Lubbert og lopper

Klikk for stort bilde «Bøfjerding» 2019

 Av Finn Myrvang

 

Vesterålingar flest kjenner til mange ord av typen drylert (lusing), (dør)trøkkert for dørhandtak, eikert (i hjul), hivert (dram), høggert (framståande person), kleshengert, prylert, røysert (gld. sjøstøvel), skøyert, stivert (= hivert), tyskert (=tysker) og vakert. Ja, der fanst også dei som sa "dukkert" for dukkar (bokmål: "dykker"). 

Andre ord av same slaget har lenge hatt sjølvsagt plass i skriftspråket, som bommert, hevert, kikkert, koffert, kulvert, pjekkert, slubbert, sprettert. Nokre er historiske eller i alle fall gammaldagse, som bøkkert (tønnemakar), daggert (stikkvåpen), kreiert, løyert (plagg til spebarn), ropert, skonnert, sneppert (til årelating), medan hylert om ein slags fyrverkeri neppe kan vere gammalt? I sitt arbeid "Gimsøy-målet" (s. 177) er også målføregranskaren Hallfrid Christiansen inne på den slags ord; ho peikar på at ordlagingselementet -ert kjem frå nedertysk.

Ei sak for seg er at ei ending som ligg tett opp til -ert, nemleg -elt, viser same utlyds-tillegg i ord som Revelten (gno. refill "strimmel"), vevelten (gno. vífl "banketre") o.l.

Endinga -ert gjer seg også gjeldande i stadnamn-lagingar: Hukerten som fjell- og ås­namn i Sømna, Rana, Kvalsund og Hammerfest er nærmast ei utvida form av huk m "et høit Næs, et fremragende Bjerg, især ved havet" (Aasen, frå Nordland). Ein gong i fortida var endinga så "produktiv" at folk på Bleik og Nøss på Andøya la om namnet Grøperne = "gropene" så det vart Grøpperten! Utolka så langt er derimot fjellnamnet Tønnerten i Tranøy (kanskje av gno. þyrnir "tornebusk, klunger"?). I Kvænangen har dei Offerten som namn på eit berg på stranda, det er iallfall fornorsking av sam. uffir "en storstenet ur eller bakke ved sjøen, gjerne tilholdssted for oter" (Qv nr 864, frå Lyngen). Som vi ser, ordlagingane på -ert er nesten skrinet med det rare i.

Litt brått kom vi her inn på det samiske, og velkjend i nordsamisk er vassdragstermen luoppal "liten innsjø som det går elv igjennom", temmeleg likt lulesam. luoppal som står for "utvidgning eller lugnvatten i å eller älv", "sel i bäck" (Korhonen, Spiik), eller på tysk: "stilles Wasser zwischen zwei Stromschnellen oder Wasserfallen". Kort sagt: stillelv, å, bekk som renn stilt. Frå gammalt fanst også avleiing luobbaldak "lidet tjern paa Myrmark med ringe Afløb", dvs. med -dak o.l. "føiet til svake stadium av nogen få tostavelses nominal-stammer [som] betegner at noget er av lignende beskaffenhet som det grunnordet angir, men ikke el. ennu ikke helt det samme" (Friis, K. Nielsen, Gramm. § 196).

No finst grunnordet i fleire variantar enn som så, bl.a. luobbâr (Tana og Balsfjorden, Qv nr 535). På karta finn vi dessutan Luobbarjávri som anna namn på Gunnarvatnet i Kvæfjord, så vel som Luoppar (norsk Elvkjosen) nær riksgrensa i Hamarøy. Når vi så ved Kråkhaugen i Bø (før Øksnes) har ei tjønn eller elveutviding kalla Lubberten, tør vi vere nokså trygge på at det er endefram fornorsking av Luobber-en, sml. Offerten.

I Tana har dei luobbân, ei anna form av luobbal (normalisert luoppal), usagt om vari­antar av denne når lenger sør: I flg. kartet ligg det såkalla "Loppenvatnet" og ei tjønn Løppenvatnet (!) innom Soksenvika i Saltdal. Imellom dei ligg heia Løppen |''løppen|, med vasspyttar. Ein bekk renn frå "Loppenvatnet" til Løppenvatnet(!) og vidare fram til Løppenflogan, der han deler seg i greinene Migan og "Brudesløret" (eit namn som ikkje kan vere gammalt). Løppenflogan og Løppen med tonem 2 høver bra med gno. *Laupandi, om vatn som fer nedover. Likevel: at Løppen også synest å gjelde tjønn-området lenger inn kan få oss til å undrast om også eit sam. *luoppan er tenkeleg som namn på vatnet og tjønna og bekken dei imellom? 

