Lofoten - historiske skriveformer

Klikk for stort bilde «Namn og Nemne» 1987, nyredigert.

Av Finn Myrvang

 

Mange er dei som har fundert over kva som eigentleg ligg i namn som Lofoten og Ofoten, og teoriane er mange, men ved kritisk saumfaring blir konklusjonen helst som hos Per Hovda då han drøfta saka: «Namnet er utan rimeleg tolking».

O. Rygh har vore inne på spørsmålet om sterk eller linn form av namnet Ofoten: «Paa disse ældre Steder, hvor Navnet forekommer, er der en Vaklen mellem to Former, Ofóti og Ofótr. Ganske det samme er Tilfælde med de gamle Former af det beslægtede Navn Lofoten».

Sophus Bugge går derimot ut frå, når det gjeld Lofoten, «at Navnet i det gamle Sprog tidligst har været Brugt som Hunkjønsord, og at den Hankjønsform, som senere træder frem, ikke er oprindelig. Derfor taler baade Nominativformen Lófót og Dativformen í Lófót. At Navnet er Hunkjønsord, uagtet det er dannet af fótr m., maa forklares af, at det er Ønavn, ligesom Ønavnet Tjúma er dannet af *tjúmi m. og Ønavnet Sekk af sekkr m. ... Det er let forklarligt, at det senere gik over til Hankjønsord ved lndflydelse af Appellativet fótr (Rygh 1905:342).

Her er ikkje resonnementet krystallklart: La gå at vi fekk Lófót og ikkje *Lófotr av di dette var namn på ei øy. Men når ei sms. som denne var glidd inn i språket og «stivna» som øynamn – ville det då ha stort å seie at ordet i levande talemål elles var hankjønnsord? Det kjent nok at eit ord i usms. form og som sisteledd i eit sms. ord slett ikkje alltid utviklar seg eins i talemålet, men det kan vel hende at Bugge i første rekke tenkte på skriftspråket. Vi kjem tilbake til saka om litt.

At Lófót var eit øynamn veit vi iflg. Eivind Vågslid (1960:26) frå eit handskrift til Landnáma, Melabók frå 1300-talet, der det heiter at «ólafr tvennumbruni for til Islands af eyju þeiri er Lofót heitir: hun liggr fyrir Finnmǫrk». På same måte nemner eit handskrift til Fóstbrœðrasaga «ey pa er Lofot het».

Vågslid viser til gamle skriveformer: «Elles finst namnet skrivi j Lofot og dilikt 3 gonger 1324 – 1472 og i eigef. Loofota skipreidha 1425, Lofote skipreida og J Lofota syslo 1430 -1440 (AB 95). Dessutan er det i tiden 1417 -1521 6 gonger skrivi Lofoten eller dilikt i bundi hankyn. (Jf. NG XVl 341). Nemnde skriftskap syner at namnet upphavleg hev vori hokyn, og dei nemnde eigef. svarar tydeleg til gn. *Lófótar med bortfallin -r. Hankynsskapet Lofoten er truleg bundi skap til *Lófóti hankyn, som vist er nylaga til eigef. Lófóta av eldre *Lófótar i hokyn, kann hende med påverknad frå fjordnamnet Ofóti og ordet fótr hankyn» (loc. cit.).

Her er Vågslid på leit etter sterkt hokjønn i samsvar med dei islandske kjeldene, og ja, j Loofota, Lofota kan godt vere mlno. gen. sg. med bortfallen -r, men dei tre neste formene under eitt går no betre i hop med ustø mlno. bøying av eit lint *Lófóti m, jf. Rygh, og j Lofot som øynamn er så klart sterk hokjønnsform, men røtene til denne ordbruken stikk visst djupare enn som så, for fleirtalsforma fœtr går likt med nœtr (av nót f.) og rœtr (av rót f.) medan dat. sg. er nót og rót, og ein gl. dat. sg. fót vil harmonere med det. I nyare (litterær) glno. fekk det siste ordet ei anna bøying i eintal (Iversen § 85). Utan tvil var Sophus Bugge merksam på akkurat dette, men det kan forvirre hårfint når han seier øynamnet Lofót «er dannet af fótr m» når det eigentleg er same ordet med ei anna bøying.

