Løkta – ei øy på Helgeland

Klikk for stort bilde «Håløygminne» 4-2013, nyredigert

 Av Finn Myrvang

 

Løkta ligg innafor dei større øyane Dønna og Tomma. Anders Frøholm ( 1922-2006) gjorde i «Håløygninne» årg. 42 (1961- h. 2) greie for dei geografiske detaljane så vel som måtar å oppfatte øynamnet på. – Frøholm peika på at øynamnet Løkta i form kan minne om dei andre i nærleiken, som Dønna, Tornma og Hugla, vel å merke alle med einstavings tonelag. Han nemner også dei tilhøyrande dativformene, men fører ikkje opp noka dativfonn i Løkta sitt tilfelle, og nemner heller ikkje andre infornantar som kjenner til ei slik. Så kjem han inn på ei prosaisk side av namnebruken: “Somme tider seier folk Løktøya, Dønnøya og Hugløya; særleg det siste er mykje brukt, av di det og er ein gard med namnet Hugla på den øya. (Tommøya er visst ikkje så mykje brukt”). 

Slik eg oppfattar dette med Hugløya for Hugla – venteleg også Frøholm – er det just Hugla som gardsnamn som har ført til ei ny og ureflektert namnelaging “Hugløya”. Dette fenomenet kan ein og merke nokre stader i Vesterålen, så som “Øksnesøya” for Skogsøya, “Skipnesøya” for Tindsøya, og ikkje å gløyme “Hadseløya” om ei øy som tradisjonelt heitte Ulvøya – og før det Olvi, Ylfi. Kyrkjestaden heitte nemleg Hadsel, derfor Hadsel sokn, mot Ulvøy fjerding til langt ut på 1800-talet. Vi kunne nok finne fleire døme på at ei sekundær nanmeform vinn over det tradisjonelle øynamnet, som her, men det er likevel unnataka. Øynamna er gjennomgåande slitesterke, Skogsøya og Tindsøya har iallfall overlevd.

Som Frøholm sine andre døme viser, kan usamansette øynamn også få «-øy» hekta på direkte utan at eit dominerande gardsnamn på vedkommande øy har lagt seg imellom. Eit godt døme i så måte er Als(t)nøya = Alsta, dativ Alsten. Det er verd å merke seg at denne ureflekterte påhektinga har klare parallellar også i samisk namneskikk. Frå Troms kan nemnast at Brynilen eller Brynnålan kan heite både Brunjal og Brunjal­suolu, Karlsøy både Gal'sa og Galsasuolu, Sandøya både Sad'da og Saddasuolu – og Vengsøya likeins både Vik'sa og Vieksasuolu, medan Grytøya gjekk for både Rivtek og Riivtiidsuolu. På overgangen til Nordland må vi sjølvsagt ikkje gløyme Ii'na alias Iinasuolu for Hinnøya og Anda lik Ándasuolu for Anda = Andøya, vidare Ákkal lik Ákkalsuoloi = Engeløya i Steigen, og i Ofoten Barka = Barkasuolu = Barøya. I dette tilfellet så menn også Báræddjó, som berre er ei samisk tilpassing av norsk Barøya. 

Etter å ha nemnt dei næraste helgelandske døma på norsk namneskikk peikar Anders Frøholm på sam. luokta[1] vik, bukt- «som godt kunne høve i samband med Løkta, for så vidt som det er mange vikar og bukter her, og då først og fremst den lange Sunds­straumen». No er den måten å tolke øynamnet på problematisk, for visst er det talrike vikar og vågar langs Løktalandet - kan i fleng nemne Sundsvågen, Munkvika, Båtnes­vågen, Sandåkervågen, Sandvika, Breivika, Sørvågen og Hovsvågen. Men om så var at mange vikar og vågar er poenget, blir det vanskeleg å finne øynamn laga på denne måten andre stader: Vikøya i Sortland og i Notodden kan nemnast, men desse er berre holmar som kvar på sin stad heiter så etter ein gard kalla Vik. Vikøya i Bømlo har rett nok fleire vikar, men sannsynlegast også der er at namnet går tilbake på gardsnamna Nordvik og Sørvik og ikkje mange vikar. Kjenner heller ikkje andre døme på saman­sette samiske øynamn der poenget er mange vikar. Det var vel heller ikkje interessant for sjøfarande at ei øy hadde rikeleg med vikar, med mindre dei var brukande hamner, slik namna på -vågen truleg fortel i Løkta sitt tilfelle. Då ville vi heller vente øynamn som *vågsøya, *hamnøya el.l., eventuelt sjøsamisk variantar av desse.

Frøholm vinklar også namneproblemet frå ei anna side og kjem inn på dei få Løktås-ane og -haugane som er påviselege rundt om i landet. O. Rygh hadde visse vanskar med desse namna, og Frøholm føyer til: «Heller ikkje øya Løkta er så høg at ein kan tale om ”noen Høide af Betydning”, då både fastlandet og dei fieste øyane ikring er mykje høgare og då alle gardane ligg om lag like nær sjøen som gardar flest i dette stroket». 

