som soknenamn dukkar for første gong opp i 1430-åra, i posten "Af Vigdeild, ij spon, j Gildaskala sokn" i Aslak Bolts jordbok. Seinare er soknenamnet skrive på temmeleg skiftande måte: Gwldskaalenn ca. 1521, Gilleskaalen ca. 1533, Gylleskaal sogn ca. 1540 og Giildeskoll 1548, Gille Schol 1567, Gyllskoll 1570, Gilliskols s. 1590 (NG 16: 182). – Petter Dass kallar prestegjeldet både Gillischaal og Gillesskaal. Skriveformer som går på sjølve prestegarden kjem først tidleg på 1600-talet, dei skil seg mindre frå vår tids stavemåte.

I 2014 kom ei bok kalla «Gildeskål gamle kirke. Marmorkirka ved nord­vegen», ei samling fagartiklar frå eit 'grublarseminar' kort tid før. Boka gir ei mengd kunnskap om kyrkjebygget, så vel som som inventaret, mellom­alderens gildeskipnad m.m.m. Sjølve namnet går visst Petter Snekkestad djupast inn på: «Hva angår naturnavn, har enkelte hevdet at forstavelsen gilde- peker mot et gjel, altså en revne eller innsnevring mellom to berg, som i huset ved "gillet" eller "gjelet". I forlen­gelsen av dette er det foreslått at gården har samisk opp­hav, der formen gulle- el. golle- betyr det samme som et gjel, og der -skål forstås som en grop eller et søkk ... Vi finner imid­lertid ikke noe gjel eller søkk i nærheten av tunet eller noe sted innenfor den moderne gårds­grensen. Dermed blir det også vanskelig å feste lit til den samiske tolknin­gen, som viser til noe lignende: en grop eller et søkk..."

Gildeskål høyrer til pitesamisk språkområde. Då burde eit samisk siste­ledd ligge nærare lulesam. gållo "spricka (i stenblock, berg, is)" enn sørsamisk golle "snevring mellom to berg, liten kløft som man van­skelig kan komme opp og ned etter". - Men er sisteleddet like gjerne norsk "skål" om ein eller annan landskapsvariant? Det høver godt for den inneklemte Gildeskålmyra like nordaust for prestegarden, temmeleg lik "myr-skåla" tett ved Fjellskål i Osterøy. I nordenden av Gildeskålmyra er det ein nokså rundvoren knaus, så førsteleddet kunne godt vere gïlle, gylle «gressbevokst, skogløs bakke­knaus». Men det er eit sørsamisk ord, og nett same haken er det med jilles- <jillehtje "vester-, vestside", som elles er nemneverdig nok, for Gildeskål ligg på vestsida av ei stor halvøy. Ikkje nok med det, ein kapellkyrkjestad i Sorsele på svensk side heiter Jillesnåle, skrive Gillesnöle 1789.

Er både første- og sisteleddet er ein norsk landskapsterm, blir eit alternativ gno. gil n (gen pl gilja-) i ei fullt tenkeleg sms. *giljaskál > Gilleskål, sml. lydovergangen i gardsnamnet Seljeset |''sælliset| (gnr 19). - Elles er genitiv gilja- av grunnordet gil i somme bygder blitt ei sjølvstendig form gilja f, jf. jilju (Tinn), og gilja f «holveg, fjellpass» (i svenske målføre), i Sør-Noreg om bergkløft eller gjel (Tinn) eller lita elv eller ligròv som renn gjennom eit gjel (Balestrand) – alt i flg. NO 4: 15.

Interessant her er eit bekkegjel i sørkant av Gildeskålmyra, men især smale strimlar av myr mellom haugane i sørleg og sørvestleg retning, heilt inn på sjølve prestegarden. Her er nemleg det å merke at gjel, norr. gil ikkje alltid er ei trong bergkløft, i Rauland og Beiarn[1] (NO 4: 51) kan det også vere ei langvoren glenne i skogen. Det høver altså godt nok i Gildeskål sitt tilfelle. – I Lofoten er sms. namn på -gjela pluss usms. Gjela |''jĕla| (om kløfter ol.) talrike; ei flt.form Gjelan |''jĕlan| finst og. Det synest vere ei form av gile f (gjele) om "trong, grasgrodd liten dal som stig bratt opp", dessutan «smal, langtøygd teig", snauhoggen eller skoglaus (NO 4: 15).

