Kryptert barnespråk?

"Håløygminne" 4-2015

Av Finn Myrvang

Interessant og artig det Øystein Ringaker skriv om folkeviser i Beiarn nyss, ikkje minst det som har med Solsongen å gjere. Han er m.a. inne på at Troli-varianten av visa inneheldt orda «Skuri, skuri, skunnan, lys hån opp te' munnan», som han reknar med er eit ordspel eller ein formular. Orda er litt mystiske, ja, og her kan nemnast sam. skur'ret «forstørre eit hol», samtidig med at det finst eit anna verb, skuodnját v «skimtes; lyse svakt igjennom, glimte igjennom». Det siste gir forma skuodnjám (som lett nok blir skunnan, fornorska), fritt omsett «lysning, gløs», og skur'ret om det å gjere eit hol større, kombinert med skuodnjám, liknar på uttrykk som «han reiv gløtt» eller «reiv han», «han slo hol», «slo eit glan», «der kom eit glan oppi taket», «han lyste kovet» osv.

Har elles undra meg litt over den svarte selkjeput' eller selkjeduk i den same solsongen. Ikkje så at silkedukar og -puter til pynt og som statussymbol var ukjente blant folk, men at forfrosne gjeltbonn samanlikna dei tunge uversskyane med svart silkeduk eller -pute er ordbruk som stikk seg ut – med mindre solsongen var brukt til å «trylle» med då. Vågar å peike på at det gammaldagse lulesamiske sielgge eller sälgge 'fjellrygg' + duohke 'atterside, bakside' vel kunne tyde noko slikt som bakfjells, på skyggesida? Det ville i så fall seie at det var der gjeltbonnan sat, dyvåte av fuka, og bia på sola. Noko problematisk av di nordsam. sealgi åleine kan tyde baksida av eit fjell, men lat likevel tanken vere nemnt.

Det siste omtalte er lauseleg gjetting, men at barnerim og regler så vel som gåter innimellom spelar på samiske ord som ingen lenger forstår, er det liten grunn til å tvile på. Ei gåte frå Bø i Vesterålen er nedskriven i to variantar:

Den eine kjerringa gjekk til den andre kjerringa og sa: «Kjære grannkona mi, lån meg snellaren din, der er kommen ein urikun i min arekan, som et opp alle mine katelanter». Variant: Den eine nabokona gjekk til den andre nabokona og ville låne snellaren. Der var kommen ein urekas i hennes arekas og åt opp all hennes kapelanke. (Bøfjerding -92 s. 57).

Snellaren leitar vi fåfengt etter i norske ordbøker, men i Friis' gamle samiske finn vi verbet sniellat «kline sig ind paa for at tigge eller faa noget (om Hund eller Fattig), snike, snylte», så snellaren må vere ein hund eller kanskje like snart ei katte. Den såkalla arekan eller arekas er det nokså rimeleg å kople saman med arek «Stenrøs, Samling af Stene», og urikun eller urekas er det like nærliggande å rekne med står for uragas (også urodas) «Skadedyr, Rovdyr (Fugl el. firføddede Dyr)». Kva så med «katelanter» alias «kapelanke», er det berre nonsens? Kanskje, men det òg liknar tydeleg nok på eit samisk ord, nemleg gappalak (normalisert gáhppálat) stump, stykke av fisk, kjøtt osv.

Kor ofte det var brukt samisk i gåter, barnerim o.l. for å «kryptere» og mystifisere er det nok ingen som har undersøkt. Sannsynlegvis er vi altfor seint ute med det spørsmålet, men små smaksprøver som desse er spennande nok.