Lofoten og det samiske

"Namn og Nemne" 1998

Av Finn Myrvang.

It's established knowledge that Sámi (Laps) were present in Vesterålen for several hundred years. J. Qvigstad drew attention to the remnants of their dialect, but never to the neighbouring Lofoten islands, which like Vesterålen have a majority of farm names of unmistakable Norse type. Not unexpectedly the author has met some sceptisism when stating in a recent work of place names from the outermost islands of Værøy and Røst, that Sámi PN elements exist there. Being a Norwegian PN scholar himself, born and living in Vesterålen, the author according to established historical attitudes finds sceptisism legitimate, especially when he claims that apparently Norwegian PN elements like Bon, Galt, Gull, Hund, Katt, Kjerk, Kol, Kors, Mørk, Purk, Spann, Tjuv, Vard, Vott &c. may show Sámi influence as well. In his opinion, however, a new approach is needed, as several other Sámi PN elements are obvious throughout the Lofoten islands.

Takk vere dei mange bruene er øyriket Lofoten - Vesterålen frå Andenes og til Moskenes blitt nesten eit "fastland" for dei vegfarande. Andøy kommune svarar til det gamle Dverberg herad, jamfør "Norske Gaardnavne" b. 16, Nordlands Amt, mens Gimsø hd. no er ein del av Vågan kommune. Det gamle Borge hd. og Buksnes hd. vart Vestvågøy k. Derimot er Flakstad hd. delt i Flakstad og Moskenes kommunar mens det gamle Værø hd. er blitt kommunane Værøy og Røst.

Sokneinndelinga det er vist til i framhaldet har lege meir fast. At nokre sokn ( i Lofoten Hol og Valberg) hadde kortvarig status som eigne kommunar kring midten av 1900-talet, kan vi i dag sjå på som ein historisk parentes. Så langt den nære forhistoria.

Glasiologien reknar med at Lofoten og Vesterålen var eit eige nedisingsområde. Stadnamngranskinga arbeider ikkje under dei tidsperspektiv det då er tale om, men det er unekteleg tankevekkande at delar av kyststripa i øyriket må ha vore isfri under siste istid.

"De gamle sjøfinner i Vesterålen var i slutten av forrige århundrede gått opp i den norske befolkning og hadde ophørt at bruke sit morsmål. Da jeg i 1889 besøkte Vesterålen, hadde jeg møie med at finne en lap, som ennu talte den gamle sjølapdialekt. Det var en 60-årig sjøfinn på Holme[!]stad i Eidsfjorden.Han og hans hustru talte ennu lappisk; men efterat de hadde fått en norsk tjenestepike, var norsk blitt husets sprog og barna talte kun norsk" (Qvigstad 1929: 37).

At det samiske innslaget i Vesterålen har vore sterkt, er veldokumentert, endå gardsnamna stort sett er norske og parallelle samiske former i all hovudsak er henta frå norsk (Qvigstad 1938: 201f). Det fanst like fullt ein eigen vesterålssamisk dialekt, men Qvigstad skriv:

Slik var stoda 1889 i den gamle sjøsamebygda Eidsfjorden, som den tid høyrde udelt til Hadsel. Men i ettertid har det vist seg at den siste i Øksnes som kunne noko vesterålssamisk, døydde så seint som 1936. Ho var fødd i Navarsbora i 1854 (kjelde: Johan Borgos, munnleg). Såleis kunne nok Qvigstad i 1889 ha oppnådd viktig tilfang frå ressurssterke personar i område som Skjerfjorden og Romsetfjorden i Øksnes, om desse elles ønskte å gje seg til kjenne. Det kan ha vore usikkert nok, for på denne tid kosta det å kalle seg eller bli kalla finn, så det var ikkje heilt utan grunn at Qvigstad "hadde møie".

Få samiske spor i Lofoten?

Samane i Vesterålen og Tysfjorden kalla Lofotøyane Láfot; ofotingar sa Lofuöhttá (Qvigstad 1897: 207). Men ut over regionnamnet er det ikkje skrive ned nemnande samisk språktilfang frå Lofotøyane, korkje av Qvigstad eller andre, det eg veit.

Vågan (som kommune) heiter no Voagat på normalisert nordsamisk. Men når Vagek (Friis: 793) eller Vákeh (Qvigstad 1993: 340) kunne stå også for (fiskeværa i) Lofoten, er det uttrykk for det særlege ry fiskeværa i Aust-Lofoten hadde. Plent som når "Nordlands Trompet" framhevar både Vågan og Skrova på samisk Skroavek, Skroavak (Qvigstad 1993: 299) som fiskevær, men lar omtalen kulminere slik: "I Vogen at findes, i Vogen at roe, i Vogen at fiske var alle mand froe, Om Vaagen lod alle Mand raabe" (Dass 1739: 36, 97ff).

Nemnt i parentes kan det sjå 'forfordelt' ut at Vågans granne i vest må ta til takke med sekundærnamnet Vestvågøy av di det opphavlege øynamnet Lofoten har ekspandert administrativt og no står for heile regionen, når eit makeskifte i namnevegen skulle ha vore historisk meir rettferdig. Pontoppidans kart frå 1795 kallar Austvågøya for Ost Vaagen og Vestvågøya for Vest Vaagen, mens Kristine Colban kartet hennes frå 1814 viser elles stort samsvar med førstnemnde i namnevegen har 'Vaagøe' for Austvågøya og 'Vestvaagen' for Vestvågøya. Det spørst om dei ikkje berre sa Vågan som no, og kanskje Vestvågan.

