Kåringen

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 2 og 4 - 1991 

Av Finn Myrvang

Ein bratt bakke fører ned til det vegkrysset der vesterålingane og lofotingane enten svingar ned til Lødingen sentrum for å ta ferja over Vestfjorden, eller eventuelt tar av til Harstad. Staden er litt for godt kjend blant bilistane – når dei skal motsett veg især. Bakken heiter Kåringen på norsk, på samisk Goregak eller Gurega.

Dette kunne minne om sørsam. guoredh v. «fø1gje, fø1gje langs med». Men trass i vokalismen er det meir sannsynleg at der er samanheng mellom namnet Kåringen og lulesamisk kår'ñot = goarññot «klatre», på nordsamisk goarŋut. Dagens riksveg går vel litt i sørkant av den avgåande ryggen som namnet eigentleg gjaldt, dvs. namnet har fått utvida innhald. Jf. elles Gornitak i Nesseby i Finnmark, etter lokal uttale rettare Gorŋetak, forklart som «stad der ein kan stige eller kjøre opp».

Vi tenker lett om gamle ferdelshindringar, enten det er Drøbak (Drjúgbakki) eller det ikkje uvanlege Hestsprenga osv., at "det var før det, og itte nå". Men framleis kan det hende at norsk lende trassar hestekreftene og tvingar bilføraren til å vere ikkje berre tolmodig, men også til å tenke litt på korleis dei hadde det, som fø1gte same reiseruta lenge før nokon veg fanst.

Klikk for stort bildeVi kan lese kartet så, at Kåringen som namn på ein stad å «klatre opp» ikkje var dagens RV sør ved Kåringsvatnet, men stigen opp frå den eigentlege Kåringen litt lenger nord. Kartverket.