Landkom- eller Landkam-?

Klikk for stort bilde Tore Ruud. "Håløygminne" 1-2018

Av Finn Myrvang

Lokalitetar med namn der førsteleddet lyder Landkom- el.l. har i utgangspunktet tidt med landingsplassar å gjere: Landkomberget gnr. 147 på Inga i Måsøy gl. hd. var før skrive Landkonberget, men sagt Landkom- og i folketeljinga 1910 skrive Landkomberg. Rygh seier: «Berget er en bekvem Landingsplads, og der er er en udmerket Baadhavn» (NG 18:163). Lokalkart og oversynsfoto tyder på at det høvde å lende både på austsida og vestsida, med små farkostar. År 2016 fortel Wikipedia:

«I gamle dager var hollandske hvalfangere stasjonert i Mafjorden. Det var også fiskevær på Ingøya med sjøsamiske bosettere, og danske embedsmenn var også representert. Man kan derfor si at det er et genetisk mangfold i europeisk målestokk på øya. I 1530 bodde det om lag 360 mennesker på Ingøy. 300 var bosatt på Inga, 60 på Gåsnes. - I dag bor det mest nordmenn på Ingøy, hjulpet av finlendere, baltere og nordlendinger med plass på fiskebåt. Disse leverer fangstene sine på fiskemottaket som heter Ingøy Fisk.. »

Landkomberget i Lebesby ligg på Skjøtningberg, no med molo, på vestsida av ei stor sandvik; samisk namneform Loaŋkonbakte (Qvigstad 1938:37). På austsida av sandvika ligg Russekeila. Landkomberget synest å vere namnet på ein del av stranda utom dette gamle fiskeværet, som skal ha hatt så mykje som ca. 250 værmenn alt på 1400-talet. Her, som på andre verharde utrorsplassar, vart nordlandsbåtane sette opp i dårleg ver. Det vart det naturlegvis slutt på då motorbåtane kom.

Namnet Skytning- eller Skjøtningberg kunne, i samsvar med talrike skriveformer frå 1500- og dels frå 1600-talet, snarare skrivast Skytting- og Skjøttingberg. På Ortelius' kart frå 1570 står Skittunsberg, hos Mercator Scittungberg i 1595, + Schuttingenberg (Sanson 1668), Schuttinberg (Bowen 1791). Tvilsam er tolkinga skytningr «samanskotslag, gilde» (NG), meir truverdig er ei avleiing til gno. skúta v. «skyte fram, henge utover», t.d. skúta yfir fram sjóinn. Det høver for fjellsida vestom været og til dels for austsida med, merk gno. skúti og nyno. skut i just den slags tyding.

Lankonbåen ligg rett nord for den opne heimevika i Makkaur i Båtsfjord. Her er verhardt, også til Finnmark å vere, og uråd å lende i dårleg ver. Busetnaden var likevel gammal, frå 1500-talet iallfall, og båtane måtte dei sette opp. Uvisst er om det kan ha skjedd på den langgrunne stranda rett sør for Lankonbåen.

Landkomhella i Berg synest vere eit merke for lendinga Landkomkeila like synnafor. Berit Sivertsen i Mefjordvær har med gamle fiskarar som kjelde fortalt at når dei kom av havet, tok dei merke av sjøburden på Landkomhella, om det vel var råd å komme i land i Været. Seinare er Landkomhella bygd inn i moloen, og innom kjem alle støene som hamnevesenet har vore med og rydda. Det er utenkeleg at dei skulle ta merke for landing så langt unna Været som der hella står avmerkt på kartet no. Det kartet kallar Landkomkeila – ho òg plassert nordafor moloen – er inga keile, berre ei bratt bergvik, ubrukeleg som båtplass. Resonnert slik må Keila ha vore ein stad i sjølve Været, men om så har vore tilfelle, som kan vere uvisst, er det iallfall gløymt i dag.

Landkonhella eller «Langkonhella» heiter også ein lett avrunda, flat stein tett ved den ryddige stranda eller lendinga midt i Alvestad på Gryta. Usikkert er om Landkonhola 2 heimfesta til Grøtavær var ei vik i nærleiken av Landkonhella (Hm. 10: 485).