Apropos -ar > -a, så blir gen. -ar helst til -a i mellomnorsk, men overskriftene i AB er glno.: «I Herøyia halffylke oc Alastarhaugx syslo» (delinga Nordherøy + Sørherøy gir gen. pl.), «i Raudhøyiar halffylke», «i Bodiniar syslo», «i Steigar syslo», «i Lofota syslo», «i Trumpsar sokn». (Annleis med sms. genitiv innafor sjølve namnet, slik som «i Andanes syslo», «i Throndaness fylke».) – I kontrast til overskriftene i AB kjem den mlno. 'samtidsteksten' med «i Herøy fiordung», «i Vika sokn», «i Bodina sokn», «i Steiga sokn», medan «i Flogxstadha sokn» kanskje er gen.pl.

Som hovudregel er teksten i AB ført etter ein 'sjablong', med ei stadfesting af + dativ, t.d. af ... nese: Somme namn med dette sisteleddet har i dag bunden form, andre ubunden, og det er neppe nyutvikla etter 1400-talet. Men i AB er det full einsretting her. – Det er og tydeleg at eldre førelegg er følgt temmeleg slavisk, skrivaren legg seg på ubunden dat. sg./pl. og har samtidsform berre som eit slag arbeidsuhell. Det skjer t.d. med Tjøtta, der han nøydest gje nærmare forklaring, med fritt ordval. Noko som ikkje gjev forma vi kunne vente, *«af thiotto», men fleire andre former frå paradigmaet: ubunden og bunden nom. «thiotta» – «all thiottan» / «thiottan all» – og ubunden akk. «thiotto». Dessutan har ei seinare hand føydd til bunden dat. (af) «Thiottone». Andre bundne former er den unike overskrifta «a Sømpnenne», og likeins i sjølve teksten: «i Sionen», «i Thridnom af Husøyin». Kanskje mest instruktivt på line med tilfellet Tjøtta er at øynamnet Bolga |' båłja| – dat. (i) |'båłjen| – står som «Bolg» i hovudteksten, men er skrive «af Bolghene» med ei seinare hand.

Vi kjenner alle den offisielle skriveskikken at sms. med sisteledd i bunden form (især hokjønnsformer som t.d. -vika) ikkje må, bør eller kan skrivast slik folk sa eller seier namnet! Det spørst om ikkje det er ein skrivartradisjon med 'røter' eit stykke attom dansketida? Både gl. førelegg med ubundne former og ein generell vane gjorde det kanskje unaturleg for (hovud)handa i AB å nytte bunden form, same kor utbreidde formene Ofoten og Lofoten måtte vere i samtida. Det heiter «Lofothen» alt i 1417 (DN II: 479), så vel som i tillegget til AB (129). 

Dei som har drøfta namnet Lofoten er samde om at grunnordet er fótr m: I lag med nokre få andre (fingr, vetr, nagl og maðr) utgjer dette ei eiga gruppe med hankjønnsord (eistavings stammer på konsonant) der pl har dei eldste endingar medan sg er påverka av andre stammer ved analogi (atter R. Iversen 1961:93). Dermed er gno. sg. tr – fotar – fæti – fót til lita hjelp når det gjeld å forstå dei aller eldste skriveformene av eit alderdommeleg sms. namn som *Lofót(r). 

Hovudoverskrifta i AB i bolken det gjeld er som nemnt «i Lofota syslo», med linn hankjønnsform, men avsnitt-overskrifter er: «i wederøyjom», «i wargfot», «i knutzfiorde i wargfot», «i lofot», «or gimisto», «i wage sokn» (med ei anna hand) og «a foxstrandh» (om norddelen av Austvågøya). Derpå kjem «andanes syslo» – før «ylfe syslo» (Vesterålen).

