Lur- som namne-element

Klikk for stort bilde"Håløygminne" 3-2010.

Av Finn Myrvang

Anne Holtsmark har i Maal og Minne 1946 ein artikkel om «Det norrøne ord lúðr», ein på fleire måtar naturleg innfallsveg også til forståing av stadnamn på Lur-, blant desse Lurøya på Helgeland.

Holtsmark viser, med god hjelp frå dialektforskaren Hallfrid Christiansen, at ordet lur er mangetydig i dialektane i Nordland og elles i landet, fram mot vår eiga tid, det vere seg neverlur «ihoprulla never», borke-lur, lerlur (av ler, lær), «snørrlur» som omskriving for nase (også: viktig-Per), lur om skorsteinspipe eller om sjøstøvel. Ordet lúðr spaltar seg «i 3 betydningsgrener: 1. likkiste - kiste - ark; 2. stokk med utgravet plass til kvernstenen - møllebenk; 3. hylse - skjede - rør – lur». I dei aller eldste, førkristne likkistene så vel som i dei eldste mø1nebenkane var det uthola rommet nøye tilmålt det som skulle vere oppi. Historisk nytt er det når ordet blir brukt om firkanta ventilar av bord: kjellarlur, trekklur, veglur «stikkrenne» o.l. Firkanta eller runde, i alder kjem ingen av desse innretningane opp mot dei aller eldste kvern- og mø1nebenkane og kistene av uthola stokkar.

Dei gamle handkvernene er sentrale i hennes utgreiing, for dei var som ei sirkelrund gryte der steinane låg som i ei hylse. På framsida var ein opning der mjø1et kunne renne ut og ned i ein kasse. I bekkekverna var det to bøygde tre omkring steinane, og desse trea heitte på sine stader luren, rett og slett, og steinane kvilte på dei såkalte luråsane.

Holtsmark slår fast at luren opphavleg må ha vore eit hulrom, for i eit eddavers er det fortalt om kongssonen Helge som står ved ei kvern, forkledd som trælkvinne: Han skal male, men krigaren tar så sterkt i at det «trummar» i luren (hul-rommet), og kvernsteinen skvett. Holtsmark kjem fram til at «billedet av kvernluren som en innfatning omkring stenene, hvor melet tyter frem som hvitt skum omkring dem under malingen, er det som har stått for skalden Snæbjorn (11. Arh.?) da han kvad denne visen om en seilas i storm», i eit vers der havet er «øy-lur», dvs. ei innfatning som øyane kviler i. Vi ser for oss kverna med Ægirs 9 døtrer (bårene) som mel og mel utan stans, og skummet velt fram unna skjera som mjø1et unna kvernsteinane.

Ho legg også fram ei ny tolking av den omdiskuterte Grogalderen, der ho omsetter eit vrident uttrykk såleis: «stille og sjø skal gå sammen i lúðr for dig og skjenke dig alltid en fredelig ferd». Ho tenker seg ein spådoms- eller kanskje trolldomsgalder som skal svæva sæ, få sjøen til å «sove», og her er det eit par viktige poeng:

Samiske runebommer som er hula ut av heile treblokker, lur det òg, kjenner vi frå Finnmark og frå Helgeland, og på trommeskinnet kan der ha vore eit særskilt teikn for logn (vindstille), med ein «visar» i form av ein ring eller ein pinne, merkt med runen l¥gr (vatn, her: sjøvatn): Under tromminga kunne så l¥gr komme til å «ganga saman» med figuren for logn på skinnet over runebomma («luren»).

Holtsmark er fullt merksam på den innvendinga «at lappisk magi i sted ligger svært langt fra Grogaldrs tilblivelsessted; man pleier å regne kvadet for islandsk». Med andre ord, det er ikkje sjølvsagt at dei som reiste frå Noreg og vart islendingar, kjente samane og runebomma til dei grader! Men ho uttrykker seg litt retorisk og lar spørsmålet stå ope. Vi veit i ettertid at ein pinne med samisk tekst er funnen på Island. Vi veit òg at det i austnorsk kristenrett var sett forbod mot å oppsøke finnar for å «ganga til frettar»: bli spådd om kva som kjem til å skje eller om kva du bør gjere. Forbodet må innebere at også austlendingane kjente godt til at samane kunne spå, og meir til.

