Hulløya, Ulli og Vuollná

Klikk for stort bilde Årbok for Tysfjord 2017

Av Finn Myrvang

 

At Hulløy-namnet ligg «innhylla» i  mystikk er neppe for mykje sagt, det kjem ikkje minst av teorien om at øya kan ha vore kultstad for guden Ullr. Årbokredaksjonen har oppfordra meg til å legge fram synspunkt på namnespørsmålet, som er utfordrande på fleire vis, og i første omgang gjeld det meir å klargjere alternative forståingar enn å levere kategoriske svar.

På dagens kart har Hulløya også fått med sitt samiske namn Ulli, medan Litl-Hulløya heiter Vuollná. Qvigstad opererer derimot med Stuor-Vuol'na og Unna-Vuol'na som parallelle namn (1938:213), utan atterhald. Med dét som utgangspunkt vil eg i utkant av emnet sakse litt frå diktet «Skylla» av Nordlands-diktaren Hans Lind, der handels­mannen fører ordet. Han har mykje pengar uteståande og er frustrert over alle dei som hadde lova å gjere opp for seg straks vinterfisket var over:

«Her kjem di – innan-a å a' ytra, men like gale di læt å sytra

om småe lotta å store tap  ...»

Her er det tydeleg at ytra er det same som yttersida, og mange av oss kjenner seg att i liknande vendingar: Uti Bø kan dei seie at «bussen kjørte austra», og i andre uttrykk fell øvra like naturleg over eit stort nordlandsk område, men med mindre nokon seier  ner (gno. niðr) i staden for ne(d), fell det ikkje like naturleg å seie *ne(d)a. Det er kan hende usikkert at forma *nera i den tyding finst? – Så langt vår norske tale.

Klikk for stort bildeLitl-Hulløya alias Unna-Vuollná. Norgeskart  Visst er at Vuollna i samanlikning med Hulløya er lita og låg, og nede (sv. nere) eller «der nede» heiter på lulesam. vuol'len, sørsam. vuelnie, vuöl'n (Friis: vuöldnie). Kor­leis namnet lydde på finnegæla veit ingen av oss. – Var kontakten mellom norrønt og samisk i Tysfjorden tett nok til at eit øynamn «Vuolna» kunne oppstå i analogi med «austra»,  «ytra» ol., eller har samisk hatt liknande retningsnamn, uavhengig av norsk tale? Kan hende har spørsmålsstillinga ikkje så mykje for seg, for det er neppe noko stort poeng at den minste av to øyar også er den lågaste (lægste).

Klikk for stort bildeFrå ein viss vinkel fortonar Hulløya seg jamt avgåande, innover. Otto Lund  

Om namnet Vuollná like vel skulle ha norrønt opphav – det er tvilsamt – kan vi i alle tilfelle peike på samisk-tilpassa former av norrøne øynamn som er litt «uniformerte»: Fid'na (Finnøya), Jar'ta (Hjartøya), Raw'da (Rødøya i Lødingen), Dad'da (Tannøya), og Tratna eller Ratna (Tranøya i Hamarøy), alle med Qvigstads ortografi. Lista kunne gjerast mykje lengre. Vi kunne oppfatte det såleis at det norske «-øya» blir forkorta til berre «-a» samtidig som det forklarande samiske tillegget -suolo er sløyfa. Det er like vel i beste fall berre litt av forklaringa, då Aw'kē lik Haukøya ikkje ter seg slik, m.o.t. ending, og samisk har dessutan ein grøde samiske stadnamn på -a som ikkje har noko som helst med øyar å gjere, eller med elvar for den del. Eg hallar meir til at Qvigstads namneform Unna-Vuol'na må takast på alvor, og at Stuor-Vuol'na er hyperkorrekt for Vuol'na, les Vuollná. Kva ligg i det? Lulesam. vuollánit tyder «bli eller komma lägre, sänka sig», jf. nordsam. vuollánit «dale, glade, gå ned» (om sola), men då framfor alt austsamisk (Kola-samisk) vuellne (вузллнз) «стать нйже, снйзиться, понйзиться»: bli lågare, senke seg, avta, søkke osv. Frå ein sørleg vinkel stemmer dette veldig godt for Hulløy-profilen, frå Vetten og innover. I så fall kan namnet vere svært gammalt.

