Kystkultur med språksensur?

"Håløygminne" 4-2012

Av Finn Myrvang

At det finst ein eigen nordnorsk kystkultur er neppe noko stort diskusjonsemne lenger, tvert imot er det allment akseptert at tilreisande er interesserte i alt som særmerker landsdelen. Meir usikre blir mange dersom eg hevdar at fremmendfolk ofte også er interesserte i kva vi kallar ting, for i kultur- og reiseliv rår det ei uskriven semje om at vi skal fokusere på det reint materielle, på sjølve tinga, men at det er fritt fram i ord- og namnebruk. T.d. kan nordlandsbåten vere særs interessant, men kven bryr seg om kva dei ulike delane tradisjonelt heiter? Eg har på eit bygdemuseum i Vesterålen sett ein protokoll for registrering av båtar og det som høyrer til, ferdig påført termar og klassifiseringar tufta på tradisjon frå sør. Det var berre å registrere inventar i samsvar med det som stod prenta, dei tradisjonelle nordnorske nemningane var av klart underordna interesse. Det er ikkje for mykje sagt at slikt kan gjere deg meir tankefull enn akkurat fjåg! – Når eg i det følgjande knyter nokre fleire refleksjonar til denne observasjonen, burde det ikkje vere vanskeleg å kontrollere fakta, men eg vil ta utgangspunkt i det sjølvopplevde:

Tidleg på 1960-talet arbeidde eg med manuset til mi første folkeminnesamling frå Andøya. Lenge spekulerte eg på kva namnet burde vere, og kom til at boka med tanke på draug og daudingar og meir slikt kunne heite Huh-tetta, uttalt tradisjonsrett med trykk på første staving (ulikt vår tillærte uttale av huttetu). Namnet skriv seg frå segna om draugen som sit på skjeret og gjer umål av di han hutrar og frys, og eg la skrivemåten tett opp til den uttalemåten min morfar nytta då han fortalde segna.

Ein meldar i lokalavisen på Andøya hadde godord om boka, men føydde så til: ”Namnet på boka, Huh-tetta skjønner eg meg minst på .... De siste gongene eg hørte dette ”drågmålet” var når småe ungar prøvde å skremme vaksne, men då var det blitt Huff-tetta. Men eg skal villig innrømme at Huh-tetta har noko av Østens mystikk over seg ..” Ein annan bokmeldar, i NRK, tok derimot poenget med ein gong: ”Titelen Huh-tetta, eller ”hu titte meg” som ein ville seia på Vestlandet, er eit uttrykk som helst vert nytta når ein hutrar og frys i kaldt ver, men det spelar nok og på alle dei skrømtesogene og nifse segnene som finst i denne samlingi av folkeminne”.

Også seinare har eg vore på leit etter boktitlar som kunne fange opp så mykje som råd av substansen i vedkommande samling, vel vitande om at der éin lesar ser poenget utan vidare, kan det hende at nestemann sit som eit spørsmålsteikn. Ei samling med endefram fiskartradisjon kalla eg Att i Ariblå, det vil seie langt ut i Ariblå, havområdet Ariblå langt ut og vest i egga for Bleik. Sikkert i meste laget originalt for enkelte, i første omgang, men i ettertid har eg sett Ariblå tatt i bruk både som namn på ein fiskarbåt og ein musikkkomposisjon, så det er likt til at namnet kan nøre fantasien hos andre med, og interessant nok er det ingen som har fått til å "handklå" med akkurat denne namneforma.

Kring 1980 spekulerte eg på kva mi samling av stadnamn knytt til sjø og fiske frå Andøya burde heite. Ariblå-namnet var dessverre brukt opp, men ein annan tradisjonstråd kom meg til nytte: Når dei segla innasunds og fór over ein fjord, slik at dei "fekk han open" mot havet - i færøysk kalla å “sigla opnan fjørðin” - var dei i fjordgapet eller havgapet. Innasunds hendte det også, når dei var roen innpå Risøysundet og han kom med uver, men dei brått fekk sjå klåre havet, at dei sa: «Det va på hekta at det sku ha bore ut igjønna havsaua med oss”, det vil seie ut gjennom Gavlfjorden. Seiemåten var like eins i Troms, når sundet opna seg eller fjordgapet låg der vidt og skinande: havsauga. Så boktittelen eg landa på var just denne, I havsauga.