Landkomhella i Hillesøy er etter kartet ei berglendt halvøy, med stø og mange gamle hustufter. Like austafor strekker dei to Landkomskjæran seg nord-sør, som ein naturmolo nærmast. Her, som på Inga, synest det å vere brukande lending på vestsida med. Jens Solvang kallar Landkomhella ei flat strand og seier at rekneskap over «Husfrelse wdj Hillesøe Thingstedt» frå 1611-30 i Riksarkivet har namnet i formene Landkonehelde og Landkonellde, Laaed-Kvennehellde og ein gong tydeleg Landkonhelle: «På denne flate strandsletta hadde Bergens- og Trondheims-borgarar sine buer og bruk for på lag halvfjerde hundre år attende», nemner han, og føyer m.a. til:

«For den lokalkjente er det ikkje vandt å skjøna at fiskarane den tid med småbåtar og håndsnøre fann seg ein lagleg utrorstad på Langkonhella nordst på øya. Der er etter måten ei grei og alltid farbar lei ut til seigrunnar og klakkar til fiske under land, motsett leia på sørsia av Hillesøya gjennom Svee, som er krokut og bryt saman i uver. Difor fekk dei for nokre år sidan Valen mellom Hillesøya og Sommarøya oppmudra så storskøytene no kan gå inn Verholmleia til hamna i Sommarøy» (Hm. 1949: 60-62).

Landkanholmen på Andenes – det synest stå «Lankonhl.» på ingeniør A. Dorps oversiktskart frå august 1888 – har i ny tid jamt vore kalla Lankanholmen. Namnet blir også brukt i samband med sjøhusutleige. Men dei lokale tilhøva – merk den landfaste Skjåholmen tett innafor, Tørnskjæret utafor og på austre kant Busanden og Trondhjemsbukta (tidlegare Hollendarbukta) – alt vitnar om ei sentral lending for Andenes vær gjennom lange tider, før moloar av noko slag var påemna. Det heiter alt i 1591 at «paa dette samme land er et skiønt fiskevær, og der bor en stor hob fiskere – og der bruges en stor handel og er saa godt som en halv kjøbstad». På denne tid finn vi der ute folk med tilnamn som Sør- og Sønnderlending, Sundmøring, Romsdal, Nummedaling, og dessutan Dansche, Jyde, Thysch, Schott, Hieltte, Jambt osv. Same namneskikken vitnar i flg. J. Qvigstad om nordeuropeisk innflytting til Troms og Finnmark på siste helvta av 1500-talet (Hm. 1923: 33 og 1926:162). God hamn hadde Andenes ikkje, men der var heilårsfiske med kort utror til ei mengd gode fiskeplassar. I boka «Fra Lofoten og Solør» skildrar H. Schulze sommarfisket på Andenes kring 1850:

«Her var rorboder til omtrent 200 Baades Mandskab, men nu var Alt stille, thi alle Fiskerne vare paa Sjøen. .... Sjøfuglene snadre og skrige, Maagerne er den hele Nat rastløse paa Flugt og ude paa Sjøen gynge Fiskerbaadene... Saasnart Vinterfisket er sluttet nede i Lofoten og Fiskerne have været en Tur hjemme, bærer det afsted paa Sommerfiske; men hele den fiskende Almue spredes langs efter Kysten lige til russisk Finmarken. De vigtigste Vær i Vesteraalen ere Langenæs og Andenæs. Her roede et Par Hundrede Baade, hvis Besætning for en stor Del bestod af Fruentimmer. .... Nogle sætte Liner efter Langen, der agtes høit som Handelsvare; men den maa søges længere ude paa Havet. Det samme er Tilfældet med Kveiten, som mest nyttes til Husbrug. Men Seifisket er dog det Betydeligste. Saasnart Varmen kommer i Veiret, søger Skreien ind under Land og holder sig helst paa Grundinger og Strømhaarde Steder... De Steder, hvor Seien saaledes er oppe, mærke Fiskerne sig, og om Natten drage de ud, 4 Baade ifølge med Noten. Denne er et stor firkantet Garn, der er saaledes bundet, at der i Midten er ligesom en Pose. Noten sænkes ned paa Seiklakken og bredes ud og alle fire Baade ligge med hver sit Toug, som er fæstet til hvert af de fire Hjørner af Noten. Saasnart nu Seien begynder at springe over Garnet eller en Maageflok hæst skrigende styrter sig ned der, ro alle Baader til og trække Noten op. Ere Fiskerne heldige, kunne de i et eneste Drag trække Baadene fulde, men ofte maa de ligge hele Natten og kunne endda faa et tarveligt Udbytte. Kl. 4-5 drage de hjem, og efterat de have sovet et Par Timer, tilvirke de Fisken, som altid hænges til Tørring. Den fede Lever samles og skaffer et stort parti Tran.»

