Kveøya – men Kvæfjorden ?

Klikk for stort bilde"Håløygminne 4-2015", lett nyredigert

Av Finn Myrvang

 

Eit interessant språkfenomen er tendens til forkorting av øynamn som burde vere korte nok frå før: Frå Sørøya og Hillesøya kjenner vi Håøya, samandrege til Håja, som då får tonelag 1, men på den siste staden seier dei visst Håøya òg, etter som det fell seg. Rødøya i Ballan­gen sagt |''rø:øja| er eit anna døme, men aller mest lærerikt er visst namnet Kjeøya, som mange stader blir uttalt |''e:øya| beint fram, medan Kjeøya ved Lundenes og i Rødøy lyder mesta som |''ø:øja|. – Kjeøya i Lødingen (og i Buksnes slik dei der sa same namnet før) fekk ei endå kortare form |''øja|.

For Kveøya |''kvę:øya| ligg ikkje føre opplysningar som tyder på tilsvarande samandraging, men ut frå det som er sagt i avsnittet framfor er det sannsynleg nok at eit opphavleg *Kvæ­eyin el.l. kan ha lydd ikkje berre |''kve:åya|, og |''kve:øya| som no, men |''kve:eja|, |''kveija|, |''kvi:ja| med. Desse to-tre siste variantane – tilsynelatande hypotetiske, men alt anna enn usannsynlege – ville det ligge snublande nær å oppfatte enten som *kvegja (eit ukjent ord) eller også kvedja, kvidja. Lat så vere at gno. kveðja f «tiltale, helsing» ikkje gir meining når vi snakkar om øynamn, likså lite som kviðja v. «formeinke, hindre, forby», men den lydlege likskapen må like fullt ha vore der.

No blir det mykje interessant, for Kvæfjord-namnet er skrive både Quiffiordt og Queifiord i 1567! Quæfiord med æ kjem først i 1661 (meir om det seinare). Dei eldste diplomatariske formene er i Quidiafiorde, Quidiafyrdin, i Quidiafyrdi som alle tilseier ein lesemåte Kvidja-. Noko yngre er formene Quidafiordar kirkia, så Quidafiorden (1490) og Quidefiord 1539. At fleirtalet av formene er utan årstal, kjem av at alderen til diploma er usikker: «I Udg. af DN er de under Tvivl henført til 1350-1380. Men Oluf Rygh har i en Note i sit Exemplar udtalt den Mening, at de maa være yngre eller ogsaa Afskrifter fra 15de Arh. af ældre Diplomer» (fotnote i NG 17: 1).

Heilt for seg står iallfall formene i Qwidhiofiordh i Aslak Bolt og i Kvidufyrde i Rimbegla, der den første må lesast *Kvidju-. Dei som tok første ledd i fjordnamnet for eit hokjønnsord *kvidja, gav det underform kvidju- i sms. med -fjord. Det var regelrett nok, men neppe tradi­sjonsrett. Når så førsteleddet *Kvidja- (seinare *Kvida-) dominerer blant dei mellomnorske formene, kan årsaka vere at dette låg folkeleg uttale nærast: Øynamnet *Kveøya var, i sms. med -fjord <-fjǫrðr, blitt samandrege til *Kveia-, *Kveija-, skrive Quidia- men seinare sagt *Kvea- og skrive Quida-. Men heller ikkje lydsambandet -ea- (såkalla hiatus) kunne halde seg, det måtte bli til æ, så vi fekk fjordnamnet Kvæfjorden. Sjølve øynamnet var nok også innom stadiet *Kveija, og kanskje *Kvea, men ei tradisjonell lokal kortform Øya gjorde at folk flest ante den rette samanhengen, og med aukande skriftkultur vart namnet restituert til Kveøya. Vi kunne nok finne fleire andre døme på denne siste utviklingsgangen.

Kva tyder så eigentleg Kve-, i øynamnet? Har nok ei formeining om det, men vil først hente fram Håløygminne 1936 med Carl Bertheussens «Litt Rymbegla», der opprekninga frå avsnittet «Um Eyar Vid Noreg» er sitert. Teksten er enkel nok, men uvant for oss er at ordet er oftare står for «som» enn presens av å vere, t.d. þá er Ey er Senniab heitir = «dernest er [det] øya som Senja heiter». Den siste halvdelen av øyremsa lyder så: «Andyria, Roölld, Brimilsey, Biarkey, Sónesta, Qvidiney, hun er mest, þá er i Kvidufyrde, þá er Þrandarnes»

I denne øylista står det litle ordet þá for «deretter», «dernest», og endå vi etter overskrifta vil vente berre øynamn, finn vi «þá er fiördur er Malangur heiter», «þá er i Kvidufyrde», «þá er Þrandarnes». Så langt er det greitt nok, men sjølve passasjen «Qvidiney, hun er mest, þá er i Kvidufyrde» lagar floke, for Qvidiney er slett ikkje «mest» (størst) av alle dei opprekna øyane, ho er tvert imot den aller minste!