Klikk for stort bildeJamt avgåande er faktisk også Litl-Hulløya, her sedd frå Moa ved Drag. John Gunnar Skogvoll  

Det ville styrke argumentasjonen om ein kunne påvise fleire namn av same type, men at dette fell vanskeleg innafor samisk er ikkje så uventa, når vi veit at systematikken i namn på norske fjellformasjonar er like dårleg klarlagt: Vi finn der verb som å lågne, likeins uttrykket «det lægnar der heimetter», i tydinga halle, gå nedetter (NO 7:884). Meir konkret framstår eit namn som Steigen, gno. Steig, eigentleg om den bratt opp­stigande Steigtinden: Der har vi den motsette namnevinklinga, knytt til verbet å stige.

Så var det namneforma Hulløya og alt som knyter seg til: I sitt foredrag ved skipinga av Hålogalands historielag 1920 (Håløygminne b.1) startar Johan Hveding sin omtale slik: «Fyrst lyt vi sjå på stadnamnet Hulløy», og så like etter: «bygdemålet har forma Hull», og sist i same avsnitt: «Bygdemålsforma: Huld». Dette kan visst berre tolkast 'ideelt', for han fortsetter like fullt å kalle øya Hulløy, i ubunden form, som for meg er ufolkeleg og «offisielt», men bygdemålets framlyd H- er iallfall udiskutabel for han.

Hveding seier så at «bygdemålet i Tysfjord set nemleg inn ein h i sume ord han ikkje skal vera, t.d. hesjestein for esjestein og fleire». I framhaldet kjem så flg.: «På Hulløy ligg vendt mot sol og sør desse gardane etter kvarandre: Ulvønes, Hjalmaus, Borg og Ulvø. Soleis ser namna ut med dansk-norsk rettskriving. I bygdemålet heiter dei Hull­arnes[1], Hjalmhaus, Borg og Hulløy. Då h var ein lite sætande kar i tysfjordmålet, kan vi ta han bort i fyrste stavinga».

Her kan føyast til at i einskildord er tysfjerdingane langt frå åleina om slike «unotar», og mykje lenger i same leia går såkalla «halvemål», som er vél kjent for norske mål­føregranskarar. Men i Tysfjord må vi ta fleire språklege omsyn: I «Lulelapsk ordbok» av Harald Grundström blir vi temmeleg overraska når vi slår opp på H for å leite etter ord vi ventar å finne der: «h har i denna ordbok ingen betydelse for ordens alfabetiska följd ... Ord som börja på h få därför sökas under närmast följande vokal».... I praksis er altså ord på h- å finne heile boka utover, berre ikkje under H. Det er ganske uvant!

No ser det ut til å vere slik at vi iallfall i storparten av Nord-Noreg finn samisk unna- «litle-, litje-» omtolka til Hund- |huᶇᶇ-|: Hundbergan, Hundhammaren, Hundholmen osv. (jf. Th. Storjord 1998: 48). Det er då ikkje utan grunn at Johan Hveding er utrygg på framlyden H- i namnet Hulløya. Uavhengig av det må seiast, at det lokalhistoriske og folkloristiske materialet han noterte frå Hulløya og nærområda er tankevekkande.

Om no den norske namneforma Hulløy(a) er å lite på, kan det vere litt bakvendt å sjå heilt bort frå denne og legge den samiske til grunn for ei tolking mynta på guden Ullr, særleg når Qvigstad går ut frå at Ulle, Ulli kjem frå norrønt, ikkje omvendt. I flg. han synest fleirtalet av øynamna langs kysten å vere av norrønt opphav (jf. hans omtale av øyane i Troms). Rett nok ligg ikkje Hulløya i havgapet, men i eit fjordområde der det samiske dominerte, sjølv om kulturkontakten nok også var i orden frå gammalt. Noko samisk namn på guden Ullr er ikkje overlevert, men pil og boge, skier og båt er Ulls viktigaste attributt, så saktens kunne han appellere også til samefolket i Tysfjorden!

Det er like fullt eit faktum at stadnamngranskarane med åra er blitt meir varsame med namnetolking baserte på norrøn kult, med mindre historiske og arkeologiske fakta er på plass. Ikkje minst i nord tyder stadnamna på at godbonden, huldra og andre under­jordiske rådde i folketrua, i tillegg til sjøens vette som marmel, havfru og draug. Meir alderdommeleg og utviska er trua på alvar og dvergar. Nokre har meint at dei norrøne gudane mest vart dyrka av dei øvre skikt i samfunnet. Stadnamngranskarar flest trur i dag meir på dei tolkingane som går på sjølve landskapet.  