Blant avsnitt-overskriftene er det berre Værøya og Gimsøya vi kjenner att som sikre øynamn: Rett nok kan vi tydeleg sjå at «i Lofot» er eit distriktsnamn som omfattar nettopp Vestvågøya, men når vi først veit kor tvilsamt det er at Vargfot har vore namn på berre Flakstadøya noka tid, må det og bli usikkert at Lófót var eit samlande namn på Vestvågøya frå først av.

Geografiske namn med sisteledd -fot(en) kan på 1400-talet like så lite som elles ha fått folk til å tenke på kategorien 'øy' primært: Dei som gjorde oppsettet i AB (eller eingong sette opp dei førelegg som AB nytta) kan like gjerne ha tenkt t.d. på 'bygd' eller 'sokn' når dei tydde til Lofot og Vargfot som inndelingsnamn, og marg-tilvisinga «i O(o)fot» kan som før nemnt tyde 'fjord' og 'bygd(elag)', plent som i vår tids namnebruk.

Vi kan ikkje vite om eventuelle førelegg for AB verkeleg hadde ubunden sterk form -fot i desse tilfella, eller om skrivaren skapte dei av bunden samtidsform -foten ved å «subtrahere» artikkelen. Vi bør vel gå ut frå at det første var tilfelle så lenge ikkje anna er rimelegare, endå det gjer oss tvilande at andre kjelder har linne eller bundne former.

Kva var det då som opphavleg heitte Lofot(r)?

Hovudsokn på Vestvågøya ser ut til å ha vore Buksnes. Det overraskar ikkje, for den delen av Vestvågøya er eit nokså samanhengande lågland, dvs. frå botnen av Buksnesfjorden og opp til Bøstad i Borge. Arkeologiske granskingar i ny tid viser at jordbruket i desse områda er langt eldre enn det ein før har trudd. Elles er tufta etter det største leidangsskipsnaustet i Noreg no funnen på Leknes, har lokalarkeolog Kåre Ringstad opplyst, og eit stort tunanlegg attmed Haldsvågen. Interessant er òg namnet (Himmelstein-)Borga; jamfør seinare omtale av den i Borge. Så langt synest då Buksnes å vere kjerneområdet for den som vil forske på eit hypotetisk fjordnamn *Lófóti. Så enkelt er det likevel ikkje, for der er òg funne tufter etter eit høvdingsæte frå folkevandringstida på garden Borg i Borge nord på øya, attåt ein konsentrasjon av nausttufter kring den inste Borgpollen (i vikingtida stod havet ca. l m høgare enn no). Det er òg funne mange nausttufter kring Steiro- og Alstadpollen (*Aðalstað-?), så det lokalhistoriske tyngdepunkt på Vestvågøya ligg ikkje i sør.

Namn som Hól og Berg på austsida av Buksnesfjorden og Ballstad, Jærstad og Skottnes, Buksnes, Leknes og Storeid på vestsida kan vere interessante, men i området kring Borgpollan nord på øya er det – mest på vestsida – konsentrasjon av alderdommelege gardsnamn så som Eggum og Jellevoll |'jeᶅᶅvåᶅᶅ| og Straume |strøum~|, Nesje |''næssi|, Evjen, og lenger inn Bøstad |''bȫsta|, Borg(e) |bårg~|, Rystad og Liland – og Li meir for seg sjølv, aust for Handberget. Kring pollane lenger aust, men nord på øya også desse, ligg Val, Haukland, Sande, , Steiro, Garnes, Ellstad, Alstad, Knutstad, Lyngedal og Grundstad.