Lokale stadnamn frå Vågan som t.d. Saralapphellene og likeins Hælsolia ved Svolvær (Hælso var etter segna slektsnamnet til den siste reinsamen i området) kan vere interessante nok, men seier ingenting om kor talrik den samiske folkegruppen har vore. Det same gjeld for namn som Mæretlia i Buksnes og Mæritneset i Røst, men her må vi i det minste tru at vi har å gjere med det samiske kvinnenamnet Máret.

Derimot kan dei talrike stadnamna på Finn- i Lofoten knapt takast som anna enn vitnemål om samisk aktivitet. Dei skeptiske vil nok kunne innvende at utmerkinga Finn- berre vitnar om at norsk og ikkje samisk etnisitet var regelen, men du skal ikkje snakke lenge med innfødde lofotingar om emnet før det i det minste viser seg at dei har høyrt om samane som budde i Olderfjorden i Gimsøy.

Då det i 1915 vart bygd ein gardsveg over mòlbakken på gnr 3 Sjøbakken på gnr 16 Værøy prestegard, fann dei eit skjelett som dei la ned att på same stad: Det var inntulla i never (Nordlandsposten 28.7.1973), noko som i lange tider var vanleg i samiske urdgraver (Storli 1988: 20f). Namnet Finnbyen i Flakstad fortel klart nok om samisk nærvær av eitkvart slag, og etter ressursane på staden kan vi like gjerne tenke på fangst av oter og urkatt (røyskatt) som på fiske. Derimot finst tradisjon om at fiskarar frå Tysfjorden rodde frå Lapphola på i Moskenes, der elles heimefolket heldt ein viss age og avstand. At dei i Borge som etterlet seg minne i form av namn som Stopplia og Stoppstranda på kvar sin stad var fastbuande, er sannsynleg, i alle fall er likskapen stor med nordsamisk stohpu 'stove, hus, hytte' (lulesam. dåhpe). 1

Skepsisen.

Den norske rapportdelen av "Nordisk namnforskning 1994", signert Gulbrand Alhaug og Oddvar Nes, omtaler boka "Nøkkelen til Utrøst" og seier om forfattaren (underskrivne) m.a. "at den tendensen han har til å leite etter moglege (sjø)samiske ord som grunnlag for stadnamna i stroket, går for vidt. Det kan sjå ut til at han er mindre oppteken av å drøfte mogleg norsk grunnlag". Det er til dømes nemnt at eg for Vishellaren i Røst tenkte meg eit samband med samisk viessu 'tilhald': "Men like gjerne kunne det vere diskutert om gno. vist 'tilhald, bustad' ligg til grunn .."

Dømet meldinga nemner, illustrerer kor tvitydig samanhengen mellom norsk og samisk kan vere, då det nordsamiske ordet, som vel å merke finst i tilsvarande tydingar i lulesamisk og i sørsamisk (veasoe), står i samband med gno. vesa v. (de Vries, jfr. Qvigstad 1993: 347). Også det norrøne ordet meldinga nemner finst att i nordsamisk, nemleg visti "hus, bustad, bygning".

Om tolkinga av einskildnamn vil det tidt vere usemje; ofte nok ser ein sjølv noko annleis på ei sak med åra. Men drøftinga av eit namn som det nyss nemnde vil i utgangspunktet naturlegvis ta farge av om ein trur på ubroten norsk tradering av stadnamna i området eller hallar mot at nordisk språkstoff er blanda med eller i det minste påverka av samisk. Viser her til ordlyden vidare i meldinga:

"Dette er ikkje skrive for å fornekte samiske innslag i namneelement i desse to herada, men for at Myrvang i sin iver etter å påvise samisk ikkje må ta lett på at det frå og med Querini (1432) ikkje har vore ymta frampå om samisk folkesetnad her. Om pendelen – av ymse årsaker – i lange tider har slege ut til fordel for "norsk" grunnlag for (dei fleste) namna i desse stroka (dvs. Nordland, treng ikkje pendelen slå så sterkt ut i motsett veg" (s. 161).

Nå ja, tanken om samiske innslag og eventuell alder på desse er omtalt over tre tekstsider i boka det er tale om. Dessutan, dersom eitt eller fleire stadnamn har sannsynleg samisk opphav, er dei no samiske enten vedkommande samiske folkegruppe var assimilert på P. Querini og Aslak H. Bolt si tid eller lenge før. Men elles kan skepsisen i meldinga på eitt vis vere forståeleg, for om eg i arbeidet med stadnamn frå Nordland har kome i vane med å sjå i to leier sjølv, kan eg vel ikkje forvente at "dobbelt bokholderi" med samiske og norske grunnord skal falle andre like naturleg.

Så lenge uttale- og/eller skriveform av eit namn ikkje fortonar seg opplagt fremmendarta, og så lenge eitt eller fleire namneelement i det minste kan ha norsk (nordisk) opphav, vil det nok vere alt anna enn lett å vinne tilslutning for alternative samiske tolkingar av stadnamn, frå område som etter gjengs historisk oppfatning er udelt norske.

