Lemenspor – i namn i nord

Klikk for stort bildeN "Håløygminne" 2 og 3-2013, nyredigert

Av Finn Myrvang

 

Der finst utruleg talrike former av ordet lemet, det vil seie ikkje berre av dyrenamnet sjølv, men òg som stadnamnledd. Sistnemnde er i høg grad skiftande og til å bli noko forvirra av: Laman(n)-, Lamand(er)-, Leman(n)-, Lemenn-, Lemend(e)-, Lemmed-, Lemmet-, Lemmel-, Limil-, Liman(n)-, Limun(n)-, Lomeldr, Loman(n)-, Lomund-, Lømen-, Lømænd-, Lømmer-, Lå(g)man(n)-, Lommars- og Låmmårs-? 

Vi kunne dele inn dei aktuelle stadnamna etter landskapstype, det vere seg skard eller hellerar, platå eller sletter og lægder, med uskarp avgrensing overfor grunne dalsøkk eller smale dal- og myrdrag, men der er litt glidande overgangar mellom lokalitets­typane slik at nokre namn kan plasserast i meir enn ei gruppe, så den slags inndeling må nødvendigvis bli pragmatisk. Ei ulempe ved slik tilnærming er at vedkommande namnelaging ikkje treng ha med landskapet akkurat på sin stad å gjere, men kan vere sekundær og vise til noko i nærleiken, så derfor er det tryggare med ei enkel, formell gruppering Lemen- for seg, attåt artikkelen om Lemet-spor. 

Lemenpytten på Østre Toten er, som namnet poengterer, berre ein pytt. Det gjeld òg Lementjønna i Trysil, så vel som Lementjønna i Høylandet, men ho har også ei rad endå mindre pyttar tett inntil. Lementjenna i Selbu med Lemenlia tett ved er meir ei vanleg lita tjønn.

Lemenvatnet i Lierne er langt større enn Lemen- og Lemet-pyttane, men poenget er tydelegvis at vi finn ei rekke med mindre pyttar og småtjønner tett inntil på vestsida (jf. Lementjønna på Høylandet), så pyttane er eigentleg det karakteristiske. Også til Lemenåsen og Lemenholen i Trysil sluttar det seg myrpyttar. Samanhengen ser meir uviss ut for Lemenåsen i Nedre Eiker (Drammen), tjønnene der kan sjå litt for store ut, men dei er alle oppdemte!

Sistpå skal det nemnast to namn til som merker seg ut m.o.t. form: Lemendetjønn i Eidfjord i Hordaland er lita, likeins «Lamanderstjønna» i Førde i Sunnfjord som no eigentleg berre er ein klase av pyttar. I det siste tilfellet er gno. fleirtalsform lemendr pussig nok blitt omskapt til lamander-s-.

For alle namna på Lemen- nemnde framfor gjeld det same som for dei nordnorske på Lemmet-, det er uråd å finne nokon logisk samanheng med dyret med same namn. – Ei enklare forklaring er at fi.-sam. lämmeti «pytt, dam» gjorde seg gjeldande i sør og, frå først av, men at namnebruken gradvis vart tilpassa det lokalt brukelege namnet på dyret, ut frå den enkle forståing at «det må jo vere meint lemen».

Elles har i vår «lemen-kontekst» to-tre andre terreng-ord som er eit nærmare studium verd. Hans Ross har lida(r)bard n, brukt om kanten av ei fjellside, frå Hallingdal med tjukk 1: liabał, men ordet har nådd vidare, vi finn det også i forma Liabaret i Aurland, Eidfjord og Voss. Ross fann dertil lida(r)jadar m “øverste Kant af Lid; Lids Grænse mod Synskredsen”, uttala liajar på Tingvoll på Nordmøre. Blir kanskje ikkje så lett oppdaga i stadnamn, for i rask uttale er nok ei slik sms. lett å mistolke som liggjar-? Det er iallfall ikkje til å komme frå at fjellsida Liagjeran i Rauma kan vere Liajæran.

Mest interessant i «lemen-samanheng» er den tredje termen av dette slaget, li-man m, lia-mun eller lia-mune m: utkant av li eller fjellside, nedre kanten av li, eller òg i litt anna form: li-mån, lia-mån, lia-møn f. Det kan forvirre litt når det blir tale om nedre kanten av ei li, når ordet man i si usms. form står for “øvste (ås)kam som er synleg frå eit dalføre, høgdedrag, rygg”, ja tilmed i tydinga “jordstykke mellom to dalar” i Sparbu (NO 7:1046). Frå Østerdalen har Hans Ross også man i tydinga “smal tange som går ut i elv eller vatn”.