Likevel er han mot slutten inne på noko som kunne oppfattast som ei sjølvmotseiing: “Ein kunne og tenke på uttrykket “å ligge på løkt“, t.d. om ein stein, og lykta v. løfte seg opp på eine sida, vere skild frå underlaget på eine sida eller i eine enden. Både Ross og Falk og Torp nemner dette frå Helgeland. Dette kunne høve, for så vidt som øya er høgare i sørkanten­[2], så ein kunne seie at “ho ligg på løkt'. Frå Helgeland er og notert “på lyktr, løktr' i tydinga ligge løfta opp frå grunnen”. Frøholms konklusjon er likevel at det ikkje er lett å avgjere korleis øynanmet Løkta skal forståast, “men det kan vel endå kome inn meir dialekt- og stadnamntilfang frå Helgeland, slik at ein kan kome nærmare løysinga av problemet”. 

At namnet Løkta har samisk opphav er tvilsamt, som alt sagt, men det er neppe noka usemje om at straumen og pollen som nesten deler øya er det geografiske særmerket: Frå Sundsvågen fører eit innsmett mellom Klubben i sør og ei øyr i nord inn til Eida­bukta, ein liten poll, men så smalnar farvatnet til ein grunn og trong straum før du når ei tversgåande bru, Sundsbrua, som berre var ei stokkebru fram til 1930-åra. Dette er mellom Straumsnes i vest og Mikkjelhågen på austsida. Sør for brua utvidar straumen seg litt, men så er inntrer ei ny forsnevring mellom oddane Krongelvikhågen i vest og Kalvhagen i aust, før ein kjem til dei nokså vide Botnan (botn n, tonem 1), ein hop el. liten poll – ord som også sjøsamane lånte og brukte. Det er opp i dagen at desse små pollane som er så vanskelege å oppdage frå sjøsida må ha vore framifrå gøymestader for løktværingane i ufredstider. Du treng ikkje vite noko om gardsnamnet Hov og dei mange arkeologiske funna i nærområdet for å forstå det. 

I samband med eit namn frå Sogn snertar Frøholm innpå det gno. verbet lúka “slutte, ende, stenge”, og seier så om sjølve øynamnet Løkta: “Det kan og vere at dei har sett ..... øya ligge og stenge når dei kom fram gjennom leia, sønnafrå gjennom Ulvangen eller nordafrå mellom Tomma og Handnesøya”. Men ettersom han berre nemner det lauseleg, utan nærmare drøfting, har vi ikkje grunnlag for å tru at han innestod for ei slik forklaring. Går vi etter kartet, er det nemleg ikkje innlysande at at den låge Løkta fortonar seg som eit stengsel i leia, sml. med granneøyane Hugla, Tomma og Dønna, som alle er høgare. Heller ikkje verkar passasjen austafor eller vestfor Løkta særleg trong. Likevel meiner løktværingar flest at den forklaringa står sterkt, ut frå kva for ei plassering øya har, ytst i Ranfjorden især, og denne kjentmannskompetansen er det i og for seg uklokt å ignorere. Det finst likevel fleire tilnærmingsmåtar.

Klikk for stort bildeKnapt noko var meir karakteristisk for Løkta i fortida enn gøymestaden Sundsstraumen. Kartverket  

Gno. lúka (også ljúka) kunne både tyde late opp el. att, opne el. lukke, stenge inne, så vel som kringsette, omringe ein med noko, legge noko omkring ein, stenge inne. Og liknande tydingar hadde gno. lykja (pret. lukta), i uttrykk som lykja inni, lykja um og lykja út «stenge ute». Det kunne tilmed heite lykta med same meining, men elles var lykta brukt i heilt andre tydingar, nemleg «slutte, ende, fullføre», og til verbet i siste tyding svara lykt f. «ende, slutt, utfall, ordning, endelykt» (bokmål: endelikt). Det fell ikkje lett å tenke seg øynamn eller andre stadnamn med ei såpass abstrakt tyding.

Annleis med dei første verba, men vi veit ikkje om noko gno.*lykt f som tilsvarar dei. Grunn til å tru at dette ordet likevel òg fanst gir nyn. lykt (løkt) f “hol, opning, holrom t.d. i ei urd”, merk lykturd (glopurd) og lyktost “ost med mange store hol i” (NO 7: sp 818). Det tar til å likne noko, for vel kan det vere så at øya på fråstand ter seg som eit stenge i leia, men når du nærmar deg, fell det naturleg å tenke at minifjorden Sunds­straumen + Botnan både opnar seg og stenger, eller med noko andre ord: at øya Løkta er karakterisert av denne opningen inn til minifjorden, at det å ligge der inne er å vere innestengt/kringsett/omringa (jf. lúka v.) Endå meir utprega i fortida, då han delte øya heilt. Det hindrar ikkje at namnet Sundsstraumen er alderdommeleg nok, men formelt er Løkta eit øy-namn og ikkje eit fjordnamn.

Klikk for stort bildeØya Lykta i Alver kommune er derimot ikkje ei som omringar eller stenger inne, det er snarare ho sjølv som er omringa eller kringsett - med mindre det var tenkt på den runde litle pollen mellom ho og Vardøyna? Kartverket  

Sjå elles artiklane om Følsvåg og om Tjøtta

Fotnotar:

[1]Skilnaden på nord- og lulesamisk luokta og sørsamisk loekte (lang o) er vel større i skrivemåten enn i uttalen.

[2]”Høgast i sørkanten" er mest eintydig, for det 238 m høge Sandåkerfjellet er relativt mykje høgare enn alle dei andre toppane på Løkta. Merkeleg nok er dette fjellet kalla “ås” og gitt namnet Løkta på Norgeskart, noko ingen av mine informantar kjnnest ved. Namnet har statusdato 1. januar 1908, og Frøholm døydde 2006.