Her er då to 'sett' med fjordpollar. Først Borgpollan: Der er dysjebotn og gjørme som luktar «akk o ve!» (ordrett sitat), då især den inste, utan tvil med daudvatn undst. Like fullt støest der sild, og denne Borg-silda har vore ettertrakta, ho som i flg. havforskaren Eggvin har færre ryggkvervlar i gjennomsnitt enn havsilda. Det er tale om høg kvalitet, men små kvanta, og då især i den ytste Borgpollen. Der tar dei vel å merke også gjedd på opptil 25 kg, tilmed på isen vinters tid.

Det andre pollsystemet er Limstrandpollen (med vanleg sjøvatn) – Alstadpollen (brakkvatn) og Pollen (òg sagt Steiro-, Garnes- og Ellstadpollen, alt etter som). Alstadpollen munnar ut gjennom Limstrandstraumen – og det heiter at folk bur 'med Straumen'. I Ellstadpollen fell òg elveløken Eidelva frå Hauklandsvatnet, som også har utlaup til Urvatnet på hi sida.

I dag er vel fisket ikkje lenger så godt på «Steiropollen», for å nytte det vanlege kart-namnet, men framleis er det visstnok vanleg å fiske gjedd og hekle sild på Alstadpollen. Tradisjonelt har dei fiska hyse, flyndre, kveite, laks, sjøbørting og kanskje endå fleire sortar i dette «vassdraget», om då det er eit dekkande ord.

Ut frå skjernamnet Limtåga |''lemmtå:ga| – no også «Limtåa» blant dei unge – gjettar Rygh seg til at heile fjorden eller pollsystemet her ved Limstranden må ha heitt *Limir el. *Limi 'den forgrenede' (1905: 326) opphavleg: Jf. gno. limr m. og lim f., n. 'grein, kvist', men merk særleg kva Oddvar Nes har skrive om vassdragsnamn-stamma *Lim- i jamføring med gr. limēn 'hamn, vik' og limnē 'ståande vatn, dike, sjø, sump', m.m. (1985: 22 ff.). Og desse strandsjøane nord-nordaust på Vestvågøya er høgst særmerkte, med sitt brakkvass-system og sin innlandsfangst av fiskeartar som for ein stor del skulle høyre havet til, jf. også Olfoten. Skildringa av den illeluktande dysja i Borgollan kan unekteleg òg føre tankane i retning av nordsam. vuođđu «botn» (i bekk, elv og dal) og tilsv. lulesam. vuodo «botn», i sak framfor alt det avleidden vuodos, vuodus- «botnfall», men det kan faktisk vere for langhenta, då isl. fótur bl.a. tyder just «botnfall i væske» (Blöndal Magnússon).

Ved den ytste Borgpollen ligg garden Ytter-Borgfjorden, og ved den inste pollen Borgfjorden: Desse gardsnamna speglar eldre namn på fjorden eller 'sjøen', men begge delar sekundært til storgards-namnet Borg.

Ved Skjelstraumen mellom dei to Borgpollane har arkeologar funne bru-kara av noko så sjeldan på våre kantar som ei stokkebru frå seinare vikingtid (år 1000-1100). Ved utfallsosen frå den ytste pollen ligg Evjeberget og garden Straum(e), alt nemnd, for ikkje å gløyme Jellevoll skrive «af Jallauelle» i AB, kanskje gno. *Jarlavelli. Det er eit oppsiktsvekkande namn jamført med tuftene på Borg.

O. Rygh setter ikkje fram nokon namneteori for Borgpollan slik han gjer det for Limstrandpollen. Men eg vil peike på at førsteleddet Lo- i Lofot(en) minner om gno. f. '(eng)slette', som er nærslekta med fær. (i kvæde) = lógv f. (pl. láir) dvs «den nederste rand af en sandet strandbred, som beskylles af havets bølger» (Jacobsen og Matras 1961). Jf. her gno. eller f. 'strandvatn', 'sjøen nærmast stranda', meir allment også: 'sjø, båre' (de Vries 1962 o.a.) Vi noterer vidare at namnet Lofoten faktisk er skrive med førsteledd La- («Lafot, «Lafun») i eit par gamle islandske handskrifter (Vågslid, 1960). Meir uvisse verkar skriveformer som «Laafodhen» (4 gonger), «Laafoden» og «Laaffoden» i tida 1518-1519 og «Lo-», «Loo-», «Lof-» og «Lock-» (!) om lag samtidig (NRJ).