Holtsmark er òg inne på “lur” i stadnamna og hentar opplysningar frå fleire kjelder: «Det ser ut til at man i norske stedsnavn har kalt op fjell etter «luren» både med tanke på «kiste» og «kvernlur». Jeg er henvist til fotografier og litteratur i denne delen av undersøkelsen, som i så høi grad trenger selvsyn, og gir den ikke ut for mer enn den er. Ross opgir under «Lur» en betydning «oventil flad Høi, omtr. = Stall» fra Sunnhordland, og tilføier «måskje bare i stedsnavn»; i Rygh Norske Gaardnavne XI: 519 heter det om gården Luren i Evanger: “Gaarden ligger paa en Flade oppe i en Fjeldskrænt, paa begge Sider omgiven af 'gil'». Her må det være møllebenken,eller kanskje helst den gamle håndkvernen som har vært navngivende. I den gamle visen om Anne Knutsdatter, som bor i «Uren, Luren, Himmelturen» må en tenke sig en flat avsats oppe i eller på toppen av en ur; mon en tar meget feil av dikterens mening om en forestiller sig «Luren» oppkalt nettop etter håndkvernen, et stillas som er flatt øverst og med melet - uren - strømmende nedover? Svaret på dette og andre spørsmal om stedsnavnet «Lur(en)» kan bare undersøkelser i marken gi”.

Klikk for stort bildeGarden Luren i Evanger (Voss) ligg i sanning både høgt og fritt“oppunder bergemur”. Kartverket. 

Klikk for stort bildeLuren i Fusa minner om “uren, luren, himmelturen – merk vegsløyfene ved garden. Kartverket. 

Avsats eller haug dekker best?

Når ordet «lur» har forgreina seg i så mange tydingar, er det berre å vente at dette viser seg også i stadnamn, som er av høgst skiftande alder. Gnr. 135 i Vefsn heiter offisielt «Østerherring øvre», og garden vart i flg. den lokalkjende Petter Myrnes skild ut som eige bruk i 1793. Til dagleg heiter han Setra eller Luren, seier Norske Gaardnavne, men Lursetra er visst vel så vanleg. Det særmerkte ved plasseringa er at garden ligg på ein lett skrånande gammal strandterasse, med eit myrsøkk inst og med bratte bakkekantar mot lengre myrdrag nedføre. Merk det som er sagt framfor om flat avsats eller «oventil flad Høi».

Luren

som namn på flate avsatsar som til dels er noko tungeforma finst det mange døme på, såleis i Fusa, Bergen, Voss og Stord; det stemmer i hovudsak også for eit par åsar som Luren heiter i Høylandet i Nord-Trøndelag. Luren i Naustdal er registrert som “botn”, men kartvisaren legg seg på ein avsats, ein typisk “lur”.

Klikk for stort bildeLursetra (“Østherring øvre”) i Vefsn. Norgesglasset. 

Klikk for stort bildeSetra Lurås i Kviteseid låg òg på ein avsats, men merk òg dalsenkninga attmed. Norgesglasset. 

Luren i Kvinnherad er registrert som “li”, men Lurabakkane under er just ein flat avsats, avrunda framtil.

“lur” som appellativ i tydinga “haug som er flat på toppen” er heimfesta til Stord og Fitjar (NO 739); også Luren i Kristiansand og i Kvam er haugar. For Lurhaugen i Sør-Fron, Lurtopp i Lier samt Luråsen i Larvik og så to stader i Leksvik gjeld, at vel kan dei til ein viss grad kallast haug eller ås, men utmerkinga Lur- har tydeleg nok også med variantar av avsats å gjere.

Tett attmed desse lurane er det alltid lægder eller gjoter, så ein kan undrast på om dette er ein “integrert” del av omgrepet lur? Akkurat det same gjeld for fleire andre samansette namn på Lur-, sjeldnare Lurs-: Det kjem opp namn der ein stussar på om fokus bør rettast mot avsatsen på staden eller snarare mot avrunda, slake innkuvingar som sluttar seg til? Det gjeld Lurås i Kviteseid, Flesberg og Sigdal, Lursdal i Kongsberg, Lurslia i Nittedal, Lurstein i Øvre Eiker og Luråsen i Tokke. Eit jorde i Nærøy kalla Luren er eit tilfelle for seg: Attom dette jordet og tett ved Hopahaugen – som er flat oppå – ligg Lurmyra, som går over i skardet Kløyva tett ved haugen. Det verkar sannsynleg at Hopahaugen er den eigentlege luren.