Han nemner òg at neste ettermiddag finn dei fangsten frå natta før hengt på hjell ute i Været. Sentralt i Været låg Skjåholmen, Busanden og Landkanholmen, og vi tør nok gå ut frå at miljøet han skildrar ca. 1852 neppe var stort annleis 200-300 år tidlegare. – Andreas. M. Lorentssen frå Fiskenes er ca. 70 år seinare inne på same sak:

«Bare minnes den tid da der for Andenes dreves med optil 90 synkenøtter om sommeren; da fiskeren kokte mølja mellem steinene i fjæra og tok sin hvile i kubåsene takknemmelig for å ha tak over hodet. Fiskerne hadde den gang både hår og skjegg, men ikke plædd og plysstepper fra Utstyrsmagasinet» («Andungen» 1923:8).

Med dei innhogde skilmerka for losteigane på «Landkannholmen» på Andenes som utgangspunkt målbar eg for vel 50 år sidan at namnet kunne ha med kann n «kjennemerke» å gjere, merk gno. landk¥nnuðr «merke som viser at ein hev eigna til seg eit landstykke» (Hm. 1965:447f). Det er berre at det norrøne ordet ikkje kan nyttast om tildeling av statsgrunn til losar o.a. i ny tid, ei heller kan vi drøfte det Lankan-namnet isolert frå dei andre; dessutan har ingen av Landkann-namna teikn til uttale -kaᶇᶇ 1 .

Landkonmyra (-kong-) i Karlsøy er dessverre eit namn utan opplysningar knytt til, det same gjeld Landkonvollen i Loppa nemnd 1785 (NG 18:163). Like usikkert er korleis det eigentleg har seg med Landkonhola i Sørreisa 2

Landkomneset (Langkan-) i Børrøya i Øksnes er ganske stort, og den relativt store og gode lendinga i Børrøya ligg tett inntil på sørsida. Børrøya ligg veldig lagleg til for hausting av fiskeressursane på Børrøyfjorden og innover mot Godvikbotn, nemner bygdebokforfattar Johan Borgos, men det gjer òg mange andre stader kring bassenget innom Skogsøya - Hjellsandøya - Tindsøya. Den eldgamle tilroren Børøyvossen ligg nær, men baud mest på sei og kanskje hyse, med andre ord fisk til koking og banking. Bergens-varer som torsk, kveita, brosma og longa til tørking eller salting måtte dei hente andre stader. Børøya ligg i motsetnad til Sunderøya, Tinden, Sørsand og Våje for langt unna dei felt der vinterfisket etter skrei gjekk føre seg, iallfall så lenge båtane brukte årar og segl, seier Borgos. Med motorbåtane kom kravet til gode hamner av di oppsett på slett strand ikkje lenger var aktuelt, men før den tid søkte nok mang ein nordlandsbåt ly for nordveststormane bak Landkomneset.

Lankaneset lengst nord på Krøttøya i Bjarkøy er det òg rimeleg å assosiere med bruk av nordlandsbåt – at dei kan ha lendt på sandstrendene på begge sider av neset?

Landkomskjeret i Auvær i Senja ligg eit godt stykke frå «landet» og gav kanskje vermerke for landing? Tett på austsida kjem det inn frå nordaust ei smal djuprenne som går forbi skjeret og Arholmen, inn til ein trong ankerplass avmerkt i sørkant av Purkholmen. I så måte kan situasjonen minne om det vanlegare namnet Leiskjeret, berre at det dei kallar leiskjer vanlegvis ikkje ligg så nær land.

Landkomstranda (også Langkong-) er eit breitt nes ved Bedehusfjæra i Vågan, sørom Hestholmen på Ørsnes. Der har aldri vore busetting det nokon veit og er inga naturleg lending, for der er storsteinut. Men utom går Vesterleia inn til Ørsnesvågen i nord, og så snart veret står noko på frå austerkanten, bryt det godt frammed landet akkurat her, har Harald Rasmussen opplyst.

Klikk for stort bildeBrimhest - eller skal vi seie landskavl – i Landkanvika ved Elgsnes. Tore Ruud.  