Klikk for stort bildeKråkhaugvatnet fell ut i stryket Teingarden, i overgang til Lubberten, ei lang utviding av Lakselva som er ein typisk luobbar (luoppal). Garden Kråkhaugen til høgre. Finn Myrvang  

Sørsamisk form av luoppal er i Bergslands rettskriving loebpele "lite tjern", luobbele (Hasselbrink), luoppele, lɯuppele (Mankok). Ordet finst i endå fleire dialektformer: luoppalɛ (Hattfjelldal, Vefsn), luoppalȧ (Meråker, Snåsa) og lueppala (Jemtland), og luoppɛla, loppelɛ (Herjedalen); finsk har det i låneformer som lompolo og lompero

Jamført med desse siste formene er det oppsiktsvekkande at Froland i Aust-Agder har eit nes kalla Loppero like oppunder Lopperoknuten: Begge ligg attmed Lopperotjønn, som frå først truleg heitte just *Loppero? Då har det seg neppe annleis med Loppero-tjørn i Evje og Hornnes i same fylke? Rart er det òg at Vang i Valdres har fjellpartiet Loppeboleggi, med store og små tjønner på alle sider: Loppebol- er knapt noko anna enn ei forvansking av *loebpol(e)- = loebpele "tjønn". Ein fortolkingsvariant av same ordet er Loppholet som namn på ei bekkekrå i Åfjord (Trøndelag), med den trillrunde Loppholfossen i Krokelva tett nedanfor.

Her finst likevel eit norsk ord som vi må sjå opp for, nemleg loppe = lappe, om frosk:

Loppedam(men) eit par stader kan forståast slik, så vel som Loppemyr(a), Loppehola og -holene, endå det ikkje er heilt innlysande for namn som Loppeholet i Lyngen eller Loppehola i Vennesla (Vest-Agder), som begge er vikar.

Også eit namn som Lopp(e)bekken kan verke noko tvitydig: Loppbekken i Rana fell i Malmbekken attmed Sørengestjønna, medan garden Loppheia (= Massingslettsætra) i same område iallfall ligg ved ei lang utviding av Ranelva. Loppebekk frå Grunnevatn i Grimstad (Aust-Agder) har små pyttar i sitt far, og likskapen er tydeleg nok også for Loppefjell tett sørom Langemyr i Vegårshei (Aust-Agder), der med tre smale tjønner på rad. Ei liknande "tjønngruppe" finst tett attmed den gamle buplassen Loppekjelda i Hol i Hallingdal; Loppekjelda i Sør-Aurdal er meir ein vanleg kjeldebekk.

I Sokndal (Rogaland) har dei knausen Loppeknuten, midt mellom fleire tjønner og eit langt vatn. På sørvestsida av Loppenosi i skil mellom Lærdal og Årdal (Sogn og Fj.) er det fullt av bekkeutvidingar og pyttar. Plassen Lopperud nær dei smale Damtjern'a på Ringerike har flust av bekkar, eit anna Lopperud i same bygd er kun eit "lidet tjern paa Myrmark med ringe Afløb", liksom sætervollen Loppestad i Nissedal, Telemark. At alle dei namna blir uttalte med open o er ikkje kontrollert, men samanhengen med loebpele blir jo endå meir tydeleg i fall nokre skulle ha trong o.

Nå vel, eitt er termane loppero, "loppebol" og "lopp(e)hol" (les loebpol-), djervare er det å rekne så mange av loppe-namna med til same kategori! Det er berre at vi har fælande mange Loppetjønn'er og -tjern å vise til, frå aller lengst sør i Rogaland og nordaustetter heilt til Oppland. Også her er det rimelegast å gå ut ifrå at Loppe- er ei norsk omskaping av sørsam. loebpele "lita tjønn", dvs. med det fortolkande -tjønn el. -tjern lagt til. At desse namna har noko med loppe (lappe) = frosk å gjere blir motsagt av det faktum at det tilsvarande Frosketjern er eit temmeleg uvanleg namn. Føy så til at Loppen i Aurskog-Høland (Akershus) er ei smal myr med bekk og pyttar: Prikken over i-en er at vatnet Luoppal på riksgrensa i Fauske heiter Loppa på norsk!

