Lagmann eller Lamann 1

Lagmannen i norsk namnelandskap
"Håløygminne" 4-2015

Av Finn Myrvang

«Dei gamle fortalde at etter svartedauden var det heilt folkelaust på Bleik, endå det skulle ha vore ei stor grend før. Den første som kom dit, fann berre ein gammal hest og ein høylade. Dei fortalde også kor denne laden stod. Denne første mannen skulle då bli eigar av heile garden (grenda), og dei kalla han «Lamannen...No hugsar eg at ein gong var det ei kone der heime som snakka med mor om dette, og då sa ho: «Æ uindrast på om ikkje deinna 'lamain'n' di kailla e det same som lagmainn, førr når di gamle skuille kjøpe eiller bøksle seg jor tel, så måtte di tel Bergen til lagmainn'n» 1

Ikkje uventa hadde kona rett. Det sambandet mellom Bleik og lagmannen i Bergen som A. Nordeng var inne på, er nærare utgreidd av bygdebokforfattar Johan Borgos: «Skattelista over tienden i 1521 nevner ikke oppsittere på Bleik. Flere forklaringer på fraværet er mulig .... Den minst sannsynlige forklaringa er at gården lå øde i ei tid med svært godt fiske. Jordeieren i 1521 var antakelig biskop Olaf Engelbregtssøn, som visstnok hadde slektninger i Trondenes og kanskje på Andøya. Blant dem kan det ha vært folk i nabolaget, som for eksempel Ole Aslaksen på Haugnes. Men det gir ingen forklaring på hvorfor Bleik er utelatt fra skattelista.

Leidangslista som er bevart fra 1567, inneholder derimot sytten navn på Bleik. Det året bodde de to største skattebetalerne i heile Andøy på gården.....Begge var jekteskippere, men det er uklart hvor mange år de holdt til der. Aksel Fredriksen, også kalt Axel Fridag (eller Freitag), var på Agdenes i Trøndelag noen år på midten av 1500-tallet, men i 1563 hadde han slått seg ned på Bleik. Da førte han ei stor jektelast med tørrfisk til Bergen. Året etter søkte han om å bli lagmann i Steigen. Den stillinga fikk han ikke, i stedet blei han tilsatt som lagmann i Bergen, det vil si leder for rettsvesenet der. Det skjedde i 1569, to år etter at leidangsmanntallet blei skrevet. Trolig forlot han Andøya etter tilsettinga. Aksel bodde altså på Bleik i årene rundt 1567, og i denne tida sikra han seg skjøtet på gården, antakelig fra det kirkegodset som biskop Olaf Engelbregtssøn hadde eid. Etter at Aksel døde i 1585, gikk skjøtet videre i arv til lagmannsembetet i Bergen. Den ordninga varte godt over hundre år til». – Vi får tru at Johan Borgos her har fått med seg essensen i segna om „lamannen“ på Bleik?

I framhaldet setter vi søkelyset på det faktum at ordet lagmann tradisjonelt vart uttalt lamann, noko som lenger fram i tida altså førte til at folk laga seg ei namnesegn hekta til ein la(d)e på Bleik, for å tilføre ordet meining! Rett nok fanst det eit gammalnorsk láfamaðr 'låvemann', «Person som kaster Korn på Laaven eller Loen» (Fritzner), men vi ser bort frå det når det gjeld tradisjonen på Bleik, for «låve» og «løe» høyrer ikkje heime i Andøy-mål.

Det norrøne ordet lǫgmaðr var gått av bruk og kom først til ære og vørdnad att i moderne tid, så det er smått med mellomliggande målføreformer: Norsk Ordbok b. 7 har loggmadde frå Råbyggelaget 1698 og lommannæ frå Christies «Norsk Dialect-Lexicon», det er alt som er ettervist. Slik sett er då Andøy-forma lamainn med på å fylle eit tomrom. Elles veit nok fleirtalet av oss, ved ettertanke, at vår kvardagsuttale av «i lag med» er redusert på plent same vis: «i lamme», og ei gl. dialektform på Austlandet av kvinnenamnet Dagmar var Dammei (sjå Norsk Personnamnleksikon).