No er det dessverre så at korkje gjel n el. gjele f i tyding "langvoren glenne i skogen" let seg påvise lenger, i Beiarn iallfall, men vi skal likevel få med oss at garden Gilset |''jeᶅᶅset| gnr. 18 i Gildeskål blir kalla Gilusætre i Aslak Bolts jordbok, i 1567 Giilesetter og Gillesetther, og tett ved garden ligg det faktisk ein langsmal myrteig utan skog. Rygh meiner at forma i AB neppe kan vere rett, men om ho skulle vere det, vil likevel overgangen til dagens uttale med palatal l vere vanskeleg å forklare.

I Gildeskål sitt tilfelle er det lettare å tenke seg *Giljaskál som opphavleg form, men Gildaskala sokn i AB er unekteleg ein bøyg, for det peikar mot gildi m = gild(is)bróðir: lagsmann i eit gilde. Nettopp gildeskipnaden blir drøfta inngåande i boka om Gildeskålkyrkja, men med temmeleg resignert konklusjon:

"Den eneste informasjon vi har om gildet i Gildeskålsokn, er navnet Gilde­skålsokn. Det er ikke mulig, dessverre, å koke mye suppe på den spikeren. Men dersom vi aksepterer at navnet vitner om et gilde og at dette gildet har hatt mye til felles med de øvrige bondegildene i landet og gildeorganisas­jonen i Europa for øvrig, kan det hevdes at gildet i Gilde­skålsokn i hoved­sak hadde de trekkene vi har drøftet i dette kapitlet" (J. V. Sigurðsson: 71).

Årsaka til frustrasjonen eller resignasjonen er at det blir altfor stor avstand frå eit grisgrendt Gildeskål til norske mellomalderbyar i sør, med gilde for geistlege, kjøpmenn og handverkarar av alle dei slag! – Mellomalderkyrkja av marmor ligg på prestegarden, og Gildeskål-namnet gir ein god grunn til å spekulere, men ingen skriftstykke fortel noko som helst konkret om gilde eller gildbrœðralag knytt til denne kyrkja i utkanten av sameland, for alt at Munkdya som namn på våtmarka nordom kyrkja legg visse føringar. Kan det vere noko vi overser?

I boka om Gildeskål-kyrkja er det til ein viss grad problematisert at garden bør ha hatt eit anna namn før ein gildeskåle kom til, og det skjedde neppe før på siste halvdel av 1200-talet eller endå seinare. Argumentet har mykje for seg, men Gildeskål-soknet har to andre gardsnamn som heller ikkje går på landskapet, men fortel om sjølve oppføringa av bygningar: Husstad, og så Oppsal (innafor Gjelset), og vi kunne dessutan sml. med gnr 101 Lånan i Alstahaug (no Vega) og mange andre norske gardsnamn på Hus- o.l. Men dette er rett nok ikkje hus av "spesifisert" art.

I gammalnorske kjelder går nemningane gildisskáli og gildaskáli (assosiert med gildi m = gildisbroðir) om einannan: Begge kan vere opphavsform til gards- og soknenamnet Gildeskål. – No var gno. gildi n i utgangspunkt kun betaling eller utreiing av eitkvart slag. Ættesamfunnet hadde bøter for drap (bauggildi, nefgildi), og dersom ein drap ein av kongens frie menn, var han pliktig å bøte med þegngildi, o.a. Generell tyding hadde ordet skattgildi = skatteplikt: kongen og kyrkja skulle ha sitt. Ein finn elles termar slike som ígildi (lik verdi), halfgildi (halv erstatning), kúgildi (verdien av ei ku) m.m. Men gildi var òg drikkelag, selskap eller "broderskap" der dei skulle hjelpe kvarandre. Vi kjenner nemningar frå mellomalderen som krossgildi "Gilde som er indviet til det hellige Kors", ólafsgildi "Gilde som var indstiftet og holdtes til Olaf den hellig­es ære", og så bortetter.

Ordet gilde er altså ikkje eintydig, og vi må vere opne for at ein gildeskåle iblant var noko meir kvardagsleg enn den festlege samlingsstaden som ein lettast tenker på? Like sørvest for Gildeskålkyrkja, rett ned av Korsvollen, ligg Tiendbuvika. Ho er lita og grunn no, men der var ei brukande hamn i historisk tid. Korsvollen får ein til å tenke på gno. krosshús: bedehus merkt med kross, og kva tiend (norr. tíund) stod for i kyrkjeleg samanheng er vél kjent, og då ser vi bort frå mange andre kyrkjelege avgifter. Kan det henge slik i hop at den same tiendbua frå først av vart kalla gildiskáli, med tanke på innkreving av avgifter, og at nemningane fortel om korleis steinkyrkje-bygginga vart finansiert?