For Hulløy-namnet, i flg. NG utt. ''huᶅᶅøya, sprikar dei gamle skriveformene: År 1559 Vllon ( svensk skattemanntal), Ullö 1607 (svensk sk.manntal), 1661 Wlff Øn, «kaldis Kjøbsneß», 1723 Ulføen, 1730 Ulløen (Hans Skanke), 1743 Uuløe, Uul-ø og Uuløen (Schnitler), men same året også Uløen (finnemisjonær Jens Kildal, Kjårnes), år 1766 Uldøen (i bygselbrev), 1772 Ulvøen og Ulvøe (kyrkjeboka). Kursiverte former henta frå Norske Gaardnavne – resten er Svein R. Sommerset å takke.

Forma Vllon frå 1559 må lesast som Vllön[2], på 1500-talet gjekk skriftmarkering av ø på slump. Vllön er forsvensking av det usms. samiske namnet Ulli el. Ulle som Qvig­stad reknar som lånt frå nordisk. Han fører i 1893 opp Ulli som namn på norsk Hullø (Nordische Lehnwörter 337), og NG viser til nettopp det. Men framlyden H- er noko problematisk, for så vidt at han er fråverande i bygdefolks skriftlege namnebruk svært lenge, endå uttalen i flg. NG 16 er ''huᶅᶅøya og einast det. Meir om dei tradisjonelt H-lause skriveformer i Nils Kristian Sørensens artikkel.

Ryghs merknad var at «de ældre Skriftformer er uforenelige med Navnets nuværende Form og maa være urigtige» (NG 16: 269). Kommentaren kunne neppe blitt heilt slik  dersom han hadde vore klar over skriveforma frå det svenske manntalet 1559[3]. Rygh fokuserte på skriveformene Wlff-, Ulf-, Ulv-, som ganske eintydig peika i ei anna lei.

NG 16 frå 1905 er utan tvil kjelda når Amund Helland i 1907 seier: «I fjorden ligger her en betydelig ø, som heder Hullø, men oftest feilagtigt kaldes Ulvø» (Nordlands Amt b.1, s. 344, «Norges Land og Folk»). Vel var Helland ikkje namneforskar, men «Norges Land og Folk» har no hatt stor autoritet for folk flest også på det feltet. Vår neste stopp blir 1914, NG b. 7 for Bratsberg Amt = Telemark: Der finn vi «Sønavnet *Hull» i Sannikedal kopla med «Ønavnet *Hull» i Tysfjord.

Med slike autoritetar på si side er det naturleg nok at Johan Hveding ordlegg seg som han gjer i 1920. At øya i dagleg tale heitte Hulløya var han som tysfjerding sjølvsagt klar over, for alt at han skriv Hulløy i ubunden form. Uttalen må òg informantane til Qvigstad 1893 («Nordische Lehnwörter im Lappischen») ha vore fullstendig på det reine med, elles kunne han ikkje så kortfatta ha kopla Ulle, Ulli med Hullø (i den tids ortografi). Qvigstad hadde eineståande kunnskapar innafor lappologi dei kalla, så han var ein viktig støttespelar i arbeidet med «Norske Gaardnavne», jf. Finnmark-bindet.

Gnr. 6 i Tysfjord er Olvika, skrive Ulfvig 1723: «1ste Led kan vel være Dyrenavnet Ulv», seier Rygh. Her kan han stø seg til Qvigstad, som fører opp «ul'bē, g. ulpē, eine Insel in Westerålen = anw. ylfi, nw. Ulvø; vgl. ulpē-giedde, ein Hof im Tysfjord = nw. ulv-vik» (NL 337). Så enkelt er det ikkje, av di øynamnet i Vesterålen (no Hadseløya) har overlevd i forma olvi- i sekundærnamn. Om Olvika i Tysfjord er tilsvarande å seie at det samiske namnet Ulpē-gied'dē og fjellprofilen der er i bra samsvar med sørsam. ulpie «bord, brem» på klede, lulesam. ål´pē, hål´pē «kant, kantband, saum», jf. Friis: ulpe, olpe, holbbe + austsam. olbbe

Også i Ulli, Ulle = «Ulløen» sitt tilfelle har skrivarane truleg meint at dyrenamnet ulv måtte ligge under, ettersom «ol(l)» og «ull» gav lita meining på dansk-norsk. Vi skal  utvide språkperspektivet noko og prøve øynamnet mot sam. ul'le, ul'li «flo» (kontra fjære), og straumen som høyrer til, men korkje når det gjeld «Ulløen» eller andre ser den tolkingsmåten ut til å føre fram. Det meinte heller ikkje Qvigstad, som førte opp ulli (uendra i genitiv) «1) eine Insel in Skjervö = nw. ulø; 2) eine Insel im Tysfjord = nw. hullø» (Nord. Lehnw. 337), utan nærmare tolking. Like fullt var det viktig nok at han skreiv Hullø om Hulløya, men bruka offisielt Ulø i Skjervøy sitt tilfelle.

