Låmi, Lomi og Løme

«Håløygminne» 2 og 3-2013, nyredigert

Av Finn Myrvang

I stadnamn kan loapmi (loapma, loapmu) stå for «hellar», men òg «bergskåre» (Qv 1938: 34, 70), på gamle kart til dels omsett med «kløft» (32,  45). Aller oftast er det tale om «flat terrasse i eller på ei fjellside», «flat og liten dal», men også om «slette, flate i fjellsida»[1]". For øvrig omsetter Qvigstad sjølv ganske enkelt ordet med «lægd» i fleire namn frå Troms[2],  då og eit par gonger i fleirtalsform -loamek, normalisert no: -loamit. Ordet skal vere lånt frå baltisk, kort forklart med eng. “gap”[3], dvs. “opning,  mel1omrom”, noko som er mangetydig i landskapssamanheng. 

Bruken av ordet i nordnorske namn lærer oss mykje. Stuorra og Uhca Loapmejávri i Berlevåg, som er omsett med “kløftvatn”, har avrenn til kløfta Vesterdalen i nord, og på nordsida av den ligg eit myrlendt heiplatå med «Lomtoppen» og «Lomtoppvatna», former som isolert sett får oss til å tenke på fugleliv, men namnemiljøet elles tyder på noko anna, medrekna Loamejohka i same område[4]. Loapmi i Tana er iallfall ei lang kløft: I opningen ligg det runde Loamoaivi, og i nordvest og heilt innåt ligg det vide flatfjellet Vággečearru. Loapmi i Nordreisa er nok det vide platået der Loamijávri og  -johka er å finne, men namnet vedkjem også fjellhøgda i vest, med eit Loamijávri der og. – Loapmi i Gratangen er nok primært den vide heihylla der «Lopmevatnan» ligg. 

Langdalen (sam. Leaððovággi) er i Målselv, med Langfjelltinden austom: I nordkant av tinden ligg Loamek (norm. Loamit) flt. «lægdene», ei vid hei med djupe vassøkk. Qvigstad nemner òg Loapmegeahče (Loabmegæčče), jf. Lōmiid-alaš (lægdhøgdene)  flt., vel ikkje å finne på dagens kart. Kartfesta er derimot Langfjelltind[en], som i flg. Qvigstad før vart halvt fornorska til “Lomikletten”, men i dag går for Lomiidgáissit (fleirtal): Der er fire toppar eller «gaisser» på rad. - Gussaloamek i søraust er og vide lægder med tjønner i, likeins Lulit Gussaloamek (Høgskardfjellet). Eit anna Loamek er kalla “skard” på Norgeskartet, men er nok etter retten namn på 2-3 små myrlægder innafor skardet, på sørsida av fjellet Skrubben. Vanskelegare å finne ved kartsøk er ei  tylft andre loapmi-namn som Qvigstad registrerte i Finnmark og Troms tidleg i 1930-åra eller før. 

Termen loapmi/loabme er ikkje ukjent i Nordland heller: Loabme er ei bekkekløft på Vasshaugen i Narvik, rettare ei bratt hylle i skilet mot Vassdalen lenger aust, og noko heilt for seg er Tjielloabme (Tjelåmi), ein fråflytta buplass i Tysfjord, før Kjelomi el. Čel-loapme: «en gressklædd skråning mot sjøen med berg på begge sider» (Qv 1938: 209). Lokaliteten er slakare enn terrenget på sidene, og Tjiell- er truleg identisk med tjällú i Nordre Gällivare over grensen: «tämligen slät och långsluttande, gräsrik fjäll­sida, genomskuren av bäckar» (Collinder 1964), det passar godt. 

Loamejåhkå i Fauske med elveutvidingane Loameluobbal kjem frå innsjøen Loame­jávrre. Folk flest kjenner nok lettare att dei fornorska namna Låmivatnet, og så Låmi om dalføret der Låmielva renn; ein tredje stavemåte ser vi i namna Lomi kraftverk og Lomihytta. Loamejåhkå oppstår der to bekkar møtest i ein smal, grunn dal el. loapme oppe i fjellet, men elles renn elva i bratt lende. 

Ájvasloabme (Evenesdalen) og Stoarmmoloabme (Stormdalen) som namn på store dalar i Saltdal og Rana kjem tilsynelatande i ein annan divisjon, men førstnemnde er i nedste del ei mektig kløft mellom Nupen og Hogndal, og det same gjeld for siste del av Stormdalen frå Bredekfossen av, endå dalen i starten er ovflat og vid og har eit utal av elvegreiner.