Lankanvika (både Langkann-, Langkang- og Langkånn-) i vestkant Elgsnes er ei mòl vik mellom høge berg, grunn og krokut, sa Edvard Ruud. Det er ei alternativ lending til Bryggestøa o.a. austafor. Namnet vart skrive Landkanvigen 1824 og Lankanvigen 1827, men Lankonviken 1874. Midt innpå vika ligg det ein stein, ikkje stor, men stor nok til at du må ha auga med deg under landing. - Tore Ruud har fleire opplysningar: «Hvis vinden ikke er ovsterk, er det godt lende i Landkonvika ved de fleste vindretninger. Mellom VSV og VNV står vinden rett på, og da gir oddene sør og nord for vika samt Landkonvikspira for lite beskyttelse til at det er tilrådelig å legge til her om vinden er sterk. Det er sterk strøm forbi Landkonvika. Av den grunn, og fordi Landkonvikspira stenger halve innløpet unntatt ved flo sjø, er det lite rekved i vika. Jeg legger ved to bilder som viser Lankonvika i godvær og storm. Stormbildet viser hvordan sjøburden bryter av på Landkonvikspira».

Tore Ruud seier òg: «Her på Ytre Elgsnes er Oppsetta det eneste landingsstedet som kan brukes uansett vindstyrke og vindretning. Det er bare når båra er så stor at den bryter langt ute på Vågen at det ikke er mulig å komme i land her. Men selv da er det smult i Oppsetta. Den eneste jeg kan tenke meg hadde båt i Landkonvika måtte være husmannen i Steinsletta ovenfor vika. Husmannen på plassen Jonsborg, mellom Landkonvika og Oppsetta, hadde båtstø utenfor Kveitskjæret på Vågen. Og husbonden hadde definitivt naustet sitt i Oppsetta. Men når det kom folk på besøk fra Indre Elgsnes, Bremnes eller andre gårder rundt Kvæfjorden eller Kasfjorden, pleide de å dra opp båten i Landkonvika for å slippe å ro rundt neset. Noen ganger la de båten i Horsevika og gikk derfra. Gjermund Kristiansen fra bnr. 4 har fortalt at han som ung var med og hugde ved i Kveldteigen sør for Horsevika, fraktet den med båt til Landkonvika og bar den hjem derfra. Og da jeg var barn, høstet folk fra Indre Elgsnes områdene rundt Landkonvika, pakket høyet i store nett og lastet det på båt i Landkonvika».

Norrønt ordtilfang.

Norrønt hadde nøgda ordlagingar med sisteleddet -koma = -kváma, fleirtalet av dei er abstrakte og tyder stort sett det vi etter dagens språk forventar: aptr-, at- (= åt-), upp-, fram-, til-koma («ankomst»), undan-koma. Meir uventa for oss er at samkoma tyder «samanstøyt, trefning, kollisjon». Historisk mest interessante er dei konkrete ordlagingane, så som sandkoma «flygesand, sandregn», snækváma «snøfall» og tunglkoma «veksande måne», vidare þarakváma: at tare og tang rek inn og hval(a)koma: at kval rek inn. Útkoma, innkoma, heimkoma, skipkváma «Skibs Ankomst til Land» forstår vi utan vidare, det same kan seiast også om *land-koma eller -kváma, likevel er desse to ordlagingane ukjende i islandske stadnamn. Var dei avleggs alt før landnåmstida?

Dess meir interessant då at fær. landkoma (el. landkomudagur) var dagen og tida like etterpå, då fugl i mengder kom til fugleberget. I Lovunden kallar dei dette fenomenet for lundkommardagen, ei nyare omforming av *lund(e)koma? Landkom-lokalitetane hos oss var likevel ikkje særskilt fuglerike, det vi veit, heller ikkje ser vi spor av noka nyare form *landkommar-. Uavhengig av dette siste kan vi saktens undre oss over at vi ikkje veit om ord på -koma om mengder av sild eller sei som vør oppunder landet? Skreien har i utgangspunkt fått namn av sine vandringar, men han landgjekk ikkje. At det var (og er) ein stor dag når «toskjen e kommen» skal likevel vere sikkert og visst.

