Lagmann eller Lamann 2

Usikre minne om lagmannen

"Håløygminne" 3-2017

Av Finn Myrvang

Vi har tidlegare sett på namn som tyder på at lagmannen, gno. lǫgmaðr, gjennom lange tider hadde ein finger med i «skilsettande» gjeremål landet over. No er det den haken ved namn på Lagmanns-, når det gjeld reiser til sjøs eller lands, at det i skaldemål dessutan fanst eit gno. láðmaðr «vegvisar, førar», ei låneform av angelsaksisk lādman, samansett av lād «lei, veg, reise» og man «mann». Det lyder langhenta i både tid og rom, så konkrete døme må til:

Lamannen

er ein bøe (1-metring) ytst på grunnsnaget utanfor Stokksund i Åfjorden i Sør-Trøndelag, med sjømerke. Tett vestafor blir det mykje djupare og på nordsida kjem Lamannsdjupna, så her kan bøen Lamannen ha vore eit viktig orienteringpunkt i leia.

Lagmannsholmen

i Berlevåg ligg i dag innebygd i inste delen av den landskjende moloen, med ein trong opning har vore på innersida. Lagmannsvika – med Lagmannsneset på sørsida – er skjerma av moloen, men før sistnemnde kom til, vart vika oppfatta som eit vidare område. Sjøkartet viser oss at neset – berre det finst på kartet – ligg om lag inst i leia opp til Berlevåg, men der er ingen tradisjon om at lokalitetane var orienteringspunkt ved oppsegling. Desse Berlevåg-namna kjem vi tilbake til.

Lagmannsholman

i Karlsøy, der sjøkartet markerer ankerplass, ligg like nordaust av Finnholman i det ureine farvatnet kring Flatvær i Karlsøy. Holmane er langvorne og to-tre på tal, og den austre er delt på langs av ein ovtrong val, men den vestre er smalast og lengst og mest gjennomskoren i sør.

Lagmannsholmen

i Kristiansand var sjømilitært viktig i lang tid. Han vart i 1686 hovudstasjonen til den norske flåten, men er omtala alt i 1672: "Det må selvsagt skrive seg fra en lagmann, og jeg er kommet til det resultatet at det er lagmann Lauritz Andersen Undahl som er opphavsmannen. Han var lagmann i Agdesidens eller Kristiansands lagstol 1655-1703 og var den første som etter kongelig ordre holdt lagting her i byen. De tidligere lagmennene hadde holdt til på Holmegård i Mandalen. Da han var den første her i byen, og navnet dukker opp i hans tid, er det rimelig å gå ut fra at holmen har fått navnet sitt etter ham" 1 . Tja, kor rimeleg er det eigentleg, jamført med teoriane som verserer om ein del andre Lagmanns-namn?

Lagmannsholmen

uttalt |la:manns-| i Bærum ligg tett ved Fornebu-landet og er naturreservat. Der er markerte loddrette berglag frå ordovicium. Holmen, også kalla Lagmannsskjæret, er lang og smal og heiter i 1879 berre Lagmanden 2 , så vi kunne tenke på *lagmanen "den lagdelte manen", berre at Oslo-området har så mange av den slags formasjonar at holmen (skjeret) knapt er noko særsyn. Litt aust for holmen ligg på 16 m Lagmannsgrunnen, som knapt var til større fare for farkostar i gammal tid, så det namnet er vel sekundært. Her, liksom i Karlsøy, har det meir for seg at holmen sjølv kan ha noko med láðmenn å gjere. Sverige har dobbelt så mange Lagmansholm-ar. Dei ligg geografisk nokså spreidd i elvemunningar o.l., såleis i Orust i Bohuslän. «Svenskt Ortnamnslexikon» nemner så vidt garden Lagmansryd og det tilhøyrande soknenamnet Lagmansered i Västergötland, derimot har lagmannsholmane ingen omtale fått i dette oppslagsverket.

Lamannsskjæret

(no med blinkfyr) er eit viktig leimerke utpå Hansøyvika vestom Ringa i Rødøy. På vestsida er det djupt farvatn, på austsida er det langt grunnare (namnet er feilplassert på landkartet).