Eit særtilfelle er òg Luren som daglegnamn på den avfolka garden i Flatanger som offisielt heiter Dvernur (NG 15: 349), for der er ein djup klove i austkant av fjellet Lurahatten attmed, men det går òg ein smal, myrlendt dal tvers over halvøya tett ved garden. I Lurahatten sitt tilfelle kan vi forresten tale om ei viss kisteform, jfr. Holtsmark, noko det er mindre grunn til ved andre Lur-namn, kanskje med unnatak for dei to Lurås-ane i Leksvik.

“lur” om hulrom

Krystallklar er Anne Holtsmarks påvising av at “lúðr” i dei eldste kjeldene har med hulrom å gjere, men ho motseier ikkje Rygh når han uttaler om Lurøya på Helgeland: “Ogsaa her sigter Ordet identvivl til det nær 700 m høie Fjeld, som opfylder Størstedelen af Øen, og som, navnlig seet fra S eller N, har en meget spids Top” (NG 16: 156). Viktig i den samanhengen er ei opplysning frå Hallfrid Christiansen: “Fjellet kalles nå til daglig Lureifjellet, men når det blåser, sier folk: «Han er hard oppi Luren i dag», og Luren er vel fjellets gamle navn”.

Andre haldepunkt for at Lurøyfjellet tidlegare heitte *Luren har vi likevel ikkje, det er neppe namn på eigentlege fjell nokon stad i landet. Vi har sett at haugar og åsar og avsatsar kan heite så, og på Lurøya kunne det i beste fall vere tale om avsatsane nord på øya, dvs. Litl-Lurøyfjellet og det lægre fjellpartiet oppfor Sutternes. Men hadde Holtsmark kjent til “Nedtegnelser av Leopold von Buch” frå 1807 (Mykletun 1987: 29ff), ville ho sannsynlegvis også her ha halde fast på konklusjonen i si eiga drøfting av ordet “lur”, nemleg at ordet opphavleg har med hulrom å gjere:

Klikk for stort bildeLurøy-garden på Helgeland ligg i eit søkk mellom bergryggar. Torfinn Nilsen  

«Lurøya ansees overalt for varmere enn alle andre omkringliggende øyer. Vi tror det gjerne. 18 grader Reamur (5) varmt fire-fem timer midt på en vårdag, slik vi opplevde, er ikke gitt hvilken som helst øy så langt mot nord. Slettelandet ligger som et drivhus under fjellet, i ly for vinden fra nord og aust. Når gården bare før 30 kyr, 50 sauer og 100 geiter, virker det lite...» (To illustrasjonar viser at terrenget er nedsenka, mellom bergryggar.) Likeins heiter det i Lurøyboka -85, i «Et besøk på Lovund i 1816» av same forfattar, i eit sitat som gjeld Lurøy-garden: «Gården, välbygd och rödmålad, ligger på en jämn plan, omgifen af bördiga ängar och åkerfält.. Åkrar som stodo vackra med korn och råg; de vackraste jag har sett» (s. 51). Det kan altså sjå ut som om det i Lurøya sitt tilfelle har svært mykje for seg å tenke på «lur» i tydinga «uthuling», som her gir eit landskap med gunstig mikroklima.

No ventar vi ikkje at ei så alderdommeleg forklaring som denne for Lurøy-namnet høver for så mange andre Lur-namn. Men eit søkk i innmarka på gnr. 119 i Bergen heiter Luren, det same gjer eit bruk under gnr. 81 i Karmøy der husa ligg på ein låg rabb i eit søkk. Høgare i lendet ligg bruket Luren under Kalvvika i Tysfjord, på ein fastmarkstrimmel med myrsøkk på sidene. Det siste gjeld òg for det avfolka bruket Luren gnr. 17.2 i Brønnøy. Men det aller mest interessante namnet i denne gruppen er garden Lur i Re i Vestfold, som ligg nedst i ei flat deld og minner om at Lurøygarden også er plassert i ei senkning.

Klikk for stort bildeI ei flat deld ligg også garden Lur i Re, Vestfold. Norgesglasset.  