For gardsnamnet Lovika |''lōvīka| nordst på Hinnøya (Andøy k.) passar iallfall framifrå med f. i ei tyding som svarar til fær. ló, lógv. – Fleire atterhald må ein ta når det gjeld Lofoten, for eng- og sletteland er det saktens ein god del av kring desse strandsjøane og endå meir innafor, sørvestetter frå Borg. Men kva står i så fall sisteleddet -foten for, geografisk?

Eit konkret, avgrensa utgangspunkt for Lofoten sitt vedkommande kunne vere gardsnamnet (i) Slettenga, før uttalt |''ṣḷæteᶇa/, no helst |'ṣḷætæŋa/, like austafor Skjelstraumen, men sms. - 'slette' + -fótr '(flatland ved) munning' er unaturleg endå vi kan vise til omsnudd sms. i namnet på hovudstaden Oslo (førsteleddet Os- lar seg i det tilfellet rett nok seg tolke på fleire måtar). No blir perspektivet eit anna straks vi fokuserer på landskapet utover frå Evje- og Jellvollstraumen, mot sjølve havstranda av i dag, og dreg til minnes gno. el. f. 'strandvatn', 'sjøen nærmast stranda', meir allment også: 'sjø, båre', som før sitert.

Klikk for stort bildeFor Lovika treffer det temmeleg godt å snakke om «den nederste rand af en sandet strandbred, som beskylles af havets bølger». I bakgrunnen fjell på Andøya.

No må det ha vore like store interesser knytte til innlandshava i området som er nemnde, som til slettelandet ikring, minner atter om omtalen av lá, lǭ f. framfor. Oddvar Nes, som tidlegare har tatt opp grunnorda og i NoSt og dertil gno. *sló (truleg) 'sump, myrområde', kallar tilhøvet orda imellom for problematisk – og føyer til at dei eldste stadnamna samansette med synest å vere halvanna tusenår gamle. Det er særs interessant sml. med alderen til tuftene på Borg.

Interessa må vi også utvide til Jellvoll < *Jarlavǫllr (sjå AB), for i fall ein jarl budde på eller iallfall åtte denne garden, hadde han venteleg også sitt jarlsríki eller -dæmi ein stad i nærleiken. Jellvoll ligg nettopp ved siste utfallsosen eller 'foten' til havet frå strandsjøane, og *Lófótr eller -fóti knytt til eit jarlsdøme og ei seinare sysla kan ha namne-ekspandert naturleg. Heller ikkje må vi sjå bort frå brubygget mellom pollane, for det må ha vore ei bisn:

«Når det gjelder anleggets dimensjoner, om en går ut fra en meter høyere vann­stand, må broen ha hatt en lengde på ca. femti meter om en skulle ha kommet tørrskodd over. Brokarene ser ut til å være ca. 3 x 3 meter i grunnplan, og det midterste må ha vært minst tre meter høyt for å nå opp i vannskorpa. Bortsett fra å fungere som bro må anlegget ha hatt en annen, ikke uvesentlig funksjon. Det må ha vært en effektiv sperring av leden inn til Borgepollen og bygda innenfor. Slike seilsperringer er godt kjent bl.a. fra Danmark, der sperringer av forskjellige art ... skulle hindre eventuelle fienders overraskende angrep fra sjøsiden» (Nævestad 1981:45).