Jens Solvang var inne på at namnet Landkonhella på Hillesøya, i nyare uttale Lang-, er skrive Landkonehelde, Landkonellde, Land-Kvennehellde tidleg i 1600-åra (Hm. 8 – 61). Er det siste feillesing eller fortolking av namnet, ikkje faktisk uttale noka tid? Utenkeleg er nok ikkje *landkvæmhella, Aasen har kvæm adj. «let at komme til» og viser til gno. kvæmt «tilgjængeligt» 3 , som i og for seg kunne passe her.

«Av hav kom sjømann sigande og lengta etter land, då såg han fjelli stigande og kjendest ved si strand», seier Aasen. Og ja, farkosten seig kanskje tunglasta fram, men dei kunne òg ha hastverk i dårleg ver og dårleg sjun! Då var det livsviktig å «kjenne seg» oppmed land, og landkom-namna kunne nok forståast på det viset at det like ved var ei slett strand eller fjære, brukande til landing? Når sant skal seiast er det likevel berre Landkomberget på Inga som får karakteren «udmerket Baadhavn», for fleirtalet av Landkom-lokalitetar var slett ikkje «bekvem Landingsplads».

Dunkel nemning.

Det bør nemnast at gno. koma v. primært tyder «bringe eller føre, flytte fra et Sted til et andet» (Fritzner), men i dei andre norrøne sms. på -koma, -kváma er inga transitiv tyding merkande. Vel kan ein tentativ definisjon av *landkoma vere «strand der det er (i)landkommande, eller: «som er brukande til iland-føring», då med tanke ikkje berre på fisk, men òg fengd av kobbe og nise og sjøfugl, dessutan ved- og torvfarmar, men den slags lossing skjedde tradisjonelt på flate stader kalla Hella eller Hellen'.

Ingenting ved Landkom-lokalitetane knyter dei til jektsetting, som har annan namnetradisjon: gno. uppsát f. n tydde både oppsettinga av farkosten og sjølve oppsettet. Terminologien forsvann med jektene, men Oppsåta har dei i Ørnfjorden i Lenvik, og i Vesterålen både i Rogsøya, Sildpollen, Ånnfjorden og Jørnfjorden, på Auvåg og ved Straumsjøen, og dei har Oppsåt(t)et i Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad og Helligvær. Merk vidare Oppsåtan i Leirfjord, Vefsn og Træna (Selvær). Andre stader får vi glidande overgang til (Jekt-)oppsettet, attåt talrike Jektvika-r. Den slags namn deler vi med vestlendingane, men som sagt, ikkje noko knyter Landkom-namna til jektebruk.

landkona?

Blant Landkom-namna vi har nemnt finst skriveformer Landkonberget, Landkonvika, Landkonvollen stadig vekk. Jakob L. Bork har i si ordsamling frå Bø i Vesterålen år 1698 «Landkone: den Qvinde eller tøss som Kaager til folkene i fiskeried», og «tøss» er sjølvsagt taus, tenestejente. På Landkonholmen på Andenes budde kokkene, i relativt ny tid, men i fleirtalet av namnetilfella synest både skrive- og uttaleformene likså vel som andre fakta å gjere det høgst tvilsamt at landkona har noko med saka å gjere.

Ein landmann høyrde, i alle fall frå Lofoten og nordover, med til linebåt-mannskapet. Han skar agn, greidde og egnte si eiga line, men også lina til dei som rodde. Han "drog om" (bøtte) bruket med kvart, oftast når det var landlega, og var ellers med i alt som gjekk for seg på land, også sløyinga når gutane kom opp. Det hendte at dei skifta på kven som skulle vere landmann. Ein landglunt var på si side synonymt med kokkglunt, men i nyare tid var det no helst det siste ordet folk brukte. Barnearbeid var vel å merke ikkje kriminalisert.

Når korkje landglunten eller landmannen avsette spor i namnebruken, ville det vere rart om landkona skulle gjere seg så til dei grader gjeldande.

kyst-term for kva?

Landkom-namn høyrer landsdelen nordom Vestfjorden til, stader der det langt på veg var like vilkår for fiske og fangst, så vel som samisk folkesetnad attåt norsk. Når ord som lende og lending allereie var i bruk, burde sms. *landkoma i same tyding ha vore overflødig: h¥fn heitte det når der kunne ligge fleire store farkostar, medan st¥ð (stø) eller lendist¥ð var for dei einskilde farkostane. Vi finn då heller ikkje nokon stad det korte *landkoma brukt som sjølvstendig stadnamn. Tvilsamt er det også at ei *landkoma var ei alternativ lending ved visse vind- og vertilhøve, for her fanst det eit anna ord, nemleg gong- eller gangstø (gno. gegn-), så Landkom-namna er i heldigaste fall 7 «rettleiande», brukt i ordets aller mest konkrete tyding.