“lur” til å blåse i

For at ikkje oversynet skal vere ufullstendig, bør vi ta med at at “lur” iblant tyder blomstrande kvanne. I Årbok for Helgeland 1977 skriv Kjell Øksendal i Vefsn om sløke, angelica silvestris: «Luren var ikkje mataplante. Men den innhole stammen vart nytta til sugerøyr eller til blåserøyr, rognebær-røyr, dei sa. Luren vart og nytta som «blåseinstrument»: Med eit tynt knivblad snitta ein i lengderetninga. Så bles spelaren i enden av luren, slik at lufta måtte ut gjennom snittet i veggen. Veggen sette seg i raske svingningar, og lurtonen var der».

I ei namneliste frå Grane innkommen til Stadnamnprosjektet i Nordland nemner Asmund Eivindsen med Valter Haustreis som kjelde at Lurmyro er ei «myr der det voks kvann (lur)». Det er rimeleg at Lurmyro på Brattbakken gnr. 192 i Drevja og Geitlurflåje under Røssåga gnr 101 i Korgen liksom Geitlurmyro under Ørjevatnet gnr. 10 i Hattfjelldal har fått namna av same årsak, kanskje Lurbenkan på Hildringen gnr. 35 Bindal med, likeins Lurgjodæ under Tjønnåsen gnr. 87 i Vefsn. Det samsvarar med at geit(e)lur “sløkje” er heimfesta til Helgeland (NO 1545). Det ser ikkje ut til at “lur” er brukt som namn på sløke el.l. andre stader.

Den blåseinnretninga som i Vefsn heiter «lur», heiter i Rana «bjynnstut», jfr. stut m «en kort Lur til at Blæse i» (Aasen o.a.). At bjønnstut tyder «bjørnelur» er folkloristisk interessant, så vel som at stut i ranværingsmål også har vore brukt om andre rull- eller rørforma innretningar enn dei som er til å blåse i: Det gjeld, som vi alt har sett, også for “lur”, og Lurøya i Steigen er ei langsmal, kileforma og avrunda 500 m lang øy som fortonar seg som ein lur eller stut i omtalt meining. For Lurøyni i Lindås vil eg tru litt av det same er tilfelle: Dei langsmale og brattkanta åsane der er truleg meir synberre enn dei grunne dalføra? Men i dette tilfellet er Lurøyni sin nære naboskap med øya Lygra eit tilleggsproblem.

Klikk for stort bildeLurøya i Steigen. Norgesglasset. 

“lur” om renneliknande landskapsformer

At “lur” også har vore brukt om lågtliggande smale myrdrag og lange gjoter mm. er det liten tvil om, td. Lurmyra i Gjøvik og Lurmåsdalen (-mose-?) i Marnardal, og det høver overtydande for den langsmale myra som strekker seg mellom Luråsen og Vindåsen i Fyresdal. Endå meir slåande blir dette for lokalitetar som Lurdalen i Sør-Varanger, Lurvika i Aure og Lurdalen i Kongsvinger, som lengst aust ender i Lurdalsskaret på grensen mot Øvre Eiker.

For Lurvika i Aure på Nordmøre er Rygh inne på gno. lúðr m. “brugt om en Stok, særlig om en, som var udhulet til forskjelligt Brug” og tenker då på fjelltoppar: “til en saadan sigter det maaske ogsaa her” (NG 13: 431). Garden ligg mellom to bratte haugar som er flate oppå, så dette kan vere rett. Men garden ligg også ved eit langt eid som går frå den eigentlege Lurvika og sørvestover til Sørbukta: Samanliknar vi med omtalte lokalitetar som Lurdalen i Kongsvinger og Sør-Varanger og enkelte andre, bør det vere like naturleg å oppfatte dette lange og smale eidet som ein “lur”.
– Etter ØK å dømme ser det forresten ut til at sjølve vika også blir kalla Leirvika.

Klikk for stort bildeLurvika er gnr. 5 i Aure og må, som kartet viser, ha namn av den nærliggande Lurvika i aust. Garden har vore omtalt som Vikja dativ Vikjen, sjeldnare under fullt namn Lurvikja, men skrive Lourvigen, Luurviig i 1723. Norgesglasset. 

Klikk for stort bildeLovra ligg i botnen av det «lange, men smale og af høie Fjelde indesluttede Vand». Norgesglasset. 