Klikk for stort bildeKartutsnittet viser ein del sentrale namn, som høvdingsætet på Borg(e), Borgpollan, Slettenga, Evje- og Jellvollstraumen og Jellvoll (med markør). Norgeskart  

Skal slett ikkje påstå at namnet Lófót hadde noko med brufundamentet å gjere! Trass i gno. brúar- og bryggju-fótr, men sjølve staden for brubygget er viktig på fleire vis: Den tid sjøen stod 1 m høgare må utfallet frå ytste Borgpollen ha vore djupare enn no, med saltare vatn. – Den korte Skjelstraumen var stategisk viktig av di det polleidet han skjer igjennom også ligg på den førnemnde ferdselsaksen sørvest – nordaust, og straumen sjølv var utfallsos for ferskvasssjøen på den tid, den inste Borgpollen. I si tid var såleis Skjelstraumen også ein* lá- eller *lǭfótr.

 

Klikk for stort bildeDet eigentlege Lofoten er nok her, i overgangen frå inste til ytste Borgpollen (til h.) 

Finst det stadnamn med same sisteledd endå fleire stader?

Det kan sjå merkeleg ut at fot i tydinga '(land kring) elvemunning' er eit ganske vanleg grunnord i norske så vel som engelske og skotske stadnamn, og bortimot ukjent i andre germanske språk? Men utanfor Storbritannia er det neppe nokon som har vore på utkik etter ordet brukt i akkurat den tydinga, så det er for tidleg å slutte noko ut frå geografisk utbreiing: Så sant berre nokre få namn til av same slag (som Vildfod i Sydslesvig) kjem for dagen, frå dansk eller tysk område, vil fordelingsmønsteret sjå mindre gåtefullt ut. – Det er ikkje vanskeleg å sjå logisk samanheng mellom isl. fótur i den særskilde tydinga «botnfall» og dei skotske stadnamn-sms. på -foot, -waterfoot «at the bottom or downstream» så vel som waterfuit «river mouth», når vi tenker på korleis ei elveslette (eit delta) blir til.

Eit uttalefenomen eller -problem må nemnast: Vi nordlendingar legg all vekt på gōfoten dersom vi treng å spare ōnfoten, men då kan det verke inkonsekvent at vi alltid har kort o i uttalen av førsteleddet i namna Lofoten, Ofoten og Olfoten! Er forklaringa så enkel at uttalen held seg korrekt så lenge begge ledda i ei sms. er meiningsfylte, for både avsendar og mottakar, men blir meir slumpesam etter som tida går og ei sms. på -foten er blitt «berre eit namn»? 

Få eller ingen norske stadnamn er meir internasjonalt kjende enn «The Lofoten Islands», og det ville ikkje forundre det spor om Lofoten var oppkallingsnamn i USA, Canada eller Australia. – Så viser det seg at første napp kjem frå gammalt norsk område: Kåre Hoel ved Institutt for namnegransking i Oslo peika på at eit lite skjer i Singlefjorden så vidt på svensk side av riksgrensen Østfold - Bohus län heiter Lofot el. Lofotskäret: «Skäret har kanske på grund av den långsträckta formen skämtsamt uppkallats efter Lofoten i Norge ... Märk at lodjuret i Bohus län kallas göpa, fvn. gaupa!» (SOGB 20:2:159). Vi treng ikkje gå djupare her.

I dag seier vi 'ro i Lofoten', 'lofotfisket' osv., men namneforma Vågan må i sein­mellomalderen og reformasjonstida ha vore ein hard tevlar, det fortel både gno. Vágabók (ei lovbok), Vágastefna, Vágafloti, og ordbruken i Nordlands Trompet seinare: «I Vogen at findes, i Vogen at roe, I Vogen at fiske var alle mand froe, om Vaagen lod alle Mand raabe». Ja, i samisk var Vagek synonymt med Lofoten (Friis 1887). Ironisk då at Austvågøya som storkommune heiter nettopp Vågan, medan Lofoten må nøye seg med det historisk sett nokså stusslege Vestvågøy.

Litteraturliste

BlondaJ, S. 1920-24: Íslenzk-donsk orðabók. 1-2. Reykjavíik.

Elstad, K. 1982: Borgfjerdingsmål. l-2. Oslo.

Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania.