Ulikt nordsam. loapmi tyder sørsam. låemie «liten grasdal, senkning mellom haugar», med annan skrivemåte loåmie (variantar luämie, luömie). Også tydinga er skiftande i sørsamiske målføre[5], frå «dal» i allmenn tyding, ev. «lang brei da1», til det motsette: «trong da1», men vanlegast er «lita lægd», «senkning mellom bakkar (lier)», «grunn og flat dal», «slett og flat og lett tilgjengeleg liten dal». For det meste temmeleg små lokalitetar, men ei særskild forminskingsform loåmedje finst òg (Hasselbrink 2: 861). Deminutiv av det nordsamiske loapmi er på si side loamaš, lomuš o.l.[6]   

Det er lite truleg at der finst noko samband mellom sørsam. låemetje eller låemedje - frå først av om groper og gangar lemen lever i? - og norsk 1emmed(e) el. lemmet(e) om sjølve dyret. Sørsamisk namn på dyret er luemieh (luemege- i sms.), i lulesamisk luomek (luomeg-), mot nordsamisk: goddesáhpán. Merkeleg nok er siste ordet mesta ikkje brukt i stadnamn, vi ser kun Lemet- i heilsamiske namnelagingar så langt nord som Vardø, Tana og Balsfjord. Ei utfordrande gåte.

Derimot gir karta frå strekninga Nærøy - Røyrvik - Grane – Hattfjelldal talrike døme på bruk av terrengordet låemie, som ligg til grunn for låemetje. Rett nok er ikkje alle påført karta med «navns nevnelse», men i det minste får vi vite kor lokaliteten har si rette plassering: Eit særsyn er at Birjenlåemie i Røyrvik er registrert som namn på ein myrpytt, men opphavleg var det vel namn på sjølve myrsøkket. 

Nemneverdig er den regelrette avkorting som skjer når desse loabme / låemie-namna inngår i ei ny samansetting, t.d. Tjielumbákte og -várre (Tysfjord), og i Hattfjelldal er sørsam. kraesielåemie endra til Graslomien på norsk: Sannsynlegvis av rytmisk årsak kjem i-en frå kraesie “gras” igjen i ny sms. Grasilomhågen og -myra. Namnelementet er nok å finne mykje lenger sør og: Merk her Lomdalen i Grong og Lomdalen i Lesja, Nord-Fron og Vinje, Låmedal i Audnedal og Låmsskar i Lindesnes ikkje å gløyme. – Også Aslomdalen i Fyresdal i Telemark ut til å vere ein typisk låemie. Små lydelege variasjonar lom/låm kan vi i alle fall ikkje legge vekt på, jfr. namna frå Fauske o.fl.[7] Mange sikre eller sannsynlege låemie-lokalitetar i søre del av landet er myrute, og det er talande at Låemie i Hattfjelldal har norsk namn Blautvassdalen. Sjeldnare slik med loapmi-lokalitetar i nord: Unnatak er Loamek nær Skrubben i Målselv, og dalsøkket under lia “Lomisida” i Nordreisa.

Særmerkt er Lomeldra |låmm-| på Muggedalsåsen i Sør-Aurdal i Oppland, ei mange hundre år gammal sæter som ligg på fastmark (skogslette). Både i nordvest og søraust er det myrar med vasspyttar, men nær sætra strekker det seg gjoteforma myrstrengar ut i aust og sør. Forklaringa kan vere enkel: Staden har sett på som ein *låemede(h) = *låemedahke, altså noko låemie-aktig, men uttalen av namnet tok farge av lomeldre, som er namn på dyret i Sør-Aurdal, ikkje så ulikt lemeldre i Rindal.  

Elles kan det sjå ut til at det samiske terrengordet ved fornorsking tidt har fått seg på­hengt eit forklarande norsk -myra, som då i ny samansetting får redusert  uttale -mer-: Lommerbakkan ligg ovanfor dei oppdyrka Myran gnr. 115  i Borge, og Lommeren gnr. 108 i Steigen skrivst Lomeriord 1723.  Lommervassmyra er på Løkta i Dønna, bruket Lommergjerdet er i Sømna: Der er storparten av myra dyrka. Lommermyra ved Lauvsjøen i Lierne kan også nemnast, kanskje Låmmårstranda på Namdalseid og (med mindre det der er tale om “myrvatn”). Kor som er, små eller større myrar er det på alle desse stadene, for så vidt i mange av Lom-dalane også, så attåttydinga (konnotasjonen) myr er heile vegen med. For Lommeren i Steigen kunne likevel gno. mœrr f. «sump(land)» vere eit alternativ.