Ikkje minst det lange, smale eidet ved Lurvika på Nordmøre kan få ein til å tenke også på Lovra (''låvra), gnr. 55 i Jelsa (no ein del av Suldal). Gamle skriveformer er Lofrar (nominativ), i Lofra DN II 92 og 93 (eine gongen påteikna i Lofre) år 1311,seinare Loffwra NRJ II 392, Laffre NRJ. III 291, Loffuer og Loure 1563, Løffuer 1567, Lager 1602, Laurejdt 1606, Laureide 1610 osv. Rygh påpeikar at dei to samtidige skriveformene frå mellomalderen ikkje er forlikelege: "iord þeiri, er Lofrar heitir" og "i Lofra", men han hallar til at namnet sannsynlegvis er eit lint hankjønsord *Lofri, dat. Lofra. Garden ligg i sørenden av Lovravatnet, og "dette 3 à 4 Km lange, men smale og af høie Fjelde indesluttede Vand har oprindelig udgjort den inderste Del af Lovrefjorden, men er nu afstængt fra denne ved en af et Fjeldskred efterladt 60 M bred Ur, mellem hvis Stene det dog staar i Forbindelse med Fjorden"; han gjer også merksam på garden Lovranes ytst i Lovrafjorden. Det ligg i dagen, seier han, at det er eit usamansett gammalt fjordnamn *Lofri som går att i gardsnamna Lovra og Lovranes), medan gnr. 44 Lovraslåtta noko lenger unna må vere «en Gaarden Lovre (GN. 55) tilhørende Engslaatt».

Rygh ser fjordnamnet *Lofri i kontrast til *Ystri "den viltre, ustyrlige", hypotetisk namn på nabofjorden i sørvest, og forklarer *Lofri som "den slappe, dorske" i slekt med bl.a. med gl.frisisk luf. Dette er ei vidopen, vag tolking, og abstraksjonen «den slappe, dorske» er like merkeleg som når elvenamnet Tufsinga blir knytt i hop med tufs n «armod, dårleg tilstand» og tufsen adj «ubehændig, som vel forsøger men ikke udretter stort» (Norsk Stadnamnleksikon).

At det tronge (smale) landskapet frå Lovra langsetter vatnet og fjorden liknar fleire av dei før nemnde lur-lokalitetane, er synbert. Det er såleis ingen grunn til å stikke under ein stol at det sørsamiske lånordet for lur (om blåseinstrument) er låvre. At dette fekk kasusbøying straks norsktalande lånte det tilbake i form av gardsnamn, seier seg sjølv. Men ei så enkel forklaring vil sjølvsagt bli møtt med skepsis av den som «veit» à priori at det aldri budde samar i denne delen av landet.

Urnordiske former?

Etymologisk er det ikkje full semje om gno. lúðr og nyno. lur i sine ulike tydingar er eitt og same ordet, eller to ord som med tida fekk same form. Men der lúðr står for uthola mølnebenk o.l., er det full semje om at dette er same ord som gl.høgtysk lúdara «vogge». Noka tilsvarande samisk låneform er visst ikkje kjend. Som nemnt reknar Rygh med at “lur” har vore brukt som fjellnamn, men tindar er det no knapt tale om, snarare variantar av ås eller haug. På landsbasis er *lurtinden eit ukjent namn, og einaste Lurfjellet er dette mellom Skjerstad og Beiarn. Særs interessant er det då at fjellet på samisk heiter Lútár (Qv 1938: 226) medan Lurfjelltinden ber namnet Lútáragaise.

Viktig her er at heile fjellområdet Lútar lik Lurfjellet er primærnamnet og at tinden i midten har eit sekundært namn, Lútáragaise = Lurfjelltinden: Heller ikkje i dette tilfellet er då sjølve tinden tenkt på som ein «lur». Synbert er det derimot at Lútar = Lurfjellet har to store djupholer el. «hulrom», i dette tilfellet med vatn i (Kjerringvatnet og Tindvatnet). Både i ordform og tyding er her klar likskap med lúdara.

Samstundes er her nokså stor formell avstand til nordsamisk lúvdon, -dom “komsevar, overtrekk” (av garva skinn eller tøy), sørsamisk luvdene, også luvdere, luvrene, luvrenje (Hasselbrink). Desse orda er relevante i samband med “vogge”, men dei er unemnde under drøftinga av lúðr i etymologiske ordbøker, så spørsmålet får ligge.

Men i det minste er likskapen mellom lúdara og Lútár påtakeleg, så vi må ha lov å undrast om Lútár kan vere eit namnelån frå urnordisk til ursamisk.