På landsbasis er det overveldande mange lokalitetar som heiter eitkvart på La(g)manns-: Ved søk på Norgeskart får vi opp vel to tylfter stadnamn som startar med Lagmanns-, og ved kontrollsøk viser det seg at om lag halvparten av dei har parallellform på Lamanns-: Det gjeld bl.a. Lamannsskjeret i Rødøy, Lamannsvika i Steigen, dessutan Lamannshågen i Hamarøy der karta har «Lagmannshågen» og «Lamannshaugen»! Men trass i den eine kartforma Lagmann- i Hamarøy sitt tilfelle seier dei no Lamannshågen og Lamannsvika der òg. Lagmannsneset i Tysfjord blir likeins uttala Lamannsneset (Storjord 1998:76). Truleg gjeld det same for Lagmannsholman nordom Finnholman i Karlsøy.

Skriveformene Lagmanns- og Lamanns- er nytta så slumpesamt på karta at det nærmast er slitsamt å respektere all inkonsekvens! Vi tør gå ut frå at tradisjonell uttale for det meste er Lamanns-, men i fleire tilfelle kjem moderne leseuttale grunna på skriveformer med Lag- i tillegg, t.d. Lagmannsgata i Berlevåg, der du ved å søke "Lamannsnes" straks får Lagmannsneset opp på skjerm.

Presis historisk forankring for slike namn er det oftast vanskeleg å finne, og det meste som har vore skrive, baserer seg einast på namnet. Lagmannsgods var det som kjent også i nord, så vi forventar å finne namnespor knytte til gardsbruk, teigar og åkrar, men berre fåtalet La(g)manns-namn viser seg å ha med slike lokalitetar å gjere, og mange ligg for langt til fjells eller fjords. I utgangspunkt er det tilsynelatande soleklart korleis det har seg med Lagmanns-namna: «Maa have været eiet af en Lagmand» er det sagt om parsellen Låmannsneset under Austreim i Lindås (NG 11: 424). Og tilsvarande «maa have ligget under Lagmanden i Bergen» om Lagmannsås, likså vel som Lagmannsvik i Fresvik, Leikanger (12: 128f). På same måten om ein parsell under Auby i Larvik: «Laumandsteien maa have hørt til det Gods, som har ligget under Lagmanden i Tønsberg» (6:297). Vidare om Lamannssvea i Veldre på Ringsaker: «maa have sit Navn af, at det i senere Tid har hørt til det Gods, som var henlagt til Lagmanden over Oplandene» (3:4). Kva i all verda vil vi så tru om Låmannsgården som namn på ei hamning og slåtte i utmarka til Kammen, gnr. 217 i Vefsn lik gnr. 25 i gamle Elsfjord?

No er det naturleg å rekne med at mange namn på gardar og gardpartar faktisk vedkjem lagmannen, så som Lagman[n]gard i Gol, Buskerud (15:116), Lagmannssetra alias Lagmannsseter i Trondheim, Laumannsstykket i Songdalen, Lagmannsteigen i Hatlestrand, Kvinnherad (11:21). Merk dessutan Lagmannsteksten i Sannidal i Kragerø, der med ei tilføying: «Lagmandsembedet i Skien ophævedes i 1797» (7:29). Tilsvarande Lomanddokken i Gol, òg skrive La(g)mann- og sagt |''lammanndøkkji|: "Lagmanden har været deroppe i det 17. Aarh. og afsagt Dom i en Aastedssag". La- kan sakte under påverknad frå m i -mann- bli runda til Lå- og evt. gå vidare til Lo-, men skepsisen veks kvar gong vi les "må have været eiet af", "må have ligget under", "må have hørt til", "må have sit Navn af" osv. 3 Lamannsvika i Steigen og Hamarøy bør også nemnast: Geografisk låg desse innafor lagmannen sitt nærområde og kunne ha med hans økonomiske interesser å gjere, så som uttak av tømmer, kanskje? Lamannsvika i Steigen ligg side om side ved Sagpollen, og «Storlamannsvika» i Hamarøy akkurat ved Tømmerneset, men soga seier ingenting om at han hadde skogbruksinteresser på desse stadene.