Kor det enn er med detaljane, desse terrengtermane rekk vide på sørnorsk område, og det svenske stadnamneregisteret har Lidmansbergen, -gärdan, -rönningen og -tjärnen. Likeins kjenner færøysk líðarmunni om “enden på ei fjellside”. Derimot ser det ikkje ut til at slike namnelagingar er funne på Island.

Uvisst kan vere om det i enkelte tilfelle kan ha skjedd vokalsamandraging Lia- > Le-, men namnet Nakklemannsdalen i Flakstad kan no tyde på det: Nakk-le-mann-s- som førsteledd har rimelegvis ikkje noko med dyret å gjere! Det er tale om eit relativt vidt dalsøkk, med pyttar og sike i botnen. Vestsida av dalen har tindar, nakkar og avsatsar under desse, og avsatsane har mot sjølve dalen ein lang og ganske bein fjellkant som det er naturleg å kalle li(a)man. Namna i neste avsnitt heftar det litt meir uvisse ved:

Lemenskardet i Namsos ligg i nordkant av den brattkanta, men likevel avrunda fjell­mulen Lemenn-skulen. I Rennebu har dei elvesletta Lemenøya: Også attom den, på på hi sida av dagens vegtrasé, er det ein bratt åskant. Vidare er Lemenlandet ei lett framskytande, bratt åshøgd på austsida av Nordre Ulvsjøen i Trysil; elles er strendene rundt sjøen flatare og til dels myrlendte. – Lemenvika i Strand i Rogaland blir også kalla Lemundsvika og Lemmensvika, og der er fleire markerte rabbar som mykje vel kan fortone seg særmerkte, sett frå sjøsida. Men som før sagt, at samandraging Li-a > Le- har skjedd i Lemen-namn som desse er så langt ein hypotese.

Det finst sikrare døme på namnelagingar knytte til limòn, men i nord kan hende berre Limonåsen, Limonneset og Limonbukta i Tromsø kommune: Der skiftar det med skrivemåte Limon-, Limo-, men landskapet gir fullgod dekning for det første. Ved Limannvika i Kvesjøen i Lierne ligg garden ved same namn på ei slette med bratt likant. – Eit avrunda og skogkledd nes i eit parti av elva Luru (Låarte) i Snåsa heiter Limanneset: Like attom neset er myrar med eit utal pyttar, men det særmerkte med neset er ein skarpkanta rabb med framhald på hi sida elva, ein liman som elva har brasa igjennom! – Limånmyra i Gausdal ligg oppunder ein lang og litt bratt kant i ei li som er slakare ovanfor. Ein liknande li-formasjon ser vi rett vest for Limundshylen i deltaet til Lygna i Hægebostad, Vest-Agder. Limunnen i Masfjorden er ei slette på ein ås med parallelle rabbar ned til stranda så det nesten oppstår renner i skråningen: Vi er her kanskje i røring med det før nemnde líðarmunni

Lemonsjøen |''lemonsjȫn|, |'lemonsjȫn| i Vågå har eit hittil utolka namn, endå ganske gamle skriveformer finst: Lemunsior 1349, Læmonzssyo 1465, Læmonsiøn 1465, og Liomanssiø, Liomansiø, Liømansiø 1466, Løgmanssiø og Logmanssiø 1466, vidare Lemungsiøen 1723 og Lemonsioen 1743 o.fl.[1]

Det bør kanskje understrekast at Lemon- har kortstava uttale i vågåmål. Diskutabelt blir det kanskje derfor å stille namnet beinveges i hop med desse på Limon-, Limån-, men hugs samtidig dei kortstava Lemen-namna som synest å gå på li-mòn i tydingar som alt er refererte: Ortofoto viser ein særmerkt fjellkant akkurat ved inngangspartiet til Lemonsjøen. Dei gamle skriveformene er dessverre noko sprikande, og namninga på kart over akkurat den aktuelle delen av fjellpartiet er ganske sparsam, men på hi sida vil det neppe for den som kjenner vågåmål vere rådlaust å rekke eit evt. samband mellom li(a)mòn og skriveformene Liomanssiø, Liomansiø og Liømansiø 1466.

Klikk for stort bildeNede til høgre «inngangspartiet» til Lemonsjøen i Vågå. Det må ha noko for seg at fjellformasjonen på nordvestsida (oppe til v.) kan ha vore oppfatta som ein li(a)mon. Norgeskart  

Fotnotar:

[1] Gustav Indrebø, «Norske Innsjønamn» I. Upplands fylke s. 124.