Klikk for stort bildeLútar eller Lurfjellet mellom Beiarn og Bodø. Norgesglasset. 

Er “lut” ei sideform til “lur”? Liksom vi kan undrast om lúdara og Lútár er same ord, er også fjellnamnet Luten i fleire tilfelle ei kjelde til undring. Luten ('lu:tn) heiter ein 739 m høg tind ved Indre Selfjorden i Tranøy, og namnet blir folkeleg tolka som “han som lutar” (bøyer seg framover), noko som etter kartet å dømme kan passe for bratta i nordvestkanten av tinden. Men på søraustsida har fjellet ei rundvoren innkuving og eit platå med små pyttar, og nedafor ligg Lutvatnet. Ved Bergsbotn i Berg har dei den djupt innskorne Lutdalen, der òg med Lutvatnet: Dalen ender i Lutskaret, som har ein Luttind både i nord og i sør. Kan hende dei “lutar” eit grann i toppen begge, men avsatsar har dei knapt nok, derimot er der ei avrunda, djup fjellkrå i nordkant av begge, ja den søre Luttinden har eigentleg to. Også Luten (840 m) lik Klovsteinfjellet i Skjervøy har på søraustsida ei avrunda hole. Han hallar slakt og slett i vestnordvest, men “lutar” neppe til nokon kant; han har derimot ei langsmal flate på toppen, noko som til ein viss grad også kan seiast om Luten i Tranøy. Aller sist må nemnast den 968 m høge Luten i skilet mellom Fræna og Gjemnes på Nordmøre: Med god vilje kan seiast at han “lutar” mot nord, men vel så typisk er kanskje dei djupt innskorne dalbotnane i sør og mot nordvest; avsatsar har ikkje dette fjellet heller.

Det gammalnorske lúta v. “bøye seg; falle, stupe” hadde både sterk og svak bøying. Det tilsvarande lútr adj. tydde “framlut, bøygd framover”, medan det substantiviske Lútr er overlevert berre som namn på ein træl. – Helgelendarane hadde det rimet at “Lovunden lute', Hestmannen tute' og Træna er lengere ute”, uttrykt litt kortare hos Petter Dass: “See hvordan han luder den gammel Lovund, og Trænen er længer der ude”. Men alt i alt er det litt tvilsamt at fjellnamnet Luten bør forklarast på same vis – nup og nipa er dei vanlege nemningane for den slags formasjonar.

At fjellnamnet går tilbake på gno. hlutr “del, part” er heller ikkje sjølvsagt, då især av di det siste ordet i dag heiter lott (lått) på dei aktuelle stadene. – Noko anna er at både Luten og Lotten finst som bruksnamn rundt om og saktens kan gå på gammal oppstykking, men det finst også ei rekke naturlokalitetar kalla Luten der dette slett ikkje passar, og der ei fortolking som går på innkuving, lægd, dalsøkk ser ut til å ha meir for seg, liksom ved dei nyss omtalte fjellnamna.

Vil minne om kva Aasen opplyser under lur (til å blåse i): “Nogle Steder Lu (Sogn, Telemark), vistnok for Lud, eller Luder”. – Med tanke på at same ordet kunne heite lud i danske målføre og eldre dansk i det heile, dvs. einslydande med lud (til vask), blir det nokså sannsynleg norsk lut på sine stader hadde akkurat same dobbeltyding, men andre får granske dette vidare. Under den føresetnaden at Luten opphavleg er same ord som Luren, er det iallfall berre Luten som opptrer som namn på verkelege fjell.

Litteratur

  • Bergsland, K. 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø – Oslo – Bergen.
  • Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok. Alta.
  • Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
  • Grundström, H. 1952-: Lulelapsk ordbok. Uppsala.
  • Hasselbrink, G. 1981 - 1985: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.
  • Hellevik, A 1966 -: Norsk Ordbok. Oslo
  • Kåven, B. mfl. 1995: Sámi - dáru sátnegirji/Samisk - norsk ordbok. Karasjok.
  • Mykletun, S. 1987: Lurøy anno 1807. Nedtegnelser av Leopold von Buch. Lurøyboka -87.
  • Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
  • Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo
  • Rygh, O. 1897 - 1924: Norske Gaardnavne. Kristiania/Oslo.
  • Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk Stadnamnleksikon. 4. utgåva.
  • Torp, A. 1919(1992): Nynorsketymologiskordbok. Kristiania(Oslo)