Namn som Låmannsgården, Låmannstøa, og i Bodø Låmannskogen (også Lomann-) kunne i og for seg peike i retning av den gammalnorske lǫgmaðr, men "låmannen" kunne òg vere slurvuttale av ei seinare form: «Ei einstaka oppskrift frå Hareid på Sunnmøre fortel oss at fiskarane før i tida hadde motvilje mot å nemna sorenskrivaren med det vanlege namnet: 'Dei fekk heim lovmannen for å fastsetja grensone millom gardane'. Lovmannen er ei tydeleg løyndenemning. Skrivaren var nok ein farleg kar å ha noko uteståande med. Det var han som skifte arven etter folk, og hjå han laut dei få retten sin i eigedomstretter» (Solheim: 98f).

Lovmannsteinen i Tokke er uttrykkeleg kalla grensemerke. Det same er sannsynlegvis tilfellet med Låmannssteinen på Moldremma i Vefsn, i alle fall heiter det at dei kringbuande brukte å samlast der når dei skulle sjå på skilmerke i lag. 2 Laugmannsteinen 3 på gnr. 124 i Granvin og Lagmannssten i Halden ligg òg slik til at dei kan ha fått namn av liknande årsaker. Meir spesielt er at eit bruk under Almås gnr. 56 på Stord heiter berre Lamannen, det verkar som namnet primært står for den avrunda haugen på garden. Dette uvanlege bruksnamnet er ikkje kommentert av O. Rygh under hans omtale av Almås. I nordkant av haugen går fleire flate benkar (avsatsar) nedover, skilde av stupbratte ufser, men etter namnet å dømme må det vere viktigare at du har vidt oversyn frå toppen av haugen. Noko historisk kan sjølsagt ligge under, men vi bør òg vere opne for ei topografisk forklaring.

Etter vår gjennomgåing så langt tør vi vel seie at rett nok er ikkje alle stadnamn på La(g)mann- like eintydige, men dei som har med lagmann «lovmann» å gjere er i fleirtal. Vil vi ved å gå meir systematisk til verks få djupare forståing av kvifor så mange stadnamn nemner lagmannen? Nordnorsk namnebruk på området skil seg neppe ut, tvert imot ser det ut til at ei gjennomgåing på landsbasis kan bli nyttig og dermed forsvare sin plass i Håløygminne:

Lagmannsberget på Hangran-garden i Trondheim er skogkledd og lite, men «distinkt» på det viset at du derifrå har godt utsyn over ei avrunda og slak, nokså vid lægd med innmark som strekker seg heilt ned til sjøen. Lamannsberget på garden Kvam i Luster gjer heller ikkje stort av seg i metermål, men ligg sentralt i den runde innkuvinga eller opningen i landskapet som er den kvammen som gav garden namn. Laumannsberget ved vatnet Skjærvangen i Eidskog ligg for sin del så å seie som ein "enklave" tillagt gnr. 2/1, i motsetnad til dei nærliggande gnr. 8/3 og 8/4. Der òg er eit særs naturleg utkikspunkt.

Lagmannsberga kallar dei i Meldal ein bein og bratt fjellkant i skilet mot Orkdal kommune. På hi sida, i Orkdal, er fjellkanten langt brattare med ei lang og smal "utsparing" under, Risdalen (med ei lang og smal myrstrimle), men der kalla Lomunds-berga, eit namn alt drøfta i annan samanheng.