Lamannsskjæret

på vestsida av Frierfjorden i Porsgrunn ligg òg sentralt til. Også om det veit vi lite, "men navnet tyder jo på, at lagmennene har hatt med det å bestille. Skjæret lå – ja det ligger der nok ennu, men er ikke lenger synlig – noenlunde nordøst for Bokkholmen i Farelven ... Skienselven var i gammel tid bekjent som meget fiskerik, og laksefisket ved skjæret har vel vært en herlighet for de dårlig lønnede lagmenn - I den gamle tid da sagene blev benyttet, og vannføringen i elven var så variabel, snart for lav og snart for høi, så man bare kunde skjære 4 à 5 måneder om året, blev det sagt at når en stokk kunne flyte over Lagmannsskjæret, var det passelig vann til å skjære, men det måtte heller ikke bli synderlig høiere, ellers blev det for meget. Skjærets høieste punkt lå på 13, 2 fot. ... Ved den senere opdemning av Hjellevannet i 1915 til 16 fot er skjæret alltid helt dekket og usynlig, og fisket har det i lange tider vært dårlig med" 3 . Som vi ser, også her kjem lagmannen inn, men fakta attom teoriane er like sparsame.

Lagmanns-namn i leia

Når Lagmanns-namn dukkar opp i eller nær ei eller anna viktig lei, burde vi kan hende òg tenke på den nordnorske tradisjonen med båtlag og lagbåtar (kameratbåtar), men konkrete haldepunkt for ein slik samanheng har vi ingen staden. I og for seg er interessant nok at «lagmann» også kan tyde det same som lagsmann: mann du gjer eller har noko sams med, lagkamerat, jf. bulag, båtlag, lagbåt. Vi assosierer like fullt La(g)manns-namna med lagmannen og berre han.

Der det måtte vere tale om lånordet láðmaðr, er det litt påfallande at dette ikkje fekk á runda til å på 1100-talet, men kanskje fall det tidleg saman med lǫgmaðr i dagleg tale. Namn som desse føresetter iallfall ikkje utan vidare ei organisert losteneste på vedkommande stad. Snarare var vedkommande lokalitet (snarsund, snoplei) nyttig for orienteringa og vart derfor assosiert med ladmenn. Synonym 4 til det siste ordet var leiðsagi eller -sagari, også leiðsagnar- eller leiðsǫgumaðr.

Latmannsbøen

i Lødingen ligg ytst på eit grunnras som strekker seg austover frå Kjeøya. Det dyper sterkt på austsida av bøen, der det er leifarande. Utenkeleg er det slett ikkje at det fremmende ordet lādman kunne bli omtolka til Latmann-, men namnet blir forklart med at der var snopt å drage seg kokning, og ei så enkel forklaring er har mykje for seg.

Lagmanns ferd eller lagmanns gjerd?

Det er å vente at det blant talrike Lamanns-namn på sjø og land finst dei som har med lagmennene sine embetsreiser å gjere. I ei samisk låneform lákamánne er ordet kjent frå Lákamánnkuoi'hka og - várre, visstnok «efter den väg domarna färdades mellan Arjeplog och Gällivare, över Jokkmokk, förr i tiden». Kortform av fjellnamnet er Lákamánne (Jokkmokk). Rarare er at ei lægd eller rettare eit elvegjel i området heiter Lákamánnegraven (Collinder:112). På kartet står no Lagmansgraven, men ein kan få mistanke om at det også her ligg eit omforma terrengord under.

Å segle eller ro seg opp på skjer eller grunne var sjølvsagt nok til at ferdamenn kunne få namn eller yrkestittel knytt til vedkommande stad for all ettertid. Kom lagmannsskyssen ut for slik uheppe, var det minneverdig nok, endå lagmannen sjølv godt kunne tenkt seg anna «ettermæle», men tvilsamt er at teorien høver for båenamnet Lamannen i Åfjorden eller for Lagmannsgrunnen ved Fornebu.