Fritzner, J. 1886-96; 1972: Ordbog over Det gamle norske Sprog. l-3; 4; Kristiania; Oslo.

Graham, W. 1978: The Scots Word Bonk. 2nd ed. Edinburgh.

Havnø, E. 1937: Dyr- og plantenavne i vore stedsnavne. HåM 5.32-40 (1937-40).

Heggstad. L. 1963: Gamalnorsk ordbok. (2. utg., 2. opptr.) Oslo.

Hoel, K. 1985: Studier over bustadnavn fra Østfold. Oslo – Bergen – Stavanger – Tromsø.

Hovda, P. 1961: Norske fiskeméd. Oslo – Bergen.

Hovda, P. 1965: Landskapsnamn. Noreg. KLNM 10. sp. 250-56.

Hovda, P. og 0. Grønvik 1959: Über norwegische Gebirgsnamen. NoB 47.149-70.

lndrebø, G. 1928: Norske elvenamn. NoB 16.131-76.

lndrebø, G. 1935: Fjordung. (Bergen].

Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. 6. rev. utg. Oslo.

Jacobsen, M. A. og Chr. Matras 1961; 1974: Føroysk-donsk orðabók. 2. utg.; Eykabind ved

J. H. W. Poulsen. Tórshavn.

Jacobsen, J. 1901: Shetlandsøernes stednavne. København.

Korhonen, 0. 1979: Lulesamisk-svensk, svensk-lulesamisk ordbok. Uppsala.

Myrvang, F. 1982: l havsauga. Andøya i stadnamn og kysttradisjon. B. l Værøy).

Nes, 0. 1985: Gamle vassførenamn: *Iru, og *Lemuod-. NN 2.7-27.

Nicolaisen. W.F.H. 1976: Scottish Place-Names. London.

Noreen, E. 1919: Studier rörande gränserna mellom Värmland och Dal samt Värmland och Norge i äldre lid. NoB 7 .115-62.

Nævestad, D. 1981: Marin-arkeologisk undersøkelse i Borgepollen sommeren 1981. Lófótr 4.

OGB 20:2: Ortnamnen i Göteborgs och Bohus län. 20:2. Lund 1958.

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.

Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.

Qvigstad, J. 1938: ne lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.

Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.

Ross, H. 1895: Norsk Ordbog. Christiania.

Rygh, O. 1896: Norske Fjordnavne. Sproglig-historiske Studier tilegnede Professor C. R. Unger

30-86. Kristiania.

Rygh, O. et al. 1898: 1905: 1907: 1911: 1924: Norske Gaardnavne. Forord og lndledning: 16: 6: 17:

18. Kristiania.

Sahlgren, J. 1918: Förbjudna namn. NoB 6.l-10.

Sandnes, J. og 0. Stemshaug (red.) 1976: Norsk stadnamnleksikon. Oslo.

Schröder, E. 1924: ,,Haupt» als Quelle. NoB 12.110-20.

Schröder, E. 1926: Zu Haupt als Quelle. NoB 14.20-30.

Sedolfsen, K. 1973: Sjø- og strandnavn fra Henningsvær til Skrova. Uprenta hovudoppgåve.

Oslo.

Smith, A. H. 1956: English Place-Name Elements. 1-2. Cambridge.

Solheim, S. 1947: Folafoten – Kjølrota. MM 1947.1-14.

Steinnes, A. og E. Vandvik 1975: Latinsk ordbok. 2. utg. Oslo.

Sund, J. 1978: Skjærgårdsnavn fra Vest-Lofoten. Uprenta hovudoppgåve. Trondheim.

Vilmundarson, Þ.1983: Safn til ÍSLENZKRAR ÖRNEFNABÓKAR 2. Grimnir 2.51-144.

Vries, J. de 1962: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. 2. Aufl. Leiden.

Vågslid, E. 1960: Feta og -fot i norske stadnamn. NoB 48.25-33.

Aasen, I. 1873: Norsk Ordbog. (2. udg.) Christiania.