Laugmannsdalen i Lund i Rogaland er ein smal og djup klove på vestsida av Laugmannsåsen, og i dette området møtest grensene for ymse teigar under gnr. 33, 42, 44 og 45.

La(g)mannsdroga i Marker er ei smal senkning mellom to humpar oppå platået Blokketjernhøyda, men dròga ender mot nord i ein djup klove, eit naturskapt dele mellom gnr. 79 og fleire teigar under gnr. 77. Dermed kan nok namnet også der ha med eit gammalt jordskifte å gjere.

Lamannshaugen på Jevnaker er ein platåforma åstopp med ørsmå humpar bortetter, men glir over i ein smal åskant mot vest. På haugen møtest deleliner for gnr. 139, 141 og 144. Lagmannshaugen i Sør-Aurdal ligg lengst sør på ein austvendt fjellkant med nokså bråbratte innskjeringar i nord, i det området møtest grenser for gnr. 27, 28 og 48. Lamannshaugen alias Lomannsringen (les -rinden) ligg i skilet mellom Tvedestrand og Arendal kommunar, medan Lamannshågen i Hamarøy på same måte ligg tett ved skilet mot Tysfjord kommune.

Lamannsholmen i det grunne Homevatn i Kristiansand treng ikkje vere ei oppkalling av holmen av same namn nede i sjølve byen (den holmen er stort sett bortskoten og omforma), namnet har snarare med eit gammalt skifte mellom gnr. 22 og 28 å gjere.

Lagmannshøgda i Skien synest etter kartplasseringa av namnet å vere eit platå i framkanten av eit langt trongt skard, ei innskjering på vestsida av Frogner-garden, men dette området er no nedbygd og sterkt regulert. Namnet står i alle tilfelle i nær relasjon til grensene mellom gnr. 59, 60 og 62.

Lomannsklovet i Nome og noko lenger aust Lauholet høyrer begge til ei bratt fjellside ved Flåvatn, med både innhøgg og benkar. Vi bør vere opne for fleire tolkingar her, men sikkert er at klovet eller kloven er naturgitt skil mellom gnr. 114 og 115.

Lagmannskollen i Steigen er eit avrunda framspring i fjellsida oppunder Daltinden. Ned frå kollen kjem bekken Lagmannselva, som er grensa mellom gnr. 20 Sommarnes og gnr. 21 Myklebostad, = Lagmannsoselva dersom ØK er til å lite på. Når skilelva gardane imellom har fått dette namnet, av alle tenkelege, blir det her òg sannsynleg at namnet vitnar om ei formell skilsetting.

Lamannskollen har dei to stader på Ringerike òg: Den eine er på gnr. 148 og ligg lengst vest på ein lang åsrygg med 2-3 markerte hakk eller innskjeringar, men mest slåande er dei talrike tungeforma små avsatsane og myrsøkka mot nord. Kor som er, i vestkant av kollen går skilet mellom gnr. 148 og 149. – Den andre Lagmannskollen er ganske flat og ligg tett austom ein nokså bratt heikant med fleire avsatsar oppetter, og der er grensa mellom gnr. 277 og 278 å finne.

Lagmannsneset 4 i Inner-Tysfjorden ligg ytst i Allmenningen, ei jambrei og skrånande fjellside på austsida av Allmenningsfjellet, som vart matrikulert først i 1950. Litt lenger ut kjem så Langnes = Guhkanjárgga, i skil med utmarka tillagt den øyde Hestvika gnr. 31, sam. Rássegiedde. Dette same La(g)mannsneset ligg rett under ein 370 m høg hump som er utgangspunkt for grenseliner mellom bruka på gnr. 31, som er namnlause på ØK. Har denne humpen heitt *Lagmannskollen el.l.?