Eller kan det vere slik at det til eit opphavleg krosshus på Korsvollen også høyrde ein gildeskåle litt lenger nord, for innvartering for soknefolk, i dei tilfelle dette var naudsynt, og at namnet Gildeskålen festa seg i god tid før steinkyrkja vart bygd på den staden? Vi må då sjå dette som ein variant av det som forskarar har kalla bygde- eller soknegilde, men derifrå og til å gå ut frå at Gildeskål eingong hadde gildisskáli der "praktiserande" gildebrør møttest til gildastefna slik som i byane i sør blir eit altfor stort sprang. Like tvilsamt som det er at Skjøt(n)ingberg i Lebesby, også nemnt i drøftinga av Gildeskål-namnet, heng saman med gno. skytningr "samanskotslag, gilde" (jf. Hm. 2018: 153,158).

Same bok nemner, blant mange liknande namn, også Gildeskålåkeren[2] nær Ibestad-kyrkja. Ho óg er ei stein­kyrkje frå mellomalderen. Kva er det mest rimelege der, å tenke på ein gildeskåle for festlege samkomer, eller eit hus til innkvartering, eller berre ei tiendbu? Spørsmålet er plagsamt, for å svare med synsing utan fakta fører ikkje til noko.

Brysamt i så måte er også Gildeskålstø |"jyᶅᶅe-| som namn på ein augurs- og seiplass utom Snarset i Bø, i retning vesterenden av Hadseløya, méder ukjende. Det er usannsynleg at namnet fortel om nokon gildeskåle knytt til Bø kyrkje, det vere seg brukt som méd eller på anna vis. Den meir sentrale Hadselkyrkja er usynleg frå den kanten.

Mest "matnært" burde det vere å oppfatte tilrorsnamnet i lys av nemningar som gildfiskr (gildr fiskr) "fullgod fisk", nemnd i kyrkjelege kjelder, så vel som gildingr: torsk som i flekt tilstand var ei alen brei nærast hovudet. Det heitte som kjent, folkeleg, at "prestsekken bi aller full", og korkje fut eller prest ville ha dårleg vare. Tilrorsnamnet må vere temmeleg gammalt, men kva leika eigentleg i hovudet på han som gav namnet – tankar om eit slags sjøens skattkammer, voner om ei fengd som ville gje utslag på vektskåla – eller kanskje om ei staut baldusjka til eigen "gildeskåle"?

Like rart er eit stadnamn frå gnr. 138 Brekka i Vefsn: «Johan Brækken har hørt ei segn om at det har stade eit avgudstempel på dei gamle hustoftene på Brekka. Han veit ikkje kva han skal tru om det. Men det er merke­leg, seier han, vi hadde to runde hòler attom fjøsen som hadde namnet Gill(e)­skål'n. Det gjekk den segna om desse "skålene" (denne skålen?) at når dei hadde gilde, sette dei øltynna midt i hòla, og så sat dei rundt tynna og drakk. No er desse holene attfylte med jord. Dei var like store, og det var omlag ein meter i mellom dei. Dei var omlag 4 meter i tvermål, og vel ein halv meter djupe». Om dette fortel Reidar Svare, og legg til at det er uvisst kor mykje ein skal legge i slike segner (Hm. 1965 s. 396).

Brekka ligg inst i Fustvatnet, og tankar om mellomalderske gildbrœðralag gir lita meining der. Segna ymtar då heller ikkje om det, ho går på gilde og øldrikking. Då er det sanneleg eit merkeleg treff at norr. gilker eller -kerald var "Kar, hvori man lader Øl gjære", og at bua der dette gjekk føre seg vart kalla ei gilbúð. Rett nok er det tale om gil i ei anna tyding, nemleg (øl som er i) gjæring (NO 4: 5), men når vi så tar med i rekninga at ein gildis- eller gilda-skáli òg vart kalla gilda- eller gildisstofa og at det siste ordet er skrif­tleg overlevert i forma gilstofa med(!) fortel det at folk rett som det var tok snarvegar i uttalen og at meiningsinnhaldet kunne bli fordunkla, plent som når gildisbróðir vart gildbróðir, ja faktisk kjenner vi det kvinnelege tilsvar berre i kortforma gildsystir. At ordet «gil» knytt til ølbrygging med tida òg fekk ein uttale med palatal l, er om lag som når silstø (stad der det held seg sil = tobis) i enkeltes munn gjekk over til «sildstø».