Kong Sverre gjorde kring 1200 Steigen til lagmannssæte, noko det var heilt til 1797. Kallsboka for Steigen nemner ei rekke lagmenn, men fortel fint lite om dei 5 . Kva stadnamna gjeld, bør det neppe vere grunn til å tvile på tradisjonen om at avling frå Lamannsåkeren på Mjelde i Steigen gjekk til skatt; så heitte òg ein åker (og buplass før det) på Forsan gnr 134, tidlegare gnr 103 i Hamarøy. Vi ville i utgangspunktet vente at Lamannshamn i Bø i Steigen fortalde eitkvart om Nordlands gamle lagmenn, det same burde gjelde for Lamannsstøbergan i Skotsfjorden – men korleis har det seg då med Låmannsstøa på Ånes, gnr. 129 i Vefsn? Det ligg eit dunkelt lys over fleirtalet av namna.

Når Lamannskollen, -elva og -osen på Myklebostad samt Lamannselva og Lamannsskogsletta på Kvalnes kjem til, namn frå Steigen alt, kunne vi like fullt spørje om lagmennene åtte fiskerettar og inntekter på mange gardar i bygda, eller om stadnamna hadde med rettsavgjerder og bøter å gjere? Så er sagt: «Selv om lagmannssetet var på Steig, betydde ikke dette at lagmannen var tvunget til å bo på stedet hele året gjennom. Manderup Schønnebøl, som var lagmann fra 1648 til -82, eide de adelige sætegårdene Bertnes og Skånland, den siste i Steigen, og hadde ellers et stort gods spredt over hele Nord-Norge til en skyld av 116½ våg. Antakeligvis bodde han litt på alle gårdene, men holdt seg stort sett i landsdelen» (Fygle: 1985:148).

Men om vi utvidar perspektivet litt meir, hadde verkeleg Lagmannsskaret på Fleina i Gildeskål eller dalkråa Lamannsdalen med Lamannsbergan («Latmanns-», «Lat-Hans-»!) i Dalsvåg på Dønna stor økonomisk interesse? På den siste staden, viser det seg, skal uttalemåten Latmanns- vere mest å lite på, og samanhengen er – etter kva som er sagt – at når dei torva på platået tett ovanfor, var det snopt å trille torvsekkane ned bakken og rett i båten. Kva Lagmannskaret gjeld, så fører dette ned til ei flat lita dalkrå i nordaust som no heiter Kjeldvika: Her kan vi med tanke på terrenget stryke ein bokstav i skriveforma Lagmannsskaret, men meir om det seinare.

Låman-, Laman-?

Vi skal no tilbake til Berlevåg, og siterer frå årg. 2000 av lokalbladet 'Berlevågingen': «Det enkleste hadde vært å fortelle kort og greit at navnet Lagmannsgata er knyttet til de lokalgeografiske navnene Lagmannsbukta, Lagmannsneset og Lagmannsholmen, og ferdig med det. Men så var det dette med lagmann, da. Det var en utfordring, og mye litteratur ble lest og mange ble spurt for om mulig å finne en forklaring. Flere teorier dukket opp. Kunne ordet lagmann være en fornorskning av et samisk ord (som vår geografi er så rik på), eller hadde det, som noen mente, noe med 'mannen i laget' / landmannen å gjøre? At det her ved sjøkanten var et sted / et spesielt hus for et spesielt båtlag som hadde sin spesielle lagmann? Tanken på at navnet hadde noe med den rettslige / juridiske tittelen lagmann å gjøre streifet flere av oss. Men dette .. klaffet liksom heller ikke i forhold til Berlevåg.

Så viste det seg til slutt at det var denne siste teorien som likevel var den riktige. Og igjen var det Terje Daldorff som trådte støttende til. Han hadde tatt kontakt med Gunnar Hammer, og sammen var de sikre i sin sak: Det geografiske navnene ... kommer av at da sorenskriverembetet i Tana i tidligere tider var i Berlevåg for å ta seg av ymse rettstvister, bodde sorenskriverens mann, lagmannen, i et hus i dette området (ved det gamle støperiet). Huset, som tilhørte Lorentzenfamilien, brant ned i 1944. Begge våre informanter husker godt dette store, lange tømmerhuset, malt i okergult og med torv på taket» (sitat slutt).