I skriftleg samanheng er det langt mellom kvar gong ordet dukkar opp. Amund Helland siterer 1899 amtmann Blom, som bl.a. skildra naturen frå Vågsfjorden og nordover og sa: «Fra Gibostad til Bentsjorden, en betydelig gaard ved Strømsund, er kysten vel mindre venlig og fjorden mere aaben og haard, ja af og til ser man havsøiet, nemlig imellem Senjenø og Hvaløen, men det har endnu intet af Saltens og Helgelands kystnatur» (Norges Land og Folk XIX : 24).

Sjølvsagt var det nettopp havsau(g)a amtmannen hadde høyrt. I Håløygminne 1934 nemner Jens Solvang det same ordet, men berre i forbifarten:

"Omframt Marsletta ved Malangsmunningen er der ein plass ute i Kattfjorden i Hillesøy som og heiter Marsletta; men det er vel lite kjent utom fjorden. Kva det namnet skal avleides frå er eg ikkje so viss om. Sletta ligg på austsida i Sørfjorden i ei lita vik nett so langt ut at ein har havsauga open. Eg gjettar difor på at mar skal tyde hav her og – Havsletta" (s. 202).

Namnet Marsletta får heller vente. Vi går i staden til Norsk Ordbok b. 5, som har fått med seg det ordet vi her drøftar: havs-auga n. 1. fjordmunning, sund der ein ser ut mot opi hav (No, Trs). 2a. utsyn mot havet frå havsauga (1) b. det lengste ein kan sjå frå ein småbåt på havet (9000 m).

Dei siste opplysningane er heimla til Tranøy i Troms, men som vi alt har sett, ordet eller nemninga havsauga (med stum g) nytta om fjordmunning m.m. må ha vore vide kjent. Tradisjonelle form au[g]a heldt seg her, sjølv om au[g]e var blitt vanleg elles. Men få reglar er no heilt utan unnatak, for 14. april 1984 skriv Margith Kvendbø i bladet Vesterålen: "Jeg minnes at åpningen mellom Andøya og Langøya ble kalt “Havsaue”". Det finst endå eit eksempel på bruk av ordet: Nordvest for Gleda i Røst ligg den oppdelte Ytre Sandøya og Storsvarvøya, og midt imellom går eit trongt sund kalla Havsauget der det er mykje straum. Sundet er eitt av fleire i ein samanhengande skjergard, på den måten at når du passerer Hauvsauget frå aust, kjem du brått ut på opne havet.

Det eg veit, er det berre i Troms og nordre Nordland at fiskartradisjonen om havsauga er levande. Men også i islandsk er hafsauga nytta, både om sjølve horisonten og om noko som ligg langt ut, så vel som om sjølve havdjupet, i sin ytste konsekvens også “'Havets Øje', et fjærntliggende Sted i Oceanet (hvor Havet tænkes uden Bund)": Det å “fara út i hafsauga” inneber på islandsk ikkje berre å drive eller reke til havs, men også å fare nord og ned!

Hos oss har ordet først å fremst med lysningen frå ope hav å gjere, jamfør at sola både kan heite heimsauga og dagsauga i islandsk poesi. Ordbruken er jo likeins hos Elias Blix: “Dagsens auga sloknar ut, kveldsol ned i vester glader. Skuggen stig frå dal til nut, myrkret sigrar alle stader”. Ja, slik opplever vi det både vår og haust mange stader i landet. – Men på den alle beste tida her nord går sola slett ikkje ned i vest, er vi heldige med veret, kan vi sjå ho som nattsol både i Gavlfjorden og andre hausauga.

I dette tradisjonsperspektivet er det framifrå at Sortland har fått eit kunstverk Hafsauga, skapt av den islandske kunstnaren Sigurður Guðmundsson. Men i fall tanken var at kunstverket skulle bli ein turistattraksjon, er plasseringa rett ut sagt nitrist: Sedd frå Sortland står midnattsola i hausauga om midnattes tid, og å sjå på solauga gjennom det forseggjorde auga i kunstverket ville vore ein stor attraksjon, ei bisn for å bruke det ordet – vel å merke dersom det var lagt omtanke i plasseringa! Men for dei som avgjorde denne var visst berre ein ting viktig: Det måtte stå på sjølve Sortland. Kva kunstnaren elles hadde i tankane må ha vore av fullstendig underordna interesse. Så er det då heller ikkje mange som får rare gleda av det same auga, som glanar blindt mot fjellsida nærmare Sigerfjorden, og kring-om blir det alt meir og meir innebygd og "trongsynt" for kvart året som går. Det gjer vondt å sjå ein strålande kunstnar-idé bli forskusla.