Lamannsskaret på gnr 83 Fleina i Gildeskål er eit vegskard: Gardsvegen (ein gammal stig) går frå den gamle skolen i sørkant av Sankthanshågen og eit grann mot nordaust, før han bøyer søraustover og passerer Myran dei kallar. Han kjem som sideveg inn på ein lengre veg frå Skutneset i nord som går sørvestover, og just der møtest teigmerka for bnr. 1, 3 og 5 (ein kile av bnr. 2 når òg nesten dit). Den delinga er likevel ikkje gammal, offisielt iallfall, Fleina var udelt til langt ut på 1800-talet. Det blir understreka at Lamannsskaret berre var skardet mellom Sankthanshågen i nord og Fleinhågen i sør, eine og åleine opningen haugane imellom. Straks du kom berre litt lenger sør, heitte det Myran.

Laugmannsstolen, ein åstopp i Kviteseid, er noko heilt for seg: Sjølve sms. lagmann + stol burde jo vere eintydig, men kva særmerkte ein lagmannsstol, heilt konkret? Vi oppfattar ordet institusjonelt på line med bispestol, domstol og lærestol, og gno. lǫgmannsstóll hadde tydinga "lagmannsembete". No er det vel så at åstoppen kan ha fått namnet ad hoc, eit "der-og-då"-namn, av di lagmannen ved eit særleg høve sat der og kvilte i samband med ei grensegonge eller anna? Den slags namnepåfunn kjem opp innimellom, men få av dei slår rot. I og for seg er fenomenet interessant, men konkret og i dette tilfellet er det til lita hjelp. Stadnamn på -stolen er vanlege 5 nok og av mange slag, men når det gjeld Laugmannsstolen i Kviteseid, har det seg no slik at der møtest deleliner for gnr. 60, 61 og 62.

Lagmannssvea, eit bruk i Ringsaker, har ein myrlendt smal dal i sør; der ligg Lagmannssvetjernet. Rygh reknar som nemnt med at ein lagmann må har vore eigar, men kartet viser at bruket og tjernet plasserer seg lengst sør på gnr. 15, der skil mellom fire forskjellige matrikkelgardar møtest.

Lamannsteigen på Vestvågøya ligg i utmarka på garden Nedre Haukland, over urdane ved fjorden og så høgt at teigen sluttar seg naturleg til skardet ovanfor: Dette opnar seg i nord mot ein dalkvelv ned mot Vasskardvatnet der ein stein i vassenden markerer skilet mot Utakleiv. Skilet gard imellom føl ikkje fjellkammen, dalen høyrer Haukland til. Har ein lagmannsdom for lenge sidan fastsett det avvikande skilet, eller – ? Fjellskråningen på vestsida av Vasskardet er "skiva opp" i klart parallelle bergteigar av bekke- og skredfar, så det er i og for seg ikkje av vegen å oppfatte fjellkanten som ein man med fleire lag, men det kan lyde litt søkt. Sikrare er at teigen sluttar seg til lågaste manen, men samstundes har vi å gjere med eit påfallande avvik i høve til forventa grensedraging, og uttalen utan g harmonerer best med at la(g)mannen har vore involvert eit gammalt jordskifte her.

Lammetun i Fjaler er gnr. 272, men fungerer òg som øynamn. Dei to eldste skriveformene tilseier at sisteleddet er gno. tún n, noko Rygh ikkje er i tvil om, men «Norske Gaardnavne» viser at han elles var tvilande nok, for namnet er skrive Lagmandtuff og Lamentue 1567 og Laumand thu 1608. På toppen av det bratt-kanta, men oppå flate Lammetufjellet møtest grenseliner som deler øya (garden) i tre hovudbøle, og ut frå vanleg tenkemåte burde Lammertwn 6 ca. 1521 og Lametthun år 1563 vere dei mest pålitelege formene. Like fullt er det *Lagmannþúfa om Lagmanntufjellet som passar best med mønsteret vi etter kvart kjenner frå andre Lagmanns-namn.