Min argumentasjon for at mange av dei påfallande talrike namnelagingane på Bon, Galt, Gull, Hund, Kall, Katt, Kjerk, Kol, Kors, Mørk, Purk, Spann, Tjuv, Vard, Vott mm. har topografisk innhald nær knytt til samisk er vel dermed nøydd til å falle på steingrunn, nøkternt konstatert. Men denne same argumentasjonen har no å gjere med eit namnetilfang der alfabetisk ordning og kvantitativt oversyn gir grunn til ny gjennomtenking. Her er det namnedata som viser noko, ikkje primært "Myrvang i sin iver etter å påvise samisk", som det så patroniserande heiter.

At bokmeldinga ikkje vil fornekte at det finst samiske innslag i stadnamntilfanget frå Værøy og Røst er likevel alltids noko, sjølv om det minner meir om heilgardering enn akkkurat entuasiasme.

Samarbeid?

Det er ei kjensgjerning at få norske stadnamngranskarar har eit samisk tilleggsfag, endå mange visstnok meiner at samisk er nyttig til forklaring av norske stadnamn. Men det er samtidig "ei kjelde som det i parentes sagt er prinsipielt tvilsamt å bruke utan i samarbeid med fagfolk på det språket det gjeld" (Vikør 1997: 113): Det prinsippet kan ingen vere usamd i. Men det spørst no og kor mange fagfolka er, og kor tilgjengelege dei er i praksis. Det er legitimt at den fullkunnige på vegner av sitt fag seier "rør ikkje mine sirklar" – når nokon trør innpå, kan ordvalet som kjent bli mindre sakretta enn som så. Men den som markerer seg såleis, går ikkje i samarbeidstankar nettopp.

At vi også i øy og vær i Nordland har ei gråsone der mange presumptivt norske namn har samisk opphav, heilt eller delvis, står eg fast på. Men som eg skreiv i samband med stadnamn frå Værøy og Røst: "Det viktigaste er faktisk å vere like open for ei samisk som for ei norsk namnetolking – eventuelle 'feilskjer' vil nok framtidige namnegranskarar vite å ta seg av" (Myrvang 1994: 23). Som då også bokmeldinga viser, finst det meir enn ei meining om dei konkrete utslag av ein slik tilnærmingmåte.

Kva så med ei anna framtid, eller skal vi seie ein tilrådeleg utdanningsveg for dei som stadnamngranskarar vil bli? Det er lite truleg at dei vil umake seg med noko samisk tilleggsfag med mindre dei har tru på nytteverdien. I ventetida skulle det knapt vere gagnlaust å påvise, etter den innsikt ein måtte ha i emnet, at det eingong fanst eit samisk influensområde mykje vidare enn i dag.

Norske stadnamngranskarar som ser det samiske aspektet innafor sitt geografiske område, men som av respekt for samisk fagekspertise held fingrane av fatet, og samisk ekspertise som ikkje i utrengsmål seier noko om namnetolkingar i dei område der ein ikkje brukar rekne med samisk påverknad, det er stoda og må i prinsippet så vere. Men dersom fagleg posisjonering er det viktigaste og ikkje konstruktive initiativ og forhandlingar kring det eg har kalla gråsonen – der vi etter mi oppfatning har ein felles namnearv å ta hand om – er lite vunne og mykje tapt.

Avgrensing?

Innafor lokal og regional lokalhistorie og namnegransking i Nordland er det klart veksande interesse for det som er eller kan vere samisk. Dersom ein engstar seg for debattantar som ikkje er kvalifiserte nok, kunne ein kanskje avgrense det mest populære ordskiftet ved å stille eit par enkle krav for å gardere seg mot ukritisk entuasiasme. Det er krav som kan gjere nytte for seg taktisk og didaktisk, men som også vil slå nokså vilkårleg ut:

Den norske forklaringa – der ei slik finst må fortone seg usikker eller dunkel, og den alternative samiske etymologien bør vere eit kjent topografisk ord som går rett på sak og ikkje krev stor kjennskap til samisk. Og dersom den nordiske tolkinga av eit namn frå eit presumptivt ikkjesamisk område er usikker, bør det vege tungt dersom namnet liknar sterkt på stadnamn som blir rekna for å vere samiske, sjølv om tolkinga heller ikkje der er sikker.

Ei sak for seg er at ein i prinsippet må vente nordiske grunnord både utan og med samisk påverknad (her viser eg især til "Nordische Lehnwörter im Lappischen"), attåt ein del samiske grunnord utan nordisk påverknad (naturlegvis reine unnatak i namn frå Lofoten) så vel som dei mange med slik påverknad.

Lofoten kontra Vesterålen.

Fagfolk på samisk vil ut frå tilfanget i "Nordische Lehnwörter" kunne seie ein god del om kva særmerke vesterålssamisken hadde. – I Lofoten har vi berre stadnamna å bygge på. Dei er nok ikkje mindre påverka av norsk enn vesterålssamisken var på slutten. Men på line med dei fullt norske stadnamna i Lofoten er nok dei òg svært gamle. Når namnetilfanget er registrert og berga, kan tida vere inne for å seie noko meir om alderen. Stadnamn i Flakstad har eg mangelfull kjennskap til; innsamlinga frå Moskenes er langt frå fullstendig.