Terje Daldorff stadfestar i tlf.samtale at Lagmannsgata går ned til sjølve Lagmannsneset, og at det gamle huset stod berre ca 50 m frå neset. Vidare at før det kom molo, var det vanleg å segle opp til Lagmannsvika (-bukta) på nordsida av neset, der det også var oppsett for seglbåtar, framleis i bruk. Lagmannsholmen er no mesta gløymd, for han er inn- eller nedbygd i innerenden av moloen, men før bygginga av moloen kom det krav frå væreigaren om at det tronge småbåtsundet innom holmen ikkje måtte bli sperra. Kystverket etterkom kravet og bygde bru over, men det gjekk ikkje lang tid før sjøen aura opp sundet, som før var ei nokså viktig snoplei, så det er mura igjen i ettertid.

Takk vere eit anna sitat blir biletet av lagmannen eller i det minste folka hans på reisefot i Finnmark litt klarare: «Jeg laa paa et anløbssted i lykkelig besiddelse af stedets eneste kammer med seng. Ud paa natten kom saa embedsmandsflokken med sagførere, der havde været paa tingreise, lagmanden i spidsen. De fik en stue, hvor de leirede sig paa gulvet, indtil ud paa morgenen anskriget lød: 'Dampen kommer', der fik os til at tumle afsted allesammen, de som i nogle timer havde trykket gulvet i en temmelig morgengrætten stemning» (Reusch 1995).

No er Lagmanns-namna i Berlevåg sjølvsagt ikkje frå dampskipsperioden på siste halvdel av 1800- åra, lagmennene var ute og fór på Finnmarka lenge før det. Ettersom utposten Berlevåg aldri var eit lagmannssæte, er det litt påfallande at ein lagmannsvisitt i ny og ne skulle sette slike spor etter seg i det lokale namneverket. I så måte melder skepsisen seg dess sterkare ved Lagmanns-lokalitetar som ligg endå lenger unna allfarveg, både nord og sør i landet.

"Låmannsgården"

ligg i utmarka til garden Kammen i Vefsn (tidlegare Elsfjord), i norde enden av elveneset mellom Abelelva og Litltindelva. Staden er småkupert og var både slåtte og hamning, så kan hende skal -gården tolkast som garden = "innhegninga"? Der var også eit svensk kopparskjerp, som vart avvikla i 1905. Over Abelelva går det ei jordbru, men største særmerket i landskapet er ei ca. 300 m lang grotte i sørkant av Låmannsgården, utgraven av ei seinare uttørka elv. 6 Heilt uventa får det oss til å innsjå at same "gården" er ei mistyding. Eit godt hakk rettare er Låmann-skòren, til sørsam. skåarnje "bergkløft", men då i den særlege tydinga "enge, tiefe 'Bahn' (Bett) eines Baches" = trongt, djupt bekkefar, kjend frå Meråker (Hasselbrink b. 3: 1174, skoårnje). Utmerkinga Låman-, som må vere genitiv, er vrient på to måtar: Vi er i overgangen mellom ume- og nordleg sørsamisk med ulike rettskrivingar, men vi kan ikkje berre ignorere malåsamisk luob'ma, luoma "unterhöhlte Stelle im Bachufer" (Schlachter 88), dvs. uthola bekkekant, likså lite som at i bøyingsmønsteret til sørsamisk luemie, låemie (Hasselbrink: loåmie) inngår m.a. singular illativ loåmaan. Ordet finst i lulesamisk med: luopma er eit område der vatnet har mara ut bekk- eller vasskant (Grundström).

Lagmannsgard

|''la:manska:| gnr. 29 i Gol er det naturlegvis særs interessant å samanlikne med. Alle gamle skriveformer av det namnet går godt i hop med eit gno. *Lagmannsgarðr, men like fullt har vi ingen andre fakta enn sjølve namnet å bygge på, der heller. Topografisk slåande er det at garden ligg på toppflata av ein høg haug i fjellfoten, ein avsats som er veldig bratt mot nord og aust.

Lamannshamn

i Bø i Steigen er merkeleg nok berre ein sandvâl mellom vesterenden av haugneset Gròvdusan og holmen Storøya. Nordenden av vâlen er pintrong og heiter Nord-Lamannshamn. Det er betre plass i Sør-Lamannshamn, på nordsida av eit skjer som nesten stenger vâlen. Brukande som hamn er lokaliteten ikkje i våre dagar, men vi må ta sterk landheving i området med i rekninga, så ei ev. småbåtlending kan ha blitt ubrukeleg seinare. At lagmannen på Steigen fann dette øyrbeinsholet høveleg for seg er det likevel grunn til å tvile på. Kanskje fortel namnet at der var innsmett for den som var grunnkjend «som ein ladmann», men det òg skurrar litt, for lokaliteten ligg ikkje ute i leia.