«Ulø» om sistnemnde har parallellar i fleire skriveformer av øynamnet i Tysfjorden: 1743 Uuløe, Uul-ø og Uuløen (Schnitler), det same året Uløen (Jens Kildal), derimot altså Vllön 1559 og Ullö 1607 (svenske manntal), 1730 Ulløen (Skanke). I Skjervøy sitt tilfelle var det skrivemåten med enkel l som festna seg og vart norsk norm, trass i den samiske uttalen (utdøydd no?). I Tysfjorden skulle det gå annleis.

Når vi først er inne på den i dag tradisjonelle norske skrivemåten Hulløy med H-, vil vi starte med ein ørliten redaksjonell glipp: «Norske Gaardnavne» motseier seg sjølv når det er tale om Hulderøya |''hulldrøya| gnr. 8.1 i Sannikedal, som i dag høyrer til Kragerø. Det heiter at det er «er en Ø i Indsøen Hull, paa hvis Nordside Huldal (GN. 7.3) ligger. Formen henviser til et ældre *Hullarøy, som vel indeholder Gen. af Indsø­ens Navn, der synes at have været Hull f.» Det som i starten framstår som eit faktum, blir sistpå modifisert til «synes at have været» (b. 7: 23-24, trykt 1914).   

Klikk for stort bildeHullvann med Hulldalen i nord og Hulløya, Hullstrandkilen og Hullstranda i sørvest. Norgeskart  

I den vidare drøftinga er NG innom mange andre namn der likskapen blir vurdert til å vere tvilsam, men «derimod maa sikkerlig Ønavnet *Hull i Tysfjorden og Sønavnet *Hull i Sannikedal være det samme Navn». Det er alltids noko, men konklusjonen er ganskje resignert: «Om Navnet Hull kan saaledes efter min Mening ikke med Sikker­hed siges andet, end at det maa være ældgammelt».

Det står Hullvann på Kragerø-karta i dag, og slik har det visst vore lenge. Det er rett at vi har Hulldalen på nordsida av vatnet, men på sørsida av vatnet ligg Hull(er)øya som stengsel mellom Hullvann og Hestøyfjorden. – Hullstranda og Hullstrandkilen, dei er lokalitetar på sørvestsida av Hull(er)øya, dei har ikkje med Hullvatnet å gjere, men ligg vis à vis Hull(er)øya. Så det må ha vore øya, ikkje vatnet som heitte *Hull.

Slåande er at liksom denne øya *Hull gjer det uråd å sjå Hestøyfjorden frå Hullvann, og omvendt, med alle dei små sund og smotthol der er, slik ligg også Hulløya lik Ulli og hindrar innsyn til Hellmofjorden, Grunnfjorden, Mannfjorden etc. Vi kan saktens undrast om hovudpoenget var at øya(ne) hindrar innsyn eller at folk kunne gøyme seg bak dei, ligge der i skjul? I røynda blir det nesten to sider av same sak.

Sofus Bugge koplar *Hull-namnet i sør til gardsnamnet Helle, Helleelva og -fjorden – og nord i Tysfjord til Helland og Hellemofjorden. Han meiner at «Øens gamle Navn er *Hull (af Stamme Hulli-), Gen. *Hullar». Dette vågar vi halde fast på, endå vi kan tvile på koplinga til «helle»-namna, då det er openbert at øyane hindrar innsyn, kvar på sin stad, jf. gno. hylja «dekke, skjule, gøyme». Vi skal derimot ikkje rekne med ei namneform *hulderøya eller *huldøya, det ser vi når vi jamfører gno. huld «hulder» med den alderdommelege nordsamiske låneforma uldda av same ord, for heller ikkje øynamnet Ulli, Ulle har ein slik d. Av same årsak kan øynamnet ikkje godt koplast til gno. hulda f. «dekke, skjul», som elles ligg snær nok i tyding. Øynamnet *Hull må då stå for ein lokalitet som skjuler (gir skjul, er eit skjul), ikkje ein som sjølv ligg huld = skjult. Slik sett har vi vel letta litt på sløret kring Hulløy-namnet, men ikkje nok? 