Kva Lofoten står for i nordnorsk samanheng treng eg knapt gjere nærmare greie for: Ressursrikdom og dermed ferdsle til og frå må ha ført til spreiing av impulsar over svære avstandar langs kysten, då også språklege. I så måte finst det mykje å undrast over. Kunne blant norske stadnamn i Vesterålen t.d. nemne fiskeplassen Bæljupa /"bæljūpa/ frå Malnes sokn i Bø, ved den brådjupe Bældjuphammaren:

Her reknar eg ikkje med sam. bealli "halvpart, del, side", men meiner å sjå det forsterkande norske bæl(e)- , jfr. Ross, berda, eit forsterkarord vi elles må til sørlegare landsdelar for å finne døme på. Stoda er noko av den same for det i nordlandske stadnamn så sjeldne dokk f. "Huulning, Fordybning" (Aasen).– Eit interessant ord hos Ross er delp m. "(kuppelformigt) Forbjerg som styrter noget brat i Havet? Maaske kun i Stedsnavnet "Delp'n" paa Forbjerge i Vesteraalen og Lofoten". Ross reknar med at ordet har nordisk opphav, men jamføring med samiske stadnamn Dolpi, Dulpu, Doalpo gjer dette uvisst, då især Dealpu som namn på eit nes i Nesseby (Qvigstad 1938: 17). 2

Ein skal visseleg passe seg når ein dreg slutningar av sine funn, men i utgangspunktet ser eg altså ikkje noko forkasteleg i å søke "nærmest på måfå ord fra hvilke som helst samiske dialekter, fra østligst på Kola til sydsamisk i trangere mening" (Bergsland 1994: 8). I alle fall ikkje dersom ein har tru om at namnetilfanget ein syslar med, kan vere særs gammalt.

Om det aktuelle tema, samiske namn i Lofoten, har eg sagt ved eit anna høve (jfr. og Myrvang 1994: 23, 26): "Lesarane får ikkje la seg forvirre av at det skiftesvis er henta ord frå nord- , lule- og sørsamisk, for mange av namna oppstod i ei fjern fortid då det var mindre dialektskilnader enn i dag: Også nordiske språk har skilt lag, men like fullt er det nyttig å samanlikne svenske og danske eller islandske og færøyske ord med våre heimlege norske. Dessutan kan vi gå ut frå at både fastbuande og farande sjøfinnar så vel som flyttande reinsamar har sett namnespor etter seg i Lofotens fjordar og fjell, så samiske 'avtrykk' kan ha svært varierande alder og opphav" (Myrvang 1996: 46). Lat dette vere understreka ein gong til!

Fleire samiske døme.

Med så mykje sagt legg eg fram nokre fleire døme på stadnamn frå Lofoten der eg reknar med samiske innslag, attåt dei som er omtalte framfor, og lar i hovudsak namna og eventuelle jamføringar tale for seg sjølve. For å forenkle framstillinga nemner eg berre kva sokn namna er frå, og for eit så avgrensa utval av namn går eg ut frå at ei enkel alfabetisk ordning er tilstrekkeleg.

Apnes

/"āpnes/, /"apnes/ er matrikkelgard i Hol. Skriveforma Arpnes 1567 er avvikande; elles peikar fleire av skriveformene frå 1600-talet (NG 16: 338) i retning av ein uttale Appe-. Fjordstraumen mellom Apnes og Finnstad fell aldri heilt tørr, men fjærar så mykje at dei kunne drive kyrne over. Pollen innom er grunn, mens det dyper utfor Straumen, der fjorden blir breiare i retning Vestfjorden. Det ligg nær å tenke på nordsam. áhpi "hav" (nordisk lån), så mykje meir som eit tilsvarande áhpenjárga er kjent frå både Troms og Finnmark (Qvigstad 1935: 9, 1938: 78). No er Apnes-området er myrlendt òg, så under større tvil nemner eg at ordet også kan tyde "(stor) myr" (Qvigstad 1944 nr 28, 29).

Baltaheia

/"bahᶅtaheia/ i Borge, også kalla Håtindheia, er bratt avgrensa mot vest og endar bråbratt i aust. Men nord-nordvestover frå Håtinden flatnar ho meir og meir, til ho endar brått og bratt også i nord. Framifrå passar derfor lulesam. bállde (Spiik), bál'te (Korhonen) "(lång, ej brant) sluttning", meir ulikt sørsam. baehltie "bergside". Det nordlege tydingsinnhaldet høver også for fjellnamnet Balten på Senja, frå Baltsfjorden i aust. Bratt på sidene og flat oppå liksom Baltaheia er likeins Forabalten langt sør på Rebbenesøya. Former som Baltsfjorden og i Lofoten Baltaheia side om side med det gammalnorske Hå- 'høg' viser klar norrøn tilpassing. Det aktuelle samiske ordet er i flg. Collinder elles kjent frå finsk med, i former som paltta, dial. palta "bergsluttning, sluttning vid bergsfoten, terrass", "bryn, rand, brädd", "brink, backe, skogsbacke" (jf. den flate og mindre ruvande Balten i Stønnesbotn på Senja).

Buksnes

/"boksnes/ er gards- og soknenamn i Lofoten. Det er her tale om eit nes som har hatt ein del landheving, men der springflør enno setter store delar under vatn, til ytste delen av neset er nære på omflødd. Same namn ber ein matrikkelgard i Hinnøy-delen av Bjørnskinn sokn i Vesterålen: Også der stig springflo opp i gamle vikar som i våre dagar vanlegvis er flofritt flatland.