Vi tar også med at Lobbeberget (-berje) i Audnedal i Vest-Agder ligg like nordom ein forgreina bekk som renn gjennom den smale Storamyra. Lobbedalen i same bygd går også for Lubbedalen: Dei har dertil Lubbøya, midt i ei bekke-myr som tydelegvis har vore ei tjønn før, og eit skard i sør heiter Lubbere: Det siste gir klare assosiasjonar til sørsam. -ere som redusert form av både -jaevrie "innsjø" og -vaerie "fjell(område)".

Løbergsvatnet og -elva i Løbergsdalen |'laupersdal˜n| i Kvæfjord er også "liten innsjø som det går elv igjennom". Her òg synest nok luobbar (*luöbbar?) = luobbal, luoppal å vere den enklaste forklaringa: at sam. uo vart til au på norsk. I heilsamiske namne­lagingar er -luoppal, -luoppar gjerne sisteledd (hovudledd), men det gjeld ikkje lenger når eit forklarande norsk etterledd kjem til, som her.

Klikk for stort bildePga. bil- og bussturane til flyplassen på Evenes er det er sannsynlegvis fleire bøfjerdingar som kjenner til Løbergsneset og Løbergsbukta enn til Lubberten heime i Bø. Norgeskart.  

Løbergelva ved Trongskjomen i Narvik kommune kjem frå små tjønner oppe i fjellet. Myrnamnet Løbergsfloan i Holtålen i Trøndelag er heng saman med elveutvidingar, Løbergsbrua i Trysil like eins.

Klikk for stort bildeSlik ligg Loppe-tjønnene spreidde utover lengst sør i landet. Frå Oppland og nedover Vestfold strekker det seg eit belte med Loppetjern i tillegg! Norgeskart  

Nemnast skal òg Løppelia i Etnedal (Oppland), ein gammal buplass med pyttar like ved, medan Løbbedalen i Drangedal i flg. kartet er inste enden av ein smal, myrlendt dal med ei tjønn. Merk også Løbbåsen i Arendal k., nordom bekkane kring Oksetjenn.

Med til den dunkle namneflokken på lobbe-lubbe-løbbe høyrer Lobben |''løbben| som namn på ein gard øvst ved eit forgreina bekkefar i Øvre Eiker, og likeins gardsnamnet Lobben |''løbben| i Modum, ved ein bekk som fell ut i Simoa: Garden går for Lubben 1578, Luben 1668 og Lubben 1723. Tonemet er norsk, som også i gardsnamnet Låby |''løbby| nær Låbytjernet i Rakkestad, "men nogen rimelig Forklaring er ikke funden", lyder kommentaren i "Norske Gaardnavne". I Modum sitt tilfelle lyder dei sekundære namneformene vel å merke Lobbenstøa, Lobbenåsen, Lobbenveien, ikkje Lobbe-.

Oversynet framfor inneheld namn der eit samisk opphav er trulegare enn noko anna: Dei talrike Loppetjern og -tjønner har klart med sørsam. loebpele "lita tjønn" å gjere, med glidande overgang til former som får oss til å stusse: Kva terrenget gjeld, passar Loppe-bekk, -berget, -fjell, -heia, -holene o.fl.a. som hand i hanske med luobbaldak "lidet tjern paa Myrmark med ringe Afløb", medan lokalitetsnamn slike som Loppen, Lobben, Lubben og Løbben er formelt norske (har bunden form, tostavings tonelag) – utan at eit slikt ord for vassfar er å oppdrive i norsk! Vi kunne t.d. gjette på at sørsam. loebpele "lita tjønn" har mist ei staving og er blitt til loebpe: Svartvikstjärnarna i Åre i Jemtland heiter på sørsamisk ikkje *Loebpele-jaevrieh, "småtjønn-sjøane", namnet har fått kortforma Loebpe-jaevrieh. Når ei slik forkorting kan skje i sørsamisk, er det sjølvsagt endå sannsynlegare at overføring til norsk vil gje forkorting og mistolking.

Ei tilleggsforklaring er også tenkeleg: loebpele fekk tilføydd norsk hankjønnsartikkel, og då skjedde med tida utttaleforenkling loebpelen> loppel'n > loppen? Som innlyd i eit ord fell lyden -l- fell lett ut, i visse konsonantkombinasjonar. Vi er berre i start­gropa m.o.t. å forstå denne rare namnegruppen, som også har "sideformer" som ikkje er blitt drøfta her, men i det minste er det artig at Lubberten i Bø – så avstikkande namnet enn kan lyde – høyrer til ein landsomfattande namnekategori.