Ei marmoråre som rekker langt innover Bø, kjem opp i Lamannshamn og i Søvet tett innafor. Før i tida vart det tatt ut mange gravsteinar i området, men det finst ingen tradisjon om at lagmannen på Steigen brukte sjølve landområdet heller, korkje som hamn eller hamnegang, endå det var ein gjæv plass på det viset at dei kunne grave både fjæremakk og sil ut av sanden der 7 . Men landhevinga har verka, og gir vi oss av med gjetting, var saktens Lamannshamn eingong djupare og reinare enn det er i dag. Likevel, det store særmerket for denne «hamna» er den ovtronge opningen til sjøen8 utafor, jfr. sam. loapmi, loapme i tydinga «mellemrum i en klippe», bergsprekk o.l.

Lamannsheia

tett vest for Kristiansand, med Lamannsmyra like attmed, ligg nær merket mellom to matrikkelgardar. Namn som Bispebekken, Bispelona, Bispetjønn og Bispeåsen på matrikkelgarden i sør kunne takast til inntekt for at eingong var også lagmannen grunneigar i området, men eigentleg er Lamannsheia berre eit platå, ein langvoren avsats framfor litt høgare fjell på nordsida.

Lågmannslægeret

heiter ein lang fjellkant mellom Sauherad og Bø i Telemark. Skilet kommunane imellom kryssar fjellkanten i nordvestre delen, slik at storparten høyrer Sauherad til; litt vestafor er det ein formasjon som liknar. Går vi ut frå at den naturgjevne grensedraginga var om lag den same i gammal tid, er det liten grunn til tru at lagmannen var kopla inn her. Derimot er det rimeleg å forstå namnet så, at lokaliteten gav livd og kvile for dyr og menneske, merk læger i tydinga "kvileplass på fjellet for folk og fe" (NO 7: 881), og fjellkanten (stupet) er så bratt at der må vere eitt eller fleire utoverheng som høver godt til det formålet, så Lågmanns- må tyde noko anna, sjå seinare.

Lamannsmyr

i Sande i Vestfold er i namnevegen noko heilt for seg, for på kartet står det no faktisk «Lavvannsmyr», men du kjem også fram ved å søke Lamannsmyr. Det er eigentleg tale om ein vid liten dal med slake sider, berre litt bratt mot aust, og der myra utgjer heile dalbotnen.

Lagmannsputten

i Lørenskog er, som namnet seier, ein pytt i ei rund lita myr inni skogen, og denne myra utgjer botnen av ein flat liten dal. Der òg er tvilsamt at lagmannen har stort med saka å gjere.

Lomannskogfjellet

(òg Låmann-) på Øvre Seines i Bodø, i flg. ØK også kalla Turtnholfjellet, er ein langvoren, låg og noko oppdelt fjellformasjon. Ryggen strekker seg ned heilt til Langvatnet, derifrå renn Lomannskogelva ned til Gongvatnet. Her kan vi tenke at austre delen av Lomannskogfjellet er ein låg man, samanlikna med den lange og høgare bergryggen Hellafjellet i sør. Men vi kunne også fokusere på namneleddet -skog-: Skogen er å finne på det lange myrdraget på nordsida (sjøsida) av fjellet, med ein vid myropning midt i, jfr. at *ló f kan tyde "lysning, open plass (i skog)", så vel som "lund". Området har også ein del myr, så vi skal heller ikkje sjå bort frå lå "myrvatn". Dette gir oss valet mellom sms. *lågman- eller *loman- (variant *låman-), i ny sms. med -skog- og sistpå -fjellet, men å tolke etappevis på den måten er lite overtydande.