Lite kjent, men i vår samanheng svært interessant er at inste armen av Husvågen tett nordom Svolvær lufthamn heiter Buksnespollen, og nordover frå denne og over til Vatterfjordpollen går dessutan den ca. 50 m breie Buksnespollmyra. Ved 10-meterskoten blir store delar av myrgjota ein val, og ved 15-meterskoten er det berre eit 150 m breitt eid som bind den namnlause halvøya eller neset i aust til det kan kalle fastlandet i vest. Også her synest landhevinga å ha fordunkla namnesamanhengen, og kva som var det opphavlege *Buksnes i dette tilfellet kan vi nok tenke oss til etter kartet, men ikkje vite.

Eit ord som peikar seg ut som interessant i samband med Buksnes-namna er nordsam. bovccis, "buktet vik (i elv)": genitiv bokcá finst som eige stadnamn i Tana. Med fullstendig ordlyd er bovccis osv. definert som "buktet vik i en elv (hvor det ved flomtid dannes en øy") (Frette 1991:131, likt med Qvigstad 1944: nr. 102, jfr. 1938: 45); "buktet vik" høver framifrå også for dei tre omtale Buksnes-namna.

Børra

/'børra/ i Flakstad er ein åsrygg, og god meining gir nordsam. borri 'kant, ås, bakke' jfr. lulesam. bårre "högsta punkten (på berg, kulle) og sørsam. burrie "snau bergrygg; stor skoglaus knaus". Same ås- og fjellnamnet finst fem stader til i nordfylket, men storleiken til desse lokalitetane varierer. Mest ruvande (især sedd frå nord) er nok fjellryggen Børra på grensen mellom Dverberg og Bjørnskinn på Andøya. Truleg har norsktalande i alle desse tilfella lånt det samiske namnet så tidleg at *Borri vart oppfatta som einstavings hokjønnsord i bunden form og kom til å utvikle seg vidare i norsk i samsvar med det.

Heilt for seg står Børda /"bȫro/ som genuint Skjerstad-namn på det karta kallar Børnupen (708 m) i skilet mellom Skjerstad og Bodø og tett opp til Børrvatnet (kort ø), som Børrvasstindan sørom Bodø har namn av: Uttalen av fjellnamnet samsvarar her med bunden form av byrde f. Det folk i Skjerstad kallar Børnupen /"bȫṇūpen/, er ei anna høgd, ved Børnupvatnet nærmare Misvær. I desse to tilfella peikar uttalen klart i norsk lei, same kva ein måtte tenke om forhistoria. I uttalen av ås-namnet Børra i Svolvær er det i dag tonem-vakling, men her er einstavings tonelag det tradisjonelle.

Ettemesdalen

/"ætęmes-/ i Hol minner m.o.t. utmerking framfor alt om nordsam. éhtemas 'blokkebær' – i lulesam. heiter det benamuorjje (Spiik).

Gullfiskskallen

i Værøy, sjå under Vippstøskallen

Gurraskjeret

i Moskenes er delt i to, og båtførarar som berre ser den eine halvdelen kan vere ille ute! Gurratinden i Hol har ei markert trong kløft på søraustsida, mot husa i Sennesvika, jfr. nord og lulesam. gurra "kløft, sprekk, skor", sørsam. guvre (Hasselbrink), govre.

Herdagan

/"hæḍāgan/ i Borge er eit kupert område som gardane Ramberg og Haukland brukte til beite. Eigentleg er det tale om ei aksel som Bjønnurkammen avgrensar skarpt mot vest, og der Tverrfjellet i nord fell nokså bratt av mot myra ved Finnelva . Iblant heiter det då også Herdagsaksla. At *herredag i borgfjerdingsmål lett kunne bli til Herdag- er klart, men det står att å forklare truverdig ei så langhenta utmerking. Annleis dersom vi orienterer oss ut frå gno. herðar, germansk *harþiōz, jamfør nordsam. hárdu "herd, ryggen mellom skulderblada", i Hattfjelldal med sørsamisk form hardage (Qvigstad 1893: eller med dagens rettskriving haartege, aartege "herd, skulder, skulderblad" (Bergsland og Magga). Vi har då òg Aartegevaerie som fjellnamn på Helgeland, i grensestroka mellom Røssvatnet og Uman med annan skrivemåte Ardagevarre (Qvigstad 1938: 229).

Joffalia

/"jofalīa/ på Stormola i Vågan ligg i eit område med mykje blokkstein og urd. Såleis gir nord og lulesam. juovva 'urd, blokkmark' (sørsam. joeve) fullgod meining.

Joprim

(i) /'jōprim/ på Hov i Gimsøy er no eit oppdyrka myrområde med små pyttar attmed, nær opp til berg. Dei som eig bruket, fortel at før var det på staden ei flomvasstjønn, Stortjønna kalla. Jfr. jobbirm, jobberm ol. 'sump, pytt' mm (Qvigstad 1944: nr 431)

Kjuklingdalen

no gjerne skriftpåverka Kyllingdalen er matrikkelgard i Buksnes. Der er særs steinut lende, noko sørsam. tjuegkele (Hasselbrink: tjuöggele) nettopp tyder. Skriveforma er tilpassa norsk nokså vilkårleg: Kjukkelmarka gnr. 42 Hamarøy er òg skrive Kylling 1567 (NG 16: 267), men så ikkje seinare, før i den aller siste tid. Her er uttalen Kjukkel enno i friskt minne. Typisk for sistnemnde område er haug på haug med stein og atter stein, men så å seie ikkje skog.