Hollandsk kvalfangst hadde si glanstid på 1600-talet. Landkom-namna ligg i ei rekke tilfelle i eller ved dei vær og knutepunkt som går att på dei tidlege karta, t.d. Ortelius av Antwerpen 1570: Makkaur, Inga, Skjøtningberg, Hillesøy (Hielso), Medfiord og Bergen(!) og Andanas. Ikkje nok med det, Trondanas, Langanas, Vastral og Lofot er også der, rett nok ugreitt opprekna, men sikkert er at dei alle høyrde med til Hollands nautiske interessesfære. Det er likevel usannsynleg at dei alderdommelege Landkomnamna er transitive og kan ha med ilandføring av kval på 1500-talet å gjere, når norr. hval(a)koma einast er kjent i intransitiv tyding.

Ein tanke er at lokalitets-namn på Landkom- fortel om flo og fjære på vedkommande stad, noko i same dur som gno. sjóvarfall «sjøan» (fløan + fallan), tilsynelatande med motsett utgangspunkt i skotsk land-fall 4 «flo», men vi har ingen haldepunkt for at det har vore sagt «komme» eller «fare» om flo resp. fjære. Det næraste vi kjem er sjybor, sjøburd, gno. *sjóburðr, som vi kan sette i samband med gno. bera i tydinga «løfte», jf. opplett sjø.

For fleire Landkom-stader gjeld at der er litt utgrunt, men det gjeld òg for andre øyar og holmar i nærleiken utan at namnet vedkjem dei. Rart om Landkom-namn var nytta om landbakke og strandgrynne berre der det var aktuelt å lande –. Dei kan alternativt ha vore markørar for sjøburd under landinga, men der kjente folk frå før termar som «ta løye» eller «passe løyan» (gno. lœgi), Leiskjeret o.l. Også på det vis burde glosen vere overflødig og overtydeleg, i fall landkoma ganske enkelt var det å lende.

I den utstrekning karta er å lite på, verkar det endå mindre sannsynleg at norsk landher inngår i sms. med det samiske terrengordet goapma: kant som kvelvar utover (om snø, berg eller sand). Alternativt kunne det bli tale om skavlbrott (brimhest) mot land, men dei aktuelle lokalitetane utmerkar seg ikkje ved ekstrem sjøburd.

«Langkombekken»

Merkverdig nok er at vi så langt sør som i Lyngdal i Vest-Agder finn Langkombekken attmed eit nes som stikk ut i Åptafjorden. Det er grunnare på begge sider av neset enn på same fjordstrekninga elles: Bekken kjem på ingen måte «langvegs» ifrå, ei tolking som ville vere kunstig i alle tilfelle. Vi kan òg sjå bort frå landkoma av fugl eller fisk. Eit sikrare særmerke er at han fell ned like på austsida av ein belteforma bein og lang fjellkant eller -kam som skil seg skarpt ut frå den skogkledde fjellsida elles. Skal tru om Langkom- er forvansking av Landkam- eller Langkam 5 ?

Klikk for stort bildeSkjøtningberg med sandstrand og kryss for Landkomberget – merk kystkontoren vestetter! Statkart. 

Brått aner vi at Landkom-problematikken kan vere feil og at gno. *landkambr snarare er rette opphavsordet. Enten no uttalen var lann-, laᶇᶇ- eller laŋŋkam-, stod siste a-en rett framfor den runda nasalen m og gjekk derfor lett over til å-lyd. Medverkande var også system-samanhengen med kǫmbóttr adj. «som har kam» (mest om dyr), jf. elles også lydovergangen i eng. comb < gl.eng. camb.

Klikk for stort bildeKysten (landkammen) ved Makkaur i Båtsfjord, innom Landkonbåen (kryssa av). Statkart. 

