Lenvika, Lengenes - og Lenangen?

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 3-1986

Av Finn Myrvang

Lenvika, tidlegare gjerne skrive Lønvik, er gnr. 83 i Frosta, før gnr. 27 i Ytterøy. Dei historiske skriveformene sprikar i høg grad: Linduik AB. 25, Lyndwigh NRJ II 233, Lenwiick OE 135, Lenuigh 1559, Liunguigh, Lomuigh(!) 1590, Lønuig 1610, Lønwig 1668 og 1723 (NG 15: 157), men uttalen er som for dei nordnorske Lenviknamna. På staden er eigentleg to utgrunne vikar med eit nes imellom, men den eine vika høyrer til gnr. 34.

Lenvika, tydelegvis med Laukvika tett vestom og Laukvikheia ovanfor, heiter i flg. ØK to vikar under gnr. 85 Aune i Brønnøy. Begge er grunne og små, med djupt inngåande flatland innafor.

Lenvika |''lænnvīka| lengst sørvest på Hadseløya ligg open mot havet. På fjære sjø fell der tørt eit breitt belte med leire nedi strandkanten, og du søkk ganske mykje nedi når du går utpå. – Det har si særlege interesse at Lenvika ligg på garden Finnsæter.

Lenvika |''lænnvīka| heiter òg eit bruk under gnr. 26 Bogen i Evenes. Frå tidleg 1500- tal (NRJ) finst ei skriveform «Langewik», men seinare får vi Lengigen (feilskrift for -uigen) 1567, Lenguig og Lenguigen 1609, Lennguigen 1610, 1612 og 1614 (då også Leenguigen). Vidare Lenguig 1646, Lengvigh 1647, «Longuigen» 1661, Lenguigen 1665, Lenguig 1667, Lengvigh 1671 - men Lenvik 1723. Den samiske uttalen av dette gardsnamnet er plent den same som for Lenvika i Troms, sjå seinare.

Nesten ytst i Rombaken i det gamle Ankenes ligg ein gammal buplass Leirvika, skriven Leeruig 1609, men i 1614 står der brått Lenguigen, med Leirvik i parentes! Her er ei breitt innskoren vik: Vestre delen går under namnet Slåttvika, og i botnen av hovudvika midt mellom Slåttvika og buplassen Leirvika ligg Lauksletta, sjå seinare.

Klikk for stort bildeLeirvika (1614 Lenguigen) i Rombaken. 

I Skjomen i same kommune (Narvik) ligg òg gnr. 58 og 59 Lengenes (''leᶇᶇe-), altså uttalt med palatal nn. I 1723 står det «Yttre og Indre Lengenæs», i 1614 derimot Lennuigh og Lenngnes. Etter kartserien M 711 ligg Lengenes-gardane i sørkant av eit breitt nes, ved ei elvevik der eg etter sjølvsyn meiner å hugse at det finst leire. I tillegg er det ei stor utleire i nordkant av det same neset, og her heiter det i flg. kartet Leirosen. Innbyrdes plassering av matrikkelgardane Ytre og Indre Lengenes er i vår samanheng ikkje så viktig, det interessante er naboskapen Lenge- og Leir-. Minner igjen om skriveforma Lenguigen frå 1614 med Leirvik i parentes.

Lenvik kommune har namn etter gnr. 36 Lenvika |''lænnvīka| på fastlandet nørdst i Gisundet. Ved denne garden er der ei langgrunn bukt, motsett det som er tilfelle ved den lange strandstrekninga elles i området. Samisk uttale er Læŋ'ga-vii'ka, som jo ser norsk ut

Her finst fleire mellomalderformer, som Lengjuvik i Fornmanna Sögur og Leingiuvyk i Rimbegla, mens det i norske diplom er nytta former som Leingiawiik (og Leingiviik), Leingiavikar kirkia og Længiavika kirkia: Sisteleddet -vika(r) er her genitiv. I lensrekneskapen 1567 står derimot Lenguig, og Lengwigen 1610 og 1614. Kor utbreidd slik skrivemåte er på første halvdel av 1600-talet elles er ikkje undersøkt, men 1661 og 1723 er førsteleddet i alle fall blitt til Lend-, ei form som er tvilsam jamført med målføret og dei faktiske hamnehøve på staden.

I «Norske Gaardnavne» b. 17 går Rygh som så ofte elles ut frå at førsteleddet i Lengjuvik må vere eit elvenamn, nemleg *Lengja til adj. langr. Den forklaringa er òg tatt med i Norsk Stadnamnleksikon – vel nærmast av mangel på andre tolkingar?