Klikk for stort bilde Frå Tysfjord-kjeften sett stenger Hulløya effektivt for innsyn til fjordane innafor. Norgeskart

At også Uløya i Skjervøy (ytst i Lyngen) hadde samisk namn Ul'li (eller Uli-suolu) er noko uventa. Qvigstad meinte at òg det samiske namnet var eit lån frå norsk, men der har vi ingen fleire skriveformer å bygge på. I sak kan tolkinga vere som i Hulløya sitt tilfelle, for frå nord og særleg frå vest skjermar og skjuler Uløya det lange og krokute Rotstundet. Austafor er ikkje fleire fjordar slik som i Tysfjorden, men vi kan gjere oss tankar om det tronge Maursundet i nord med Hamneidet over til Reisafjorden midt på – lenger sør Ravelseidet og Rotsunddalen. Dessverre veit eg ikkje noko om gammalt  ferdselsmønster i dette tilfellet heller. Skriveformer med framlyd H- kjenner vi ikkje i Uløya sitt tilfelle, må berre gjette korleis ei presumptivt norrøn namneform lydde her.

Frå språkhistoria vil vi ta med at tysk Wolf og Wolle og engelsk wolf og wool kjem av germanske fellesord wulf og *wullō, men i norrønt mål vart dette ulf og ull. Bortfallet av framlyd w- i norrøne ord viste seg både når påflg. -u- var kort og lang. Vi kan lure på om det overlange sam. vuolle- vart til norrønt ulle-, ule- etter same lydregel?

Gjennomgåande har samisk vuolle- statisk tyding «under-, nedre-», men som vi såg i samband med drøftinga av Vuollná, ved ein del verb kjem tydinga «gå ned(over)» til, og nordsam. vuollut «gå nedover, utarmast» kunne der takast med. For Uløya lik Ulli synest det å ha mykje for seg å fokusere på avstandsinntrykket: Ho har jamt avgåande profil frå høgaste topp og ned til stranda, enten du skør ho frå sør eller nord. Dersom dette lydlege resonnementet er rett, må vi tru der finst tilsvarande samanheng mellom namneformene Vuollná og Ulli, Ulle. Då blir òg sambandet mellom *Hull (Hulløya) og Ulli, Ulle mindre eintydig enn vi før har tenkt. Samiske språkfolk får gå det etter.

Klikk for stort bildeUløya, sam. Ulli i Skjervøy har også ein jamt avgåande profil. Copyright © 2017 by lakako.com

No er tida inne til å avsløre at vi kjenner endå ei «ulløy», nemleg Ulløyna i Øygarden utanfor Bergen. Geografisk har ho endå meir framskoten posisjon enn Uløya i Troms, men innafor ligg ikkje der (så som i Uløya og Ulli = Hulløya sitt tilfelle) fjordar, sund eller eid i skjul. Derimot har sjølve øya fleire interessante små vågar og tronge sund, endå så lita ho er. Desse må vi tru har vore nyttige smotthol, endå eg heller ikkje i det tilfellet har nærmare kunnskap om bruken av desse.

Her kjem vi tilbake til fenomenet halvemål som så vidt er nemnt før (det at framlyd h fell ut i ord der han skal vere og kjem inn der han slett ikkje høyrer heime), som t.d. i første strofe av ein gammal bryllupssalme: «O hægtestand, du øilyksalig hest»! Dette fenomenet har no stort sett forsvunne, men var vanleg frå Møre og sørover til nettopp Øygarden. Uventa nok inneber det at vi tør «lese» Ulløyna som Hulløyna og dermed kan plassere namnet i same bås som dei to andre Hulløya'ne.

Halvemål i full utfalding har vi neppe hatt i nord, men Hund- for samisk unna-, onne- er påfallande, så vel som det fenomenet at ord med og utan framlyd h kan ha akkurat same tyding i lulesamisk, og fenomenet er langtfrå ukjent i sørsamisk heller. Qvigstad reknar med at øynamnet Ulli i både Tysfjorden og Lyngen – Skjervøy er samiske lån frå norrønt: Då må vi vere opne for at vi også har med opphavleg *Hull eller *Hulløy å gjere i sistnemnde tilfelle og kanskje gje slepp på teorien om *vuolle- >ulle- osv.