Ei sak for seg er sjølve namnet, Hafsauga, som var den heilt naturlege arbeidstittelen for den islandske kunstnaren, men som kanskje var for ”gammalnorsk” for dei rådande i strandstaden Sortland, som kallar seg blå. Dermed er namnet i lokal turistreklame blitt til ”Havsøye”. Hav-søye? det høyrer tilsynelatande til same sfære som havhest og havku, men det er eigentleg ein skapning som ikkje finst. Her er eg litt vrangvillig, vil du vel seie, dei har jo berre bytta -auga med - øye? Javisst, men i bokmål like så lite som på dansk finst det noko som heiter *havs-øye, ei heller finst ordet *havs-öga i svensk. Kunstverket burde naturlegvis fått ei plassering i harmoni med formspråket og det islandske namnet og vår nordnorske havsaugetradisjon, slik tilfellet er med Skulpturlandskap Nordland på sitt beste, men nei! Kulturadministratorane såg derimot sitt snitt til å ignorere nordnorsk så vel som islandske namnebruk og kjøre fram eit dansk-norsk ord utan sjølvstendig eksistens.

Sortland og Vesterålen prøver år om anna å knyte kultur-kontaktar med større og mindre islandske samfunn. Korleis kan vi i ein slik kontekst forstå det som har skjedd med Hafsauga? Plasseringa og klusset med namnebruken røper etter mi meining ein ekstrem mangel på djupare forståing av kulturelementa som vi deler med islendingane. Kan nyetablerte kulturkontaktar bli varige når sansen for felles historisk kulturgods er så underutvikla som i dette tilfellet?

I andre kulturelle samanhengar ser vi rett nok lyspunkt kva namnebruk gjeld, så som Lygarkveld, Reginedagan og Øksnesdagan, for å ta med litt frå Vesterålen, men tragikomisk konservativ ord- og namnebruk er dessverre vanlegare:

Deltakarane i ein frisk padletur i Vestbygda i Øksnes i Vesterålen her eit året like etter 2000, dei fór ”i vesterled”. Likeins er kvalen uti egga er blitt ein stor turistattraksjon, men turane dit blir presenterte som ”hvalsafari”, for så vidt heilt i trå med "havsøye" for havsauga. Stokmarknes by har for sin del ikkje berre drege «Finnmarken» opp på tørt land, dei har meir av slikt på det tørre, nemleg ei tidlegare fangstskute med så originalt namn som «Isqueen» - altså ikkje Ice Queen.

I min barndom heitte det at vi leita rak, men at ting kom rekande eller låg på rek: I Hovden i Bø er det reist ein skulptur av rekved, og vi skulle vente at eit naturleg namn var rekved eller rak, men nei, RÆK er han blitt døpt av dei som administrerer kulturen, for her skal det spanderast litt "dialekt", må vite. I det heile har lettvinte uttalemarkeringar av typen "fesk" og "ræk" o.l. noko ufarleg over seg, gjerne supplert med nordnorske kraftuttrykk, då ikkje noko av det vil bli oppfatta seriøst! Leia, kvalen og havsauga og mykje anna heimekjært blir derimot glatt forandra av folk som skamlaust praktiserer sine språkfordommar så snart dei skal presentere landsdelen, for då skal "riksmålet" ha sin rett. Folk må gjerne snakke om både kystvakta og hurtigruta i skipsleia, men berre legg merke til kva som blir påtrumpa oss i skrift. – Fiskarane ute i havet har i vår tid betre hjelpemiddel enn før i tida, men slit like fullt med rang straum rett som det er. Kultur- og reiselivsadministratorane inne på tørt land har derimot ein annan agenda, her går det i Golfstrømruten, Golfstrømveien og "kulturløft" som vil "profilere Vesterålen med Golfstrømmen". Det ramsalte og friske må vike for svada. Men det er klart, folk flest veit godt at det er stor skilnad på ein talefør fiskar og ein frasemakar, både i originalitet og produksjonsevne.

Við hafið í himinbláum stól

Hvar ertu
hjartað mitt,
hvar ertu?
Hrópa ég
yfir hafið
úr himinbláum stól.

Hvers vegna
hvarfstu?
Hvert fórstu?
Hvar ertu?
Af hverju
er ég hér
í himinbláum stól?

Ég horfi og
horfi, hlusta
og horfi
út í hafsauga
og hrópa:
Hva...r ertu?

Ég heyri, ég heyri!
Utan úr havsauga,
heyri ég þig!
Heyrir þú
mig?

Ég sit hér
og bið þín,
hamingjan mín,
við hafið
í himinbláum stól!

Elin G. Ólafsdóttir í janúar 2004

Klikk for stort bilde"Havsøye" ser inn mot Sigerfjorden - .