Lagmannsura i Sør-Aurdal er på si side eit svært eintydig namn, for der møtest teigar frå fire ulike matrikkelgardar, nemleg gnr. 87, 89, 95, 96. Lamannsvika i heile fire tilfelle er meir problematisk: I Sør-Aurdal er det tale om ei ordinær lita vik i vatnet Drengsprengen, utan anna særmerke enn at det derifrå strekker seg ei gammal, ikkje-snorrett grenseline oppover mellom gnr. 57 og 67. Det inneber sannsynlegvis at der på eit visst tidspunkt skjedde grensegonge mellom to matrikkelgardar som etter nummereringa å dømme må ha ulik alder, men vi kan ikkje uteslutte anna forklaring.

Lagmannsvik gnr. 131 i Lærdal er berre kalla Buene, samnemnt med gnr 130; neste matrikkelgarden er 132 Tingastad. Namna gir høve til ei rad refleksjonar, sjå NG 12: 129, men vi vil her merke oss at jordvegen til Buene og Lagmannsvik ber preg av å vere «øyar» på same vis som Lagmannsåsen gnr. 126 i Lærdal, sjå derfor omtalen av denne om litt.

Lagmannsvika kalla Litl-Lagmannsvika i Hamarøy er som før nemnt eigen matrikkelgard, men ein kan ikkje knytte namnet til lagmenn eller tenkelege jordskifte. Den eigentlege (Stor-)Lagmannsvika er ein poll, med eit dalføre innanfor. Ned her renn Lagmannsvikelva, som er skilelv mellom gnr. 114 Tømmerneset og gnr. 115 Lagmannsvika. Ned til (Stor-)Lagmannsvika går òg grenselinene mellom bnr. 1 og 3 av gnr. 114 og mellom bnr. 1, 2, 3 av gnr. 115; hovudgrensa er likevel utan tvil elva. Det kan vere litt viktig at gnr. 115 Lagmannsvika er den siste garden i Hamarøy-matrikkelen og i nord grensar til gnr. 85 Straumsnes (med Steinbakkan): At lagmannen eller hans fullmektig var involvert i grensedraging i utkanten av busett område er sannsynleg nok. Like fullt har Storlagmannsvika òg topografisk særmerke, det kjem vi tilbake til i annan samanheng.

Lagmannsvika i Steigen er ikkje matrikkelgard, men vi noterer at skilet mellom uskifta utmark på gnr. 34 Kvanndalsmoen (avfolka) og gnr. 35 Liland går innover frå botnen av Lagmannsvika. I så måte kan namnet føye seg inn i den lange rekka av namn som tydelegvis har med grensedraging å gjere, utan at skiljelina treng å ha gått like snorrett som i dag. Fjellkanten mot Kvanndalsmoen ville vi tru var eit naturlegare val, i så måte, det ville neppe medføre stor skilnad i areal, men namnet kan også ha ei anna forklaring, som vi også her må vente med.

Lamannsåsen i Skien er som namnet fortel ein ås, med særs tydeleg knutepunktplassering mellom ei rad parsellar av gnr. 68 og gnr. 110, og forgreingar av gnr. 70 og 109 kjem nær opp til. Det skulle derfor vere temmeleg sannsynleg at det namnet har med gamle jordskifte å gjere.

Lagmannsåsen gnr. 126 i Lærdal blir visstnok kalla Åsen til dagleg, og her heiter det: «Namnet må komme av at garden kan ha lege under ein «lagmann» og at det skriv seg frå gammalnorsk tid. Det er ei segn om at kong Sverre sette ein lagmann her. Om det er tilfelle, så budde han neppe her, men hadde heller eigedomsrett til garden. Men det er ingen ting i dei skriftlege kjeldene (frå tidleg 1600-tal) som tyder på at Lagmannsås har lege under ein lagmann.7»

Her synest garden, delt i fem parsellar, å vere skild ut frå det kringliggande gnr. 129 og evt. fl. ved ein gammal grensegang, nærmast som ei «øy». Tankevekkande er at det i utkant av same gardsvald er ein lokalitet kalla Samestad, jfr. gno. sami m «semje, forlik».