No er det ikkje vanskeleg å sjå at diplomformene Længia- og Leingia- går dårleg saman med ei slik namnetyding. På hi sida er det heller ikkje lett å påvise noko gno. *læng eller *leng eller for den del *længi, *lengi som lar seg sameine med diplomformene.

Vi kan trygt sjå bort frå adjektivet «lang» og det tilhøyrande lengja f: «noko langt». J. A. Friis gamle samiske ordbok fører nemleg opp læŋga (kort æ ) i same tyding som lairre «leire». Qvigstad har skrivemåten læŋj'ga (tysfjordsamisk) «fin leire, utleire», i Folda også brukt om «dissemyr». På svensk side (Jokkmokk) tyder lænj'ka «der feine Schlamm beim Fusse eines Gletschers», men òg – i forma lænjga (Arjeplog) – «bløt leire eller jord som disser under en; kvikkleire», med gjeldande lulesamisk ortografi länjggá «jäslera» (Spiik), eller som det står i Korhonens ordbok: «lerig och våt jord som gungar när man går på den».

Det finst eit anna lulesamisk ord med liknande tyding, nemleg läu'hká «(is), lera (eller vad som helst) som gungar under fötterna på en; renarna fastnar i sådan lera» (Collinder). Det er interessant av di lokalitetsnamn på Lauk- i eit par tilfelle opptrer side om side med Len-namna, men vanskeleg å vurdere av di også villauk-artar trivst på næringsrike strandsletter og langt oftare har etterlate seg namnespor.

Også førsteleddet Len- i Nord- og Sør-Lenangen kan vere same grunnordet: Desse to fjordarmane ligg i Ullsfjorden i Troms, ytst på austre landet. I den minste fjordarmen, Sør-Lenangen, er det utgrunt nok, og endå meir utprega i den store Nord-Lenangen i den delen som ligg utanfor Straumen. Uttalen er visstnok |''lenn-|, ikkje |''lænn-|. Eit opphavleg tostavings *Læŋ'ga- el.l. vil i alle fall vere særleg utsett for stavingsbortfall, då lukkelyden -ŋ- finst i sisteleddet -angen med. I dette tilfellet har NG ingen førreformatoriske skriveformer.

Dei norrøne skriveformene Leingja-, Længja- kan knapt vere anna enn omkasta former av sam. læn'ga, lænj'ga: På denne bakgrunnen er skriveforma Lengju- i Rimbegla og Fornmanna Sögur ganske tankevekkande. Ein slik uttale har neppe vore i bruk noka tid – forma må vere laga av skrivarar som sjølvsagt visste å «bøye rett» eit tilsynelatande norrønt lengja f.

Med andre ord må penneføre islendingar så vel som nordmenn i mellomalderen ha reagert på ukjent samisk språkstoff plent som dei danske gjorde lenger fram på tida, når dei råka ut for ravnorske namneformer: Det fall naturleg å ty til den målestaven som var nærmast for handa og «rette» avvikande former etter ordtilfang, lydreglar og grammatikk dei kjente frå sitt eige morsmål. Ikkje det, kunne dei som seinare skulle lese det skrivne, lett komme til å tru at det var ei kløne som i si tid hadde ført pennen!

Dessutan var det den tid liksom seinare: Når dei gjorde eigne språkmønster og -reglar gjeldande for eit anna språk, synte dei berre kva språksamfunn dei sjølve var medlemmer av og lojale mot, kva folkegruppe som var statusberarar og hadde rett til å normere. Derfor må vi vente å finne ein del fleire forvanska samiske namneformer også i førreformatoriske norske og islandske kjelder enn kva vi vanlegvis reknar med, etter gjengs norsk historieoppfatning.

Ei sak for seg er at «vik» er eit ganske utbreidd innlån i samisk, som sisteledd -vii'ka i samansette namn (Qvigstad, app. nr. 907 med tilvisningar). No ser vi at også sjølve samansettinga Læŋ'ga-viika om ei leirvik har vore relativt vanleg. Dette igjen er visst eit klårt vitnemål om nærværet til sjøsamane i nordnorsk historie, frå så langt att i tida som våre kjelder når.

Litteratur:

  • O. Rygh: Norske Gaardnavne b. XVI - XVII.
  • J. Qvigstad: De lappiske stedsnavn i Troms fylke» og De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker.
  • J. Qvigstad: De lappiske appellative stedsnavn.
  • J. A. Friis: Ordbog over det lappiske Sprog.
  • O. Korhonen: Lulesamisk/svensk – svensk/lulesamisk ordbok.
  • N. E. Spiik: Lulesamisk ordbok – svensk – samisk.