Tolkinga Landkam- stemmer ikkje berre for den markerte fjellkammen mot havet rett innom Lankonbåen i Makkaur, men òg for Landkomberget lengst aust på den nærsagt provoserande fjellkammen mot havet ved Skjøtningberg, men her tar samsvaret slutt, dei andre Landkom-, Langkan-lokalitetane er mykje meir låglendte. Teorien ville stå i fare, kjente vi ikkje gno. malarkambr m «Ryg i Strandkanten, bestaaende af mindre afrundede Stene, som Brændingerne have opkastet og givet deres Form» (J. Fritzner), likt isl. malar-kambur «mòlbakke, grusrygg (særleg ved sjøen)», merk òg fær. malarbrúgv «mòlbru», mòlfjære. Grunnord er mǫl «steinsamling i fjæra», eit velkjent ord for nordlendingar frå havkanten, jf. òg gardsnamna Malnes i Vesterålen og Lofoten.

Den slags «landkam» i form av ei lang molfjære ser vi i utprega grad i området kring Landkomhella – Landkomkeila i Berg. Landkomhella i Alvestad ligg lengst nord på ei lang molstrand (Vedneset), men innom hella er rydda med mannemakt for å skape lending; slik vart Landkomhella markør for sistnemnde. I Landkomvika på Elgsnes er det òg ein mòlbanke. Lankanneset i Øksnes og Landkomstranda i Vågan er begge lett avrunda mot havet og «stiller» med ei blanding av mòl og rufsut berg. Langkanneset i Krøttøya har òg ein lang og avrunda bergfront mot havet, men her er det mindre mòl. Landkomhellene i Hillesøy og Landkomneset på Inga er også bergfrontar mot havet, samtidig med låge bergkammar oppå. Lankanholmen på Andenes ligg i front av den høge, lange strandvollen i Været.

Så sant vi greidde å kartfeste Landkonvollen i Loppa, Landkon(g)myra i Karlsøy og Landkonhola i Sørreisa, ville det ikkje overraske om det fanst *landkammar også der. Same tyding skin igjennom i eit ordnotat «landkoma» frå Hjørundfjorden, nemleg om vasskanten: «De[t] låg mykje rùsk ni landkominje», forklart som «kant av ferskvatn» (Norsk Ordbok 7: 76). Det lyder noko kryptisk, av di ordet landkoma ingen ting seier om ferskt eller salt. Meir logisk fungerer ei samanføring av *landkam og vasskant.

Klikk for stort bildeLandkanvika ved Elgsnes sett med litt andre auge: Inne i den grunne vika er det landkam god nok, enten vi fokuserer på mòlfjæra eller bergkanten eller begge delar. Statkart 

Lydutviklinga

Fleire av Landkam-namna vart til Langkan- og Landkom-, sjå tidlegare drøfting. At lann- «tok farge» av -kam- i neste staving og vart laŋŋ- er heilt endefram. Neste steg vart ofte forenkling av det nye laŋŋkam- til laŋŋkan-, skrive Lankan-; Lankon- voks fram på liknande vis. I sms. Landkam-neset kom overgangen m-n > n-n heilt av seg sjølv, Landkamberget og Landkambåen heldt betre fast på nær-konsonantismen -mb-, medan uttale Lan(d)kan- eller Lan(d)kon- var enklast i alle dei andre namna. Namnet Landkonmyra veit vi lite om: Vi ventar at uttalen ville halde seg som Landkam-myra evt. Landkom-myra, men fjernassimilasjonstendensen n-m > n-n innafor førsteleddet hadde tydelegvis overtaket også her.

Landkam- i si aller vanlegaste uttaleforma Lankan- hamna sistpå i same bås som ordog namneformer lik trettandagen, Sjuanteigen, Fykanåga og Miganåga, uniformering kunne vi kalle det. «Landkom-» og «Landkon-» er, for å seie det slik, assimilasjonar som har ført til forstyrrande assosiasjonar og forvirrande spekulasjonar – akk ja.

Fotnoter:

  1. Dermed kan det heller ikkje vere noko samband med landkall m: is som ligg (brotna eller glatt) att i fjæra der sjøen har slått inn (NO 7: 75).
  2. Landkonhola, utt. lainnkonhålla, ei søplhole; dei bar åtsel og 'land' (gno. hland – urin) dit i gamle dagar» (Erling Eriksen, Hm. 1931: 264). Han tenker då på lydendring frå landkolle «nattpotte», jf. isl. hlandkolla = hlandkoppur.
  3. Annleis med gno. landkvæmr «som har Ret til at komme eller opholde sig i Landet», til kvæmr adj «som kan komme» (Fritzner).
  4. i engelsk derimot «landkjenning».
  5. I Ullensvang finst fjellnamnet Langkammane.