Kumannskallen

/"kūmaᶇskaᶅᶅ˜ᶇ/ i Røst er ein seigrunn, men går med stort brott i tung sjø. Meir tilforlateleg enn eit elles ukjent norsk *kumann verkar derfor det nordsamiske gupmat "buldre" (truleg i aktioform gupmam) eller gupma "bulder" (i så fall med gammal gentiv på -n ?). Jfr. elles lulesam. kumaitit "(om vinden) dåna, brusa" (Grundström).

Lokkarslia

/'låkaṣlīa/ i Buksnes er ei svært smal og lita li mellom to store urdar og med bratte berg over, opp åt heibrunen. Lia sjølv rundar jamt av i ein kant mot urda i sør. Diminutiv luokaš 'liten bakke, skrent' (Friis) av nordsam. luohkká 'bakke, li' gir såleis god meining.

Moskenes

som namn på bygd og kyrkjestad kan opphavleg stå for Lofotodden, altså Moskenes = 'odden innom Mosken'. At namnet på den sistnemnde, utilgjengelege fjelløya er språkleg nærslekta med Måsske alias Mosken (Musken, Mysken) i Tysfjord er knapt til å ta feil av, jfr. skriveformene Musnes, Muskenes 1567, men er unemnt også i 1997-utgåva av Norsk Stadnamnleksikon.

Mosken ligg mellom Lofotodden og Værøya og høyrer Værøy til: Godtar vi Mosken som eit opphavleg samisk namn, er dette det best kjende blant fleire i Værøy kommune, og då finst det neppe argument for at just Røst-øyane skulle vere fri for samiske stadnamn. At samane var dei mest hage båtsmedane er òg viktig i ein slik samanheng, her liksom andre stader på Nordlands-kysten.

Mottolgrevan

/"måttålgrǣvan/ på Værøya er ei vid, open grop oppå den smale heibrunen nordvest av fjellet Håen, og i snyvintrar går det skred der ifrå og ned i Mottolgrevan. Vil her nemne nord- og lulesam. muohta 'snø', og især at Friis frå svensk side har muottalaš som eitt av fleire ord for 'snørik, snøfull, snøfast'.

Neiva

/'neiva/ er ei lita vik ytst på ei lang halvøy i Borge. Namnet er svært så likt eit fjellnamn frå Senja, på eldre kart Nieiva, i dag normalisert Njeaiva, jfr. Njæi'va utan tyding hos Qvigstad (1935: 80). Neiva i Borge kan, etter topografien, vere namn på halvøya eller ein av haugane ytst. I rein uvisse nemner eg også nordsam. nai'fâ "det øverste av de to håndtakene på orv" (Nielsens ordbok, frå Polmak og Karasjok).

Nevsteinen

/"nævstein˜n/ i Borge er ei langvoren, diger blokk og ligg under eit langt ra, ovafor ei freda rullesteinsfjære (mòl) 3. Her er inga fjellnov el. l. å vise til, heller ingen 'nase' på sjølve steinen, og nev(e)stein i vanleg tyding "stein som er høveleg stor til å ta i handa" kan i beste fall berre vere nytta på skjemt og eventuelt i ei eller anna trollsegn. Men i staden var det ei dørliknande uthogging i bergveggen som gav folkefantasien næring, i dette tilfellet. Alt i alt er det såleis sam. nevve "knaus" (Collinder, etter Nensén, Lycksele lappmark) som svarar best til realitetane.

Raman

/"rāman/ i Buksnes, oftast særnemnt Innerraman og Ytterraman, blir oppfatta som namn på lier som ligg ca. 300 m frå einannan, begge under langsgåande flog av moderat høgd (høgvorne ufser kunne ein kanskje seie) tett oppunder heibrunen. Særs markert i så måte er Inner-Raman. Her reflekterer nok fleirtalsforma eit samisk *rámak, jf. nordsam. rápma, lulesam. rábma 'bakkebrun, fjellbrun, skogli'. I lulesamisk står rábma for noko mindre enn rijdda "sluttning med gräs nedanför brant fjällvägg") (Spiik), mens sørsam. raame vil seie "lite flog (på 1-2 m), skråning".

Rebakmoa

/"rebakmōa/ i Borge er eit namn som er vanskeleg å greie ut. Etter terrenget høver slett ikkje re "en Forhøining, det høieste Punkt af en Bakke eller Jordryg" (Aasen, rid n. 2) , eit ord eg heller ikkje kjenner andre stader frå, her nord. Ein rid(ar)bakke er det slett ikkje tale om, Rebakmoa er tvertimot ei uproduktiv hallande blautmyr i ei avsidesliggande fjellside, jfr. ripak, ribak, rivak 'søle, blautmyr' (Friis, likeins Qvigstad 1944 nr 709), elles med gjeldande lulesamisk rettskriving ribák, ribág- "dy" (Spiik).

Refsholmen

/'ræfs/, Refsøya /'ræfs/ og Refsvika /'ræfs/, men òg /'røs/ i resp. Flakstad, Valberg og Moskenes tør eg alle etter lokale tilhøve sette i samband med sam. reavča = reakča "stor, flat fjære med leirbotn, utleire", i tyding neppe skarpt avgrensa overfor "utfjære" meir allment.