Utan å ha noka trening med norrøne handskrifter, eitt mindre kommabruken der, mistenker eg ein annan lesemåte for å vere rimelegare: at þá akkurat her ikkje er adverbet «deretter», men adjektivet þá, i tydinga = tåen «avbera, snyberr» (NO 2: 1591-1592). Ordet er ikkje skriftleg overlevert frå norrønt, men det er der imot nomenet (substantivet) þá f. «snøberr (tint) mark», jfr. isl. þána «tine, bråne». Av den grunn tar eg sjansen på å ignorere det siste kommaet i Kvæfjord-sitatet og omsette «hun er mest þá er i Kvidufyrde» til heilt enkelt: «ho som mest tå [= snø-berr] er i Kvæfjorden». 

Klikk for stort bildeKveøya fotografert seint på hausten 

Om så er, vil lokalkjent folk med ein gong sjå at her skyt forfattaren blink! Så ville då også han som skreiv Rimbegla visseleg syne at han hadde kunnskap om stadene han remsa opp. Det har seg nemleg så at framsida (solsida) av øya er slak, medan skyggesida er brattare. Leitar du opp det som er øya si heimeside å kalle på nett, ser du at Arne Johan Johansen gir henne denne karakteristikken: «Tidlig bart med mineralrikt drivende jordsmonn, og den rette hellinga på jordene fanger opp maksimal effekt av sola. Avlingene er derfor det doble av hva som ellers er vanlig i Troms». Må tru om litt av same solfangar-effekten gjer seg gjeldande i den vestvendte Tåfjorden på Tussøya?

Til dette med tidleg avbera sluttar seg noko fullstendig uventa: å kvæda eller å kvæ (om snø) vil i Valle i Setesdal seie «byrja å bråna, tina, bræ» (NO 6: 1520). Vi som er frå Nordland-Troms, veit at det heiter «bre tjæra» (gno. bræda: smelte; tjærebre), så vel som «båssbrean» om båtbord dersom vi har lytta litt til dei gamle – kle på seg (gno. klæða) like eins, og e for æðr (fuglen). Altså framstår Kve- for Kvæð- som heilt lydrett. Den som vil avvise forklar­inga av di ho er tufta på eit ord frå Setesdal, går i den vanlege fella og ser på norske målføre som «raritetskabinett» med høge bolkar mellom, i staden for å ta inn over seg at vi spreidd i målføra har ei mengd gamle ord som ein gong var felleseige. 

Kva så med Rimbeglas isolerte namneform Qvidiney? Ho er tydelegvis skapt ved grunnlaus kopling med verbet å kveða «seie, tale, uttale, seie fram», perfektum partisipp kveðinn, like lite overtydande som den hittil gjeldande teorien at Kveøya eller sjølve fjordbotnen omkring kan ha vore samanlikna med ein kviðr = vom, mage! Mildt sagt problematiske tolkingar.

Apropos fjordbotn, så heiter Kvæfjorden på samisk Giettavuotna «handfjorden», eit namn Qvigstad ikkje tolkar, men eigentleg blir samisk gietta også brukt i tydinga «arm», og den langsgåande Kveøya deler den eigentlege Kvæfjorden i to på ein slik måte at det kan minne om to armar. Då vel å merke ikkje to sprikande fjordarmar, men éin fjord med to heilt paral­lelle far, Øysundet og Bygdesundet.

Det samiske namnet på sjølve Kveøya, Unna-Sulluš «litjeøya», er pussig, ettersom Gapøya litt lenger ut er berre 3 m høgare og elles er like lang og smal, men frå havet sett ter ho seg kanskje litt meir ruvande ut på den måten at ho har ei brattare sørside. Attmed Kveøya ligg for øvrig Lassa dvs. «skjeret» (Qv 1935:82), som vel må vere Hoklandsskjeret el. -skjeran.