Lo- eller Låmannskogfjellet har to markerte små dalar. Mest synberr er ei skogkledd og skyggefull djup krå midt i fjellet med opning mot vest og brattast på sørsida, men eit grann lengre og vidare er eit daldrag til motsett kant, med opning mot aust. Vi kunne ta Loman-, Låman- for å vere genitiv av loapma lik loapme (Tysfjord, Jokkmokk, Arjeplog) „liten dal i fjellfoten“. Då får forma Lomann-, Låmannskogen ei enkel forklaring, men målføregeografisk er det meir problematisk, sjå seinare.

Lagmannskogsletta

på Kvalnes i Steigen er som namnet seier ei skogslette – i ein opning i ein lang, snau bergrygg. Kring austre, kortaste delen av ryggen veks skog på alle sider, men langs bergryggen i vest finst skog berre på sjøsida, no med mykje rydda mark. Dette strandskogbeltet er i alle tilfelle smalt, og utafor er det særs langgrunt. Tenker vi på lå brukt om "Strandvandet ved Havbredden" er den lange og smale fjellkanten på sjøsida saktens ein *låman, samtidig som vi med god grunn også kan tenke på ló i tyding "lund" eller like snart "lavtliggende Engsletter ved en Vandbred". Bør også seiast at sletta ligg tett ved den 33 m høge Foråsen, som er ein låg man på sjøsida i vest i motsetnad til det lange og ca. 165 m høge Storosfjellet i aust. Likevel, som i Lomannskogfjellet sitt tilfelle blir tolkinga basert direkte på loapma, loapme "opning" betre enn det samansette terrengordet *láman-, *lóman-, som er heilt ukjent elles.

Låmannstøa

på Ånes i Vefsn låg på stranda like vest for utfallsosen i Herringelva sør av Brekkøra. Herring-bygda var veglaus lenge, og Låmannsstøa var hovudstø for motorbåtar i mellomkrigstida, særleg viktig utpå sommaren når Fustvatnet minka og dei andre støene ikkje kunne tene. Lokalt var det berre snakk om to støer, nemleg Låmannsstøa og Knutstøa, som låg litt lenger opp i elvekjeften. - I mellomkrigstida gjekk det ferdselsveg ned til Låmannstøa frå Ånes-grenda, men han er attgrodd, for Herringelva har endra faret og tilhøva i elvekjeften, og Fustvatnet er blitt meir langggrunt etter 1955, så sjølve støa er borte 9 , men på flyfoto visest eit uthola parti i strandkanten, den luopma som sannsynlegvis gav støa namn (sml. drøftinga av Låmannsgården). Ho ligg eller låg på ei lita halvøy rett overfor inste enden av den grunne vassamlinga Kisen.

Lamannstøbergan

er eit eldre namn på Hamran i Innerskotsfjorden i Steigen. Hamran er ein ovsmal rygg ved fjorden frå garden Innerskotsfjord og vestover, og mellom dei og snaufjellet på innersida er jordvegen berre ei smal remse, dyrka ved garden lengst aust, men skogkledd vest mot merket til Skotsfjordmarka. Innmarka kan nok samanliknast med tysfjordsamisk loapme „liten dal opover fra foten av et fjell“, men då pressar vi ordet litt. Litt lenger vest er det i alle fall berre blautmyrpyttar, Kjemman (jf sam. giebme «kjel»): Det namnet må ha kome litt på rek, etter den nokså slumpesame kartplasseringa å dømme. Kjemman er eit nokså stort vasstø(de) tett innafor fjellkanten Hamran, så gno. lá "myrvatn" melder seg for tanken her òg: Ryggen kunne for så vidt vere ein lámǫn, *láman- „myrvasskant“, seinare tilføydd [vass-]støbergan etter at Låman- ikkje lenger var forståeleg, men ei lagvis namnefortolking er problematisk også her, ikkje minst av di sikre døme på bruk av sjølve det korte lá er fråverande i nordnorske stadnamn.

Noka «lagmannsstø» kan ingen i dag peike ut i det stort sett smale fjærebeltet i Innerskotsfjord, og vestafor er det berre „hammar i hav“, men omtrent midt på bergstrekka finst det ei halvsirkelforma innskjering i strandkanten der det tydelegvis er råd å drage opp båt. Berget er ganske bratt i vestre kant av innskjeringa, noko som passar med tysfjordsamisk bakte-loapme „heller, hallar“. Enklaste forklaringa synest då vere at Lamann- er norsk omforming av ei samisk ordlaging med slik tyding, sjå seinare. – Lamannstøbergan som parallellnamn til Hamran skriv seg då frå støa i midten.