Rekdal

/"rækdal/ er matrikkelgard i Borge. Rygh meiner at eit elvenamn *Reka er sannsynleg 4 men tilforlateleg verkar og nordsam. ráigi "hol, opning, dalføre" (Qvigstad 1944 nr. 690), jfr. lulesam. rájgge. Dalen er trong og skjer seg inn i ei elles nokså langstrekt fjellside. Frå Bjørnskinn kjenner eg frå to stader Rekene /"ræ:ken/ som namn på 'minidalar' som skjer seg inn i heibruna; det høver for Rekbakkan i Hadsel med, berre at dei små innskjeringane der finst lenger ned i fjellsida.

Innom Rekøya /"rǣkøya/ ved Kabelvåg var det eit svært trongt sund. Ganske trongt er også sundet i leia ved Rekneset /"ræ:knese/ i same sokn og kommune, Vågan. Begge desse namna blir tradisjonelt forklarte med rek(ved). For Rekøya sin del er dette diskutabelt, samanlikna med strendene omkring, i tilfellet Rekneset kan vi kalle det meir overtydande. Der er likevel eit stort 'men': I trongaste sundet ved Rekneset er det tre undervasskjer med støtter på, og skjeret i midten blir av alle ting kalla Reka /"ræ:ka/. Men ikkje nok med det, dei sa om fiskeskøytene at "nu e di i Ræka", når dei var i trongaste opningen. Så eg viser på ny til nordsam. ráigi "hol" osv.

Skumvær

/"skommvær/ i Røst er ein lett kuven bergholme med to lange, nokså djupt innskorne og svakt avsmalnande vikar, noko oversiktsfoto også viser (Myrvang 1994: 20f). Altså må skubme definert som "(lita) vik" så vel som "djup dalkjusa i berg" mm (Collinder) vere relevant, sjølv om desse tydingane er henta frå svensk side og vi frå Ofoten og Tysfjorden berre kjenner ordet nytta om "det innerste av en traktformig dal" (Qvigstad 1944: 783). Men skubme finst og forklart med "dal som slutar mot bergvägg el. sluttning" (Spiik 1994: 22), og slik ender også dei to vikane i Skumvær - lett trektforma dei med.

Her finn eg elles grunn til å vri på ei tidlegare sitert utsegn og seie: Norsk Stadnamnleksikon bør av omsyn til namnedatering ikkje ta for lett på at dei tyr til eit ord som er ukjent i gammalnorsk, når Skomvær også i1997-utgåva er forklart som "sms. av skum n og vær n. 'fiskevær'" – iallfall ikkje dersom ein på line med bokmeldinga eg har vist til vil tenke seg namnet Visshellaren i øykommunen Røst skore over same lest som Vistehola på Jæren.

Slupa

/"slūpa/ i Borge er ei trong keile ut mot havet, mens Eggumsslupa i same sokn meir er ei ukjøm strandhole å kalle. Lulesam. sluhpú, som no elles tyder "pipefutteral", finst og nytta om "trångt pass mellan en klippa och ett vattendrag eller mellan två stora stenblock" (Collinder 1964, etter Grundström).

Snevaggan

er skråttgåande, langvorne søkk eller lægder i ei aksel på innersida av Moskenesøya. Sml. dette med nordsam. vággi 'dalsenkning' og lulesam. vágge 'fjelldal' (Spiik) i jamføring med sørsam. vaegkie "brei dal; lågtliggande slette".

Solvar

/'solvar/ er eit gammalt namn på Rundfjellet i Vågan, som ligg noko isolert i høve til fjella omkring, *Suol(o)várr(i) "øyliknande fjellparti" er meiningsfullt i dette tilfellet, og namnet finst andre stader med.

Sydalen

/'sȳdāl˜n/ i Gimsøy så vel som Sydalen på grensen mellom Hadsel og Sortland i Vesterålen har begge ei form som gjer det rimeleg å nemne sørleg sørsam. syjje 'bøyg'.

Solkan

/"solkan/ i Hol er holmar; eg tenker meg at namnet er samandregen bunden norsk fleirtalsform av samisk sulluk, flt av suolu "holme, øy". Solkan /"såłkan/ i Alstahaug og Solken /'såłken/ i Træna er visstnok skjer og grunnar, jfr. sørsam. soole, sååle "øy, holme".

Vadrian

/'vādrian/ (Stor, Mellom , Litlvadrien) i Buksnes er lange haugar eller låge ryggar. – Hasselbrinks sørsamiske ordbok har vaadruo, vaadra (jamført med norsk 'vol') "ein langgestreckter nicht besonders hoher Berg", men viser også til sørleg sørsamisk vaaddere (i dagens rettskriving vaadtere) "ry, goldmark på en bergrygg" (Bergsland og Magga). Den samiske opphavsforma her vil eg ikkje ha sagt noko om, men det er i alle høve vanskeleg å finne ei nordisk forklaring som står meir til truande.

Vasskallen

i Værøy er ei kjelde som kjem fram unna eit berg. Eg har før omtalt namnet under stor tvil (Myrvang 1994:93, jfr. 176f), og først mykje seinare såg eg at eg kunne ta tatt det med blant dei mange døme på typen Kall- , -kallen knytt til store steinar, knausar osv. (Myrvang 1995: 116f.)

Vippstøskallen

i Røst og Gullfiskskallen i Værøy er fiskeplassar, og begge namneformene synest vere tautologiske: sam. guolli tyder nettopp fisk, mens lulesam. vihpat tyder "dröja, stanna (länge någonstans)", ei tyding som nordsamisk vihpat ikkje har no. Den lulesamiske tydinga kan vi samanlikne med det vesterålske "han støest ikkje der" (om fisk). Like tautologiske, men med namneledda i annan rekkefølgje er td. samansettinga Mosjurdalsvatnan i Moskenes, jfr. Nilsjurdalsvatnet i Øksnes i Vesterålen: -jur- er utan større tvil samisk jávri (jávrre, jaevrie) "sjø, vatn".