Nokre få namn minner om luømie som ein variant av sørsam. luemie, låemie, loåmie,  d.e. “liten grasdal, lægd mellom haugar”: Lømeli i Songdalen (Kristiansand) ligg ytst i ein ørliten dal tett ved ei smal myrgjot kalla Blikksmyr på  kartet, og Lømhommen som namn på ein rundvoren botn i Hægebostad (Vest-Agder) kan vere ei sms. *løm-hom der luømie har fått eit fortolkande norsk tillegg hom = kvam.

Lømændskar i Fyresdal, ein bekkedal, stig opp frå ei lett avrunda gjot i nedre delen, ikkje mykje ulik Lømendalen i vasskanten ein stad i Kviteseid. Kva lemen har med desse stadene er det uråd å forstå, heilt annleis blir meininga dersom vi legg til grunn sørsam. luømie, gen. luømie-n- «lægd mellom haugar» o.l. Forma Lømændskar især viser korleis tanken på dyret har sett sitt stempel på skard-namnet, merk at lømen(d), løman(d) så vel som leman(d) er velkjente ord for lemen i Telemark.

Lømmerud i Marker ligg på flat fastmark, men tett vest for garden strekker seg eit langt søkk med ei myrremse i. Ein kunne forstå namnet som luømie+rud, altemativt som lømmer+rud, jfr. omtalen av Lommer-namna. 

Heilt til slutt skal seiast litt om eit namn som berre tilsynelatande høyrer til flokken av Lomi-, Låmi-namn: Elva Lomunda |”lomm-| blir til inni Lomunddalen[8] i Orkdal (no Orkland), der fleire bekkar møtest under platået Slettmyra. Ho renn vestover – der gardane Lomunddalslykkja og Lomunddal ligg på terrassar på nordsida –  og tar opp ein bekk frå Stuggudalen i nord og Hulubekken frå vest og blir større. Særmerkt for elva herifrå og ned til grensen mot Gjesdal (på vestsida)  er at der er fullt av grunne små utvidingar og lommar, så at elvefaret ser ganske «frynsete» ut. Dette går, så vidt ein kan sjå av kart og foto, gradvis over i meir ordinær meandrering. Her, er det likt til, møter vi namnelaging til ein variant av malåsam. luobma «unterhöhlte Stelle im Bachufer», lulesam. luopma "hålighet under en bäck- eller sjöstrand"[9]. Det burde vere meir meiningsfullt enn at elvenamnet har med dyret lomundr[10] å gjere. Eller kanskje tvert imot: Kan det vere såleis at både dyret og elva fekk namn av «unterhöhlte Stelle, av hol = «håligheter»?

Fotnotar:

[1]Asbjørg Skåden 2004 , «Just Qvigstads lappiske ordbok fra Ibestad, Lenvik og Oofoten. Bearbeidet versjon».

[2]J. Qvigstad 1935 s. 34,80, 81, 90 og 103.

[3]Pekka Sammallahti, «The Saami Languages. An introduction», s. 122.

[4]Lomungen heiter ei tjønn fremst på eit heiplatå og med slakt avgåande dal nordafor, i Hammerfest. Vanskeleg er hovudleddet -ungen, som er uvanleg i nord (Bjørnungen og Ørnungen heiter tjønner i Sør-Varanger), men vanlegare på Austlandet, utan at dei der har med fugleliv å gjere (Indrebø 1924: 251). Er det i Hammerfest sitt tilfelle tale om fuglenamnet lom eller om Lom- som fornorsking av loapmi?

[5]I deet flg. omsett frå tysk (Hasselbrinks ordbok).

[6]Konrad Nielsen, «Lappisk (samisk) ordbok» b. 2 s. 540.

[7]Det same Lom er interessant i fleire tilfelle, t.d. for garden Lome i Vestre Slidre, som ligg i ein slak vid kveld ved Slidrefjorden. Også Lomeland i Gjesdal og i Eigersund (Helleland) ligg i slake søkk, like eins Lomheim i Luster (Hafslo) og Lomnes i (Ytre) Rendalen. Det fører for langt å gå inn på overleverte skriveformer av alle desse namna.

[8] Lomunddalen finst ein stad til, i Strinda i Trondheim kommune, der som ein uslett liten dal med eit par strimler av våtvoren myr og heilt isolert. Vassfar sluttar seg ikkje til, derimot masseuttak, så terrenget er ikkje som det var.

[9] Adjektivisk luobmá, attr -s "som har många håligheter i stranden (om en bäck)" eller luopmat, attr luobmis "som har håligheter (luomah) i uttr. luobmis jåhkå (= luomakis jåhkå), også luomak adj., attr -is: luomakis jåhkå "en bäck som går genom håligheter under tuvorna eller i jorden och knappt synes" (Collinder)

[10]Sjå t.d. Sandnes og Tylden 1968, «Namn i fjellet» s. 64.