Låmmanstjønn

og myra der utgjer det meste av den flate botnen i eit dalsøkk sørvest for Høgåsen i Songdalen i Vest-Agder. Topografisk er det særs stor likskap med Lamannsmyr og Lagmannsputten ved at det alle tre stadene er tale om ein myrlendt liten dal med ei endå mindre tjønn midt i.

Lamannsvika

i Steigen er ikkje pollforma, slik Stor-Lagmannsvika i Hamarøy er, og landskapet har i grunnen ingen ting sams med lokaliteten i Hamarøy. I botnen av den ubygde vika i Steigen er det to smådalar. Den vestre er brei og relativt slak, den austre er smalare og går bratt oppover mellom to åsryggar. I så måte ikkje mykje ulik Lamannsvika i Sør-Audnedal, som i vestre del har ein liten dal som er bratt på eine sida. Lagmannsvika |''lammaņņs-| i Hamarøy er eigen matrikkelgard, gnr. 115. Namnebruken kan i dette tilfellet forvirre, for den runde pollen som garden har namn av, blir kalla "Storlamannsvika" (bnr 1), men busetnaden har især vore i Litl-Lagmannsvika lenger nord. Dette førte til at folk oppfatta Litl-Lamannsvika som den verkelege Lagmannsvika og nytta namnet i samsvar med det, men like fullt sa „Litl-Lamannsvika“ om ein viss del av same «Lamannsvika» medan den faktiske Lagmannsvika lenger sør og inn vart påhengt eit hyperkorrekt "Stor-": Særmerkt for denne er at aller lengst sør, på nordsida av skilelva mot neste gard, er ei stor krå med bratte kantar og slakt skrånande botn.

Kva med «låg man»?

Lagmannen

i Eid i Sogn og Fjordane utgjer naturleg grense mellom gnr. 123 og 124 og er ein lang og smal rabb: Den nedste delen har ei grunn gjennomskjering som gjer at ryggen Reina er skild frå resten av manen, men ser vi stort på det, er det tale om ei lang låg man, samanlikna med det mykje høgare fjellet i vest. Namnet må då seinare ha blitt omtolka til å ha med lagmannen å gjere.

Oppsummering:

Svært mange Lagmanns-namn som tidlegare er drøfta må forståast i ein historisk jordskiftekontekst, men unnataka er òg talrike: Lamannsholman i Karlsøy og Lamannsholmen i Berlevåg med kvar sin tronge opning er to, fire andre er Lamannshamn, Lamannstøbergan og Lamannskogsletta i Steigen samt Lo- eller Låmannskogfjellet i Bodø. Særtilfelle som Latmannsbøen og Lagmannsskaret må vi dessutan drage ifrå. Lånordet ladman er alternativet for namn i eller nær ei lei, men for fleirtalet gir sam. loapma eller loapme «opning» eller «liten dal» best meining. For dei færraste verkar låg+manovertydande.

Når den neste stavinga startar med -s, blir ev. genitivs s i førsteleddet kamuflert: i Lamann(s)skaret, Lagmann(s)skogsletta, Lomann(s)skog-, Lomann(s)skòren, Låmann(s)støa og fl. For norsktalande skaper dette uvisse om genitiv – ikkje genitiv. Vi kjenner frå før til at terrengordet -man- = -mòn i mange stadnamn nesten mekanisk går over til -mann- og får genitiv -manns- (Håløygminne 2013 s. 76f) og må rekne med same tendensen har gjort seg mekanisk gjeldande i Lamanns-namna.

Nordsamisk har som før nemnt terrengordet i formene loapma, loapmu, loapmi. Det ser ikkje ut til at dei to første formene opptrer utanfor nordsamisk (Qv 1944: nr 523), men i lulesamiske distrikt er loapme (Grundström: låpmē) nytta om «gräsbevuxen platå i högfjället, strax under fjälltoppen» eller «avsats i en fjällslutning» (Lagmannsgard, Lamannsheia!), på glid mot «säckformig inbuktning i en fjällsluttning» (Storlagmannsvika) eller beintfram «liten dal i allmänhet» (Collinder), jf. her sørsam. låemie «liten grasdal, senkning mellom hauger». Kva det siste ordet gjeld, vil vi minne om det som er fortalt om Lamannsmyr, Lagmannsputten og Låmmannstjønn – så vel som Lagmannskaret i nord.