Pendel-argumentet.

Så er då min omtale av desse i og for seg nokså tilfeldig valde samiske stadnamna frå Lofoten til endes. Ikkje reint få er utelatne, av di dei fortener eller krev grundigare drøfting. I "Nøkkelen til Utrøst" var eg inne på norske og samiske stadnamn frå Værøy og Røst mens eg gjennom namneutvalet denne gongen har ønskt å minske eventuell tvil om samiske namneelement i Lofoten sett under eitt.

Vi har å gjere med ein region der vi i fleng kan liste opp gardsnamn som Bø, Borg, Eggum, Vinje så vel som Berg, Dal, Grav, Hammar, Hell(e), Hol, Horn, Hov, Klakk, Li, Nes, Reine, Sand, Steine, Sund, Tind, Tuv, Voll, Valle, Vik og . Det utgamle norske nærværet er heva over all tvil, og det skal ikkje skiple hovudinntrykket stort at det blir påvist sikre og moglege samiske namneelement i tillegg, frå øy og vær.

Den før nemnde bokmeldinga nemner ein for vidtgåande tendens til å leite etter moglege samiske ord (mi utheving) og at pendelen ikkje treng fjerne seg så langt frå det norske. Som uttrykk for tvil om summen av einskildtolkingar i ei stadnamnbok kan talefiguren passere. Men historisk har pendelen på den samisk-norske skala for namn frå Lofoten og nærliggande kyststrok nettopp aldri svinga, aldri rikka seg frå ei trygg plassering høgt oppe på norsk halvdel. Så når ein no likevel ikkje fornektar dei samiske element, blir spørsmålet: Er ei balansert framtidig vektlegging tenkeleg utan eit justerande, drygt pendelutslag i samisk retning aller først?

Fotnotar:

  1. Her vel eg å oppfatte namna Stopplia og Stoppstranda på line med Stohponašši = norsk Stunes i Evenes. At Stokmarknes (i Hadsel) gjerne lyder /"ståpmaṇes/ er derimot ein ordinær assimilasjon.
  2. Delpen /'dælpen/ ved Nyksund er eit særmerkt forland, ein rund hatt på eit nes (Myrvang 1981: 154, foto). Skysskarane hadde ein viss respekt, og det er ikkje tilfeldig at Delpen kom med på Kristine Colbans kart frå 1814 i lag med med andre viktige 'distansemarkørar'. Delpen på Møkland i Malnes (før 1964: Øksnes) er meir ein flat haug oppå land; her er namnet ikkje allment kjent. Garden Delp lengst nordaust i Vågan har opphavleg neppe fått namn etter fjellet ovafor, snarare etter den markerte (om ikkje så store) Delpshammaren i strandkanten. Kjenner ikkje fleire delp'ar i Lofoten Vesterålen.
  3. Omtale av Nevsteinen med foto, sjå årsskriftet Lofotliv 1980: 27. Vestvågøy.
  4. NG fører i dette tilfelle opp utmerkinga med halvkort vokal, utan å kommentere det nærmare eller la det få konsekvensar for etymologien. Vil her nemne at kortvokaliske uttalevariantar av gardsnamn som Kvalnes (Dverberg, Borge) og Kvitnes (Hadsel) er vanlege nok: Der er slingringsmon for kvantitet i målføre der palatalar er skilsettande, ser det ut til. Eit større mistak som "Sildsanden" /"siᶅᶅsāᶇ˜ᶇ/ for Silsanden /"sīlsāᶇ˜ᶇ/ er meir uvanleg og kjem nok av at fisken sild er langt betre kjend enn fisken sil.

Litteratur:

  • Bergsland, K. 1994: Samisk forklaring av norske stedsnavn. Namn og Nemne.
  • Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Sydsamisk ordbok. Oslo/Kautokeino.
  • Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
  • Dass, P. 1739: Nordlands Beskrivelse. Bergen. Faksimileutg. Oslo Alstahaug 1997.
  • Frette, Th. 1984: Litt om stedsnavn i Tana. Deatnu Teno Tana/ Samiske kulturminner 1991.
  • Friis, J. A. 1887: Ordbog over det lappiske Sprog. Christiania.
  • Korhonen, O. 1979: Lulesamisk svensk/svensk lulesamisk ordbok. Uppsala.
  • Myrvang, F. 1994: Nøkkelen til Utrøst. Værøy.
  • Myrvang, F. 1995: Samisk forklaring av norske stadnamn. Namn og Nemne.
  • Myrvang, F. 1996: Veiviseren til Lofotens historie (red. Gro Røde). Oslo.
  • Nielsen, K. 1979: Lappisk (samisk) ordbok. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
  • Qvigstad, J. 1929: Sjøfinnene i Nordland.
  • Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo. Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.
  • Ross, H. 1971: Norsk Ordbog. Tillæg til 'Norsk Ordbog' af Ivar Aasen. Chra. 1896/Oslo 1971.
  • Spiik, . E. 1994: Lulesamisk ordbok. Svensk samisk. Jokkmokk.
  • Storli, I. 1988: "Begravelse i steinur en gammel samisk gravskikk". OTTAR nr. 169. Tromsø.