Korgen og Korga

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 2-2011

Av Finn Myrvang

Om gards- og soknenamnet Korgen (trad. 'kørjen, 'kårjen) i Hemnes er sagt: «Navnet findes ikke andensteds. Det har udentvivl Hensyn til den store og skarpe Bugt, som Røssaaen her danner, hvorved den omslynger en lang, jevnbred Halvø, hvorpaa Gaarden ligger. Det er vel beslægtet med Korga f., Vidjering (se Ross)». Så langt etter O. Rygh (NG 16: 137).

Klikk for stort bildeGarden og tettstaden Korgen med det flate neset Korgauren i midten. Kartverket. 

Korgen er i så fall samanlikningsnamn, pga. dei store svingane i elva Røssåga, men er dette rett? Mest typisk for Korgen er den lange, flate Korgauren der det var gammalt kornland, Auråkeren, jf gno aurr «grus, sandjord, gjørme, leir». Hemnes og Rana har talrike lokalitetar av same slag (øyrer, delta, elvegrynningar) med hovudledd -auren. Begge kommunane har og ein matrikkelgard Auren.

Nordsam. guor'go blir omsett med «øir som overfløes» (Qv 1944 nr 352), jf lulesam. guorgoj (guorgoi, kuorkoi ol.) «stenig, fuktig, långgrunn strand» (Korhonen, Spiik), og då især «stengrund (över vattenytan)», i Arjeplog også om «Steinhaufen im See, wo die Fische laichen» (Collinder 1964).

Kor langt sør ordet når, veit vi lite om, men på ein akse sør-nord ligg Korgen nokolunde på line med Arjeplog og Malå, og Malå-samisk, den nørdste greina av sørsamisk, har ordet i (unormalisert) skriveform -kuorhkú «steingrunn i innsjø» (Qv 1944: 352). Pga. den meir generelle tydinga «grunne i elv eller sjø, øyr» kan seiast at Korgen eller Korga i Lillehammer med sine sletter, elvegrynne og -greiner er landskap som minner mykje om Korgen i Nordland. Altså er det ei sanning med modifikasjonar at «Navnet findes ikke andensteds»

Klikk for stort bildeLeirfjord: Bekkedalen (med markør) blir kalla Korga, dei opne myrane i midten heiter Korgpallan, men det kan ha vore desse som var den opprinnelege «korga». Kartverket. 

Lulesam. guorgoj har også ei anna tyding, «upphöjd, torrare mark i myr» (Korhonen). Det ser ut til å vere relevant for fleire lokalitetar med namnet Korga sørpå, der det er tale om skrentar og kantar i motsetnad til flatare og dels myrlendt terreng, t.d. Korga i Fræna. Dei som måtte ha lokalkunnskap om lokalitetar med dette namnet kan no kvar på sin stad gjere seg opp meiningar om det. – Her vil vi no innskrenke oss til å ta med dalen Korga med dei såkalla Korgpallan nedanfor ved Levang, Leirfjord i Nordland. På kart og foto er det siste namnet litt slumpesamt plassert, men kartet viser terrengsamanhengen nokså klart.

Det veldig rabbforma fjellpartiet Storkorken-Ørneskorken i Sørfold heiter Guorkoj på lulesamisk: «Det norske namnet kjem av det samiske, som tyder «steingrunn som stikk opp over vatn», seier Norsk Stadnamnleksikon: Utan opplysningar om kva type vatn det er tenkt på blir det ei litt kryptisk forklaring. Men fjellet ligg ovanfor Ørnes og Ørnesmoen nedmed fjorden, så det samiske namnet er truleg blitt «omplassert»: Liksom i Leirfjord sitt tilfelle ser det ut til at «upphöjd, torrare mark i myr» gir betre meining enn øyr i vanleg meining. Her var nok namnet opphavleg mynta på den høge og platåforma Ørnesmoen. No kan det verke litt inkonsekvent at eit samisk alternativ er nemnt her, medan Korgen i oppslaget framfor blir forklart med den tradisjonelle «vidjeringen». Årsaka er visst det faktum at dei to namneartiklane har forskjellig forfattar, ein med norsk og ein med lulesamisk utgangspunkt, og sjølve fornorskinga frå Guork- til Korg- forvillar altfor lett vår forståing.