Med tanke på Lågmannslægeret især bør òg nemnast at loapmi i nordsamisk primært står for «åpent rum under noget» (Qv 1944 nr 523), då også under fjellknattar, i samsvar med Tysfjord-sam. bakteloapme «heller, hallar»; den sms. går elles langt vidare, i liknande tydingar. Om Lamannen på Stord må det vere lov å vere tvitenkt, for der er det i utprega grad tale om «avsatsar», med stupbratte fall i tillegg, slik at det kanskje oppunder desse også finst innsmett for folk eller fe?

Genitiv loamen- av terrengordet loapme (Qv 1944: nr 523) er sjeldan i stadnamn og har neppe vore omforma til Låmann- av norsktalande? Ei anna forklaring tiltaler litt meir: Deminutiv av loapme er loamaš «liden Aabning, Smuthul» (Friis). Skilnad i bruken av og grensedraginga mellom grunnord og deminutiv har sannsynlegvis vore mindre tydeleg enn det vi forventar, i alle fall er det presisert – når det gjeld deminutive former – at «i enkelte ord er denne betydning forsvunnet» (Qv 1944 s. 4). Vi veit det ikkje sikkert, men det kan innebere at det heller ikkje har vore klar skilnad på bruken av grunnordet og deminutiven i dette tilfellet. I Qvigstads samlingar frå Troms, Finnmark og Nordland er deminutive former ikkje hyppige, men på hi sida ligg topografien til Lamanns-lokalitetane så nær opp til tydingar loapme kan ha, at norsk omtolking frå loamaš |låmasj-| til lǫgmanns->lamanns- blir sannsynleg i ei lang rekke tilfelle.

 

Fotnoter:

  1. Karl Leewy, "Kristiansands bebyggelse og befolkning i eldre tider. B. 11 Odderøya, Lagmannsholmen, været" s. 208.
  2. Gustav Indrebø 1929, "Stadnamn fraa Oslofjorden" s. 44.
  3. Chr. C. Bruun 1940, "Skiens lagstol gjennem 500 år".
  4. F. Myrvang 2012, Håløygminne b. 23 s. 451 om Vismannen o.l. namn.
  5. J. Schøning 1930, Håløygminne b. 4 s. 179-180.
  6. Fortalt 2012 av Einar Austerslått, Luktvatn.
  7. Fortalt av Ida Pedersen, Bø i Steigen.
  8. Eit relevant men litt usikkert namn er det som på kart over Tjøme no heiter Lagmannssund, men «Landmannsund» i eit arbeid frå 1942: "Ennå for ca 50 år siden var Landmannsund som går inn der, så dypt at losbåtene kunne seile inn i det; men det grunnet fort opp, og sundet var så grunt at skøyter ikke slapp inn også før veien til Vikerholmen ble bygget og stengte all båttrafikk her” (Reiner Rødeland, hovudoppg. om "Sjø- og strandnavn fra Nøtterø og Tjøme" s. 276 (jfr s. 31 og 117). Kartverket har venteleg henta skrivemåten Lagmann- frå eldre kjelder enn den siterte?
  9. Opplyst av Kjell Øksendal etter samtale med Knut Aanes 9. november 2010.

Litteratur:

  • Bergsland, K. 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø-Oslo-Bergen.
  • Brøske, E. 2000: Gate- og vegnavn i Berlevåg - del 7: Skole, prest og lagmann. Berlevågingen nr 1-2000.
  • Fritzner, J. 1867- : Ordbog over Det gamle norske Sprog. 4. utg. 1973.
  • Fygle, S. 1985: Steigen Bygdebok b. II. Bygda og folket 1660-1900.
  • Nielsen, K. 1932-1962: Lappisk (samisk) ordbok. Oslo 1979.
  • Qvigstad, J. 1994: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
  • Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn.
  • Reusch, H.: 1895: Folk og natur i Finmarken.
  • Takk til Berlevåg Havnemuseum.