Som før nemnt, hustufta frå Skåltofta tyder på at ein ikkje skal tenke smått om økonomien i nordnorske fiskevær, det vere seg Nyksund, Skålvær el.a. Frå Nyksund er kort veg til Langenes der erkebiskopen hadde setesvein, så pekuniære interesser tør ha vore langt viktigare enn selskapelege. Men sett frå ei anna side var det no eingong slik at på været, at fiskarane var nøydde til å innrette seg og jenke seg etter andre, ja det fanst eit eige ord for dette, lag-gild: i stand til å vere i lag med og samarbeide med andre, ordbokført frå Gimsøy og Borge, men òg kjent frå Hovden i Malnes. Samarbeid måtte til for å berge bruk og båt, ja livet om så var. Ordet fiskarkameratar er nok frå organisasjonsarbeid i nyare tider, men kravet om evne til samarbeid var gammalt. Tenkte bu- og båtlag litt meir som eit gilde enn kva vi ville tru?

Vi tør vel seie at med dette er «skål» og «skåle» drøfta relativt grundig. Vi har og vore innom alle dei nordnorske Gildeskål-namn vi kjenner. Slik sett burde emnet vere utdebattert, men eit lite ess er gøymt i ermet når det gjeld Gildeskål som gardsnamn:

Som før nemnt kan namnet Korsvollen, i alle fall "ideelt", forståast slik at der stod eit krosshús den aller første tid. I fjellsida berre 800 m søraust for Korsvollen har vi den særmerkte Gildeskålkjelen, eit langt og brattkanta gjel som meir er ei lang "flerra" i landskapet enn ein rundvoren kjel (heller ikkje andre landskapskjelar landet ikring er alltid runde). Lulesam. skállo tyder "stor kittel" (Korhonen, jf. NL 290 og oslo 290), = sørsam. skaaloe, skaaloe-giebnie messingkjel (eigtl. "kjel-kjel)". Litt lenger sør ligg Inndyr­kjelen, som vel å merke gjer mykje mindre av seg enn Gildeskålkjelen.

Då er førsteleddet i Gildeskål |''jiᶅᶅ(e)skål| helst det same som i Gällivare i Lappland, kalla "monte Gillewara" i 1673, på lulesamisk Jiellevárre, med jielle- = "spalte; mellomrom" (visstnok pga. ein formasjon i Malmberget), sml. også jiello "sprekk, reva, revne" (Grundström 110, Svenskt Ortnamns­lexicon 101, oslo 66-67). Då får namnet Gildeskålkjelen slåande meining!

Den norske tolkinga av Gildeskål som namn på prestegard og kommune er innarbeidd, men har tvilsam historisk gehalt, som drøftinga framfor syner. Vel er gildisskáli og gildaskáli norrøne ord som sannsynlegvis er førsteledd i mange "smånamn" landet rundt, men stussleg er at i Gildeskål prestegard sitt tilfelle er vi ute av stand til å finne ut kor denne bygningen kan ha stått, eller om han i det heile har vore til. Med andre ord og uventa nok litt av same problematikken som er knytt til namnet Femtegjeld, sjå eigen artikkel.

Den som festar lit til den pitesamiske tolkinga, kan la all grubling over vår ufunne gildeskåle fare; eit pitesamisk *Jielleskálo fortel då kva som er det fremste særmerket i landskapet nær garden Gildeskål, slik det brukar vere elles. Då blir der ikkje lenger kronologisk binding mellom gardsnamnet og oppføringa av steinkyrkja i mellomalderen. Kva tid kyrkja vart bygd, og av kven, det er vi derimot ikkje ferdige med å gruble over.

Klikk for stort bildeGildeskål prestegard (med fire markørar på rad), med Tiendbuvika som eit hakk i stranda like synnafor og Korsvollen tett austafor vika. Litt nordom prestegarden ein markør for Gildeskålmyra, og ein annan i søraust for den lange kløfta Gildeskålkjelen. 

Fotnoter:


[1] Markert i Norsk Ordbok som opplysning berre.

[2] Jf Gildeskålsåkeren nær kyrkja på Vang i Oppdal (J. Sandnes i "Festskrift til Nils Hallan": 389)