Presisering:

Som gjennomgåinga viser, Lagmanns-namna som går på gamle grenser og merke er i overveldande fleirtal. Det er sannsynleg at dei noverande grenselinene ikkje kan ha same alder i alle desse tilfella. Det hindrar ikkje at vedkommande Lagmanns-lokalitet kan ha hatt skilsettande funksjon i lang tid før noverande grenseliner kom til.

Gno. lǫgmaðr kunne tyde «lovgjevar», men var primært lovkunnig mann, lovlærd, dvs. mann «som ifølge sit Embedes Medfør skulde segja mönnum lög». I vår samanheng (Lagmanns-namna) legg vi størst vekt på at han «skulde udenfor Lagtinget afgjøre de Retssager, som enten ved Stevning eller inbyrdes Overenskomst henskjødes under hans Dom» (J. Fritzners ordbok). Gno. lagamaðr hadde delvis same tyding, «lovkunnig mann», men også «lovlydig mann», medan samisk lagamanne, også skrive lākamannē, er lånt frå svensk.

Det er lett å tenke seg situasjonar der framståande, lovkunnige menn i bygda sette kvarandre stemne med det formål å få til ei semje. Lagmannen sjølv var venteleg ikkje alltid personleg til stades, men iallfall hans fullmektig eller fulltrúi. At folk i ettertid gav staden eit namn på Lagmanns-, kan på sin måte ha vore med på å stagge seinare grenserevisjonistar som hadde skral lokalhistorisk kunnskap.

Litteratur:

  • Christiansen, Sandnes og Sætre 2006: «Fra takmark til byens grønne lunge".
  • Trondheim. Fritzner, J. 1867- : Ordbog over Det gamle norske Sprog. 4. utg. 1973.
  • Nordeng, A. 1945: Gammel-Juten på Bleik og somt anna. Håløygminne b. 7.
  • Qvigstad, J. 1994: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
  • Solheim, S. 1940: Nemningsfordomar ved fiske. Oslo.
  • Storjord, T. 1998: Tysfjord – Divtasvuodna. Samiske og norske stadnamn. Bodø.

Takk til:

  • Bygdebokforfattar Johan Borgos, Sortland  
  • Kristiansand, Tjøme, Lærdal og Sør-Aurdal folkebibliotek.

Fotnoter:

  1. Antonius Nordeng 1945, "Gammel-juten på Bleik og somt anna", Håløygminne b. 7 s. 94ff.
  2. Opplyst av Knut Ånes, Herring.
  3. Funnen i fylkesdatabasen for Hordaland.
  4. Skrive så av Th. Storjord i namnesamlinga "Tysfjord - Divtasvuodna" 1998, men genitivs s har falle ut i lydskrifta.
  5. Frå nordnorsk namnetilfang kan nemnast formasjonar som Brurstolen i Harstad, Vestvågøy og Bodø, sjeldnare type er Kongsstolen (Kongenstolen) i Vevelstad. Gyngestolen og Lenestolen kan vi seie høyrer barnekulturen til og går på samanlikning, liksom det langt vanlegare og sikkert mykje eldre Preik(e)stolen. Ei større gruppe inneheld dyre- og fuglenamn, er meir sjølvdefinerande: Bjørnstolen, Bukkstolen, Geitstolen, Kustolen, Merrstolen, Falkstolen, Karistolen, Kliksstolen, Skarvstolen og framfor alt Ørnstolen, og endå er ikkje alle stol-namna nordpå rekna opp.
  6. Lammer- kunne isolert sett gå tilbake på gno. landamæri n „landskil, landegrense“
  7. Kåre Hovland, "Lærdal bygdebok" V s. 354