Klikk for stort bildeHulløya i Tysfjorden har eit karakteristisk søkk midt oppå, men vanskeleg er å forklare øynamnet på det grunnlaget. John Gunnar Skogvoll  

Kor gamle er så namna på øya i Tysfjorden? Skriftleg dokumentasjon frå før nytida er fråverande, så lettvintast vil atter vere å sitere at det «kan saaledes efter min Mening ikke med Sikkerhed siges andet, end at det maa være ældgammelt»! Men særleg med tanke på namnet Vuollná kan det likevel vere nyttig å drage ein parallell med eit anna vanskeleg namn i bygda, Davve-Vássjá (Yttervassja eller berre Vassja), og Sis-Vássjá (Inner-Vassja). Om termen vássjá seier Thorbjørn Storjord at det er terreng, helst ved sjøen, der det er skog og vanskeleg å ta seg til fjells på grunn av brattlende (s. 101, jf. s. 120). Han nemner inga kjelde, men her kan nemnast austsam. vašš «buskas, kratt», som ikkje harmonerer dårleg med landskapet i Davve- og Sis-Vássjá og heller ikkje i Vássjá på austsida av Hulløya. Dette presiserer Storjord si tolking, sml. òg Kjerrvika. At kjerrar i vår tid må vike for tilgroing med skog i det meste av landet er ei anna sak.

Mindre klart er eit namneknippe frå Fauske, dvs. lengst sør i det lulesamiske området, med namn som Vássjá-várre og -tjåhkkå, Vássjá-vágge, -jávrre og -jåhkå[4]. Det er inn mot riksgrensa, og vegetasjonen er mildt sagt sparsam. Endå vanskelegare er å forstå at på andre sida av grensen, i Jokkmokk, er Vássjá namn på ein bre: Vegetasjonen er i Rapadalen på sørvestsida. Har namneinnhaldet kome på gli her (denotasjonsendring)?

Det sørsamiske ordet for kratt er vasjnjedh, då også i sms. vasjnjedhlaante «land med småskog og kratt». Meir usikkert er det med nordsamisk, men i Kiruna stemmer dette med buskas i alle fall bra for Vássejávre og Vássejohka i nedste delen; ein skrivemåte Vássi- blir òg nytta her. «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn» har ei nølande tolking av desse namna: «fara, gå förbi, passera (ej stanna eller titta in och hälsa på)».

Konklusjonen eller sluttpoenget er, at når dette med vasj- = «kratt-» kjem tydelegast fram i språklege randområde som sør- og austsamisk, kan det etter vanleg tenkemåte vere den opprinnelege tydinga som har overlevd der. Det borgar for alderen, og vi har då eit haldepunkt for at også Vuollná er eit namn av høg alder som festa seg lenge før det skjedde lulesamisk innvandring til Tysfjorden.

Fotnoter:

[1]    Denne forma er det vanskeleg å få dagens tysfjerdingar til å godta. Gamle skriveformer er Ullenäs 1607 og Ulnäs 1608  (i svenske manntal), 1743 Ulfvenes (sorenskrivaren i Salten), men same året også Uloe-Näset les Uløe-neset (finnemisjonær Jens Kildal). Så langt i flg.Svein R. Sommerset. Hullar- kjem ikkje av eit sam. *Ullenjár(ga) heller, for Hulløynes heiter i flg. Qvigstad Suolōgēhčē: «øy-enden».

[2]    Det gjer då også Knut Kolsrud i boka «Sommersete» (1961 s. 37). Inessiv form av Ulle ser vi i «Ullen oroi dolus aiken gonogas» = på Hulløya budde i gamle dagar ein konge (Qvigstads eventyrsamling 1929 s. 528f.) Begge delar har Svein R. Sommerset gjort meg merksam på. Mindre sannsynleg er Storjords tanke «Vllon < Suollon – på øya, innessiv kasus?» (s. 99).

[3]    Sml. at det under omtalen av Sjøvegan i Salangen står flg: «Formerne Skida-, Skidhe-, Skede-, Skides-væg, som efter Meddelelse af Hr. Qvigstad skal forekomme i svenske Dokumenter fra 16de Aarh., maa vist betragtes som Forvanskninger ligesom de ældre norske Skriftformer».

[4]    vašša er i flg. Qvigstad «en forholdsvis kort og bred bukt» (Qv 1938: 238)